Søppel ute, søppel inne

God ettermiddag! Eg håper du har hatt ein fin dag, for det har nemleg ikkje eg. Eg har gått rundt å plukka søppel. Ganske keisam og monoton aktivitet, og eg hadde på meg plasthansker. Det er ikkje noko kjekt å ha på seg. 

Noko som fekk meg til å tenkje litt då eg plukka søppel, var at nesten alt søppelet var kasta av menneske som
a) røyker
b) snuser
c) drikker væske på boks med jævleg mykje sukker (rusbrus/cola/osv)
d) liker godteri i plastposer (til dømes gummibjørnar)

Det låg overalt. Ja. Absolutt alt søppelet, viss du ser vekkifrå plast som hadde ramla av høgballar eller skrap frå øydelagte bilar, var ting som sannsynlegvis har vorte kasta ut av bilvindauget til menneske som driv med ein av dei fire tinga over. Kort sagt, menneske som forsøplar sin eigen kropp. 

Berre for å sleppe dumme diskusjonar i kommentarfeltet, er eg sjølvsagt klår over at ikkje absolutt alle som røyker kastar søppel i naturen, og at det sikkert finst folk som røyker men som er veldig sunne elles. Det finst heilt sikkert menneske som til dømes ved eit uhell mista noko plast ut or vindauget av di dei måtte ha vindauget ope so ikkje litle Magnus i baksetet skulle verta bilsjuk, og so kom det litt vind, og det finst heilt sikkert òg menneske, ein sjeldan gong, som kastar andre ting i naturen, som til dømes tyggispapir medan dei var ute på joggetur, før dei skulle heim for å drikka ein sunn smudi. Det er uansett ikkje poenget. Poenget er heilheita.
Image
Det var ikkje eit so veldig stort område eg plukka søppel på. Det var berre rett utafor garden, langs vegen. Likevel fekk eg fylt ein ganske stor søppelsekk med røykepakker, energidrikkboksar, cocacolaboksar, snusboksar og godteriposer. Dei låg overalt. Og det gjev meining. Eg ser for meg kategori

a) menneske som ikkje bryr seg om nokon ting, korkje det eine eller det andre. Dei stemmer ikkje ved valet, dei besøkjer ikkje far sin på sjukehuset sjølv om han er innlagt i over ein månad, dei tørkar ikkje vekk bremsespor i doen, dei bruker same T-skjorte i ei veke, dei bryr seg ikkje om kva kroppen deira får av næring og dei bryr seg sjølvsagt heller ikkje om graset ved motorvegen eller gras generelt (kanskje, kanskje med mindre dei kan røyka det)

b) personar som forsovidt bryr seg om alt mogleg rart, men som er lei av klimaekstremistane som snakkar om miljø dag og ut og dag inn, og kastar skrot ut or vindauget for å vere politisk ukorrekte, samstundes som dei er veldig for billig røyk for individes fridoms skuld og difor røyker som eit politisk verkemiddel

c) personar som vil vere populære på skulen/i sitt lokale rånemiljø. Dei røyker og snuser og drikker ekle energidrikkar og cola for å vere kul når dei sit i bilen, og for å vere endå kulare kastar dei skrotet sitt ut or vindauget. Det er ikkje ein gong sikkert at dei gjer slikt når dei er åleine. Kanskje dei plukkar søppel når ingen ser på? Kva veit vel eg.

d) Menneske som slit med å tenkje konsikvensar. Det er ikkje det at dei ikkje direkte bryr seg, det er berre det at dei aldri tenkjer. Dei er kanskje impulsive ålreite og kreative typar, i beste fall, men dei forstår ikkje at når dei gjer ein ting, fører det til noko anna. Dei tenkjer ikkje over kva som skjer med gummibjørnane når dei kjem inn i systemet, og dei tenkjer ikkje på at når dei kastar plast ut or vindauget so landar det ein plass. For dei er ting ute av syne, ute av sinnet.

No skal eg fortelje deg litt om kva eg ikkje fann langs motorvegen:

– Gulrotpakke
– Smudiflaske
– Raudbetjuiceetikett (eller andre sunne drikker)
– Bananskal (sjølv om eg ikkje ser noko gale i å kaste mat i naturen, enno det ser ganske stygt ut)
– Nikotintyggisembalasje 

Moral for i dag:

Det kan vere vanskeleg å bry seg om eller hugse på at ting landar ein plass. Det er greitt for meg at du ikkje bryr deg om kroppen din, for den er berre din og du må sjølvsagt få gjere kva du vil med han so lengje det ikkje skadar andre (her kan me godt starte ein diskusjon om kven ein ikkje bør skade), men plenen er alle sin. Viss du har lyst til å forsøpla med plast, kan du til dømes ete plassen. Den gjer meir skade i kroppen din i naturen, men til gjengjeld betyr skada mindre på lang sikt.

Reklame

Mobiltelefonen

(Før eg byrjar å fortelja, vil eg starta med å fortelja at det førre innlegget har ein tittel som heitte «Det er lov med undering», og at eg er klår over at det ikkje heitte «undering», men «undring». Det var ein skrivefeil. Eg har ikkje finne det viktig nok til å gå den lange vegen inn på der ein endrar innlegget og fiksa det opp att. (No kan ingen seia at eg trur det heitte «undering» og ikkje «undring».)

Eg skriv ofte innlegg om inspirasjon. Altso, når ein skal skriva ting. Ein av mange saker og ting som distraherer meg når eg har tenkt til å setja meg ned og verta flinkare til å skriva (no snakkar eg ikkje om blogginnlegg), er mobiltelefonen min. Eg har ein sånn smarttelefon. Ein android. Ein HTC. Eg liker den telefonen, for der kan eg ta bilete av ting eg gjer og leggja det ut på Instagram. Det er mange ting eg kan gjera med mobiltelefonen min, og desse tinga gjer ofte at eg aldri får gjort noko anna. Til dømes å skriva.
Image
Eg hadde varma opp tevatn og putta eplete i ei sil. Tekoppen eg hadde valt var den finaste i skapet, med ei lita grøn tekanne som lokk. Perfekt for å nyte teen, lengje, ute på verandaen, ein dag i slutten av februar der temperaturen plutseleg var meir som i april.
Eg hadde teke eit lite bord og ein trestol med ut, og det var akkurat plass til båe kopp og notatbok. Eg hadde til og med lagt eit varmt pledd over stolryggen og plassert dokka med det kvite og raude garnhåret på rekkverket, som ein ekstra inspirasjon. Det heile var nokso imponerande, og for ikkje å snakka om estetisk. For å gjera det endå betre, hadde eg teke på meg eit lekkert, fargebevisst antrekk, og smurt ekstra tjukt på med stilig knallraud lippestift. Eg var med andre ord klår til å skriva.

Fyrst var eg berre nøydd til å fotografera dette flotte scenarioet. Eg ville visa heile verda kva eg skreiv med. Eg ville at alle skulle vera kår over at eg, Doktor Daniel, Beliar, Inkassosjefen, hadde fin stil, var på verandaen, og gjorde kreative ting på ein estetisk korrekt måte. Eg eksperimenterte båe med vinkel, plassering av tekanne, og for ikkje å snakka om filtrar og kontrast. Eg skreiv namnet på teksta eg hadde tenkt til å skriva, på skriveboka:

«MÅLMANNEN»,

skreiv eg. No kunne det òg vera med på biletet. Då kunne alle sjå at eg, ja, eg, skulle skriva noko, eitt eller anna, med tittelen

«MÅLMANNEN».

Kva, kunne dei få lura på i hovuda sine. Kanskje vart dei til og med so inspirerte at dei ville forstå at eg var ein imponerande person. Og so ville dei spørja om dei kunne få lov å sitja på verandaen og skriva saman med meg. Tenk so kjekt!

Det gjekk sikkert båe ein og to timar. Eg henta bror min ut på verandaen. Viss han sat her ilag med meg og gjorde leksene sine, ville det auka presset. Eg ville etter kvart vera nøydd til å skriva.
Image
Eg sette på kaffien. Og tevatn. Eg sletta eit av bileta eg hadde lagt ut på Instagram slik at ingen skulle tenkja at eg var ein masekopp som spamma.
«Jonas?» sa eg, med dokka i handa. Det hadde plutseleg slått meg at me hadde so matchande fargar, eg og dokka. So eg rekte han kameraet mitt.

Etterkvart kjende eg fukt i lufta. Det var nett som skyene hadde vorte mørkare. At det brygga på noko. Eg hadde ikkje skrive ei linje, enno eg hadde hatt heile dagen og det allereie var ettermiddag.
«Ver so god,» sa eg og rekte bror min mobiltelefonen. «Gøym han. Eg vil ikkje sjå han igjen før om tre timar.»

*
Vel, dette var nokre av dei flottaste timane eg har hatt på lengje. Ikkje berre av di eg ikkje dreiv på med mobilen min, men av di eg visste at eg ikkje kunne om eg so hadde lyst. Det var nemleg ingen sjans for at bror min ville fortelja meg kvar eg kunne finna han, og det var noko frigjerande over å veta at eg ikkje trong å sjekka det eine og det andre på internettet heile tida. Og dessutan skreiv eg eit skikkeleg kult dikt.