Kan nyting vega opp for smerte?

Eg har allereie skrive eit innlegg med same tittel, men dette handlar allikevel om noko ganske anna. Det førre innlegget handla om kor vidt nytinga til ein enkeltperson kan vega opp for lidinga til nokon andre. Om til dømes den deilige smaken av kjukling kan vega opp for at kjuklingen har levd heile livet sitt i inste sirkel av helvete. Om eg kan skada ein annan person så lenge eg er tilstrekkjeleg sadist. Det eg skal skriva om no, er ei anna tilnærming til noko av det same problemet. Eg har lyst på innspel, men hovudsakeleg har eg berre lyst til å dela det forferdelege som eg har tenkt på heilt sidan oktober, då det byrja å gå opp for meg kva slags heftige ekstreme smerter som føregår i verda kvar einaste dag – utan at det ein gong er ulovleg.

Eg såg nemleg dokumentaren Earthlings. (Eg gidd ikkje gå nærmare innpå det, men viss du er nyfiken ligg filmen på Youtube) Det var på eit tidspunkt, eg trur det var i delen om matproduksjon, at eg plutseleg tenkte ein tanke som eg trur mange andre òg har tenkt:

Viss eg hadde ein knapp som kunne utsletta heile verda – poff – ville eg trykt no?

Image

For det kan umogleg eksistera nokon i heile verda som opplever så mykje lukke at det på nokon måte kan vega opp for lidinga til eitt einaste eitt av dei individa som lider til det mest ekstreme. Eg er klår over at det finst mykje nyting som kan vega opp for smerta som eg har. Til dømes mi eiga nyting. Det er ikkje det som er problemstillinga. Eg kan lida ein dag og vega opp lidinga med nytinga som eg opplever neste dag. Vonet om ei betre framtid, kan vega opp for lidinga di. Av di det finst noko sånt som von. Men for nokon så finst det ikkje von, av di framtida deira allereie er bestemt – og det finst ikkje noko ein kan gjera for å unngå det.

Det klippet som eg hugsar best i ettertid, og som ga meg den største kjensla av manglande von, var elefanten som stakk frå sirkuset. At ho hadde det kjipt på sirkus, er openbert, ikkje berre av di det er umogleg å gjeva ein elefant eit verdig frakte-frå-plass-til-plass-i-bur-for-å-gjera-bevegelser-som-er-direkte-livsfarleg-for-dei-liv, men òg av di ho – som sagt – rømte. Det hadde ho jo ikkje gjort viss ho likte å vera i fangenskap. Me hadde allereie fått eit godt innblikk i korleis dei trente elefantar, då me fekk sjå elefanten som midt under showet plutseleg kasta frå seg bagasjen på ryggen og byrja å angripa publikum og rasera benkar. Deretter sprang ho ut. Ut skulle jo vera ut i det fri, altså inn i hennar eigentlege natur, og så skulle ho gjenforenast med elefantfamilien sin og springa inn i solnedgangen. Men det er jo ikkje sånn det ser ut utanfor sirkus. I staden kom ho rett ut i bilvegen, der det braut ut full panikk, menneske som skreik i raseri og politi som tok fram våpen. Så vart ho skoten. Kanskje like greitt – men eg skulle ynskja ho i staden vart frakta dit ho høyrde heime. Etter eit sånt tappert fluktforsøk ville det vore det minste ho fortente.

Nokon tykkjer kanskje det er eit dårleg døme ettersom det var ein elefant, men eg trur faen ikkje det berre er elefantar som er plassert i sånne situasjonar – der det ikkje finst noko von for ei betre framtid. Der eit forsøk på å berga livet ditt slett ikkje fører til noko som helst – kanskje det til og med vert verre enn før.

Eit anna døme var afghanarane som tenkte «me vil prøva lukka i eit anna land, ikkje her i Afghanistan». Dei brukte alle slags merkelege metodar for å koma seg fram – mellom anna var dei innesperra med nokre sauar i fleire døgn under overfarta frå ein plass til ein annan. Der inne døydde dei fleste. Då dei kom fram, trur eg så godt som alle var døydd, men ein som levde var den lille guten som var 6 år då dei drog. No var han framme. Heile familien var daud. (Og dei hadde det ikkje så grusamt i Afghanistan at dauden var betre) Så vart han 18. Ettersom han ikkje var i fare i Afghanistan, vart han sendt tilbake dit. Sannsynlegvis med eit fly. Heile denne forferdelege ferda – som han ikkje hadde valgt sjølv ein gong – for å oppnå ingenting anna enn at dei som var kean på å dra i utgangspunktet døydde. Viss ikkje det gjev ei kjensle av makteslausheit, så veit ikkje eg.

Men eg vil tru det dei opplevde var reine luksusen samanlikna med alle dei som døyr under tortur. Så; finst det noko i verda som er så bra at verda må fortsetja å eksistera?

Dette er ikkje eit argument for å ikkje taka vare på planeten. Mykje av lidinga i verda, som gjer at nyting ikkje kan vega opp, vert forårsaka av nettopp øydeleggjing av planeten. Men, viss du hadde ein knapp du kunne utsletta alt liv på Jorda med – eventuelt berre menneskeheita – finst det noko som gjer at du ikkje bør trykka? Eller er du ein egoistisk uansvarleg drittsekk viss du ikkje trykkar? Kva kan vera så fantastisk at det kan gjera opp for noko som helst av det grusamme som skjer? I dei verste tilfella slit eg med å tru på at all nyting, all venleik og noko som helst kjærleik – samanlagt – kan vega opp for det eine individet si liding. Det er verd å trykka på knappen berre for å stansa denne eine situasjonen. Og så er det ikkje berre ein situasjon. Det er mange av dei, og dei skjer døgnet rundt, kvar einaste sekund. Eigentleg er heile tida full av liding. Visarane på klokka drypper av blod. For kvar bokstav eg skriver er det ein eller annan som vert drepen, langsamt, med smertar som er så ekstreme at sikkert ingen av oss har opplevd det.

Eg håper dette var deprimerande. Eg er iallfall ganske deprimert. På det tidspunktet i oktober då eg tenkte på dette for fyrste gong, knuste all den smerta eg opplevde på den tida i bakken. Eg forstod at det eg opplevde av vanskar berre var ein del av den store kollektive smerta, og at det ikkje er noko større grunn til at eg skal gå rundt å tenkja på det enn til at eg skal gå rundt å tenkja på nokon andre si liding. Sånn sett har eg det igrunn ganske mykje betre no. Uansett kor mykje liding eg tenkjer på, er det mindre deprimerande enn når eg tenkjer på meg sjølv. Tvert om kan det til tider vera engasjerande. Når det fører til sinne, kan det vera ganske konstruktivt òg. Eg set definitivt pris på alle dei augneblinka som er gode. Eg tykkjer til dømes kaffikoppen på bordet mitt kan vega opp for det verste augneblikket i mitt liv. Ikkje viss den augneblinken kom tilbake og aldri gjekk, naturlegvis, men så lenge det går over, kan nyting vega opp for smerte. Men nytinga mi kan ikkje vega opp for nokon andre si smerte. Det er usakeleg. Eg har ikkje lyst til å trykka på knappen, av di eg tenkjer på den neste kaffikoppen eg skal drikka, men eg lurer på om ikkje det er ganske egosentrisk av meg å tenkja sånn. Kva med dei som ikkje klarer å flukta frå verda av di dei er i fangenskap? Dei kunne trenga litt hjelp. Eg har ikkje denne knappen, så medan eg ventar, vil eg gjera det eg kan for å minimera smerte – men viss eg fekk knappen, så er det ikkje gitt at ikkje eg hadde brukt han.

Viss du kom deg heilt ned hit – utan å ta livet av deg mens du las – kva ville du gjort? Og kvifor? Ikkje noko «tenk positivt»-kødd her, det er sadistisk.

Unnskuld at me finst

Ofte når eg går inn i eit rom, er det fyrste som slår meg at eg heller burde vera daud enn å gå inn i dette rommet. Det hadde båe gitt meg meir merksemd óg betre omtale. Det høyrest dølt ut å seia det på den måten, men fakta er at det heile er forferdeleg dølt. Det finst knapt noko meir dølt enn det. Altså å gå inn i eit rom med folk i. Eg tviler sterkt på at det er enkeltindivida som er problemet – problemet er den kulturen som oppstår i Noreg når mange menneske kjem saman og vert folk. Folk er ei anna form for menneske, ei form for menneske som trekkjer seg saman i ufyslege grupperinger som ikkje slepp inn noko utanifrå. Det er det som er dumt med å koma inn i eit rom, og det er difor det ofte er best å unngå situasjonar der ein vil enda opp med å gå inn i eit rom – med folk i – dersom dette er mogleg og dersom ein ikkje finn nokon å ta med seg inn i rommet. Eg seier ikkje at det treng å vera betre i andre land. I andre land ser folk kanskje hyggjelegare ut, og kanskje er dei òg betre å ha med å gjera i korte periodar, men eg er heilt sikker på at over tid så er det eitt-eller-anna problem som oppstår av di menneske ikkje er individ men ei masse som rottar seg saman. Det er forresten ein grunn til at det heitte å «rotta seg saman». Har du sett ei rotte? Ei rotte er eit hyggjelege lite individ som òg kan vera særs intelligent og ein god ven. Ein flokk med rotter derimot, kan – og i mandre situasjonar vil – drepa deg. Og hunden din.

Og så seier dei «unnskuld» til kvarandre heile tida. Dei seier unnskuld for alle moglege ting – okei, det er riktig nok betre enn dei menneska som dyttar folk vekk når dei skal forbi, sånn som mange nordmenn gjer – men kvifor seier dei unnskuld for at dei spør om vegen, eller for at dei gjev eit kompliment?

«Unnskuld?» seier dei. «Kan du fortelja meg vegen?»
Det høyrest sikkert høfleg ut, men det som ligg bak er ikkje like hyggjeleg. Det som ligg bak, er «det er fælt å snakka med framande menneske, og eg burde eigentleg ikkje gjera det i det heile teke – men det at eg ikkje veit kva veg eg skal gå, gjer at eg er nøydd til å gjera det allikevel – unnskuld». Viss ikkje det var noko gale i at menneske snakka til kvarandre, så ville dei heller ikkje sagt «unnskuld» for at dei gjorde det.
Image
Viss me ser vekk ifrå alle rasistane som elskar å spreia kring seg med eder og galle, så ville det framleis ikkje ha vore rart om mange frå andre land, som kom til Noreg, levde i den tru om at nordmenn var rasistar. Kva skal ein eigentleg tenkja, viss ein kjem frå eit land der folk er glad for at dei ikkje er dei einaste i verda, til eit land der kvar og ein skulle ynskja hen hadde heile bussen for seg sjølv, og hatar det faktum at ikkje hen og venegjengen er dei einaste ti menneska på heile jordkloda? Når folk snur seg vekk i forrakt, fnyser hånleg og ser vekk når du kjem, verkar det naturleg at dei har noko imot deg. Spesielt viss ikkje du på førehand er informert om at det berre er sånn dei er.

Eg er sikker på at det finst ein heil haug av menneske i Noreg viss einaste fysiske kontakt er når andre menneske skumpar aggressivt til dei på rutebilstasjonen. Kanskje oppsøkjer dei rutebilstasjonen eine og åleine for å oppleva denne fysiske kontakta.

Frå skulen er noko som går att og att, på kvar einaste plass eg har vore, setninga «ingen kan jo tvinga oss til å henga med nokon me ikkje likar». Gjerne som argument for ikkje å bli kjend med nye menneske. Ja. Sjølv på dramalinja, der alle liksom skal kunne kommunisera for å få ting til å fungera. Den ekstreme motvilja mot menneske ein ikkje kjennar frå før. Når ein tek miljøet opp til tema. Korleis få ting til å fungera? Kanskje folk må snakka meir med kvarandre? «Nei. Ingen skal tvinga meg til å snakka med nokon eg ikkje likar». Alvorleg. Sånne replikkar burde få heile klassen – arbeidsplassen – eller kva no enn det er – til å bryta saman i latter. Det er iallfall det eg gjer, når eg sit åleine og tenkjer på det. Dei gongane eg ikkje heller får lyst til å riva istykker eit papirark eller slå eit magasin hardt i bordet eller – i verste fall – hella glovarm kaffi over ein medelev.

Når eg kjem inn i eit rom med fenomenet folk i seg, får eg lyst til å skrika unnskuld så høgt eg kan, men eg er ikkje spesielt god på dette med skriking. Difor er det lettare å smyga seg. Eg er framleis bitter på situasjonar som ungdomsskulen og barneskulen der det er heilt umogleg å påverka kva miljø ein kjem inn i, av di den klassen ein får berre får ein og sånn er det, og viss klassen tilfeldigvis er ein ond klasse så synd for utdanninga di. Folk kjem stadig i vegen for utdanninga, sjølv om det er utdanninga ein er der for. Kvifor det?

Eg skulle likt å finna ut nøyaktig kva det er som gjer at folk ikkje fungerer. Det er jo ikkje særleg logisk. La oss tenkja på det som eit pluss-stykke. Dei fleste individa er gode. Somme betre enn andre. La meg gjeva dei godheitspoeng. 1 er ganske lite god, 10 er veldig, veldig god. Og så er det kanskje eit par av dei som går i minus. Burde ikkje svaret vera eit positivt tal? Når mange menneske med gode eigenskaper kjem saman til ein flokk, kvifor har flokken eit minusteikn? Er det det at det alltid dukkar opp eitt individ som øydeleggjer alt? Men dette individet er jo òg som regel ålreit når det er åleine. Det er få individ som verkeleg går i minus, alle saman går kun i minus med ein gong dei kjem inn i flokk. Så kva er det med flokk? Kvifor vert dei mest fabelaktige, imponerande og lure menenska til onde idiotar med ein gong dei kjem saman med andre fabelaktige, imponerande og lure menneske?

Anti-idol

Eg har ingen idol. Grunnen til at eg ikkje har nokon idol, er at eit idol neppe ville hatt noko positiv effekt på meg. Dei menneska eg måtte finna på å ha lyst til å vera som, gjer meg meir misunneleg enn motivert. Med andre ord demotivert. Samstundes, når eg tenkjer tilbake på dei menneska som har fått meg til å jobba hardare med dei delane av meg sjølv som eg likar, er det definitivt ikkje tomt i hovudet mitt. Det finst menneske – ikkje berre eitt, men forferdeleg mange – som har fått meg til å gå framover, jobba hardare, verta snillare, byggja opp sjølvdisiplinen, tenkja smartare tankar, reisa meir, seia fleire hyggjelege ting til andre, teikna meir, skriva meir, oppføra meg på ein mykje kulare måte, lesa fleire bøker, sjå mindre på TV og ikkje minst skaffa superego. I frykt for å bli som dei.

Image

Då meiner eg dei menneska som får meg til å stå opp om morgonen ved å liggja å sova heile dagen, dei som får meg til å tenkja positivt ved å tenkja negativt om kvar einaste eksisterande ting sjølv, dei som får meg til å verta betre til å kommunisera ved å vera sosialt tilbakeståande sjølv. Dei menneska med så sterk sosial angst at eg byrjar å gå ut for å møta andre menneske, dei som er så hekta på mørkret at eg sjølv byrjar å sjå på barnefilmar. Dei som fekk meg til å smila når eg gjekk på skulen ved å sjå så sure ut at eg måtte kompansera. Det fungerer perfekt for meg.

Samstundes ser eg at andre menneske ikkje er like glad i sine anti-idol. Dei seier ting som «eg vil aldri vera kring dette mennesket lenger, for dette mennesket har mange negative eigneskapar som smittar over på meg og gjer meg til eit dårlegare menneske. No skal eg slutta å vera kring dette mennesket, og i staden berre vera med dei menneska som er på nøyaktig same nivå som meg sjølv». Ikkje av di dei jaktar på menneske som er betre enn dei sjølv, for å ha nokon å strekkja seg etter – folk som ein kan strekkja seg etter, er som regel menneske som «trur dei er noko», eller «trur dei er betre enn alle andre» (der dei eigentleg meiner: «som veit dei er betre enn meg»)
Image

Irritasjonen over andre menneske sin manglande evne til å sjå seg sjølv utanifrå og til å tenkja ut kven dei vil vera og kvar dei vil gå for deretter å pressa seg sjølv i den retninga, er den einaste grunnen til at eg har noko som kan minna om eit superego. Før hadde eg lite av det. Eg såg meg sjølv innanifrå, og gjorde berre det som freista mest akkurat i det sekundet eg bestemte meg for kva eg skulle gjera. Det var aldri noko stemme som sa «kva vil du vera mest nøgd med å ha gjort når du leggjer deg i kveld?» eller «om eitt år, kva kunne du tenkja deg å ha brukt året til?» Og viss nokre sånne tankar skulle koma, ville «kva er ENKLAST i akkurat dette sekund» bestemma. Mange menneske meiner at den eine tingen som gjer menneske annleis enn mange andre dyr, er nettopp den stemma som sit på toppen og prøver å styra alle dei andre kjenslebaserte stemmene. Stemma som seier «slutt og tull» når den andre stemma seier «eg vil aldri stå opp eg vil liggja å dra meg resten av livet…»

Det er utelukkande menneske som er dårlegare enn meg, som driv meg framover. Menneske som har ein dårleg eigneskap som eg delar, men gjerne ganga opp i 100. Dei som gjev meg gåsehud og utslett og frysningar, men når eg tenkjer over det, minner skremmande mykje om noko eg kan kjenna att. Får meg til å tenkja: «tenk om det er sånn andre ser meg – det må aldri skje».

Desse menneska får meg til å fullføre skriveprosjekt ved sjølv å aldri vera i stand til å fullføra noko som helst – dei får meg til å rydda rommet ved å ha det rotete sjølv – dei får meg til å løpa rundt som ein slave i huset ved sjølv å aldri hjelpa til med husarbeidd. Dei er skuld i at eg går ut og joggar, gjennom at dei sjølv «ikkje orkar………….. ååååh……..», og til å sjå dei positive sidene i eit menneske gjennom å baksnakka det same mennesket.

Eg trur ikkje hadde kome langt, utan desse anti-idola. Eg veit om ein rekke negative eigneskapar eg ville ha hatt i tidobbel grad viss ikkje dei hadde vist meg kva som ville skje viss eg bygde vidare på desse dårlege eigneskapane. Dei står det til skrekk og åtvaring til alle som er på veg i same retning. Og ein må ikkje sjå vekk når dei dukkar opp, eller springa sin veg i frykt for å enda opp som dei. Det er kun frykt for å oppdaga at ein eigentleg er på veg i same retning. Og viss du ignorerer det og held fram på same måte istadenfor å ta ein kikk:
Image

No håper eg inderleg at viss nokon av mine anti-idol kjem over dette blogginnlegget, vil dei
a) ha for lite sjølvinnsikt til å kjenna seg att og verta sint
b) tenkja «… blogginnlegg… blæææ… orkar ikkje lesa… gidd ikkje…»
c) kjenna seg att, skjella meg ut i alle retninger, og på same tid sørga for at eg aldri meir kranglar med dei som viser meg mine eigne dårlege sider.

Eit innlegg om søppel

No har eg tenkt meg om i cirka ein halvtime, medan eg opplevde intens skrivarkløe. Så var det plutseleg eit menneske som sa:
«Hei, Daniel!

Du
Dumpstrer du?»

Eg bestemte meg for å skriva om søppel, om dynga, om kasting, og om jakt. Sjølv om eg er vegetarianar, betyr ikkje det at eg ikkje går på jakt. Det finst nemleg ei form for jakt som er mykje meir konstruktiv enn å fjerna dyr frå skogen. Det er nemleg mange dyr som allereie er fjerna frå eksistensen, men som er flytta til ein kontainer, der dei ligg og vert møre heilt til dei råtnar. Så lengje folk har lyst på den slags, burde dei absolutt jakta på denne måten. Det er riktig nok ikkje dette eg går på jakt etter, sjølv om eg ville ha gjort det om eg hadde fleire kjøtt-vener. Det kastast nemleg mange andre ting óg.

Image
Fyrste gong eg vart introdusert for friganisme, var via Putsj. Då lærte eg mykje spanande. For det fyrste lærte eg at det var kontainarar bak butikkar. Det visste eg ikkje. For det andre lærte eg at butikkane kasta masse mat. Det hadde eg ikkje tenkt på før. Og så lærte eg at det går an å få tak i maten utan å jobba i butikk. Det var óg nytt.

I heile verda kastast to milliardar tonn mat kvart år – dette er halvparten av all mat. (Ifylgje rapporten «Global Food; Waste Not, Want Not» frå Institution of Mechanical Engineers) Dette er ikkje spesielt hyggjeleg å tenkja på. Det er med andre ord ikkje eit problem at mengda mat er for låg i verda. Mange som har jobba på butikk veit at sjølv om dei kunne ha teke mjølka med seg heim for å drikka ho, må dei hella ho ut i vasken i staden og kjøpa sin eigen mjølk. Sånn er reglane. Reglane er til for å tena pengar. Det er viktig med økonomisk vekst. Samfunnet er så basert på økonomisk vekst at alt anna er uviktig. Hurra for økonomien, og ned med båe planeten og alle dei stygge vesna som bur på han.
Image
Eg klødde etter å hiva meg på denne spanande bølga med kontainardykkarar.

Om sumaren fekk eg besøk av ein ven, og me bestemte oss for å sjekka ut dette fenomenet. Difor sto me opp klokka halv fem neste morgon, så me kunne rekkja innom alle butikkane i nærområdet før dei opna. Me kasta oss på kvar vår sykkel. Den fyrste butikken me nådde fram til, hadde berre tomme kontainarar med ingenting i. Mykje kunne tyda på at maten vart kasta på innsida. Me fann allikevel gårsdagen avis, så han tok me med oss. Så sykla me heile den lange bakken opp til neste butikk. Her fann me mykje stas, hovudsakeleg i form av bananar og jordbær. Desse var det ikkje noko gale med, så me putta dei i korga. Då me gjekk ut av huset den morgonen hadde me aldri førestelt oss kor mykje me kom til å finna. Hadde me visst det, ville me ha teke med oss kvar vår sekk. Me trudde korga på sykkelen og den lille sekken ein av oss hadde på ryggen ville halda.
Image
Her er fleire ting. Dette er frå ein einaste tur, i den lille byen Horten. Utanfor ein av butikkane sto alle brøa ute, noko som var ganske imponerande. Det såg faktisk ut som om det var meininga at me skulle ta dei. Det var mange måker som hadde finne dei óg, og desse forsynte seg ivrig. Eg elskar måker. I kontaineren bak denne butikken har eg i ettertid aldri finne noko som helst, men denne fyrste dagen, der universet kanskje håpte å gjeva meg meirsmak, fann me båe plastposar (som var heilt fine, men som kanskje hadde endra design eller eitt-eller-anna – eg har framleis desse plastposane i skuffa, så når eg pakkar ting inn i plast kan eg trøysta meg med at eg ikkje kjøpte plasten), smoothie, cider og 30 flaskar Corona. Heftig. Me fekk naturlegvis ikkje plass til alle flaskane i sekken, så me sykla opp og henta nye flaskar dei neste dagane.
IMG_0733 - Kopi

Eg ville aldri ha kjøpt øl på eige initiativ. Eg fekk forøvrig smaken på det den sumaren.

Å besøkja søpla var spesielt spanande før eg vart vegetarianar. Er det noko ein ikkje treng å kjøpa i butikken, så er det kjøtt. Kjøttdeig, pølser, vingene til kjuklinger, indrefilé – og så vidare og så vidare. Å kjøpa kjøtt er idioti. Det er dyrt, det er ikkje mørt og dessutan støttar ein kjøttindisutrien (som er eit kapittel for seg sjølv). Viss kjøttet er dårleg så kan ein fint merka dette med menneskeaugene, menneskehenda og menneskenasen. Folk undervurderer sine eigne sansar. Dei trur dei må sjå på datostempelet. Og sjølvsagt er det ikkje sånn at datostempelet seier noko om den nøyaktige datoen der kjøttet plutseleg vert forderva. Å opna lokket på ei søppelkasse er deprimerande. Det kan vera gøy med kjensla av å lura systemet når ein ikkje bidrar til veksten deira, og når ein snikjer seg unna planen deira, og når ein kan eta noko som ikkje har ein ekkel bismak av overproduksjon og pengar. Alt kjøtet derimot, er eit ekkelt minne om kor mange dyr som vert drepne ikkje berre utan grunn (utan grunn nr 1: nam nam nam kjøtt), men i tillegg utan grunn. (utan grunn nr 2: går rett i søpla)
Image
Denne morgonen kunne me forøvrig laga frukosten vår av 100% søppelmat. (Kaffien var eit uttak, men kaffi er ikkje mat) Smoothien, brødet, pålegget, juicen. Me orka ikkje ein gong å eta opp alt, men framfor å kasta maten i søpla, delte me med det biologiske mangfaldet som eksisterte på Møringa den dagen.
Image
Ein flott sport. Stå opp tidleg, henta brød bak butikken, mata måker. Det finst mange festlege aktivitetar som folk flest ikkje veit om. Aktivitetar som, blant få, ikkje skader nokon. Den einaste eksisterande måten å få utlaup for båe jerrigheit og miljøentusiasme på ein gong. Eg berre seier det.

Fjellnordmannen

Denne påska har eg ikkje vore i kyrkja, men eg har gjort noko som er nesten like bra: Nemleg å vera på Hytta og Fjellet, med Appelsin og Ski På Beina. Dette er ein merkeleg påsketradisjon som mange nordmenn driv med, men som eg aldri har testa ut før. Denne gongen har eg testa det ut – for fyrste gong – og eg er ganske impnonert. Eg har nemleg oppdaga, ikkje berre rumpestopp, men ein ny type nordmenn. Ein nype nordmenn som eg trudde ikkje eksisterte: og den nordmannen bur på fjellet.
Image
Tidlegare har eg alltid skildra nordmannen som den onde, kalde maskinen som går rett forbi, som ser stygt på dei som lagar ljod, som vert fornærma (og ler hånleg viss dei er ungdommar) dersom nokon gjev dei eit kompliment, og dessutan er så livredd for andre menneske at han heller vil liggja i eit rom fullt av lik i tre veker enn å snakka med eit menneske som er levande. Dei einaste gongane dei kan snakka med nokon, er viss det føregår via internettet. Og sjølv då er det vanskeleg. Med andre ord er du nøydd til å snakka med nokon på nett ein stund før du i det heile teke kan vurdera å seia «hei» i røynda. Men helst skal du berre nikka varsamt.

Eg er med andre ord ikkje særleg imponert over dei menneska som eg deler landegrensar med.

Men, så skjedde dette merkelege. Eg oppdaga Fjellnordmannen. Dette er ein nordmann som mange nordmenn meiner er Typisk Norsk, av di han har ski på beina og eter appelsin (som om ikkje dette er noko ein fint kan klara i andre land). Den eigentlege grunnen til at dette er Typisk Norsk, er at dette er den einaste gongen Nordmannen er noko å samla på. Eg opplevde nemleg framande som sa Hei. Det har eg aldri opplevd, iallfall ikkje frå menneske med same hudfarge som meg sjølv. Dei sa ikkje berre «hei», men når dei forklarte vegen, så gjorde dei det med innleving, og dei kunne til og med finna på å leggja handa på skuldren. Eg vil nesten gå så langt som å kalla dei varme. Framfor å springa vekk når dei såg oss nærma seg, stoppa dei opp, og let oss stilla spørsmålet: Kva veg er det dit me skal?
Og når eg kom snublande ned bakken, med eit skeptisk uttrykk i andletet, snudde dei seg ikkje forlegent vekk for å sleppa å kommentera saka, men sa i staden «hahaha!» og «hohoho!» Den ljoden har eg aldri høyrd ein nordmann laga før, iallfall ikkje utanfor øyret til bestevenninna si på bussen med eit nedlatande uttrykk i andletet.
Image
Det var faktisk så spesielt at då me hadde ramla heilt opp til dagens store mål; Darrebu, og det allereie var menneske der, var det ingen grunn til å springa sin veg, sånn som ein vanlegvis må gjera viss ein kjem til ein plass og det allereie er norske menneske der. I staden kunne me gå inn i den allereie oppvarma turistforeningshytta, og spela Pakkesel med menneska som hadde kome før oss. Dei ga til og med uttrykk for at me berre måtte bli.

Konklusjonen er at viss du kjem til Noreg og føler deg utanfor – sånn som ein ofte gjer viss ein har flytta til Noreg frå eit anna land og opplever kultursjokket med dei kalde, tause, trauste menneska som hatar alt som lever – bør du kjøpa seg eit par ski, skaffa deg ein turistforeningshyttenøkkel og gå frå hytte til hytte. Finn du ikkje vegen, kan du spørja nokon utan at dei vert livredde, roper «terrorist!» og går inn på Facebook og skriv «landet druknar i negarar!!», og før eller sidan dukker det alltid opp ein eller annan ein kan prata med.
Image

Dette er uansett i aller høgaste grad noko eg skal taka med meg vidare. Neste gong eg ser ein slem nordmann som ser stygt på meg av di eg flytta litt på foten min på toget, skal eg tenkja «denne personen er kanskje slem, men hadde han vore å fjellet, ville han ha vore annleis.»