Snillisme

Då eg var liten, trudde eg at dei i verda som ynskja å gjera verda vondare, oppriktig hadde «vondare» som intensjon. At dei planla korleis dei kunne gjera verda meir utrivleg for andre, utan å leggja det minste skjul på at det var dette som var planen deira. Etter kvart som eg vart eldre og vart eksponert for dei verkelege skurkane, skjønte eg fort at for å få folk med seg på planen, har dei ikkje noko anna val enn å lata som dei ynskjer det beste for samfunnet. Ei periode trudde eg til og med at dei gjorde akkurat dette – ynskte det beste for samfunnet.

Meistarskurkane – dei som ikkje prøver å leggja skjul på at dei er skurkar som vil øydeleggja Jorda – er opne om at dei er slemme. Og dei nyttar «snill» som eit skjellsord. Dei seier «no må me vinna over dei snille!» og «æsj, eg likar ikkje dette politiske partiet, for dei er nemleg snille!» Men, i den verda me lever i no, gjev ikkje «snill» i seg sjølv så negative asosiasjonar at ein kan snakka om det som om det var noko negativt. Det gjev allikevel ikkje så gode asosiasjonar – i eit land der mesteparten av folket er kaldare inni seg enn vêret dei bur i om vintaren – at ein ikkje kan nytta det som noko negativt på nokon som helst måte.

capitalism rocks

«Så, folkens, korleis kan me få snill til å høyrest ut som noko grusamt utan at nokon gjettar seg til at me ikkje likar snillheit, men slemheit?»
«Me må for det fyrste ikkje snakka om slemheit. Me må snakka om manglande kjærleik.»
«Nei, det gjev heller ikkje positive asosiasjonar.»
«Me vil ha fri dempar på kjærleik – er ikkje det positivt, då?»
«Kva viss me berre kallar det friheit? Det me eigentleg meiner, er at landet vårt skal ha friheit til å vera så slemt det berre vil, utan at dei dumme menneskerettane skal setja ein stoppar for det.»
«Så korleis skal me få snill til å verka slemt? Korleis kan me seia dette er gale, for det er snillheit!, utan å høyrest heilt koko ut?»
«Kva om me byttar ut endinga med noko som gjev negative asosiasjonar? Sånn som islamisme… nazisme… kommunisme… ekstremisme…»
«… SNILLISME!»

Og det verste er at det verkar. Ingen ser at det er snillheit dei rakkar ned på. Når dei argumentarar for færre menneskerettar, medan dei skrik «snillisme!» når nokon føreslår å vurdera handlingane sine meir utifrå menneskerettane som finst.
Image

No er det like før dei kan gå med desse fanane, og folk vil, utan ein gong å nøla, tenkja at ja, det handlar jo om friheit, så det er jo positivt. Friheit i denne samanhengen betyr ikkje det same som når du slepp ein fugl ut av eit bur, eller når du slepp alle jødane og homsane og misforstra på ein gong ut av konsentrasjonsleiren og seier «gå kvar de vil og gjer kva de vil». Det betyr ubegrensa. Ubegrensa kan vera kva veg som helst. No meiner me friheit som i usolidarisk og som i ubegrensa kaldt og som i friheit frå rettigheitar og frå alt som har med menneskeverd eller andre-dyr-verd for den saks skuld. Friheit frå Snillisme.

Reklame

Fem dagar med notatblokk, omringa av desperate sexistar.

Gutar søv alltid lengje, det er difor eg kjem for seint på skulen. Eg kan ikkje ha tights på meg, for eg er jo gut. HAHA! Rolla mi er inkjekjønn? Kan ikkje vera inkjekjønn med tights! Jentene kan ha tights, og så kan gutane ha bukser! Då vert det ikkje noko skilje!!! Eg er glad eg ikkje er jente, for då slepp eg å ha på meg sminke! Alle jenter må nemleg gå med sminke, og det er ikkje sant at det finst gutar som hadde vore finare viss dei dekte til fjesa sine litt med sminke. Du er ikkje gut viss du bruker sminke, det er akkurat som om eg skulle putta ein tampong oppi ræva. Tampongens funksjon er å gjera folk til jente.

Image
Eg har forøvrig ikkje med meg paracette på skulen, kvifor spør du meg om det? Gutar har aldri med seg paracette på skulen, det er jenter som har med seg paracette. Jenter har alltid med seg paracette. Gutar har aldri med seg paracette. Kva sa du? Er det ikkje deilig å vera støl? Det er av di du er jente. Jenter likar ikkje å vera støle. Eg derimot, er gut, og eg likar å vera støl. Gutar likar å vera støle. Eg likar å vera støl av di eg er gut. Veit du kva? Folk driv og tek feil av E18 heile tida, og unnskuld at eg seier det, men dei fleste av dei er damer. Det er difor dei tek feil av E18. Og så driv dei og vaskar bil i undertøy. Nice. No skal eg dra å pressa benk. Eg driv med benkpress. Eg er ein gut, og difor gjer eg det. Eg er redd eg skal slutta å vera gut viss ikkje eg gjer det kvar dag. Jenter gjer forøvrig aldri det. Dei likar ikkje å ha musklar. Men dei likar gutar med musklar. Eg likar ikkje gutar, for eg er gut. Eg kjennar ein gut som likte ein gut. Haha, that’s a dude. 

Menneskeflokkar

Eg meiner i teorien at alle dyr er like mykje verd, men som art er det få ting som er meir vanskeleg å lika enn menneske. Kva det er som får menneske til å tru at dei er så mykje meir fantastiske enn andre type vesen, forstår eg ikkje. Menneske er kanskje eitt av dei få dyra som er i stand til å kjenna att eit speilbilete,
(«men de klarer ikkje å kjenna att lukta av deira eiga urin! Taparar!
– Klem Passopp»)
men det er så mykje meir i speilet enn berre ein enkelt person. Eg elskar dei fleste enkeltindivid. Når eg sit åleine med eit enkeltindivid, er det vanskeleg å gløyma kor lite eg eigentleg likar folk. Når dei kjem saman derimot, i store flokkar, som jaktar etter nokon dei kan øydeleggja dagen til, så er eg ikkje like begeistra.Image
Dei heitte «folk». Folk snakkar ofte om kor mykje dei likar Folk. 

«I dag var eg med Folk!»- Folk

Individ, som eg ofte likar, finst ikkje når dei kjem inn i Folk. Individ kjem saman, vert Folk, og forsvinn. Det er ikkje lenger menneske og menneske, det er ein sverm av Folk som berre er ute etter å eta ein opp levande. Det er ikkje det at eg er redd dei, direkte, for det vil eg ikkje lenger sei at eg er. Problemet med Folk er vel heller at eg aldri har skjønt korleis det er dei vert Folk. Det verkar som det er ei usynleg kode eller noko sånt, som gjer at menneske vert Folk når dei kjem inn i Folk. Dei spring rundt og snakkar med einannan utan opphald. Dei er eit heilt levande organisme. Eit jævleg usympatisk organisme. Fysj.

Når det gjeld individ, så er det ikkje sånn at det er mange individ som er individ. Dei som kjem inn i ein flokk, sluttar som regel å vera individ. Dei går i eitt med flokken. Utanfor flokken kan ein oppdaga interessante ting; til dømes at fleire individ frå ein bestemt flokk, kan vera svært hyggjelege på tomannshand. Men, kva tid som helst, er det som om alle saman har bestemt seg for at «deg likar me ikkje!», og så gjer kvart enkelt individ kva som helst for å halda seg langt unna deg. Utan at du veit kva som har skjedd i det heile teke, har alle desse enkeltmenneska, som du trudde var individ, på eit eller anna vis vorte eins om at du er ein skikkeleg tosk. Dette er skummelt med flokk. Hatar ein deg, hatar alle deg. Dei fortel deg aldri kvifor. Difor er det viktig å kjenna menneske frå forskjellege flokkar, og ikkje same flokk. Det aller beste er sjølvsagt menneske som ikkje har noko flokk i det heile teke. Utfordringa her, er sjølvsagt at dei plutseleg ein dag kan finna på å leggja skulda på deg for at dei ikkje har noko flokk. Som om dei hadde flokk før dei møtte deg. Idiotar.

Image
Det er i grunn rart at eg skriv i 2. person, ettersom du, som les dette, heilt sikkert er medlem av ein flokk, og den flokken har heilt sikkert ein spesialavtale om å reagera forferdeleg negativt på absolutt alt som måtte koma ut av munnen til akkurat MEG! Det har sine negative sider å vera så innmari unik og spesiell, og det har sine negative sider å vera det største geniet som nokon gong har eksistert. Med ein gong folk oppdagar at eg er mykje tøffare enn heile flokken deira til saman, fortar dei seg vekk.

Alt hadde vore så mykje enklare viss folk berre forstod at andre ikkje kan noko for at dei er fantastiske. Det er ikkje berre-berre å skjula det. Faktisk veit eg ikkje korleis.

Men me veit jo ikkje korleis andre sirkus behandlar elefantar!

No er det den tida der alle som veit korleis dyr i sirkus har det, løper rundt og ber folk om å ikkje gå på sirkus. Eg har lese i debattar på nettet no, og finne ut kva det er som går igjen oftast blant dei som ikkje likar tanken på eit sirkus som berre inneheld menneske:

Me har sett stereotypisk åtferd hos elefantane til Merano og Arnardo – men det betyr ikkje at ikkje alle andre elefantar på alle andre sirkus har det topp!

Sånne utsagn plagar meg litt av di dei som kjem med dei fullstendig overser kva som er det grunnleggjande problemet med å ha andre i fangenskap og flytta dei rundt etter behov. For det er svært vanleg å denga laus på sirkusdyra for å halda dei underdandige, men det er ikkje dette som er kjerna til problemet. No skal eg visa eit bilete av kjerna til problemet:

Image

Fangenskap, er problemet. Mangelen på frivillig utfolding. Mangelen på spelerom, og fridommen til å leva ut sin eigen natur. Menneske er glad i fridom, men dei har ikkje noko imot å kapsla seg inn på kontor og bu der heile livet, sjølv om det gjer dei deprimerte. Elefantar derimot, vil du sjeldan finna i sjølvlaga bur. Kva er det då som får folk til å tru at elefantar likar bur betre enn kva menneske gjer? Når alt tydar på det motsette?

Ein utviklar som regel ikkje stereotypisk åtferd av di ein vert slått. Det skjer av di ein vert haldt i fangenskap og av di ein ikkje får utlaup for sin eigen natur. Nett det same ser ein med pelsdyr i bur. Det er ikkje sånn at det er dei som manglar eit øyre som har stereotypisk åtferd – for ein treng faktisk ikkje mangla eit øyre for å ikkje lika fangenskap.

Det eg gjerne skulle sett dokumentert, er korleis er det i det heile mogleg å gjeva eit sirkusdyr eit verdig liv? Uansett kor mykje eg vrir hjernen min så kan eg ikkje skjøna korleis dette skal gå til. Eg kan sjå korleis ein kan gjeva nokon eit verdig liv på dyrepark, viss dei har så stor plass at dei knapt skjønar at dei er i ein park, og området er ein etterlikning av deira vanlege natur og dei i tillegg lever i familiar – men eit omreisande sirkus, med totalt fråvere av eigen natur, og i timesvis under transport? Viss nokon av ein eller annan merkeleg grunn klarer å dyrka fram ein elefant som har det topp i sirkus, er ikkje denne eine elefanten ein elefant som gjer at det er greitt at alle dei andre lider.

Til slutt vil eg sitera det dummaste eg har sett på fleire dagar:

«Dernest kommer også alle klagene på dyreholdet. Det beste er fra hundeeierne som har hundene sine i bånd, eller låser de inne i små bur hjemme når de selv er på jobb – eller hva med de hundeeierne som har dyra innestengt i glovarme biler på sommeren. Hester som fraktes og står i små hengere på stevner? Mye å ta tak i for dyrevernerne. Synes det er fint med sirkus jeg 🙂 Stå på.»

Dette mennesket meiner faktisk at mishandling er greitt så lengje det finst mykje mishandling. Kvar skal eg starta?

Vil du dissekerast levande?

Sjølv om du treffer på eit menneske som høyrer til ei gruppe du er nyfiken på, er det ikkje høfleg å dissekera dei levande. Faktisk er det kanskje til og med mindre høfleg enn å dissekera menneske som er i akkurat same situasjon som deg sjølv. Jo meir sårbart område det er snakk om, jo mindre høfleg er det å grava ut med mistenksamheit i blikket, la det dei seier flytta dei frå bås til bås og frå boks til boks i hovudet, definera dei sånn som dei minst vil definerast. Du gjer det ikkje med ei kvinne som har unormalt høg produksjon av testosteron sånn at ho ser annleis ut enn andre kvinner – du spør ho ikkje om korleis ho ser ut nedantil og korleis det er for ho å ha sex. Du spør ho ikkje om du skal kalla ho han eller ho, berre av di ho ser annleis ut. Sjølvsagt er ho ikkje noko annleis frå andre kvinner – og det som er annleis, gjer ho ikkje til ein mann. Men viss du veit at det står «mann» på passet hennar, av di Staten meiner at ho er ein mann – då hjelper det ikkje at du alltid har sett på ho som kvinne. Med det same du ser passet hennar, må du dissekera ho levande. Du må spørja ho opp og ned om korleis ho ser ut, kva ho har mellom beina sine og om du skal kalla ho for han eller ho. Og så snublar du i orda. Du har nemleg – med det same du fekk veta kva Staten tenkte – flytta ho på denne måten:

Image
Og no ser du plutseleg alle dei mannlege trekka. Dei var ikkje mannlege i sta. Det er mange kvinner som har akkurat dei same trekka utan at du ser på dei som mannlege av den grunn – men no som du veit kva slags forakt ho føler mot desse trekka – er det plutseleg på sin plass å definera ho etter dei – å kalla ho opp etter dei – å visa ho at du ser dei kvar gong du opnar kjeften. «Han host host eg meiner ho». «Han som skulle ynskja han var ho». Det er ikkje lenger ho som definerer kven ho er – sånn som alle andre kvinner gjer. No er det du som sit med makta. Du og Staten. Du spurde ho aldri om dei mest intime ting før du visste at nettopp desse tinga er eit tema som har vore vanskeleg for ho. Det er no du skal dissekera ho levande. Det har du rett til så lengje det står ein M i passet hennar – og når den M-en ikkje står der meir – viss det nokon gong skjer – betyr ikkje det at folkeskikken plutseleg gjeld ho framleis. Ein treng nemleg ikkje ha folkeskikk mot menneske som ho. Du kan grava i veg, du kan opna opp magen hennar, sjå om det er eggstokkar der – er det ikkje det?? Då er ho ikkje som andre kvinner som ikkje har eggstokkar, nei, ho er rett og slett ein mann. Dette gjeld ikkje andre kvinner. Dette gjeld berre ho. «Eg har alltid vore komfortabel med å vera MANN, eg!» seier du. «Eg er glad eg ikkje har noko problem med å vera MANN, sånn som du har!!» Sjølvsagt har du ikkje det. Ingen har noko problem med å vera det dei er. Det er kjekt å vera det ein er. Men viss du hadde vakna opp i morgon, sett ned på deg sjølv og oppdaga at du ikkje lenger hadde den kroppen som menn vanlegvis har, då hadde du hatt eit problem. For då ville Staten lista deg opp som kvinne. Og då ville folk dissekert deg levande. Og dei hadde flytta deg, dei ville definert deg for deg. Og du ville framleis meint at du var ein mann, uansett kva Staten sa, faen ta den teite Staten, ville du tenkt, og etter kvart; jøss, eg hadde aldri gjetta at folk eg trudde hadde noko for seg eigentleg var perverse jævlar utan noko grense for kva dei kan tenkja og seia.
Image

Nei. La folk vera i fred – la alle vera i fred.
«Hei eg heitte Monika,» seier ei kvinne til deg.
«Hei Monika,» seier du. M, står det på passet. Ok, tenkjer du. Du treng ikkje meina noko om saka. Monika er Monika. Ho er ikkje noko fenomen. Ho er ikkje talerøyret til ei heil gruppe folk. Ho er berre Monika, og Staten er berre Staten, og Passet er berre Passet. Du treng ikkje grubla over korleis ho ser ut naken, du treng ikkje dissekera ho levande oppmot ein vegg. Du treng ikkje flytta ho frå «kvinne»-båsen til «mann som vil bli kvinne»-båsen, du treng berre seia «hei Monika» og «der går Monika, ho er jommen fin». Du dissekerer ikkje andre kvinner levande, du treng ikkje dissekera Monika. Monika er ikkje di sak. Du kan passa di eiga sak. Ingen skal meina noko om kroppen din, ingen skal meina noko om kjønnet ditt, om identiteten din eller om kva du er for noko. Det gjev ikkje deg ein overordna rett til å gjera det mot andre.

(M-en hennar står for «Monika» og F-en hans står for «Føkk the system eg er ein mann»)

Bryr du deg ikkje om menneske?

Mange menneske trur at det finst to arter i verda. Den eine arta heitte «menneske», den andre arta heitte «dyr». Nokre av desse veit at «menneske» går under «dyr», men lager allikevel eit skilje her for å visa at det er forskjell på menneske og på andre dyr. Denne forskjellen, mellom menneske og andre dyr, er større enn forskjellen på sjimpanser og andre dyr. Den er større en forskjellen på sjimpanser og kreps. Difor, i praksis, er det kun to arter. Og desse er fundamentalt forskjellege – av di menneske gjer ting som passar seg for menneske, medan andre dyr ikkje gjer ting som passar seg for menneske. Og viss dei gjer det, så er det «menneskeleg». Hunder som deppar gjer det på «ein menneskeleg» måte, og delfinar som redder livet til folk er veldig «menneskelege». Aper liknar på menneske, sjølv om dei kom før oss.

I tillegg til dette, har me ei bittelita og svært begrensa sirkel/boble som heitte Medkjensle. Medkjensle er alle født med, og me har det for alle innanfor same art. Det er naturleg og bra. Dei fleste barn har medkjensle for fleire dyr, men dette lærer dei seg for vekk med, av di det ikkje er naturleg. Det er viktig at me lærer og utdannar oss i kva som er naturleg for oss. Og så lærer me oss kor stor Medkjensla er. Når me har lært dette, stoppar ho ved M-en og sluttar ved «E»-en. Menneske.

Image
Sånn ser medkjensla til normale folk ut. Og dette er bra, for det finst mange menneske som har det fælt i verda, og for at me skal hjelpa kvarandre, må me bry oss om kvarandre. Så kan andre dyr taka ansvar for si eiga art. Viss menneske let dei, då.

I tillegg til desse flotte menneska som bryr seg om andre menneske – finst det nokre galningar som bryr seg om andre dyr. Det er forferdeleg. Som sagt har me berre ei boble med Medkjensle, og denne må me putta kring menneske. Veganarar, dyrerettigheitsforkjemparar og folk som jobbar som veterinær, og så vidare, har gjort fylgjande:

Image
Dei har rett og slett teke den lille Medkjenslebobla, og flytta ho frå «menneske» til «dyr». Det er ikkje mogleg å ha medkjensle for fleire enn ei art, og det finst kun to artar.

Nokre folk innser at det finst fleire enn to artar. Då lagar dei fleire Medkjensle-boblar. Til dømes kan dei ha medkjensle for katter. Det er vanleg i Noreg. Nyhende om urett mot menneske og katter, er hjarteskjerande. Alle andre kan dra til Helvete. Nokre har hundar i tillegg eller framfor katter. Det er ikkje av di dei er søte, for kjuklingar er og søte, men dei fleste vil gladeleg støtta eit system som sørgar for at dei vert behandla verre enn dei nokon gong har sett nokon behandla ei katt eller eit menneske utan at dei må skrika opp og boikotta det. Og sjølv om ein har medkjensle for katta, skal ein sjølvsagt ikkje har like mykje medkjensle for ho som det ein har for menneske. Menneske er nemleg svært fantastisk. Sjølv om mesteparta av lidinga menneske opplever er menneskeskapt. Og sjølv om mesteparta av lidinga til mange andre arter óg er menneskeskapt. Og mykje meir omfattande.

Ikkje alle si medkjensle ser heilt sånn ut. Og noko så enkelt som at «smerte» er det same som «smerte», tek det ofte lang tid å forstå når ein fyrst har lært seg opptil å ikkje forstå det. Og at det er det same uansett kven det er mot. Å ikkje få lov å elska nokon er like vondt uansett om du elskar ein gut eller ei jente. Og dette vert ikkje påverka av kva kjønn ein er. Det vert ikkje påverka av om du er cis eller ikkje. Det er vondt viss du ikkje får lov å elska av di barna dine alltid vert teke ifrå deg med ein gong dei kjem til verda. Å elska er eit instinkt – og det er ikkje eit argument for at det ikkje er verd noko. Det er tvert om eit argument for at det er vondt å verta hindra i det. Allikevel lærer folk å tru at kjensla av å «elska» er heilt fundamentalt forskjelleg etter kva gruppe folk høyrer til.

Dessutan er det ikkje sånn at menneske som seier «kva? Bryr du deg om andre dyr? Tenk på menneske!» eigentleg bryr seg om menneske. Ikkje faen om dei gjer. Dei fleste gjer ikkje det. Dei fleste menneske som berre bryr seg om menneske, bryr seg berre om nokre få menneske. Viss dei er homofile, bryr dei seg berre om homofile (som er norske og som er cis). Og kanskje litt om heterofile. Dei bryr seg om LHB(ikkje T)-rettar. Og berre viss alle L-ane, H-ane og B-ane ikkje har ein T, ikkje kjem frå eit anna land og ikkje er av ei anna art enn menneske. Dei som vert kategorisert som T derimot (og her er det så mange forskjellege type kjønnsminoritetar at det ikkje er vits å skriva om alle i denne parentesen), kan berre ha det så godt. Faen ta dei. Og dei igjen, har ofte ein grunnleggjande respekt for homofile, men dei har ikkje alltid respekt for folk som kjem frå eit anna land. Viss landet er Sverige eller Danmark går det ofte greitt, og viss det er USA, men viss det er frå eit land der folk har annleis pigment, er det ofte ikkje like enkelt å føla medkjensle for dei. Og dei som kjem frå eit land (og har budd der mesteparta av livet sitt) der ein har annleis pigment, har slett ikkje alltid særleg mykje medkjensle for dei menneska eg allereie har skrive om.

Og dei få menneska det er som finst – dei som har medkjensle for alle type menneske – er det verkeleg sånn at ingen av desse kan ha medkjensle for andre artar? Her er ein vanleg modell:

Image

Men «alle andre» bur ikkje i ein firkant. Dei står rett utanfor medkjensle-bobla di og ventar på å verta inkludert. På sine eigne premissar. Dei fleste har medkjensle for deg i det du slår tåa, men ikkje i det du opplever smerte grunna noko som berre menneske i same situasjon som deg sjølv opplever. Ikkje før dei skjønar at smerte er smerte, og at folk opplever smerte av forskjellege grunnar  – og at av og til er dei forskjellege grunnane eigentleg dei same, men i forskjelleg drakt. Homofile vert oftare og oftare inkludert i medkjensla. Men berre viss dei er cis. Mange inkluderer folk frå andre land. Men berre viss dei er mentalt stabile – sjølv om mange av dei har mindre forutsetningar til å vera det enn ein sjølv. Nokre folk inkluderer dei som bur på gata. Men berre viss dei ikkje kjem frå Romania. Nokre folk inkluderer til og med dei som kjem frå Romania. Men det er ikkje forskjelleg Medkjensle-boble. Du lagar ikkje fleire medkjensler. Du flyttar ikkje medkjensla. Du tek ikkje litt medkjensle frå ein type folk og flyttar ho til ein annan folk. Det vert ikkje mindre på kvar viss du sprer dei utover. Du tøyar medkjensla som ein muskel. Du gjer ho større og større. Då du var liten hadde du det for alt levande, men så vart det kutta vekk. No må du trena ho opp att. Fyrst til folk som liknar deg sjølv. Så til andre som ikkje liknar, og så skjønar du at dei liknar allikevel. For forskjellege folk er det forskjelleg kven som står nært og langt unna. Nokon får medkjensle for elefantar før dei får medkjensle for folk som kjem frå Romania. Andre får medkjensle for folk frå Romania før dei får det for dyr som har fjør . For mange er dyr med fjør lengst unna. Og dei som pustar inn oksygen gjennom vatnet, er endå lengre. Faktisk så langt unna at sjølv ikkje dei som har dei med i Medkjensle-bobla si tør å snakka høgt om dei.

Og når alle er inkludert, så er dei plutseleg ganske like, og  ein kan respektera alle på deira eigne premissar. Og sidan du har trent opp medkjensla, er ho ikkje berre større, ho er sterkare og. For det er ingenting som kan forandra ho. Det er ikkje lenger like lett å flytta ut av medkjensla di, for alt er plutseleg så mykje meir komplekst, og plutseleg så mykje enklare.

Image
No kan sola ljosa på alle saman.
(Bortsett frå dei som ikkje tåler sol, eller som har for mykje sol der dei bur. For dei kan få noko tilsvarande, til dømes regn. Det er sånn dei inkluderes på sine eigne premissar.)