Du er so vanskeleg

Før trudde eg at folk såg på meg med eit ekkelt kirurgisk blikk, at so snart dei fekk veta kva dei ville sjå om dei tok av meg alle kleda og disikerte meg, ville det påverka korleis dei såg meg for alltid – då ville det med ein gong verta vanskeleg å gøyma kva det var dei såg. Det stemte av og til. Det stemte ikkje heile tida, som eg trudde. Det veit eg no.

Det har vore likegyldig for meg ein liten stund. Eg har hatt det gøy og vore forvirrande. No vil eg ikkje vera forvirrande lenger, men det hjelper ikkje. Det er so vanskeleg, eg er so forvirrande, huff og huff, «korleis skal me kunne forstå dette»?

Det finst ikkje nokon enkel veg ut, ein exit-knapp som gjer at du med ein gong sluttar å vera sær. Folk tykte «Daniel» var eit namn det var vanskeleg å seia. Det tykte at «han» var eit forferdeleg vanskeleg pronomen, dei fekk det nesten ikkje til. Somme fekk det ikkje til heller.

«Eg var med Daniel i går»
«Å, med Live? 😀 HO er ei HO skjønar du!!!»

Somme tenkte at ettersom dei ikkje fekk til å akseptera at ting ikkje var som dei hadde trudd, so måtte ingen andre heller akseptera det.
Image
Eg er framleis ein forvirrande person. Det er ikkje bestandig å disikera meg levande som er viktig, men berre den grunnleggjande mangelen folk har for å sjå kvarandre. Dei lagrar det fyrste dei høyrer i hovudet og nektar å erstatta det med noko nytt. Dei set seg ikkje ned og tenkjer over det dei høyrer. Det ville ha vore forferdeleg. Det ville jo ikkje ha vore lett.

Før trudde eg alle ville ta imot det gamle namnet mitt når det vart det nye namnet mitt att, ettersom det trass alt verka meir rett dersom dei tok av meg alle kleda eller disikerte meg. Istaden er det like vanskeleg som alle andre namn. Eg er framleis Daniel. Det er rart å vera Daniel i dette uttrykket, det kjenst ikkje lenger riktig ut eller ut som noko eg kan akseptera. Eg vil ikkje lenger vera på plassar der folk kallar meg Daniel. Eg veit ikkje kvar eg skal gjera av armane og beina. Eg veit ikkje korleis eg skal spela den rolla. Det er ei anna rolle enn den eg er i, og når nokon seier «Daniel» til meg so jagar dei meg ut or rommet, dei vil ikkje ha den personen som eg er der. Og sånn har det alltid vore. Ein må alltid vera det motsette av det ein er. Noko anna ville ha vore komplisert.