Dei me kallar «narsissistar» er gjerne den type menneske som framstår med eit so godt sjølvbilete som mogleg. Dei er stolte av kor fine dei er, kor mykje dei har fått til, og kor fantastiske talent dei har. Som regel viser biletet seg å vera ein smule overdrive. Det viktige vervet i den viktige organisasjonen, viser seg å eigentleg vera eit ganske uviktig verv i ein ganske uviktig organisasjon, og den viktige posisjonen, viser seg å berre inkludera det å visa fjeset sitt ein gong eller to. Vakre bilete av seg sjølv viser seg å gjerne vera ein god del retusjert, og so viser det seg gjerne òg at alle dei fantastiske studia dei har drive med, er studie dei hoppa av etter ei veke. Dette er narsissistar sånn som dei fleste kjennar dei. Eg vil ikkje gå so djupt inn i akkurat dette, for det eg tenkjer på i dag, er ein litt annan form for narsissist. Me har sjølvsagt møtt dei begge, men eg vil snakka om den andre typen.
Narissisme er ikkje berre eit begrep ein sleng kring seg grunna myta om han som drukna i refleksjonen sin, det er òg ei personlegheitsforstyrring. Eg aner ikkje kor ofte denne diagnosen vert sett. Eg har til dømes aldri høyrd nokon seia at dei er diagnostiserte med det, på same måte som ein ofte kan høyre folk fortelja om andre ting som ADHD, Asberger, Bipolar og Borderline og ein sjeldan gong Schizofreni eller liknande psykoselidinger. Eg veit ikkje om grunnen er at det er so sjeldan diagnosen vert sett, eller om det er det at dei som har han ikkje vil sei det til nokon, ettersom dei naturlegvis meiner at dei, som er perfekte, sjølvsagt er feildiagnostiserte av den onde monsterpsykiatrien som ikkje forstår kor fantastiske dei eigentleg er. Eg har lengje lurt på om eg lider av denne lidinga. Det er den einaste lidinga der eg kjennar meg att i alle symptoma (kanskje med uttak av eitt eller to), til ein so stor grad at eg kan seia at det speler ei stor rolle i å komplisera kvardagen min og å gjera meg ufunksjonell. Det er som eg har klatra frå den eine forma for narsissisme til den andre. Då eg hadde det slik som dei narsissistane eg har lyst til å skriva om har det, ville eg sjølvsagt ha flydd i flint viss nokon sa det. Noko eg òg gjorde av og til.
Me snakkar om ei avhengigheit av negativ bekrefting. Du høyrde riktig. For ikkje alle narsissistar syg til seg alt positivt som vert sagt om dei, bles det opp og nyttar det til å oppretthalda egoet sitt og spy det utover heile nasjonen so alle skal skjøna kor perfekte dei er. Somme narsissistar gjer nett det motsette. Egoet vert styrka av at andre ikkje likar dei. At andre tykkjer dei er stygge, at dei burde gå å hengja seg, og at dei ikkje er verd noko. Egoet vert styrka av å vera eit offer. Eit offer for ulike formar for overgrep, for hat frå omverda, generelt for all verdas elendigheit. Ein slik narsissist, anten personen er narsissist i form av ei personlegheitsforstyrring, eller berre som ei karakterskildring, er til dømes ikkje i stand til å seia «takk». Du ser dei kanskje på internettet av og til, desse som dag ut og dag inn får høyra at dei er so flotte og fine, men som istaden for å vera takksam for komplimenta, verkar som om dei nærast skulle ynksja dei ikkje fekk dei. «Nei, det er eg ikkje,» seier dei, eller «eg hatar utsjånaden min her», eller «eg veit nok at du eigentleg tykkjer eg er stygg». Dette kan sjølvsagt òg, og det er det ofte, vera eit uttrykk for eit ynskje om høgare sjølvtillitt, og ei desperat hand som prøver å grabba til seg alle komplimenta ho kan få i form av å seia imot. Det er ikkje eit ynskje som er ulogisk eller som ein bør spytta på og nekta å forstå, det er fullstendig menneskeleg, og ingen burde fordømma det. Men, det er sjølvsagt ikkje særleg funksjonelt. Denne åtferda er tvert om ganske avhengigheitsskapande.
Ein slik narsissist, tåler ikkje å få høyra positive ting om sitt eige liv. I motsetning til narsissisten som ikkje tåler å høyra negative ting om sitt eige liv, men vil lesta som alt er perfekt og som om hin har det heilt top of the pops, vil denne narsissisten nærast føla seg krenka, dersom nokon skulle koma til å seia «det verkar som du har det betre om dagen», eller «so grei familien din er», eller «so heldig du er som går på musikklinja!»
Personen vil nærast gjeva uttrykk for å føla seg krenka over å ikkje få smerten sin annerkjent. Korleis kan nokon tru at eg har det bra? De veit godt at eg ikkje har det bra i det heile teke, prøver de berre å få meg til å gå inn i skapet att, med smerta mi, av di de ikje vil høyra om det? Er de ikkje glade i meg? Er de lei av meg, kanskje?
(Her er eg som føler meg fornærma over at nokon påstår at eg har fått det betre i det siste)
Andre ting som er vanskeleg, og som ein umogleg kan handtera, er når andre menneske gjer det bra. For sjølv om det verkar som om Personen har lyst til å ha det vondt, og fornektar all framgong, har personen inst inne ganske lyst til å ha det betre. Motstanden mot å forlata mørkret med trøyst og komfort, er derimot so stor at det ikkje er mogleg. Difor vil vedkomne føla eit ekstra stort nag mot menneske som gjer det bra. Menneske som er pene, menneske som skal halda ein konsert, menneske som får positiv omtale av læraren. Dei fleste andre vener vil, sjølv om dei inst inne er sjalu dei òg, seia ting som «gratulerer!» eller «so flink du er!» eller «eg skjønar godt at du vann den prisen, det var velfortejent!» Ein narsissist vil derimot ikkje godta noko slik. Narsissist 1 vil kanskje seia noko slikt som «vel, den sangen var ikkje SO innmari bra», eller «eg kunne ha gjort det betre, berre les artikkelen MIN!» Eller kanskje koma med ein rekke råd som på sett og vis slaktar venen. Narsissist 2, vil derimot prøva å gjeva venen dårleg samvett for lukka, gjennom å seia ting som: «Noko slikt ville aldri skjedd med meg…….» eller «du er so pen du, eg er berre stygg……….» Når nokon legg til «eg er so stygg», er det heilt umogleg å takka for komplimentet, då det ikkje verkar som eit ektefølt kompliment. Fy deg som er so fin, det får meg til å ville skada meg sjølv med kniv. Tja. Takk, takk. Fint sagt. Skad i veg. Eg skjønte sjølvsagt ikkje då eg var slik, kor patetisk noko såg ut, og uansett om eg so forstod det, eller i augneblinken visste godt at det ikkje var lurt, var det òg umogleg å la det vera. Kjensla av krenking og merksemd retta vekk frå ein sjølv, var for sterk.
Eit døme var då ei jente i klassen hadde vorte dumpa av kjærasten sin, og alle jentene i klassen samla seg kring ho. Å sjå ho få so mykje trøyst, når sanninga var at det var eg som eigentleg trong trøyst (ho hadde masse vener, medan eg var heilt åleine, ho hadde ingenting å klaga over!), var so smertefull og so vond at eg vart sitjande å grina i korridoren same dag. Eit sakn etter det eg aldri fekk, og eit hat mot det menneske som fekk all den merksemda som skulle vore mi. Eit minne om at viss eg var i same situasjon som ho, ville eg aldri fått den reaksjonen og dei klemmane. Eg ville vorte glodd stygt på eller knapt ensa. Sånn sett var det kanskje logisk at eg vart lei meg, men tenk deg at eg var ein av gjengen, at eg var ein av dei mest populære i heile klassen, og at eg fekk merksemd dagen lang, og at eg framleis følte den same smerta og sjalusien når nokon i gjengen fekk trøyt. At eg ville byrja å grina, for å få dei til å trøysta meg istaden – kva ville eg ha vore då?
Narsissist nr 2, vil altso båe vri andre sin suksess, og andre sin destruksjon, over til si eiga fortviling. Dei er avhengig av dei som gjer dei vondt, nettopp av di det er med på å oppretthalda deira eiga bilete av at alle hatar dei og at dei ikkje er verd noko. Dei er nøydd til å ha offerstatus. Heile tida. Ein kvar ting som kan truga deira offerstatus, er av det vonde. Til og med eit kvart samtaleemne om noko anna enn denne smerta, kan potensielt vera trugande. Eg hugsar kor truga eg følte meg då bestevenen min starta på handball og attpåtil SNAKKA om det. For det fyrste oppsøkte ho miljø eg ikkje var i, miljø som ikkje hadde noko med meg og mine interesser å gjera, og for det andre snakka ho om andre ting enn det eg var oppteken av, og ikkje minst andre ting enn korleis eg hadde det og kor fælt det var. Kort sagt eit alvorleg svik. Og somme personar, vil fortsetja å ha desse kjenslene livet ut. Dei vil aldri gjeva slipp på det. Når dei serverer mat, vil dei seia «unnskuld at maten sikkert ikkje er noko god», eller «eg veit at de ikkje likar det de smaker». Når hin publiserer eit bilete av seg sjølv på internettet, vil hin skriva under «sjå kor stygg eg er», og når hin får kompliment vil hin fnysa og nærast verka fornærma eller til og med hatefull.
Og korleis i all verda skal du handtera eit slikt menneske? Skal du pøsa på med kompliment, eller skal du vera spydig, etter kvart som du går lei? Skal du ignorera forsøka på merksemd? Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal gjera. Når eg merker at personen har eit alvorleg avhengigheitsproblem av merksemd kring negative ting, vil eg etter beste emne visa same medliding som eg gjer for andre, men inntil eit visst punkt. Når personen byrjar å fiska eller grava, er det på tide å slutta, og det er på tide å vera høfleg, visa respekt, men med hovudet kaldt, og utan den valdsamme medlidinga. Eg trur ikkje det hjelper å vera frekk eller stygg mot nokon og å tenkja at då vil dei skjønna at det ikkje nytter å syga til seg slik type merksemd. Negativ merksemd er sannsynlegvis rota til avhengigheita deira, med andre ord, vil negativ merksemd berre auka problemet. Å auka eit problem, er noko dei færraste burde ha lyst til. Eg har tru på å gjeva so mykje positiv merksemd som mogleg på ting som er positivt. Viss vedkomne skulle koma til å skriva eit tåredryppande blogginnlegg om kor fælt hin har det, og ein har ei kjensle av at dette er ein del av avhengigheita etter merksemd kring negative ting, kan ein simpelthen seia noko slikt som:
«Det er trist at du har det slik, men eg er glad for å sjå at du er so flink til å få det ned i ord og setningar på denne måten. Du må fortsetja å skriva, det kan verkeleg hjelpa av og til! :- ) »
heller enn:
«Uff stakkars deg venen min du har det so fælt huff og huff stakkars deg eg får so vondt av deg ❤ ❤ ❤ Men eg er veldig glad i deg, du må aldri ta livet av deg!! Hugs at du er verd gull «blablablablabla. For mykje medliding er betre enn for lite medliding, men for mykje medliding fører ikkje til forandring. Heller ikkje gjer for lite medliding, det kan i verste fall føra til negativ forandring. Slike ting som:
«herregud a jævla oppmerksom hets syke hore ;ssss»
Viss du skulle ha ei trong til å seia det til nokon, må du òg hugsa på at du er ein del av problemet du sjølv foraktar. Du er med på å skapa problemet, og det er sannsynlegvis personar som deg, som er grunnen til at problemet er der. Hadde ingen vore som deg, ville slike problem som du ser ned på, sannsynlegvis ikkje eksistert. Med andre ord pissar du på ditt eige kunstverk.
Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg skal runda av dette innlegget, men eg tykkjer det er ein situasjon dei aller færraste forstår. Dei fleste ser ned på menneske med slike plagsamme eigenskapar, utan å tenkja over at problemet er der av ein grunn, og at problemet sannsynlegvis er ei større liding for personen med problemet enn for dei som må sjå på. Og so gå inn i seg sjølv og verkeleg tenkja over korleis ein skal møta menneske i forskjellege plagsamme situasjonar, heller enn å gjera alt ein kan for å gjera alt verre.
Takk for meg