Musikk

I går fann eg eit headset. I mange månadar har eg teke bussen og spasert og sitte framfor tomme Word-dokument utan noko headset, og tenkt at mangelen på musikk faktisk har gjort meg meir konsentrert og fått meg meir i kontakt med røynda. Det er til dømes lettare å kome på skulen når eg har brukt heile bussturen til å tenkje på skulen, heller enn å drøyme meg vekk med musikk i hovudet. Men, i går fann eg eit headset og tenkte at eg skulle sjå om det verka. Det er veldig praktisk å ha på joggeturar. Eg valte eit album eg høyrde mykje på for nokre år sidan, og då skjedde det noko rart.
kalender
Alt kom deisane tilbake! Plutseleg var eg der eg ikkje har vore på lengje, altso i det universet eg treng å kome tilbake til for å i det heile teke kunne vurdere eit nytt eller eit gamalt skriveprosjekt. Plutseleg vart eg teke med på ei reise inn til ein plass i hovudet mitt som eg ikkje har fått tilgang til på kjempelengje. Det var rett og slett ein nøkkel.

Heile sundagen brukte eg på å gjere skulearbeid. Eg var ferdig med matteleksa når klokka var der eg vanlegvis ville lagt meg i sengja, men eg kunne ikkje. Eg visste at viss eg gjekk og la meg ville eg følt det som om eg skulka unna noko som er endå viktigare enn mange nok timar søvn, godt oppmøte på skulen og ein kropp klår for trening på måndag.

Eg endte opp med eit par sider av ikkje so høg kvalitet, der handlinga føregjekk 1. desember. Eg har skrive denne historia før, berre frå eit anna perspektiv. Det er ikkje sikkert eg kjem til å bruke det til noko i det heile teke, for i dag har eg opna det dokumentet eg eigentleg hadde planlagt å halda på med, som handla om noko heilt anna. Vanlegvis er planen spikra allereie i september, men ikkje denne gongen. So fann eg plutseleg ein E-post frå ein anonym person som ba meg skrive kalender. I dag, rett etter det merkelege skjedde i går.

Kva kan eg sei?

Eg trur eg er tilbake.

Lukkerus

For nokre år sidan opplevde eg å vere glad i nesten to veker i strekk. Det var midt på vinteren, kanskje i januar, altso den tida på året der eg ikkje lenger vert drive vidare gjennom mørkret av kalenderen eg skriv på kvar dag, og mørkret gjer det umogleg å vakna om morgonen og å vere ordentleg vaken om dagen – slik at eg ikkje får sove om natta. Difor var det òg so veldig rart at eg plutseleg var glad. Eg har alltid sett for meg ei skala med lukke (nei, det er ikkje nokon psykolog som har sagt dette til meg!) der null er i midten, ti er høgast og minus ti er lågast. Det store målet mitt er som regel å nå null. Null er mangel på alt det som gjer livet uuthaldeleg, og null gjer det mogleg å kome på skulen og å gjere lekser. Null gjer det mogleg å konsentrere seg om saker og ting. So, plutseleg, den veka, var eg seks, minst. Kanskje endå høgare oppe. Sjølv om eg gjekk på skulen, var eg glad. Eg fann på kjekke ting kvar dag, i godt selskap. Me lagde muffins, akte kvar dag, spiste frukost i snøen, drakk chai-te og såg på teiknefilmar. Eg hadde nettopp kome ut av ein mørk periode der blod og andre skumle ting var det einaste som var interessant, og kontrasten var so sterk at eg rett og slett føyk opp på pluss-skalaen. Kvar dag tenkte eg ting som «oj, no har eg vore glad i tre dagar i strekk! Kva er dette for noko!»
DSC_0702DSC_0700
Seinare har eg opplevd liknande ting fleire gongar. Når eg er glad spring eg rundt og er aktiv, og møter menneske eg ikkje har møtt på lengje. Det eg derimot ikkje gjer, er å skrive.

Viss eg skal leite gjennom historia etter ein av dei mest meiningsfulle periodene i livet mitt, landar eg i 9. klasse. I 9. klasse var eg aldri glad. Eg var langt under null, eg var so djupt nede på minusskalaen at det var kritisk. Eg var aldri med i timene på skulen. Det kom folk frå kommunen heim til meg for å køyre meg dit, og dei sto og såg etter meg for å vere sikre på at eg gjekk inn i skulen og ikkje heim. Likevel gjekk eg heim. Og gjorde eg ikkje det, sette eg meg på biblioteket og skreiv. For det var det eg dreiv med i 9. klasse – eg skreiv kvar einaste dag. Eg passerte heilt sikkert 6000 ord om dagen, og det einaste eg ville var å skrive meir. Eg produserte tekster i eit køyr av di alt berre fløyt ut or meg utan stans, og ingenting kunne stoppe det. Eg hadde det heilt forferdeleg. Og ein stor del av meg beundrar den personen eg var i 9. klasse meir enn eg beundrar nokon andre versjonar av meg sjølv eller andre.

Eg er glad eg har desse opplevingene av glede av og til, og at eg veit korleis det kjenst ut å vere glad. Eg er òg glad for at eg klarer å gå ut or huset og at eg ryddar, trener, stort sett får gode karakterar og etter mi smak ser ganske bra ut av di eg har kontakt med mitt ytre og passar på det konstant. Mange seier til meg at det har skjedd so stor forandring, og at det er bra, og eg seier at alt er mykje betre no. Men, den delen eg ser på som viktigast har fått råtne. Eg slit med å presse fram ord. Fantasien min har gått i stå. Viss eg er lei meg kan eg ikkje dikte opp nokon som kan kome å trøyste meg, eg held berre fram å vere lei meg heilt åleine. Historier som lager seg sjølv i hovudet mitt hindrar meg ikkje frå å fylgje med i undervisninga, og eg skulkar ikkje skulen for å skrive. Eg skjelver når eg tenkjer på skriving. Det skremmer vettet ut or meg.
Blond Dreams - Kopi - Kopi
Eg er rett og slett ikkje kreativ. Eg har so vidt starta på kalenderen frå i år, og eg har mine tvil på om eg kjem til å fullføre i det heile teke. Eg er ikkje i stand til å dikte opp ting, eg har fått so mykje eige liv at det tek plassen til alt anna. Viss eg held fram på denne måten kjem eg ikkje til å vere nøgd med meg sjølv på daudsleiget, eg kjem til å føle at eg har levd utan grunn.

Poenget mitt er at alle fokuserer på å vere lukkelege og det er det einaste dei vil, og på internett finn ein heile tida motiverande sitat om at «viss det ikkje gjer deg glad – slutt å gjere det!», og elevar vil ikkje lære ting på skulen viss ikkje dei vert glad av å lære det, og absolutt alt handlar om å vere glad konstant. Som om det er so viktig å vere glad heile tida. For meg er korkje glede eller sorg noko eg ser noko poeng i å gå rundt å ha heile tida. Folk som alltid er glade framstår for meg litt dummare enn dei som er like mykje begge delar. Og ofte er dei ikkje spesielt sympatiske heller, dei er so redde for å slutte å vere glade at dei sviktar alle som ikkje er like «heldige» som dei.

Det er berre ein ting eg vil ha heile tida utan stopp. Eg vil vere engasjert i det eg brenn for og leve for å gjere den tingen. Eg skal ikkje gjere det for å verte glad, og eg skal ikkje sitje å vere glad heile tida medan eg gjer det. Noko av det beste eg veit er når eg, som er ganske dårleg i matte, plutseleg er djupt inne i noko eg nesten har forstått, og riv meg sjølv i håret av di eg ikkje forstår det heilt, men samstundes er so engasjert at eg ikkje klarer å sjå noko anna enn akkurat det eg held på med. Eller når eg skriv og gløymer at eg eksisterer, og berre føler det karakterane føler, og viss dei gret so gret eg òg, og hjartet mitt bankar når noko skummelt skjer. Viss eg lev meg inn i ein skummel film og vert lamma av frykt eller viss eg demonstrerer mot noko som gjer meg sint og plutseleg går i eitt med alle dei andre menneska og berre er ei ropande røyst som berre har ei einaste sak i hovudet og det er rettferd.

Folk som er glade heile tida, gjer ikkje sånt.

Mine år gjennom hår

Eg har logga meg på den gamle PC-en for å finne bilete av meg sjølv med forskjellege farger på håret. Håret mitt har alltid vore i endring, men når eg tenkjer etter, representerer kvar einaste endring ei anna, større endring. Somme av desse endringene var ikkje noko hyggjelege ein gong.

Dei eldste bileta finst ikkje her, dei finst i fotoalbum oppe på loftet. Eg kjem ikkje til å bla gjennom dei no, for det mest interessante er jo ikkje korleis det såg ut. Før hadde eg kort, ljost hår i ei sløyfe på toppen av hovudet. Veldig søtt. Etter kvart fekk eg langt ljost hår. Mamma sa alltid at det var so fint, sjølv om eg ville farge det mørkt. Eg er ikkje heilt sikker på kvifor eg so gjerne ville farge det mørkt, det var sikkert av di eg visste om so mange pene menneske med brunt hår og av di eg ville ha ei forandring. På eit tidspunkt drog me til frisøren for å «stusse tuppene», og frisøren klipte håret mitt heilt opp til skuldrane sjølv om håret hadde brukt å gå langt ned på ryggen. Då gjekk eg i 1. klasse på borneskulen, og det er det fyrste minnet eg har om å ha følt meg stygg. Kvar gong eg gjekk forbi ein spegel vart eg kjempelei meg og tenkte på alle dei uttrykka eg ikkje kunne lage i fjeset av di det fekk meg til å sjå endå styggare ut no som eg hadde hår til skuldrane (det kledde meg nemleg ikkje i det heile teke).

Fyrste gong eg farga håret gjekk eg i 5. klasse, og alle sa at det var stygt. Iallfall var det fleire i klassen min som sa at alle hadde sagt det. Den einaste venen eg hadde i klassen sendte meg til og med ein E-post (dåtidas chatting) der det sto «PC: Håret ditt er stygt alle seier det», eller noko i den duren. Eg hadde forøvrig mast kjempelengje på å få farge håret mitt raudt, og eg tykte ikkje at det var stygt, difor vart eg heller ikkje lei meg. Håret mitt var dessutan langt, noko som gjorde at eg ikkje såg stygg ut slik som då håret mitt var kort. Det eldste biletet eg kan finne av håret mitt er dette:

553744-7-1262030455289
Eg brukte forresten ikkje å sminke meg sånn til vanleg, det var berre noko eg gjorde av di eg var åleine heime og hadde eit sminkeskrin. Dette var sikkert i 7. klasse eller noko slikt. Håret mitt hadde vorte ljost igjen av sola og deretter farga raudt på ny, eller noko slikt. Det er litt vanskeleg å identifisere akkurat når det er ifrå, sjølv om nokon sikkert kjem til å sei at eg er dum som ikkje berre går inn på biletet og finn ut kva år det er frå. Eg har til og med ein ide om kven den personen er. Tilbake til innlegget. Gjennom heile barneskulen hadde eg to venninner ein klasse under meg, som eg delte heile mi verd med og som eg var so glad i at eg ikkje kunne førestella meg eit liv utan dei. I 6. klasse sa dei at dei hadde ei overrasking til meg, og so telte dei stille til tre før dei sa «vi er ikke venn med deg!». Alle trudde sjølvsagt at me skulle bli vener igjen og at det berre var ein krangel, men dei hadde ikkje sett måten det skjedde på. Det var openbert noko dei hadde planlagt lengje, og eg visste at eg kom til å vere heilt åleine i verda for resten av livet mitt, og so bytta eg skule. Då eg starta på Lysheim Barneskule var håret mitt noko midt mellom ljost og raudt, litt som på biletet, berre ljosare. Eg hadde militærbukse (hadde ønskt meg det heile livet!) og gusjegrøn genser og dragesmykke den dagen eg begynte. Eg har ikkje noko bilete av det, eg berre hugsar det kjempegodt! Ein gut i parallellklassen kommenterte at eg var to meter høg (ikkje til meg, eg fekk høyra det seinare) og min snarlege besteven tredte fram frå klassen og tok meg i handa. Det såg ut til at eg kom til å få det veldig fint der. Dei kule jentene i klassen, hvis gjeng hadde namnet «Dei Kule» (heilt på ordentleg!) sa at dei kunne gjere meg til ein av dei kule, og spurde meg om eg fekk lov å sminke meg. Eg angrar litt på at eg ikkje tok imot tilbotet. Når eg tenkjer på det i ettertid kunne eg ha farga håret blondt, byrja med sminke på den måten dei gjorde, gått i slike klede som dei gjekk i, og sikkert fått kjempegod sjølvtillitt og kjærast og alt mogleg. Alle slags fæle ting som skjedde seinare hadde sannsynlegvis ikkje skjedd viss eg berre sa «ja» til å verta kul. Istaden gjekk eg bort til dei som ikkje var kule, og blei endå mindre kul enn dei igjen. So lite kul at til og med dei ukule ikkje ville vere med meg. Dei innsåg at eg drog statusen deira endå lengre ned enn den hadde vore frå før. Lærdom: Sjølv om nokon ikkje er populære, betyr det ikkje at dei ikkje har nøyaktig same tankegang og nøyaktig same mentalitet! Viss dei hadde fått moglegheit til å mobbe andre, ville dei garantert ha gjort det. Tilbake til håret.

553744-7-1262030459841

Sumaren til 7. klasse var eg so lei av å vere meg (på dette tidspunktet hadde eg den bestevenninna eg valte vekk den kule gjengen for) at eg bestemte meg for å bli ei anna istaden. Eg hadde nemleg ei veldig, veldig god venninne som heitte Lucy, og eg er ikkje sikker på om eg forstod at eg hadde dikta henne opp sjølv eller ikkje. Iallfall fortalde eg klassevenninna mi at eg og Lucy kom til å kle oss ut som kvarandre og bytte plass for ein stund. Eg nytta sumarferien på å verta so lik Lucy eg berre kunne, gjennom å farge håret mitt svart, unngå sola (for å bli kvit) og slutte å spise. Lucy var nemleg kjempetynn (ho hadde anoreksi), likbleik av di ho var vampyr og hadde svart hår. Det fungerte ganske bra, magesekken min krympa slik at eg berre klarte å spise bittesmå posjonar, og alle trudde eg hadde spiseforstyrrelser. (Noko eg forsåvidt hadde òg, sjølv om det var for å kle meg ut som Lucy.) Biletet over er ikkje frå den perioden, men det er det biletet eg fann som liknar mest.

Klassevenninna mi vart lei av tullet mitt etter kvart og ville ikkje lenger vere ven med meg, dessutan var heile klassen sint på meg for at eg hadde gjort henne upopulær (sjølv om ho var upopulær då eg starta). Eg vurderte å rømme til kjærasten min i Danmark heller enn å starte på ungdomsskulen. Viss eg berre kunne finne nokon som ville køyre meg til Danmark, for han ville ikkje køyre so langt.

No kjem eg til den perioden eg har masse bilete ifrå, so no skal eg konsentrere meg endå meir om hår!
553744-7-1262030538235

Dette er meg i 8. klasse. Eg hadde nettopp klipt håret kort på eine sida, og det vart ikkje slik som eg hadde tenkt ettersom frisøren var so skeptisk at ho gjorde det på ein teit måte. Eigentleg ville eg at det skulle vere heilt kort, kanskje berre ein cm. Istaden klipte ho det til skuldrane. Hadde det vore i dag, ville eg ha teke saksa og gjort det sjølv. (Det er 6 år sida eg var hos frisøren sist) Eg ser sikkert ut som eit typisk medlem av ein «emo-gjeng», for dette var på den tida der emo-gjengar ikkje berre eksisterte, men var veldig vanlege. Diverre var dei ikkje det på skulen min, og mykje av det emo-aktige eg gjorde, hadde eg drive med lengje før eg visste kva «emo» var eller i det heile teke hadde høyrd ordet. Eg var so outsider at eg ikkje fekk med meg slike begrep. All den svarte eyelinaren var ein fin måte å skjule dei stygge strekene eg hadde under augo, og eg tykte ikkje eg var noko fin utan. Eg kunne ta på meg kva eg ville og gjere artige ting med gamle klede. Eg var veldig glad i indianarar og ulver og tarotkort og draumefangarar og å fantasere om å reise langt vekk.
På Borre Ungdomsskule var det to emogjengar. Den eine emogjengen gjekk i 10. klasse og besto av kanskje fem personar, og var ei motpol til bimbo-gjengen som likte å leite etter folk dei kunne mobbe, samt skryte av kor flinke mobbarar dei var. Ein gong prøvde dei å skremme meg ved å fortelje meg at på grunn av dei måtte nokon på skulen gå til sosiallæraren kvar einaste dag, og at eg ikkje ville kødde med dei. Dei brukte å leite etter meg i friminuttet for å finne meg so dei kunne seie til meg at eg var emo og at dei kunne banke meg, og når eg ba dei setje i gang, sa dei at dei ikkje gadd av di dei hadde betre ting å bruke tida på. Eg gjekk i ein klasse som var kjempefeig og sat og såg på utan å seie noko, og når gjengen spurde om dei var på mi side, sa dei ingenting. Grunnen til at dei var ute etter meg var av di ein gong dei gjekk bort til ei jente for å seie stygge ting til henne, ba eg dei om å finne på noko anna å gjere. Det var to emogjengar, og den som ikkje var motpolen til mobbegjengen i 10. klasse, var ein gjeng på to personar i 9. klasse som var kjempepene og som eg skulle ynskje eg var ven med. Eg fekk aldri kontakt med korkje den eine eller den andre gjengen, so eg måtte vere emo heilt åleine i 8. klasse. Dessutan kutta eg meg sjølv. Det hadde eg gjort heilt frå 6. klasse, før eg visste at det var andre som òg gjorde sånt. På ungdomsskulen var det diverre eit tema alle visste om, so kvar gong eg gjekk forbi nokon i gangen lyfta dei opp handleddet sitt og imiterte at dei kutta seg medan dei sa «cut cut».

SONY DSC

(Her hadde eg raudt hår igjen)

Ein gong blei eg so lei meg at eg bestemte meg for å drepe meg sjølv på toalettet (det var nærmaste gøymestad) ved å døy av blodtap, men diverre låste vaktmeistaren opp døra slik at alle kunne sjå det. Då var golvet fullt av blod, og eg var svimmel. Eg og mi venninne frå barneskulen (me var aldri saman no lenger) vaska det opp, og eit par dagar seinare lagde rektor eit møte so ho kunne kjefte på meg. Ho og inspiktøren var begge einige om at eg var slem som hadde traumatisert dei andre elevane, og at eg berre tenkte på meg sjølv og at eg ikkje hadde noko ansvarskjensle som gjorde noko slikt utan å taka omsyn til kva det ville få andre til å føle. Men, eg fekk vete kva dei følte likevel. Dei følte «lol emo cut cut», og so skreiv dei på nettby at eg burde ta selvmord heime heller enn på skulen. Og på skulen sa folk «cut cut» heile tida, og eg visste ikkje kven nokon av dei var. Eg skreiv masse historier frå skuler på den tida, og av og til fekk eg kritikk for at handlinga ikkje verka truverdig og at karakterane var for overdrive. Viss dei hadde gått på skulen min ville dei skifta meining.
553744-7-1262030528760

Det var forresten ei periode i 8. klasse der eg var litt populær. På biletet har eg ikkje noko sminke, og eg gjekk i ganske vanlege klede. I handa hell eg ei bursdagsgåve som eg hadde fått av den nye bestevenninna mi (som gjekk i klassen min [ho har blokkert meg på Facebook no, kva feiler det bestevener eigentleg? Skal aldri få ein ny!]), og eg sat i gangen saman med dei andre. Eg hugsar ikkje korleis det blei sånn eller kvifor det gjekk over, men i byrjinga av niandeklasse (som var då det dramatiske på toalettet skjedde) var eg full av hat og såg sånn ut:
553744-7-1262030549340

Dessutan hadde eg kjærleikssorg, for den kjekke guten eg var forelska i og som var tre år eldre enn meg var ikkje forelska tilbake men hadde berre brukt meg heile tida og no ville han ikkje bruke meg meir av di han hadde blitt kjærast med ei venninne av meg som dessutan var endå meir emo enn meg og kvar gong eg gjorde noko emo som å ha svart under augo, sa nokon at ho hadde endå meir svart under augo og hadde endå fleir kutt på armen enn meg. (Ho gjekk ikkje på den skulen forresten, eg var framleis einsam emo.) Og eg sat ofte bakst i klasserommet og teikne folk som blei drept. Etter at rektor ba meg kaste boka blei ho ein fast karakter i den.
SONY DSC

Til høgre er meg i 10. klasse. Dei venene eg hadde måtte eg som regel reise nokre timer for å besøkja, men ein kort periode gjorde eg veldig mykje av det. Det var noko med sjølvtilliten min som hadde skjedd den siste tida, kanskje av di eg gjekk i koret og var flink til å syngja og miljøet i koret var kjempebra og alle var snille mot kvarandre og eg følte at eg hadde høg status og at eg brukte den til å inkludere dei nye i koret og vere snill. Eg hadde blondt hår og gjekk ofte i lippestift, og følte meg som den mest sexy personen i heile verda. Båe jenter og gutar hadde ein mystisk dragning mot meg, og eg kunne slå den på når eg ville. Eg drog folk mot meg ved å ha den mest forførande ustrålinga som gjekk an å ha, og eg forvirra dei. Heterofile jenter sa alltid «eg trur eg er bifil» etter å ha vore ven med meg ein stund, og eit av dei største problema mine var at eg måtte knuse hjarter heile tida. Eg veit ikkje korleis dette skjedde eller kvifor det gjekk over, men på eit tidspunkt forstod eg at eg eigentleg var ein gut. Ein periode gjekk det bra å vere ein gut som såg ut som ei jente, for eg var trass alt veldig sexy og sjølv om eg hadde skjørt og lippstift spurde folk meg av og til kva kjønn eg var. Det likte eg. Men so skjønte eg at eg måtte bli ein gut på ordentleg, for eg kunne jo ikkje leve sånn for alltid. Dette byrja å skje etter at eg farga håret svart igjen, og klipte det kortare. Eg følte at eg såg ut som ein traktorlesbe, og eg hata det, for eg var jo ein gut. Eg slutta å snakke, for viss eg snakka kunne folk byrje å snakke med meg, og viss det var fleire tilstade ville nokon nevne meg i tredjeperson og seie «ho» og det ville gjere kjempevondt.

Heldigvis skulle eg starta på vidaregåande i Tønsberg, og eg hadde dessutan bytta namn til Daniel. Det finst veldig få bilete av meg frå den fyrste perioden av di eg sleit med å «passere» (å få folk til å sjå meg som det kjønnet eg sjå meg sjølv som). Dei i klassen vart introdusert for meg som ein vanleg gut og refererte so vidt eg veit alltid til meg som «han», men eg hata måten eg såg ut på og snakka ikkje med mindre eg visste at stemma mi hadde ein mørk dag.
SONY DSC
Her er meg sumaren før vidaregåande. Folk sa «han» og «ho» om kvarandre, og det fekk meg til å mure meg inne. Eg følte meg endå meir fanga når eg visste at grunnen til at folk ikkje såg på meg som den eg var var på grunn av noko eg ikkje hadde valt, nemleg korleis eg såg ut då eg blei født. Her har eg eit sår på lippa av di eg blei banka opp av ein god ven 😦 (Eg banka opp henne seinare – med ein bombeball)
Snapshot_20120708_4
Eg passerte heldigvis betre og betre i laupet av vidaregåande, og rikshospitalet tok til slutt imot henvisninga frå psykologen slik at dei kunne byrja utreda meg. Dei brukte tre år på det, difor måtte kroppen min skjøne kva eg var heilt på eigahand. Stemma vart mørkare av seg sjølv, og eg fekk meir musklar og mindre kjensler (eg blei ganske kynisk) heilt ut av det blå. Alle refererte til meg som riktig kjønn, og eg til slutt følte eg meg so forstått at eg ikkje ein gong var redd for at dei skulle finne ut om bakgrunnen min. Eg turde å snakka om det i Grønn Ungdom når temaet transseksualisme kom opp, av di det ville gjere det lettare for meg å snakke om saka når eg kunne referere til meg sjølv som eit døme.
SONY DSC
Her er eg, på skrivebuatreff. Ikkje lenger redd for noko som helst, og heilt trygg på at rikshopsitalet kom til å akspetere meg og setje meg å hormon etter kvart. Det gjorde ikkje noko viss nokon tok feil av meg, for snart kom eg til å sjå so maskulin ut at ingen ville ta feil igjen nokon gong, og dessutan skulle trene masse og få masse musklar og skjegg og kjempemørk stemme og viss nokon prøvde seg på noko tull skulle eg banka dei opp og eg visste at testosteronet ville gjere meg endå mindre følsam enn eg allereie var, og det gleda eg meg til.
SONY DSC
Eg var veldig aktiv politisk og målpolitisk og oppteken av dyrerettigheitar og nynorsk og andre bra ting. Den einaste plassen eg ikkje hadde det bra, var på skulen, for grunna den dårlege sjølvtillitta eg hadde hatt før var det ingen som snakka til meg, og å gå bort å snakke med 20 personar når ein er ein, er mykje skumlare enn det er for 20 personar å snakka til 1 person. Skulen vart ein veldig destruktiv plass av di eg tenkte på å ta livet av meg kvar einaste gong eg var der, av di eg følte meg so usynleg at eg byrja å tvile på om eg eksisterte. Eg spiste aldri når eg var der, so eg blei kjempeslapp. Og eg var livredd for at nokon (psykolog, rikshospitalet) skulle finne ut at eg sleit, for då kunne dei nekte meg hormon, og då ville eg ikkje ha noko anna val enn å døy. Eg gjorde lurt i å slutte på skulen. Etter å ha slutta på skulen kunne eg drive med andre ting.

Vent no litt, det var dette håret. Eg farga det mørkt på vidaregåande, sjølv om eg nettopp hadde farga det ljost. Eg skjønte at eg såg meir maskulin ut med mørkt hår, dersom eg samstundes farga augnebryna mørke. Eg gjorde det med augneskugge kvar dag, og det fekk meg til å sjå mykje betre ut. Eg passerte nesten heile tida når eg teikna augnebryna mørkare, kontra når dei var ljose og folk som ikkje visste kven eg var tok feil av meg og kalla meg for «ho». Viss håret var litt langt, slik at eg kunne ta hårgele i luggen og laga ein slags sleik, samt busta til håret, såg eg meir maskulin ut enn viss eg hadde kort hår so andre såg kor lite hovude eg hadde. Hovudet mitt var eit av dei største kompleksa eg hadde. Å ha lite hovude var feminint og fekk folk til å ta feil.

Sjølv om eg var ein gut mesteparten av den tida eg hadde denne PC-en, er det nesten ingen bilete av korleis eg såg ut til vanleg på mappa med bilete frå kamera på PC-en. Eg følte meg rett og slett so fjernt frå den eg verkeleg var gjennom korleis eg såg ut at eg aldri tok bilete av meg sjølv i det heile teke. Av og til tok andre bilete, og det er slike bilete eg har, og viss eg tok hundre bilete kunne eg kanskje bruke eitt, men det var nesten alltid noko feil med meg som blei avslørt på biletet slik at eg hata det. Det er derimot bilete av meg i forkledning. Dei gongane eg kledde meg ut (eg har alltid likt å kle meg ut som karakterar frå historiene mine, og eg gjorde det då òg), tok eg masse bilete. Og dei karakterane var gjerne jenter, ofte Mia. Eg følte meg veldig pen som Mia, for då var det ikkje noko som var feil med meg.

Snapshot_20130114_22

(Sånn kunne eg halde på om natta)

SONY DSC
Det blei litt dumt etter kvart. Dei einaste gongane eg følte meg fri og frank, var i denne utkledninga, og eg kunne jo ikkje akkurat gå rundt sånn på garden eller elles viss eg ville at andre skulle ta meg for å vere ein gut. Sjølvtillita var det forøvrig ikkje so mykje gale med etter at eg slutta på skulen. Eg hadde begynt å date folk, og stundom blei andre kjempeforelska i meg og sa at eg var kjempekjekk. Eg var berre ikkje so interessert i å gå rundt å vere Daniel heile tida, og når rikshospitalet utsette timen der dei skulle stille diagnosen som avgjer om ein får behandling nokon gong eller ikkje, følte eg ikkje noko spesielt. Eg utsette til og med timen sjølv seinare, av di eg ikkje «gadd» å dra. Ein morgon vakna eg opp og lurte å kva faen eg dreiv med. Eg ville tilbake til den tida på slutten av ungdomsskulen då eg hadde blondt hår og lippestift og kjempegod sjølvtillit. Difor farga eg håret.
Snapshot_20130926_5
Det var kjempegøy! No kunne eg ha på meg kva eg ville og folk på gata ville smile til meg og bussjåføren ville vere hyggjeleg mot meg av di eg såg ut som ei jente. Eg måtte nytta pronomet «hin» om meg sjølv av di «ho» var for skummelt og minte meg for mykje om den ufrivillige «ho»-inga, og eg torde ikkje ta tilbake det gamle namnet mitt, men det kom etter kvart. Dessutan kom kjenslene mine tilbake. Eg hadde vore kynisk lengje, men no var eg kjempefølsam. Eg begynte å gråte for ingenting. Sånn er det enno. Det er forresten ikkje noko gøy, for folk forstår ikkje sånt.
Her er nokre youcambilete frå det fyrste året:
Snapshot_20130927_3Snapshot_20131020_1Snapshot_20131214
Eg farga håret rosa medan eg budde på Horten Gjestegård. I denne perioden måtte eg gå 40 minutt til jobben og 40 minutt heim, og det var advent, og eg skreiv adventskalender om ein kristen gut som heitte Hans-Magnus. Eg møtte ein gut som likna på Hans-Magnus på toget og blei forelska i han og ba han ut og ringde han stadig for å spørje om når han ville gå ut med meg og tenkte på han heile tida heilt til han avviste ved å leggje på istadenfor å ta telefonen, og so slutta eg å vere forelska i han av di han var teit som ikkje likte meg tilbake, og so blei eg bedt på middag av ein på jobben og møtte folk på Gaysir og sminka meg om natta. Eg heitte framleis Daniel, forresten.
Snapshot_20140113_7
Eg måtte gå for ein ganske overdrive stil for å laga ein kontrast frå tidlegare, slik at eg ikkje skulle bli kjønnsforvirra.

So blei eg ven med ein jobben, og so blei eg forelska i han. Medan han var bortreist i fire dagar bestemte eg meg for at me skulle bli kjærastar når han kom heim, men for at ikkje det skulle bli for komplisert sa eg til familien min at eg ville heitte Live igjen. Det hadde jo ikkje vore noko gøy å ha ein kjærast som kalte meg eit namn og so måtte han byrja å kalla meg eit anna namn og so ville heile familien hans kalle meg feil namn heile tida før dei òg lærte seg å nytta riktig namn. Det ville bli altfor komplisert.
puss

Etter at eg tok tilbake namnet mitt og inngjekk eit heterofilt forhold, roa eg meg litt ned. So begynte eg å trene, og so begynte eg tilbake på skulen eg hadde slutta på, berre eitt år tilbake, nemleg 2. klasse.

No jobbar eg med å grå håret mitt ut. Eg har pannelugg for å likna minst mogleg på den eg var i 3 år og i tillegg av di eg hadde det for lengjesida. No er stilen min tont ned og eg prøver å sjå normal ut sjølv om eg ikkje er heilt sikker på korleis ein gjer det. Her er nokre få bilete til før me avsluttar:
strand
I sumar levde eg å stranda. Varma om sumaren har drept meg heile livet, men endå verre var det då eg gjekk i skjorte heile tida. Eg har ikkje vore på stranda sida 5. klasse, ettersom eg boikotta sola for å likna på Lucy, og eg hadde masse sår eg måtte gøyma og eg etterpå var ein gut. Difor symde eg kvar einaste dag, og vart kjempesprek. Dessutan slapp eg å vere varm, for eg var jo i vatnet.
sumarkjole
Sumarkjole!
jkjølj
17mai

bikini

megogpus
No sparer eg til langt hår, av di eg hadde langt hår før. Men, det kan hende eg går lei av flokene og får ein frisør til å klippe det. No ser det nemleg ganske teit ut av di det berre heng rett opp og ned, og difor puttar eg det nesten alltid i ein strikk, litt av di eg er glad for at håret faktisk er langt nok til at eg kan gjere det. Viss eg nokon gong fargar håret igjen kjem det sannsynlegvis til å verta brunt eller ein annan keisam farge, og so kjem eg aldri til å gjere det igjen men heller vente på at det skal bli som før.

Dette var mine år gjennom hår.
Viss du òg skriv eit blogginnlegg om dine år gjennom hår (pliiis gjer det, det hadde vore so morosamt å lese!!!!), post link i kommentarfeltet. ❤ ❤ ❤ ❤

Upersonleg = ingenting

Dei siste åra har eg tenkt at viss eg skal skrive noko som andre skal få sjå, so skal det ikkje vere personleg. Då ser me vekk ifrå at alt er personleg allikevel, ettersom vinklinga kjem frå meg. Men, det verste av alt er at det som regel resulterer i tausheit. For det aller meste eg kan skrive er det nokon som har skrive før på ein betre måte, og ettersom eg har lagt so mange band på meg sjølv at ideane ikkje lenger fell inn i hovudet mitt gjennom heile dagen og det vanskelegaste er å velje kva eg skal skrive om, må eg ha eit tiltak som får ideane til å kome tilbake. Og då meiner eg ikkje berre når eg skriv ting på denne bloggen, slik som nokon sikkert trur!
(Det finst ingenting meir fornærmande enn når nokon trur at når eg snakkar om «skriving» meiner eg veksling av meldinger på Facebook eller desse korte blogginnlegga som ikkje held meg vaken om natta ein gong.)
galleri

Du skal ikkje sjå vekk ifrå at denne bloggen kjem til å minne litt meir om galleriet mitt på Instagram den neste tida. Kanskje det kan få meg til å begynne å skrive (andre ting enn blogginnlegg) igjen!