Å teikna

Ein aktivitet eg gjorde masse av for lengjesida, og gjerne ville verta kjempegod i. For det meste jenter fulle av blod og med gigantiske pupper. Eg prøvde å teikna realistisk, utan å få det til. Hadde ikkje konsentrasjon til å læra meg det ordentleg, men eg teikna motiv som passa til det eg følte, gjerne i timen. Det fekk meg gjennom kvardagen på mange måtar. På eit tidspunkt forstod eg at eg ikkje var so flink til å teikna, og bytta stil. Eg ga opp naturrealistisk. Når du uansett ikkje kan rdet ordentleg, ser det ikkje det minste bra ut. Eg fann ein ny stil, teikna masse klovner. Det var gøy, men eg fekk ikkje fram noko av det som var inni meg. No er det frykteleg sjeldan eg teiknar. Av og til tek eg fram eit gigantisk ark og produserer sakte, sakte ei stor, stor teikning av noko so stygt eg berre kan, men ettersom eg er ut av trening vert det aldri som eg har tenkt. So eg la det på hylla.
tegning
Eg skulle ynskje eg aldri slutta med det, men eg eg sette meg betre inn i det so eg kunne teikne motiv frå hovudet mitt. Illustrere mine eigne historier, illustrere situasjonar som har skjedd og som eg ikkje får ut or hovudet. Det er so mykje eg skulle likt å kunne teikne. Det vert ikkje det same berre å teikne det utan å kunne teikne, heller enn å føle at eg har uttrykt noko, vert eg berre frustrert. Men, no har eg prøvd noko nytt:

Ikkje menneske. Ein stund skal eg ikkje teikne menneske, iallfall ikkje tydeleg, ikkje som meir enn skugge. Eg kan øve på å teikne det andre i rommet. Det er ikkje so frustrerande å ikkje få til ein kommode som ikkje å få til ein person du ser for deg. Og so er det ein konsentrasjon i teikninga som eg ikkje finn i so mange andre aktivitetar. Konsentrasjon, som er grunnen til at eg ikkje skriv, og grunnen til at eg nesten ikkje gjer noko av det eg skulle ha gjort. Eg klarer ikkje konsentrere meg. Å teikne kan hjelpe, det kan flytte fokus. Aktiviterer ein ny modus.