(Hvert år skriver jeg en tekst basert på en ønskeliste, og jeg leverer den alltid meget for sent. Som regel sender jeg den bare som et dokument, men denne gangen har jeg lyst til å dele den opp i mindre deler – og derfor legger jeg den ut her. Det føltes riktig å vende tilbake til min sjelemålform nynorsk, selv om jeg er noe ut av trening. Teksten handler om en tur i fjellet.)
Langt frå alt, men allikevel nært nok til at ein kunne kome dit viss ein tok bussen fire timar og spaserte oppover terreng i seks, var Haifjell. Haifoss sto og brølte utan pause, brølte med sylskarpt vatn som smalt ned i fjellet og vart til ein brusande elv, nesten turkis. Her, berre ein time eller to opp i fjellet, kunne ein sjå ein eldre herremann stå å fiske med en gamaldags, grøn sekk på ryggen og store støvlar. Dei som var pensjonert frå jobben og som no berre fylte livet med meningsfulle aktivitetar og sto opp og gjekk ut døra lengje før du og eg har slutta å drøyme, ja kanskje før me har sovna i det heile teke. No var det mai, difor var det kome opptil tre forskjellige type blomer oppover stiene til Haifoss, og det var variasjon i kva blome ein kunne sjå på på dei forskjellege etappene. Haifoss hadde òg nokre løyndommar som ikkje so mange visste om. Det var difor dei var løyndommar. Desse hadde vore der i tusenvis av år, gøymd for menneskeheita, frå alle som budde i nærleiken, frå gamle menn med fiskestang to timar opp i fjellet, og frå dei meir hardbarka turistane seks timar der oppe ved Haifossen. Det fjellet ikkje visste, var at nokon snart skulle få greie på det.
Nede på bakken, fleire timar med buss og midt i ein bråkete by, sat ein mann ved namn Robbie på ein låg, svart stol og sydde sin gode ven Freddie. Freddie hadde prøvd å drepe seg sjølv med narkotika og kniv, men narkotikaen var ikkje ekte, og kniven hadde vore akkurat litt for sløv. Nett no var han svimmel frå tapet av blod, og sat berre på Robbies toalettlokk og stirde rett framfor seg med sløve augo. Gjennom tåkesynet kunne han sjå Robbie i djup konsentrasjon. Kvar han eigentleg hadde lært å sy sånn, hadde han ingen ide om, men han hadde berre akseptert med tida at Robbie kunne mykje rart. Til dømes å sy sår. Eller alt som hadde å gjere med juss. Han var berre tretti år gamal, so han hadde nok ikkje studert til båe sjukepleier òg advokat, sjølv om det kunne sjå sånn ut imellom. Nei. Etter dette skulle han gå å leggja seg. So skulle han ut å sjå etter noko ordentleg shit som kunne slå han heilt ut, og so skulle han sende nokre folk på den idioten som solte noko som ikkje verka til han. Hadde han fått det han baud om, det han betalte for, so ville han ha vore daud no, då ville han fått fred. Då ville han ikkje sitte her som ein idiot med den flengete armen i Robbie si hand. Robbie fullførte prosedyra med ein fuktig klut med sprit og bandasjering med glimrande perfeksjon, og byrja rydda opp att sysakene. For å hindra Freddie i å hjelpe til å tørka vekk blodet, baud han han om å setja på kaffien. Å tørka opp blod var båe rart og rituelt, nesten meditativt, og han ville ikkje at det skulle taka for kort tid.
I Sandefjord, i eit leigd hus i ei stor hage, sat Emma med eit lerret som ho klaska måling på. Emme var mykje yngre enn Robbie, ja, litt yngre enn Freddie òg. No skulle ha laga noko stilig og abstrakt som ho kunne selja for mange tusen kroner, og kva slags kjensle det skulle imitera, kunne ho heller finna ut seinare. Det var ikkje mykje tid igjen. Bussen skulle gå om ein time, og ho var enno ikkje ferdig med å pakka. Spesielt viktig var det å få med det nye speilreflekskamera og stativet. Utan dette, ville det ikkje vere noko vits i å dra på fjellet. Ho smilte for seg selv medan ho tenkte på korleis ho skulle stå der føre fossen, heilt naken med masse sjal i henda som vaia i vinden og famna om henne. Det lange, raude og mystiske håret heilt ned til rumpesprekken. So skulle ho gå inn i den litle turisthytta å skriva i ei lita bok for hand, og då skulle ho setje kamerastativet klårt så ho kunne ta magiske bilete av ho sjølv, det lange håret nedover bordet, blyanten og stearinljos. Ho skulle skriva ein lang tekst på engelsk om korleis det var å sitja der å vera kunstnar, og so skulle ho leggja det ut på instagram med ein gang ho kom heim! Då ville mange kunstnar-menn, båe målarar og musikarar, stira på bileta hennar og drøyma. Drøyma om den vakre huldra der ute i skog og fjell… Kanskje ho endeleg ville få ny kjærast. No hadde ho jo vore åleine i over ei veke. Ei heil veke utan eit hankjønn som kunne bestemme kva ho skulle gjera. Det var heilt forferdeleg.
Som sagt var dette i mai, i mai medan Haifjell framleis fekk stå noko i fred. Haifjell var ikkje eit spesielt høgt fjell, det var berre frykteleg langt og med mange krikar og krokar. Nesten ikkje noko snø i det heile teke, og med mildt vårvêr på alle plassar ein kunne gå. Nett no var fjellet perfekt viss du ville vera heilt åleine, uforstyrd av svermar med turistar. Sekst timar opp i fjellet, ganske nært der Haifoss sto og buldra, var turisthytta. Om sumaren var det folk her fleire gongar i veka, men no var det ein stille periode der berre spesielt interesserte kom på besøk. Til dømes eit søskenbornpar seks timer med vandring og mange timar med bussing i nærleiken. Kaja hadde vore skeptisk til å vere med fettaren sin opp i Haifjell, men etter mykje tenking og lengting etter å koma seg vekk frå den rotete leilegheita ho hadde fått kasta etter seg av foreldra, hadde ho sagt ja. Ja. Det var mykje betre å sitja i ei hytte heilt utan noko ho måtte passa på, utan å kunne koma seg til den ekle postkassa, og utan å sjå støvet sveva i lufta kvar gong sola sto opp. Å kunne gå ut i frisk natur for å pusta, istadenfor å tråkke i skitent vatn på parkeringsplassen. No, medan ho framleis hadde moglegheit, før NAV om med ein dum praksisplass som ho måtte gå til kvar dag og som skulle stela livet hennar utan at ho fekk nok pengar for det til å bu ein gong.
«Kaffien er ferdig no!» ropte fettaren frå turistkjøkenet. Han hadde håret samla i ein ball på toppen av hovudet, andletet var ekstra friskt og fargefullt etter all gåinga i den milde vårsola. «Sjå her.» Han helte kaffien frå kaffikokaren til to småe koppar, sette seg ved tursthyttebordet og smilte mysande ut or vinduaget. Ei ku rasla med bjella si medan ho vandra forbi hytta, og fettaren vinka entusiastisk til henne. Kua vinka ikkje attende. «Pizza ville vore digg,» sa fettaren og byrja pakka ut alt han hadde hatt med seg i den svære tursekken for å leggja det i skåp og kjøleskåp.
«Me tek det i morgon,» føreslo Kaja. «I kveld vil eg ha noko som tek kort tid å laga. Eg går i dusjen.» Ho reiste seg, smilte til fettaren og forsvann inn på turistbadet. Det var alltid so digg å dusja på nye bad, bad ho aldri hadde vore på før. Heilt utan tankane ho hadde tenkt på sitt eige bad.
Nede på bakken att, fleire timar med buss og midt i ein bråkete by, var Robbie godt ferdig med å tørka og vaska vekk blod. Han hadde hatt alt han hadde brukt av hygieneartiklar i ein pose som han hadde kasta i søppelet, og no sat han i sofaen med sin gode ven Freddie. Han visste nok at det fyrste Freddie kom til å gjera når han følte seg betre var å gå ut og sjå etter noko ordentleg farleg narkotika, samt ødeleggja dei fine stinga som Robbie hadde lagd. Freddie var flink til å oppføra seg som om alt var som normalt, flink til å få andre til å tru at det gjekk betre, for so å overraska dei når det når noko plutseleg gjekk gale. På mange måtar var det hell og lukke at han var hos Robbie og ikkje hos nokon andre, og kanskje var det det vesle instinktet for å overleva og for å få det betre, som gjorde at Freddie valte å vera akkurat her. Det var jo ikkje sånn at Freddie heile tida hadde lyst til å døy og at han prøvde å drepa seg sjølv heile tida utan å få det til. Då ville han jo ha gjort noko meir brutalt. Det var meir det at når han var skikkeleg full – noko han ofte var om dagen – eller heilt borte på andre måter – so tok han farlege val. Han valte stadig aktivitetar og gjeremål som han kanskje kunne døy av, men ikkje garantert. Som å leike med terning, eller spele russisk rullett. Som om han ikkje orka å ta valet sjølv, men ville gje det til tilfeldigheitane. Han hadde so mange dumme kontakter overalt at å koma seg ut av desse dystre periodane var eit håplaust prosjekt for ein slik ein destruktiv personlegheit.
«Når vi er ferdig å drikka denne kaffien,» byrja Robbie med eit lurt smil kring lippene. «So kan vi gå å pakka.»
«Å?» Freddie sperra opp augo.
«Vi skal jo på tur!» Robbie spelte overraska. «Du, eg, Hans-Magnus og min glade bror Glenn. Vi skulle jo gå i morgon, men eg tykkjer det ville vore stilig å besøkja Heartbreak Hotel på vegen. Skal vi dra i kveld?» Han tok pulsen og heldt han nede for ikkje å verta avsløyrd. Viss Freddie skjønte kvifor denne ideen kom, kunne det slått negativt ut. Det bør alltid verka som om den einaste grunnen til ideen er «moroskuld», og ikkje «for å halda Freddie vekke frå destruktive menneske». Heldigvis var Robbie ein meister i manipulering, og Freddie såg ikkje det minste mistenksam ut. At Robbie kom med ein spannade ide var jo ikkje direkte urealistisk, dei hadde trass alt gjort mange spanande ting saman før òg.
«Ja!» sa Freddie og slo henda saman. «Det hotellet hugsar eg! Det var der alt var raudt og vampyr-aktig, og dei hadde eit gigantisk bibliotek med kjempespanande bøker.»
«Nemleg,» nikka Robbie. «Dessutan – når vi tek dette på vegen til fjellet, kan vi låna dei mest interessante bøkene og ta dei med i bagasjen. Då får vi jo skikkeleg ro til å lesa.» Robbie byrja taka i bruk neste manipulasjonsteknikk, nemleg å setja seg sjølv i fokus. «Eg har slitt med roen og konsentrasjonen i det siste, for å vera ærleg.» Han rynka panna som om han nettopp hadde fortald det mest personlege han hadde sagt til nokon i heile sitt liv. Og, det var nesten sant. Det var sjeldan han fortalde noko so privat som det han nettopp hadde sagt. Det var nesten litt flaut. «Det kjem til å vera svært bra for meg å koma seg til eit stille område, la alt av jobb liggja att heime og berre fokusere på gode bøker som eg ikkje har bruk for i det heile teke men rett og slett berre har lyst å lesa.»
Freddie stirde drøymande ut i lufta nokre få sekund, som for han var veldig lengje. Robbie hadde rett, og han kjende seg einig. Han ville òg ha godt av å koma seg vekk, tenkja på heilt andre ting, lesa bok og gløyma sitt eige liv. I tillegg kunne ha nesten ikkje venta med å hengja med Robbie sin litlebror Hans-Magnus, ein kjernekar på Freddie sin alder som var som teke ut frå ein gamaldags film. Hans-Magnus var båe det motsette av Freddie, og ganske lik på same tid. Ingen utanforståande ville forstått kvifor dei to gjekk so bra ilag, når den eine var uskuldet sjølv og so kristen at han nesten ikkje visste kvar han skulle gjera av seg, medan den andre var sjølve symbolet på Djevelen, med fleire knullekameratar enn det er is i isbilen. No hadde Freddie sett tankefullt ut i lufta i heile ti sekund, so det var på tide å gjera noko anna. «Eg går og pakkar,» ropte han medan han sprang inn på gjesterommet der alt han eigde låg. Robbie smilte hyggjeleg til han var sikkert på at Freddie var ut or syne, so sprang han ned i kjellaren og slo inn nummeret til Hans-Magnus. Hans-Magnus var den viktigaste personen å ha med, og nest-viktigst var trillingbror Glenn. Difor ringde han Hans-Magnus fyrst.
«Vi skal til Haifjell,» sa han med ein gong, heilt utan å starte samtalen eller presentera seg. «Vi skal dit i morgon. Eg tek med Freddie til Heartbreak Hotel i kveld, og so går vi oppover fjellet. Du er nøydd til å vere med, det er trass alt ikkje like spanande utan Hans-Magnus Orderbye – eller kva?!»
«Stilig!» ropte Hans-Magnus i andre enda. «Åh… Å! Eg står jo her midt i pensum og bøker og alt som er, eg skal analysera det bibelverset om – ja, du skjønar sikkert kva eg meiner, men so lengje eg kan ta med ein notatblokk og boka hosjølv, so går jo det bra?! Artig at du har vorte so impulsiv, Robbern! Det liknar ikkje deg, men eg likar det. Og ein annan ting, kan du henta meg? Eg kan pakka no, viss du hentar meg, so slepp eg ta bussen åleine heile vegen, sjølv om et kan vera festleg det òg! Skal du dra NO? Med ein gong?!»
Ja, det skulle dei. Brørne Orderbye og Freddie, skulle dra med ein einaste gong. Trillingbror Glenn, som var noko meir streng som type, tenkte at ein tur på Haifjell ville vera glimrande trening, men han skulle køyra sjølv neste dag. Den tullete hotellet ville ikkje han kasta vekk tida si på. Han likte ikkje å lesa dumme bøker, han ville heller lesa om vitskap og om trening. Det brydde ikkje fjellet seg noko om, og ikkje fossen heller. For fjellet var det same kva folk leste om, eller om det var nokon der i det heile teke. Fjellet var lagd av eit materiale som hadde levd i over ein milliard år, og merkte ikkje ein gong at det var menneske der, dei var som nokre bakteriar som levde i mindre enn eit sekund før dei døydde.