Kan nyting vega opp for smerte?

Eit argument eg ofte høyrer for at det er greitt å påføra andre smerte, er fylgjande: «Kva? Er du imot at me har det deilig?» Vanlegvis forsvarer ikkje folk seriemordarar på denne måten, eller generelt slakting av menneske, men slakting av andre dyr får ofte denne responsen. Uansett kor uverdig dei måtte leva livet sitt, og uansett kor uverdig dei måtte enda det. Det er heilt greitt, for «du er vel ikkje imot at eg skal ha nokre minutt med orgasme på tunga mi? Hatar du menneske ell?» For det fyrste har eg fått nyting på tunga mange gongar i det siste sjølv om eg har kutta ut akkurat den nytinga som kjem av at nokon har levd eit uverdig liv – av di eg meiner at dei minutta med nyting ikkje gjer opp for smerta som «måtte» til for å skapa det.

Det som plagar meg er imidlertid ikkje at dei argumenterer for å torturera andre dyr. Det aller mest irriterande er at grunnane dei diktar opp ikkje hengjer på grep med korleis dei vanlegvis tenkjer. Viss eg torturerer ei katt på gata, vil det til dømes ikkje vera unnskuldning nok at eg gjorde det av di eg tykkjer det er deilig å torturera. Plutseleg veg ikkje nyting opp for smerte lenger. Det veg berre opp viss det er ein sjølv som gjer det. Ein kan difor seia «nei, at du torturerer katter er ikkje greitt, for det gjev ikkje meg nyting.»
Image

Viss ein har ein livsfilosofi basert på at nyting kan vega opp for smerte, bør det vera konsekvent. Det bør ikkje berre handla om i akkurat dei tilfella ein sjølv ikkje er villig til å boikotta tortur når dei kan få nyting på andre måtar. For gjeld dette berre i eitt tilfelle, held det ikkje. Viss nyting skal vega opp for smerte – på ordentleg – bør det og vera snakk om situasjonar som dette:

Ein mann vert torturert ute i hagen min. Eg kan velja å gå ut å redda han, noko som vil føra til litt stress og slit for meg. Eller eg kan venta til det går over og mannen er fri til å gå. Viss torturen av mannen fører til nyting for dei som torturerer han, er det faktisk snakk om to stykk nyting mot eit stykk liding. Såleis burde valet vera enkelt. Viss det derimot ikkje er snakk om nyting frå torturistane si side, kan eg lett vega opp for torturen ute i hagen ved å setja meg ned og byrja å onanera eller drikka ein deilig drink. Eg treng ikkje redda han – eg veg opp for smerta ved å påføra meg sjølv tilsvarande nyting.

Viss ein ikkje kan vera einig i dette dømet, er det heller ingen grunn til at nyting skal vega opp for smerte i andre situasjonar. Kvifor skal dette berre gjelda av og til? Anten så veg nyting opp for smerte – eller så veg det ikkje opp for smerte.

Er mobbing greitt så lengje mobbarane er sadistar og difor nyt det dei driv med? Og i så fall: er det framleis greitt viss du vert mobba? Eller er det eit unntak?
Image

Det finst endå meir moral med hol i. Dette biletet er til dømes veldig provoserande av di ein samanliknar folk som går på jakt og skyt elgekuer sånn at kalven døyr åleine i skogen – med menneske som går på jakt og skyt menneskemødrar sånn at babien kjem i fosterheim. Elg har nemleg ikkje moral (kva veit me om det), difor er det greitt å gjera kva ein vil med elg, medan det ikkje er greitt å gjera kva ein vil med menneske uavhengig av kva moral dette mennesket har. Dessutan fører jo skyting til nyting for jegaren, som likar skyting. (At det fører til nyting for seriemordaren, er ikkje så viktig- sjølv om konsekvensane for menneskebarnet er mindre enn konsekvensane for kalven) Nyting over smerte gjeld med andre ord berre i den eine situasjonen og ikkje i den andre. Og kven i all verda seier at mennesket som vert drepen har ein bestemt moral? Skal ein spørja folk kva moral dei har før ein drep dei?

Det verkar og som om nyting tellst medan smerte ikkje tellst. Sjølv om dei som tek omsyn til nyting, i tillegg burde taka omsyn til smerte. Ein burde måla det opp mot kvarandre. Er nytinga større enn smerta? Eller er smerta større enn nytinga? Eg prøver å ta dei fleste val utifrå dette. Skal eg eta noko som gjev meg vondt i magen? I så fall: Kor godt er det, og kor vondt får eg i magen? Det same spør eg meg før eg skal kjøpa noko som det er stor sannsynlegheit for at har opplevd smerte. I eit kapitalistisk samfunn er det nemleg svært, svært sannsynleg, ettersom profitt er viktigare enn livskvalitet, at smerte er inkludert. Støtter eg ein industri som bryt med absolutt all moral eg har, viss eg kjøper dette produktet? Og viss eg er klår over dette; kvifor skal eg då støtta industrien? Ville eg putta pengar i «GÅR TIL Å PRODUSERA NYE TORTURMETODAR I GUANTANAMO»-boksen viss nokon hadde stand på torget? Kva viss eg fekk eit fat med vegankake på kjøpet? Og er ei kake som støtter torturering av andre dyr (som i dette tilfellet er menneske) eigentleg vegan?

Nyting kan vega opp for smerte viss det er snakk om minimal smerte mot ekstrem nyting. Overleving handlar derimot ikkje om nyting. Å eta for å overleva og å eta for å få nyting på tunga samtidig som ein aukar sjansen for å få kreft og hjartesjukdommar og i tillegg støttar ein industri som baserer seg på å ikkje ta omsyn til andre levande individ, er to forskjellege ting. Difor ville eg ha ete dei daude menneska viss eg var fanga oppi Andesfjellene med eit styrta fly og nokre lik. Eller kjøttet i søppelkassa viss eg var uteliggar. Eg ville derimot ikkje ha putta ein kalv inn i eit lite trebur der han ikkje kan snu seg, i mange månader med fullstendig isolasjon og deretter ete ho til middag berre av di eg tykkjer kalvekjøt smaker godt og i tillegg ser fancy ut. Nytinga veg ikkje opp ein brøkdel av smerta eg skapte for å oppnå det. Viss smerta derimot var nede på nivået med nytinga på tunga mi, medan nytinga var på nivå med smerta kalven opplevde, hadde det derimot kanskje vore heilt i orda.

Reklame

Dusteavis

På laurdag arrangerte Vestfold Natur og Ungdom vardebrenning mot boring etter olje i LoVeSe, på Slottsfjellet. Det var tent varder over heile landet som eit symbol på fare. På Slottsfjellet var det apellantar som Natur og Ungdom, Raud Ungdom, Venstre og Grøn Ungdom. Unge Venstre og AUF var óg der og hang. I dag har Tønsbergs Blad skrive om hendinga, og dei klarte faktisk å få det til å sjå ut som om alt handla om partiet Venstre. Trass at det var NU som sto for arrangementet, og ungdom som hadde nytta masse av fritid for å arrangera dette opplegget – og stått på i sikkert over ei veke for å få det til å fungera. Me såg faktisk Tønsbergs Blad koma snikande opp, fotografera Venstre-apellanten då det var hans tur til å snakka, og deretter berre intervjua han. Natur og Ungdom nemte dei i ei bisetning.
Image
Å berre dekka Venstre, er like usakeleg som å koma og berre dekka Raud Ungdom eller berre Grøn Ungdom. Viss dei berre skulle intervjua ein, burde det jo vera leiaren i Vestfold Natur og Ungdom. Og viss dei skulle snakka med parti, så burde dei jo snakka med alle som var representert. Akkurat no gjer dei berre alt dei kan for å visa at dei er ein høgrevridd avis. Me sendte dei forøvrig dei andre apellane på E-post, i tilfelle det berre var det at dei ikkje hadde tid til å snakka med fleir, men fekk aldri noko svar.
Image
Her held Jonas Fløde (leiar, Vestfold Natur og Ungdom + arrangør av hendinga). Han vart tvert imot ikkje nemna med eit ord. Dusteavis.
Image
Her held eg og Eivind (talspersonar, Vestfold Grøn Ungdom) apell. Me ville gjerne ha vore i avisa :'((((
Image
Og her held Arild Østrem (leiar, Tønsberg Raud Ungdom) apell, der han seier at det ikkje er me som er i opprøyr, men derimot dei som ikkje tek omsyn for neste generasjon.

Eg må sei eg er ganske sur på Tønsbergs Blad i dag.

Kjærleiksvise

kjærleiksvise

Har du ikkje
bekymringar nok
står livet ditt stille og
støtt som ein stokk
får du sova
kvar bidige kveld
då er det tida for
å tenna kjærleikens
eld

For når hjartet ditt bankar
i roleg tempo
og du aldri slit med
å falla til ro
når det er for langt
frå krise til krise
då er det tid for
ei kjærleiksvise

Heilt frå eg fann meg
ei vakker kvinne
har det aldri vore
fred her inne
så viss du kjennar deg
altfor trygg
kom hiv deg opp,
ri på kjærleikens rygg!

Når hovudet jobbar
i roleg tempo
og du aldri slit
med å falla til ro
når det er for langt
frå krise til krise
då er det tid for ei
kjærleiksvise

Kjæraste, det er
for dei som har
lyst til å aka med
ræva heilt bar
saknar du røysta av
eigne skrik
kan du ikkje venta
med å enda som lik

Verdas beste blomst

No skal eg skriva eit innlegg om favorittblomsten min: Prikkperikum. Prikkperikum, har mange forskjellege namn. Til dømes Johannesurt. Dette seier Lommelegen:

«Hva er Johannesurt
Johannesurt, eller Prikkperikum, har vært brukt i europeisk folkemedisin som et middel mot søvnvanskerdepresjon, angst og spenning. Urten har også blitt brukt ved fordøyelsesbesvær og urinveisinfeksjoner. Den røde oljen man får ved pressing av Johannesurt har blitt brukt på brannsår og mot ulike hudsykdommer.

I Norge finnes ekstrakter av Johannesurt som naturlegemidler til bruk ved forbigående søvnbesvær, lett nedstemthet og uro.»

Image
Fyrste gong eg høyrde om Johannesurt, var frå kjærasten min. Eg var nemleg nedstemt. Forslaget gjekk ut på å ta ein tur på apoteket og kjøpa det, sånn at eg kanskje ville slutta å vera nedstemt etter kvart. Det gjorde eg aldri, men på eit tidspunkt oppdaga  eg i staden korleis blomsten faktisk såg ut. Og ein gong eg var på tur i skogen for å finna ting eg kunne laga te ut av, snubla eg tilfeldigvis over mirakelet. Sidan den gong har eg oppdaga at Prikkperikum veks båe her og der.

Det er blada som eg har tørka og putta i eit glass. Det tok lang tid frå eg gjorde dette til eg faktisk testa det ut i praksis, av di lukta av blada skremde meg og eg var redd for at det skulle vera giftig. Men, ein dag, så testa eg det ut allikevel. Eg kan ikkje seia at eg likte smaken spesielt godt med det same. Det har noko løvetannmjølk-aktig over seg som i sannheit ikkje gjev meg vatn i munnen.

Uansett trudde eg ikkje det skulle få noko middelbar effekt. Eg var sikker på at eg måtte drikka det kvar dag i tre veker før eg kanskje ville kjenna ei ørlita forandring som eg uansett ikkje ville vera sikker på om kom frå teen eller frå noko heilt anna (ting endrar seg jo stadig vekk). I staden vart eg særdeles avslappa allereie når eg var halvferdig med teen. Faktisk så avslappa at frykta for at eg ikkje hadde finne riktig blomst men ein giftblomst i staden byrja å slå til. Eg fekk litt vondt i hovudet, men eg følte meg særdeles roleg, avslappa og konsentrert. Som om eg ville vera i stand til å gjera matte i ein time i strekk utan å verta frustrert. Heile den logiske delen av hjernen min vart slått på, og bekymringer vart slått av. Ofte er det ti tankar i hovudet på ein gong, men i staden var eg i stand til å konsentrera meg fullt og heilt om ei einaste tankerekke.

Image

I tillegg gjorde det meg ganske trøytt. Seinare fann eg ut at eg hadde drikke mykje meir enn kva som er vanleg å ha i ein tablett. Minst dobbelt så mykje. Det var nok difor det fungerte så flott.

Det er forøvrig utelukkande av di det er avslappande at folk nyttar det som antidepressiva. Eg fekk ikkje noko kjensle av glede, kun eit manglande engasjement ovafor ting som vanlegvis gjer meg bekymra, redd og trist. Eit ned-stoff. Sånn at ein har mest lyst til å sitja stille og konsentrera seg om noko smart. Av og til kriblar det i hjernen min sånn at eg har lyst til å halda på med noko logisk. Ein del av hjernen min som til vanleg ikkje verkar.

Eg vil seia at for meg er dette eit ned-stoff i like stor grad som koffein er eit opp-stoff (med mindre ein drikk kaffi så ofte at det ikkje lenger er oppkvikkande). Eg vil forøvrig åtvara mot å fyrst drikka Johannesurt-te og deretter drikka ein kopp med kaffi. Det har ein forferdeleg forvirrande effekt som ikkje er til å trakta etter med mindre ein har eit konkret mål om å koma i ei merkeleg sinnsstemning. Ein bør med andre ord fyrst bestemma seg for om ein vil vera nedkvikka eller oppkvikka, i staden for å gjera som meg å tenkja  «no vil eg ned» og «no vil eg opp» og enda opp med ein forferdeleg mellomting.

Uansett vil eg tilrå denne fantastiske blomsten. Eg drikk det viss eg er i ferd med å koma i eit humør som er altfor valdsomt (som til dømes å vera sint) og har lyst til å roa meg ned – eller viss eg er redd eg ikkje kjem til å få sova i natt –  eller viss eg skal gjera matte og har lyst til å tenkja logisk. Eg har sjølvsagt ikkje peiling på korleis det fungerer på andre. Og viss ein går på eit anna medikament, bør ein dra til legen fyrst å høyra. Johannesurt likar å få andre medikament til å verka saktare.

—–

Dette var eit innlegg om ein blomst. Det vert nok ein stund til neste gong eg skriv om noko i same stil, men i sumar vert ei fin tid for sånt.

DU HAR DET FÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆLT!!!!!!!!!!!!111

Du skal ikkje ha variasjonar. Du skal vera monoton. Du skal vera «stabil». Du skal aldri skjelva i vinden. Du skal aldri sveitta i varma. Det skal ikkje vera noko jungel i deg, og iallfall ikkje med frukt i. Det skal ikkje vera løver i dag som jagar eit bytte. Det skal aldri vera regn, snø eller sol. Du skal vera vêrlaus. Men du skal ikkje vera apatisk. Du skal vera monoton. Alt er eit problem. At blader får ei anna farge om hausten er eit sjukdomsteikn. At dei fell ned fra trea betyr at me må hugga ned heile treet. Viss treet skjelver i vinden skal me brenna det. Dette er eit symptom. Dette er psykisk ustabilitet. Dette skal me makulera.

Eg har teke silikon i brysta

(Tema føreslått av Svava)
Image

Det finst mange formar for plastiske operasjonar. Nokre av dei kan sjå overflødige ut, som til dømes å retta ut nasen. Andre ting derimot, kan vera naudsynt for å klara seg. Som til dømes å fjerna litt av øyra viss dei er så lange at du ikkje kjem deg inn i eit rom, eller å skaffa deg mindre puppar viss dei er så svære at du får ryggproblem. Av og til er ein født med feil som ikkje er noko vits å vera stolt av ein gong av di det berre er tøys og tull med det.

Folk, spesielt dei som er ganske feminine, likar å sminka seg. Mange sminkar seg så mykje at dei ikkje er til å kjenna att viss dei tek av seg sminka. Nokon får ein aldri sjå utan sminke. Dei er ikkje «seg sjølv» utan sminke. Dei fiksar håret sitt og. Anten vil ein retta det ut eller krølla det eller farga det eller bleika det. Eller berre putta masse gele i det. Eg tykkjer ikkje det er noko stas å gå ut med pannelugg som ligg nedover panna mi. Kva faen gjer pannelugg i panna liksom.

Dei mest feminine, nyttar kanskje tusen kr i månaden på sminke. (Kanskje endå meir? Har aldri nytta så mykje sminke) La oss sei 1500 kr. I laupet av eit år, er det 18.000 kr. To år? 36.000. Hadde du ikkje nytta alle penga på sminke så kunne du ha kjøpt deg silikon. Tenk på det. Og eg tør vedda på at viss ein eller annan Mann med stor M les dette innlegget så kjem han til å tenkja «EG ER GLAD EG IKKJE ER JENTE SÅ EG SLEPP Å HA PÅ MEG SMINKE» (var ein dust som sa det ein gong, som om ikkje a) jenter kan vera nydelege utan sminke b) han eigentleg var penare med litt pudder og eyeliner og sånne duppedittar som det), MEN. Den Mannen med stor M kjøper sikkert dyre proteinshaker av di han trur han treng meir protein enn han allereie får, som om ikkje for mykje protein er eit større problem i vesten enn for lite protein. Og som om ikkje den proteinshaken hans er minst like dyr som all sminka. Dessuten driv han sikkert og går på treningsstudio. Eg har aldri gått der, så eg veit ikkje kva det kostar. Men prisen var litt av grunnen til at eg valte å trena heime. Hadde han ikkje vore rik, så hadde han ikkje hatt råd til alle dei musklane som får han til å sjå ut som ein sky.

Image

Eg er, eigentleg, ikkje ein av dei som elskar det skjønnheitsindustrien driv med. Faktisk kan ikkje ein person full av østrogen verta tynn nok for skjønnheitsindustrien. Då døyr dei jo berre. Plottet er å skapa modellar som ikkje finst i røynda. På den måten vil du kjøpa og kjøpa og kjøpa produkta deira, men aldri koma i mål. Du må rett og slett kjøpa for alltid. Resultatet, målet, det finst ikkje. Heldigvis vert ikkje menn ramma av skjønnheitsindustrien. Det er jo ikkje like ille å stappa deg full av ulovlege piller, innta altfor mykje protein og pumpa jern til du får hjarteattakk. Dei fleste har høyrd om anorexia, men dei færreste har høyrd om megarexia.

Image

Når det kjem til «ekte skjønnheit», er det vanskeleg for meg å definera kva «ekte» er for noko. For meg kjem «ekte» innanifrå. Mange som er einige med meg i dette vil meina at det perfekte ekte-skjønnheits-fjeset vil vera eit fjes fritt for sminke. Eg er ueinig. Andletet ditt er hovudsakeleg gener. Korleis du ser ut utan sminke er bygd på tilfeldigheiter. Sånn sett er eit sminkefjes nærmare eit ekte fjes enn eit usminka fjes. Då kan du jo velja sjølv. Du kan velja ein utsjånad som fell i smak for deg. Då ser jo folk kva du likar. Problemet er at folk har ei oppfatning om at kvinner må sminka seg medan menn ikkje skal sminka seg, og dessutan skal alle som sminker seg sminka seg på cirka den same måten – og då er det jo ikkje spesielt interessant lenger. I staden for at sminke skaper ein spanande variasjon i korleis menneske ser ut, gjer det berre at alle ser like ut. Eg tykkjer mange menn ser så keisamme ut at dei burde få på seg sminke med det same, medan mange kvinner ser så bra ut at dei burde fjerna sminka med ein gong. Det er ikkje noko ordentleg logikk kring korleis folk sminkar seg og kven som gjer det. Og då kan ein jo like gjerne fjerna heile konseptet. Spesielt når det er den onde Skjønnheitsindustrien som styrer korleis det skal vera.

Image
(Du er så stygg at me må torturera kaninar for å gjera deg fin. Men så mykje er du verd, og så lite er ho verd. Det er viktig å forska, men aller mest forskar me på kor onde menneske kan vera)

Greia er at eg eigentleg ikkje har noko problem med at folk puttar silikon i brystene, så lengje det finst like mange som ikkje gjer det. Eg vil ikkje ha noko skjønnheitsideal. Det kan vera like fint å vera flat som å ha ein D-kopp. Banan er like bra som eple. Eg likar alle slags type menneske, eg tykkjer Linni Meister er sexy og eg håper ikkje ho tek ut silikonen. Men eg vil ikkje at folk skal føla at dei MÅ gjera det, eller at dei er så stygge at dei ikkje kan visa seg fram av di dei har bananforma bryst.

Når det kjem til smak:

Eg likar – og dette gjeld feminine menneske, altså sånne som ikkje vil byggja tonnevis med musklar – det som gjer at det vert meir av deg. Det er trist å heile tida tenkja at det er for mykje av deg. Kanskje det er dei same som har dikta opp dette, som dei som sa at kvinner skulle tia i forsamlinga. Eller at kvinner skal sjåast men ikkje høyrest. Menn skal det vera mykje av, men kvinner skal det vera lite av. Det ser ut som det er sånn overalt, uansett kva kultur me ser i. Men, eg slit litt med å forstå korleis ein heterofil mann faktisk kan ynskja mindre av ei kvinne. Er det av di han eigentleg er homofil, og ikkje likar kvinner? Personleg likar eg alt som gjer at det vert meir kvinne. Og viss ein fyrst seier ja til lass med sminke, kvifor skal ein seia nei til silikonbryst? Er det ein bestemt forskjell her? Eg har ikkje eigntleg noko imot dette:

Image

Det er ikkje noko mindre «ekte skjønnheit» over dette enn over det meste anna. Så lengje ein ikkje har noko ideal. Eg er av den klassiske oppfatninga om at «alt kan vera fint på sin måte». Det er sjølvsagt ikkje heilt sant, for det er svært forskjelleg kva folk kler.

Ta deg sjølv i nakken!!!!

Eit vanleg virus blant folk som skriv, er «eg kan ikkje skriva, buhu». Folk er forferdeleg lei seg når dei ikkje kan skriva. Det er eit stort hol i livet deira, men allikevel vil dei ikkje gjera noko med det. No snakkar eg for dei som eigentleg brenn for det. Som har det i seg. Det er eit stort tap å sjå at ein ikkje kan skriva. Det skjer ofte når ein kjem opp i tenåra ein stad. Det byrjar som ein kritikarrøyst som vekkjast til live og får dei til å skriva mindre av di dei er meir opptekne av kvalitet enn «kvantitet», som dei kallar det. Dei ser på det som eit positivt trekk å skriva lite, av di det betyr at dei leggjer meir i det dei skriv. Dette fører til at dei kjem ut av trening, og kritikarrøysta vert endå klårare og endå høgare. Og så sluttar dei å skriva. «Eg får ikkje setningane til å flyta saman», «det vert hakkete», «ikkje noko flyt» og «ikkje levande». Det har gløymt kvifor dei skreiv. Alt er berre overflate.

Det er jævleg irriterande å sjå, av di det som regel rammar dei som er dritgode. Personleg kunne eg ikkje brydd meg mindre om kva dei sjølv føler om det dei skriv, eller om sjølvtilitta deira. Dei kan hata det dei skriv for min del. Problemet er når dei sluttar å skriva, sånn at eg ikkje lenger kan lesa det. Dei fleste av dei skjønar at viss dei berre byrjar å skriva oftare, så vil flyta venda tilbake. Men så er det så vanskeleg å starta opp att. Ein vil jo heller sitja på Facebook eller kva no enn det er ein driv med for noko.

DSC_0717

Viss du brenn for noko, er det ikkje sant at du ikkje har tid til å halda på med det. Viss det verkeleg er dette du vil, så må du laga deg dit. Viss du faktisk vil halda på med det resten av livet. Folk seier «det er mange som ikkje får det til, og då har dei ikkje noko anna», men viss ein ikkje satsar fullt og heilt så er det nesten heilt sikkert at ein berre kan gløyma heile driten. Sjølvsagt har du tid. Du kan låsa deg inn på skuledassen i friminuttet å skriva. Det er berre kødd at du eigentleg skulle gjort leksar. Du gjer jo ikkje leksar uansett. Du hengjer med Folk og snakkar om Kødd. Det er ikkje så innmari Satans viktig.

Eg er sur for at eg har prioritert skrivinga mi så lite i det siste. Det er litt av di det var så forferdeleg demotiverande at dei la ned Skrivebua og at eg ikkje lenger har nokon som kan muntra meg opp. Og det er litt av di eg tenkjer «gidd ikkje». Skjønar ikkje kvifor eg tenkjer det. Dette er jo det einaste eg veit med sikkerheit at eg har, og allikevel er eg dust nok til å la det døy.

Eg har gjerne eit hovude og ei historie som eg vandrar i konstant i cirka tre år på kvar av dei. Når dette skjer, utviklar historia seg, og eg er djupt inne i det, og det er dessutan svært spanande. Før i tida, då eg ikkje hadde kritikerstemma som snakka om setningar som ikkje ville flyta, så skreiv eg konstant. Då skreiv eg gjerne mange sider kvar dag, utan noko spesiell tanke om korleis det skulle sjå ut for dei som las det. Det var sånn eg vart god. No er eg for oppteken av å vera god til å få fram historia eg vil ha fram, eller til å utvikla meg i det heile. Og historia eg har vore inne i dei siste tre åra, byrjar å forsvinna no. Utan at eg har skrive det. Eg har gått rundt i ei anna verd utan å gjera noko som helst positivt ut av det. Det er som om heile greia berre døyr. Det er satans trist, og eg har ikkje tenkt å la det skje endå ein gong, for det har nemleg skjedd svært mange gongar allereie. (Har ein ambisjon om å ta opp historia ein gong i framtida)

No har eg fått ei ny. Eit nytt menneskesinn som er interessant, og ei ny historie. Eg har skrive nokre sider. Denne gongen skriv eg hulter til bulter, eg skriv ilag med Stine (som er ein av desse «eg kan ikkje skriva»-dustane og eg må tvinga ho i fem timer kvar gong det er jævleg keisamt) og eg har bestemt meg for at dette ikkje skal døy utan vidare. Det er smart av meg! Det har nettopp kome i hovudet mitt, og me har nettopp starta. Eg har lyst til å fylgja denne historia heilt til ho er ferdig, og når ho er verdig, skal ho vera skrive ned.Kanskje andre kan få ta ein titt.

Det er ikkje sånn at du skal sitja og venta på at inspirasjon skal koma. Av og til seier nokre dustar til meg at «du kan ikkje pressa deg sjølv til å skriva, for då kjem det ikkje frå hjartet ❤ » Dette høyrest smart og snusfornuftig ut, men det er ikkje så jævleg smart. Ting kjem nemleg ikkje frå hjartet heilt av seg sjølv. Ein må fyrst koma inn i det. Når ein har kome inn i det, då kan det koma frå hjartet etter kvart. Fyrst må ein berre få det til å flyta. Ein må skriva kvar jævla dag, uansett om ein vil eller ikkje, for når ein fyrst har kome i gang, då kjem sjela og nerva og alt det som ein likar å inkludera i ei tekst. Viss du sit og ventar på inspirasjonen så kjem det ikkje frå hjartet, det berre døyr. Det er like dust som å ikkje vanna blomsten av di blomstringa ikkje vert «ekte» viss du har vatn i.