Bursdagstekst til Stine – del 3

No var det ikkje lenger grytidleg om morgonen. Båe Hans-Magnus og Emma hadde sitte lengje på bussen, som no stoppa rett ved Heartbreak Hotel for å jaga ut pasasjerane. Folk som hadde reist i mange timar og var støle i baken, samla saman matpakker, vesker, sekkar, koppar og kar – til og med babyar, børsta restane frå nøtteblandinger vekk frå fanget, ned på sete og golv. Herifrå ville pasasjerane røyra seg i forskjellege retninger. Somme sto og venta på at ein bil skulle henta dei, andre gjekk rett over i ein taxi. Somme gjekk inn på hotellet. Hans-Magnus var ein av dei.
For å koma inn, måtte ein gå til baksida, inngangen var rett ved ein fjellvegg, gøymd frå vegen. Han kunne sjå eit vatn rett ved, der robåtar sto parkert. Folk på andre sida kunne ro til hotellet. Her, rett ved inngangen, var brostein, runde bord med frynsete parasollar. Ikkje slike med «COCA COLA» eller «SOLO» på, men heilt umerkede parasollar, flotte, sikkert veldig dyre. I dag ville verta ein deilig dag, ein T-skjortedag, ein dag der ein kunne sitja ute og drikka noko kaldt. Han kasta blikket kring seg og fekk auge på ei ung dame som òg var på veg hotellet, ho sto berre nokre få meter unna og observerte parasollane og inngangen akkurat som han sjølv – ho hadde openbert ikkje vore her før ho heller.
«Har du vore her før?» spurde han likevel. Ho gjekk litt nærare, slik som menneske ofte gjer når dei skal ha ein samtale. No kunne han sjå at ho hadde pierchingar i andletet, at håret var raudt av kunstig hårfarge og at ho hadde svart sminke på augnelokka, slik svart sminke som såg ut som skugge og gjekk over i ljosare tonar på kvar side. Diskrè, men ganske så proft. Kanskje ho hadde sin eigen sminkør?!
«Nei,» svarte ho og myste i sola som titta fram frå ein sky. Hans-Magnus kunne kjenna varma i håret. «Eg skal i fjellet, men no treng eg ei lita pause.»
«Godt tenkt,» nikka Hans-Magnus. «Det er digg med pause etter busstur. Eg skal treffa brørne mine og ein kul ven som heitte Freddie, eg. Og so skal me òg gå til Haifjellet! Ventar du på nokon, då? Mannen din? Broren din? Faren din…?» Han såg for seg kvinna framfor seg gå oppover fjellet heilt åleine, utan korkje ektemann, bror eller far. Berre heilt åleine. Nei, det var ikkje noko hyggjeleg syn. Ein kunne aldri veta kva som kunne gøyma seg i fjellheimen.
«Nei, eg har ikkje med meg nokon andre.» Ho rekte ut handa, og han tok den nølande. Handa hennar var lita og svært mjuk, grepet var fast, men ikkje so sterkt. Kven som helst kunne velta henne overende og knusa henne. Han grøste. «Eg kjem åleine,» la ho til, noko som gjorde at grøsninga heldt fram i eit par sekund til. «Emma,» presenterte ho seg. Hans-Magnus kom på at han hadde handa hennar, og skunde seg å klemma henne kort.
«Hans-Magnus,» svarte han og slepte med èin gong. No hadde han sikkert hatt handa hennar i handa si i over ti sekund, noko som ikkje var heilt normalt. No trodde ho sikkert at han var forelska i henne. «Vil du gjerne gå åleine?»
«Nei, eg skulle eigentleg gå saman med Nikolai,» forklarte Emma, sjølv om han ikkje visste kven Nikolai var. Mannen? Faren? Broren? «Men, so dumpa han meg.» Ho stirde han alvorleg inn i augo, dei var knall blåe, so blåe at pupillane vart unormale – berre to knottsmåe prikkar. «Det var heilt forferdeleg å tenkja på at «no er det berre tre dagar til me skulle gått i fjellet», og veit du kva? I natt so skjønte eg berre at det ikkje gjekk. Eg kunne ikkje sitja der heime og tenkja på det. So eg pakka og drog åleine istaden, og det er eg glad for no.» Ho smilte stolt.
«D…» Hans-Magnus rynka på nasen og konsentrerte seg so hardt han kunne. Han hadde høyrd dette verbet fleire gongar, men klarte aldri å hugsa kva det tydde. «D… dumpa? Kva meiner du med det?»
«Hæ?» Emma sperra opp augo og stirde på han som om han var eit romvesen. «Kva eg meiner med det?»
«Ja.»
«Altso.» Ho lyfta ein sølvmåla glitrande peikefingernegl til panna og klødde seg symbolsk. Han kunne sjå at det var symbolsk, for når folk klør på ordentleg, gjer det dei ikkje so sakte og heilt utan klø-ljod. «Slo opp? Ville ikkje vera kjæraste meir?»
«Åja.» Han nikka. «Eg kobla ikkje med ein gong, for eg visste ikkje kven Nikolai var. Men, han var altso mannen din?»
«Kjærasten min,» lo Emma. «Vi var ikkje gift enno. Men, vi var trulova…»
«Oj.» No var det Hans-Magnus sin tur å sperra opp augo. «So, han gjekk ned på kne for deg og ville vera din til all æve, og so berre braut han det? Det må ha vore heilt forferdeleg!» Han tok seg kort til andletet. «Det må ha vore eit skikkeleg sjokk. For ein forferdeleg mann! Han fortener ikkje noko hustru, eller kjæraste, nokon gong.» Han sette seg på nærmaste benk og pusta ut. Det var altfor lett å koma med falske løfte i Noreg, ein kunne liksom lura nokon trill rundt kva tid som helst. Ekteskapet hadde liksom ikkje noko verdi meir, truloving var berre noko ein gjorde for å visa andre menneske at ein hadde eit romantisk forhold, noko ein gjorde når interessa for det nystarta forholdet hadde dabba vekk. Då måtte ein trulova seg slik at andre kunne seia «gratulerar», og so, når det ikkje var so spanande meir, ville dei anten gifta seg eller gå frå einannen. Emma nikka einig, og Hans-Magnus skjønte brått at han hadde sagt alt han tenkte høgt.
«Heilt einig,» sa ho, «det er altfor lett. Folk berre utnyttar kvarandre heile tida. Det er difor det er so skummelt å få kjensler for nokon. Du veit ikkje om dei er seriøse eller om ei berre skal utnytta deg og kasta deg når dei er lei.»
«So bra at du tenkjer likt som meg, Emma. Å diskutera sånne ting gjer meg skikkeleg sur, og i dag vil eg vera glad, for i dag skal eg jo gå i fjellet saman med menneske eg er glad i.» Han la handa på skuldra hennar. No var det på tide å gå over til det alvorlege. «Eg tykkjer ikkje det er noko god idé at du skal gå heilt åleine opp i fjellet, det er jo kjempelangt. Skal du gå heilt til Haifoss?»
«Jepp.»
«Nemleg. Det er langt, det. Dit skal vi òg, vi skal overnatta i turisthytta. Det skal sikkert du òg? Du skal iallfall ikkje sova i telt, det er for farleg heilt åleine. Slå fylgje med oss istaden, det er mykje kjekkare, og då slepp du å gå og tenkje på den forferdelege sokalla «mannen» Nikolai. Ikkje sant? Huff! Tenk å gjera noko slikt mot ei kvinne! Å seia at ein skal ta seg av ho i all æve, og so berre gå sin veg! Tenk om de var gift og hadde born i lag! Kva skulle du gjort då? Det tør eg nesten ikkje tenkja på.»

No skal vi over til noko anna, vi skal møta nokon som ikkje har vore med i denne forteljinga enno. Nemleg Glenn. Viss du ikkje hugsar det, var Glenn den eine broren som Hans-Magnus venta på, sjølvaste trillingbroren til Robbie. Glenn var endeleg ferdig å pakka, og sat no bak rattet i ein ganske so ny bil. Han hadde til og med teke med seg litlesystera Lucy-Luise, som alle berre kalla Lucy. Ho sat i pasasjersetet og stirde ut or vindauget. Til vanleg budde Lucy hos storebror Robbie, og at Robbie hadde tenkt at det var ein god idé å berre setja henne frå seg hos ein ven av henne, var meir enn kva Glenn kunne forstå. Skulle ho liksom vera der, hos denne venen, i fleire dagar? Korleis kunne ein ven av Lucy ha all naudsynt informasjon for å ta seg av henne so lengje? Det hadde vore ein omveg å køyra heilt til Lucy sin ven, henta Lucy, køyra heim att og so setja kursen mot Heartbreak Hotel, som eigentleg ikkje var so langt unna der Glenn budde – men no var dei nesten framme. Den siste vegen hadde vore full i svingar, og han var glad han hadde gitt henne reisesjuketablett. Berre dét var eit ork. Ho klarte ikkje svelja pilla sjølv, so han måtte mosa henne, men han måtte òg blanda henne inn i noko ho faktisk ville vera villig til å svelja, noko som var nesten ingenting. Han hadde pakka fleire næringsdrikker og pulver til smoothie i sekken, og no håpte han at Robbie ikkje ville føreslå å vera ved Haifossen lengre enn dei hadde lager til. Korleis litle Lucy skulle klara å gå heilt opp dit, var eit anna spørsmål. Dei måtte sikkert bæra henne halve vegen.
«Sånn,» sa Glenn og svingde inn på den litle parkeringsplassen ved hotellet. Ljoden av radio og bilmotor, som hadde vore ein jamn dur i øyra til Lucy heile vegen, vart plutseleg vekk. Ho såg på broren sin.
«Vi er framme?»
«Jepp. No kan du opna døra di og finna fram sekken din, so går vi inn til Robbie.»
Lucy sat heilt stille ein stund, medan Glenn fann fram sekken han skulle bæra, der flesteparten av Lucy sine ting òg lå. Likevel hadde ho ein liten sekk til å bæra sjølv, med ting ho kunne tenkja seg å ha tilgjengeleg heile tida. Han hadde ikkje titta oppi, men han fekk sjå gjennom han når dei kom fra til Haifoss. Berre for å vera på den sikre sida.

Klokka var eitt om formiddagen. Baguettane frå hotellet sin café kom ut til parasollane og borda på eit gigantisk brett, servitøren hadde festa ein liten parasoll til hovudet for å ikkje få sol i det kvite andletet. Glenn hadde alltid stussa over det der. Viss dei køyrde vampyr-tema på hotellet, og alle var kritt kvite – kunne in då berre jobba her viss ein var kvit? Sjølv om han alltid hadde meint at arbeidsgjevaren måtte få bestemma sjølv om ei ville ha tilsette frå andre land eller ikkje, var jo dette ganske snodig og kanskje til og med rasistisk. Iallfall når lovane ein gong var som dei var. Han rista den litle koppen med lokk som inneheldt næringa Lucy skulle ha før dei gjekk, og sette den framfor henne.
«Kult at du ville vera med,» sa Freddie og såg på henne. Dei to var òg på same alder. Med so mange ungdommar som knapt hadde fylt tjueto, var Robbie og Glenn plutseleg i mindretal når det gjaldt å vera ti år eldre enn dei. Lucy smilte til Freddie. Han studerte henne, for ho hadde forandra seg ganske so mykje sida sist han såg henne. Det var sikkert to år sida. Han hadde ikkje vore so mykje hos Robbie på desse to åra, det var fyrst no den siste tida, og då hadde ikkje Lucy vore der. Det kolsvarte håret hennar var borte no, ho hadde sikkert klipt det av – og so hadde det vekse ut igjen, nesten heilt kvitt, sånn som håret hennar eigentleg var. Ho kledde det, men det fekk henne til å sjå unormalt uskuldig ut. Ho hadde alltid mint om ein bleik vampyr med svart hår, og no var ho plutseleg som ei lita jenta som står i midten av ein korridor i ein skrekkfilm og spør om du har lyst til å leike. Ho sa aldri takk, eller andre høflege ting. No var det kanskje eit minutt sida han hadde sagt at det var kult at ho òg skulle vera med, og ho hadde framleis ikkje svart, berre smilt. Ho lyfta koppen sin til lippene, og Glenn slappa av og flytta fokuset til baguetten.

Ljoden frå bekkane som rann nedover, heilt frå Haifoss og til fjorden der folk brukte robåt, sildra attmed stien. Sekkane som røyrde seg på ryggane deira når dei tok skritt, skoa mot stein, mose og bakke. No var dei på veg. Sola sto høgt på himmelen, men varma berre passe mykje, for det var jo berre mai. Småe, kvite blomer ved stien, blåberlyng som ikkje skulle vera noko meir enn lyng på lang tid. Glenn og Robbie gjekk der framme, som to raske foreldre, akkurat like låge. Akkurat no gjekk praten bra, ein kunne høyra engasjerte toner og sjå gestikuleringa ti meter bak, og der, ti meter bak, hadde Lucy og Emma slått seg saman. Emma merkte fort at Lucy ikkje var uhøfleg eller uinteressert, det var berre det at tankane hennar ikkje hadde so lett for å gå over i ord, og orda hadde ikkje so lett for å gå ut or munnen. Difor stilte ho spørsmål, som Lucy svarte kort på, og so fortalde Emma litt om seg sjølv. Lucy ville vera ein perfekt modell, sjølv om Emma enno ikkje var heilt sikker på om ho ville ha bilete av nokon andre på instagrammen sin. No hadde ho stort sett bilete av ikkje-levande ting, dyr, og masse med henne sjølv, men ho tok aldri bilete av vener. Ho tok sjølvsagt ein haug med bilete av kjærasten sin, men det var jo kjærasten, og han måtte ho jo visa fram so folk skulle vera klår over at ho hadde ein kjærast. Vener derimot, var annleis. Ho ville ikkje vera ein sånn person som viste fram bilete av venene sine heile tida, då ville jo folk tru ta ho hadde vener, og det var ikkje so positivt. Det var betre om ei såg på henne som nokon som var heilt åleine, nokon som berre dreiv med kunsten sin heile dagen. Dessutan ville jo litt av poenget med å gå åleine i fjellet forsivnna viss ho skulle visa fram nokon ho var på fjellet saman med… Sjølv om ho jo ikkje var på fjellet åleine lenger, trong jo ikkje fylgjarane hennar å veta det. Det var eigentleg heilt perfekt. Det var jo ikkje so gøy å vera heilt åleine so lengje. På den andre sida, såg ikkje Lucy heilt normal ut. Ho var noko av det minste Emma hadde sett, nesten som Lille My. Og, ho var tynn. Kjempetynn. Ho kunne ta seg bra ut i galleriet, viss ho gjekk med på å vera modell då. Anten ville ho seia ja av di ho ikkje brydde seg, eller so ville ho gøyma seg, seia nei nei nei og so sørga for å halda seg langt vekke frå Emma for å vera på den sikre sida. Det var nok lurt å venta litt med å spørja, kanskje venta til dei allereie var ved fossen og ho allereie hadde kamera i henda og Lucy allereie sto ein plass der det passa bra å ta bilete frå. So kunne Emma seia: «Kan eg ta bilete av deg?» og so ville det gå av seg sjølve derifrå.
Ti meter bak dei, gjekk det siste paret i gjengen på seks. Nemleg Freddie og Hans-Magnus. Dei to var gode vener, og no var det svært lengjesida dei hadde sett einannan. Det gjekk aldri mange setningar mellom kvar gong ein av dei lo, eller Hans-Magnus måpte sjokkert. Begge tykte at den andre var morosam og sa mykje rart.
«So, kven er ho der Emma?» spurde Freddie nyfiken. «Ho var ganske fin.»
«Ho har jo sånne pierchingar i andletet,» svarte Hans-Magnus og peikte på andletet sitt. «Er ikkje det vondt, trur du?»
«Hahaha,» lo Freddie, «er det det du tenkjer på når nokon har pierchingar? At det sikkert var vondt?»
«Ja, er det ikkje det dei vil at ein skal tenkje?» undra Hans-Magnus og kikte etter Emma, langt der framme med Lucy. Det var hyggjeleg at dei to kunne vera vener.
«Eg trur dei har det av di dei tykkjer det er fint, altso.»
«Jasso… Men fint, det er det jo ikkje.»
«Nei, men ho tykkjer vel det er det då.»
«Hm…»
«Kvar fekk du henne frå, eigentleg?» spurde Freddie. Converse-skoa hans hadde allereie fått søle på seg, og innan dei kom fram ville dei vera klissblaute og ha skifta farge. Han kunne liksom aldri velja rette klede for rette aktivitetar, han skulle absolutt gå med same type klede heile tida. Freddie var ein av dei mest forfengelege personane Hans-Magnus visste om, sjølv om han alltid prøvde å sjå ut som om han berre tok tak i det fyrste han fann i skåpet. Ja, særlig. Det var alltid eitt eller anne klesplagg som sto perfekt til noko anna, sjølv Hans-Magnus kunne sjå det. «Hallo?» Freddie vifta med handa.
«Åja,» skvatt Hans-Magnus. «Ho sat på same buss som meg.»
«Jøss. So, fine damer fell berre ned i fanget ditt, dei då? Eg veit korleis det er.»
«Nei, vi snakka litt saman utanfor hotellet,» forklarte han alvorlig. «Og so fann eg ut at ho hadde tenkt til å gå i fjellet heilt åleine… Ikkje nokon god ide akkurat.»
«Nei, ikkje når ein kan gå med ein kjekkas som deg!»
«Freddie! Skjerp deg! Eg veit at eg er kjekk, men det kjem aldri til å bli noko mellom deg og meg.»
«Fillern,» lo Freddie. «Kva meir, då? Er ho hyggeleg? Ho verka litt overlegen ved bordet i sta, og ho snakka ikkje noko særleg. Eg trur berre ho vil ned i buksene dine.»
«Ned i buks… Freddie! Fysj!»
«Sei fysj til henne, du.» Freddie klappa kameraten sin på ryggen. «Det er ho som tenkjer sånn. Ikkje eg.»

Og, Freddie hadde heilt rett. Det var ikkje det at Emma hadde so forferdeleg lyst til å vera i nokon sine bukser, når alt kom til alt so var ho ikkje spesielt interessert i sånt. Men, det var eitt eller anna likevel. Det var noko med historia. Viss ein berre kutta vekk alle dei andre sjølvsagt, viss ein såg for seg at Emma gjekk åleine heilt til Haifjell, og at Hans-Magnus allereie var der. At han var åleine på turisthytta og leste i Bibelen, og so kom Emma, den mørka fristerinna, forføraren… Hans-Magnus i seinare tid, som aldri fann heilt ut av kven ho var, men som berre visste at ho måtte vera Djevelen, som hadde ein slik kraft på han. Kanskje fann han galleriet hennar på instagram ein gong, og såg gjennom alle bileta, heile galleriet, prøvde å finna nokre teikn… Det beste av alt, ville vera om han fortalde historia nok til nokon andre, slik at dei òg kunne lura litt. I so fall ville det kanskje vera litt dumt å ha bileta av systera hans i galleriet sitt, de ville jo gjera henne meir menneskeleg og mindre Djevelen-aktig med ein gong. Nei. Alt måtte vera mystisk.

Reklame

Bursdagstekst til Stine – Del 2


Kvart over fem om morgonen hadde sola enno ikkje stått opp ved turstihytta på Haifjell. Grunnen til at Kaja vakna var korkje sol eller at ho var ein morgonfugl, men av di det var so forferdeleg kaldt. Dei som hadde bygd tursthytta hadde nemleg ikkje tenkt på å isolera henne, sjølv om hytta elles var moderne med båe dusj og lampe med lyspære. No pakka ho seg inn i alle pledda ho hadde, utan å finna varme nokon plass. Det var som om teppe og dyne berre var ein illusjon, og det var ingen kroppsdelar som var varm nok til å varma seg på. Ho kunne kjenna nasen, ekstra kald. Det var ikkje dette Kaja hadde tenkt på då ho gleda seg til mai. At ho skulle frysa so mykje at sjølv de minste snorka frå fettaren skulle vekkja henne. Fettaren låg i øvste køye i den andre køysesenga, køyesenga attmed den andre veggen. Sjølv låg ho trygt nært golvet – det kalde golvet, riktig nok. Kanskje det hadde vore smartare å flytta seg opp. Nei. Då måtte ho strekkja seg ut frå ballen ho låg forma som. For kaldt. For kaldt.

Nede på pakken derimot, eit godt stykke unna der ein byrjar vandra oppover fjellet, sneik sola seg fram attmed vindauget til ein kristen gut med brunt hår og pysjamas. Gut, vert kanskje litt merkeleg å sei. Han var jo ein ung mann no, Hans-Magnus, som opna augo før datanerdane hadde lagt seg, før morgonfuglane si vekkjarklokka hadde byrja ringja. Som du kanskje skjønar, var Hans-Magnus Orderbye eit A-menneskje. Han likte morgonstund med gull i munn, berre utan gull i munn, av di gullet fyrst skulle verta samla i Himmelen. Her på Jorda samla han berre englepoeng, so innarbeidd at han ikkje lenger tenkte på det. Med ein gong augo var ope, spratt han opp frå sengja, begge beina planta i treplankane på golvet og blikket ut or vindauget på den gryande morgonen.
«Ahhh,» sukka han i eit godt morgonstrekk, før han hoppa i kleda. Hans-Magnus dusja aldri om morgonen, for om morgonen ville han ikkje vera våt i håret, då ville han ut so fort som mogleg! Dusjing var eit avslappande kveldsrituale, ikkje noko som skulle utsetja morgonturen. No var det berre å kverna kaffibønnene i kverna han hadde fått frå storebor Robbie, putta han i traktaren og vandra kring kvartalet med termoskoppen som ven. At han snart skulle gå mange timar på fjellet, var ikkje noko grunn til ikkje å gå morgontur. Morgontur for å gjera hovudet klårt for dagen, klårt for å pakka dei to siste tinga som skulle pakkast, for snart å vera ekstra sosial – i fleira dagar!

Ein discolåt frå åttitalet vekte Freddie denne morgonen.
«Slå av den jævla vekkjarklokka,» mumla han frå søvnen, snudde seg aggresivt over på andre sida, la puta over hovudet for å blokkera vekk bråket. Men, det var ikkje vekkjarklokke som ringde so tidleg om morgonen. Robbie, som var vann med å sprette opp på kort varsel, alltid på vakt, var for kvar minste rørsle eller ljod, som eit rovdyr!, skjønte med ein gong at det ikkje var vekkjarklokka som ringde.
«God morgon, Hans-Magnus,» sa Robbie då han hadde teke telefonen, heilt utan å sjå på nummeret som ringde. Det var nemleg ikkje naudsynt. Han reiste seg – litt for sakte etter kva Freddie ville meine – frå sengja og spankulerte roleg inn på badet, grei som han var. Han stelte seg ved spegelen, som han alltid gjorde om morgonen, litt for å minna seg sjølv på kven han var. Han var endeleg ferdig med tjueåra, åra der verda er full i moglegheiter men ingen tek deg seriøst. Det var som om andletet plutseleg såg meir ordentleg ut, sjølv om ingenting eigentleg hadde forandra seg på to år.
«(…) Det var det eg tenkte, då,» avslutta litlebroren. Robbie vakna frå tankane.
«Kan du repetera det du sa? Eg trur det var noko skurring på linja.» Han observerte andletet medan han sa det, såg etter teikn til løgn på seg sjølv. Neste gong måtte han justera den eine rynka ved munnen litt, han hadde merkt seg at somme lagde sånn når dei laug. Sjølv om det ikkje var noko fasit på korleis folk såg ut i andletet når dei snakka sant, kunne menneske alltid bita seg merke i teikn dei hadde sett på vener og familie.
«No hugsar eg ikkje kva eg sa lenger,» humra Hans-Magnus, «men uansett, eg sit på bussen no og er på veg til hotellet, so eg møter dykk der. Skal eg berre sitja å venta på dykk i kafeen, eller restauranten, eller kva det no heitte? Eller på biblioteket kanskje? Eg tenkte jo litt på å låna eit par bøker, men bøkene er jo litt skumle, dei som er på biblioteket der altso, og Boka veg jo allereie ganske mykje viss eg skal bæra med meg fleire bøker i tillegg… Hahaha, tenk om eg let henne liggja att heima då Robbie!»
«Hehe, ja, det ville ha vore absurd.» Robbie kobla i headsettet på telefonen og byrja vaska hendene med båe såpe og negleskrubb frå toalettmappa. Det var kome eit rusk under den venstre peikefingerneglen, og dessutan var det viktig å vaska henda kvar morgon. Ein kunne aldri veta kor dei hadde vore i laupet av natta, kanskje var dei fulle av daude hudceller frå kløing. (Du tenkte vel ikkje på noko verre enn det?)
«Eg kan òg koma direkte til rommet dykkar, viss det er betre, men det er heilt greitt for meg å venta til de har pakka sakane dykkar… Korleis er det utanfor no? Kanskje eg kan kosa meg utanfor, på dei borda som er der veit du. Det er jo skikkeleg fint ute no, då eg gjekk tur i sta såg eg heile to forskjellege blomer, det byrjar verkeleg å likna vår no ja! Snart kjem nok sumaren òg, og då vert det varmare i vêret.»
«Ja,» samtykte Robbie med neglfilen mellom tenna, «om sumaren vert det varmare i vêret ja.»
«Skal eg ta med noko spesielt som de har gløymd? Har me nok sitjeunderlag?»
«Ja, det skulle vel vera nok sitjeunderlag ja.»
«So bra, eg er jo på bussen, so eg kan jo ikkje ta med noko meir.»
«Nei, du kan jo ikkje ta med noko meir når du sit på bussen nei.»
«Har du sove godt då, storebror?»
«Hehe.» Robbie pakka sakene ned i toalettmappa att og sette seg på badgolvet. Han kunne ha sette seg på dolokket, men viss Freddie plutseleg kom busande inn, kunne han jo finna på å koma med ein teit kommentar om at «sit du der og bæsjar du då», og det hadde vore irriterande. «Eg har sove frå eg sovna til du vekte meg iallfall.»
«Vekte eg deg?! Det var ikkje meininga altso! Men, det er so keisamt på bussen, og viss eg les vert eg bussjuk med ein gong. Det er ein sånn dag i dag, det merker eg!»
«Uff då. Tok du ikkje reisesjuketablettar?» Robbie, som hadde teke med seg toalettmappa på golvet, drog fram handkremen og byrja smøra inn henda etter handvasken.
«Nei, det gløymde eg heilt, for vanlegvis er jo ikkje buss noko problem og dessuten er det lengjesida sist eg tok buss no! Det er jo so deilig å kunne gå og sykla no som det er betre i vêret… Det er kjekt med vår, med blomer og sol, med alle herlegheitane som har vore gøymd for oss gjennom vintaren for at me skal læra oss å setja pris på det Herren har sette saman. Stundom får ein berre lyst å ropa halleluja, prisa skaparverket! Eller kva tenker du Robbie, du er jo ateist, du! Det må vera rart…»
«Ja, det kjenst litt tomt ja,» jatta han med. «Men, eg klarer meg so vidt.»
Hans-Magnus lo i andre enda. «Du er morosam, Robbie! Det er du. Du er ein flott bror, eg er veldig glad i deg.»
«Tusen takk, Hans-Magnus, det er hyggjeleg med nokre fine ord so tidleg om morgonen. Eg set pris på deg òg.»

Hugsar du den unge kvinna med langt, raudt hår og eit bra kamera? No sat ho på bussen. I handa hadde ho skriveboka si, der ho skreiv ned alt ho kunne koma på, på engelsk sjølvsagt. Ho var ikkje like god i engelsk som ho var i norsk, men for det fyrste fekk ein engelsk instagramprofil henne til å sjå meir berømt ut, og for det andre var det enklare å få det til å sjå bra ut på engelsk sidan dei fleste nordmenn ikkje såg feilane på engelsk like lett som dei såg feilane når det var skrive på norsk. Det såg rett og slett ut som ho var betre til å skriva. Ein ting som ville vera veldig imponerande, var viss ho var ein sånn sympatisk person som observerte menneske på bussen og tenkte ting kring dei, som om ho hadde masse empati. Til dømes kunne ho observera ein gut nokre sete unna, eller, ein ung mann var vel meir riktig å seia, med brun strikkejakke og ein telefon i handa. På setet attmed han var ein svær tursekk, det var tydeleg at han òg skulle gå tur, kanskje i fjellet. Viss han skulle gå i same fjell som henne, kunne dei jo kanskje slå fylgje. Emma hadde enno ikkje møtt ein mann som ikkje hadde lyst til å ha sex med henne, og viss ho klarte å forføra han, ville han seinare tenkja på henne som den mystiske, vakre, kvite, raudhåra kvinna han møtte i fjellet, den magiske elskerinne som plutseleg forsvann… Det ville ha vore spanande!

«(…) soft female body, made of the finest milk
he drank this wonderful creature, he drank the image of her
her memory…

in the woods he would find her
in the woods he would go find her
she’s in the woods, she’s in the trees,
she’s the whisper from the trees
from the green, golden leafs (…)»

Viss han snakka med kona si ville det vera ei utfordring, men viss kona ikkje skulle vera med på tur, gjorde det jo ikkje noko. Var det noko ho hadde lært seg om menn, var det at dei ikkje var særleg trufaste, at monogami ikkje låg naturleg for dei. Åh, som ho sakna å ha ein kjærast. Nokon å ta klinebilete med til instagram, slik at andre såg at ho var attraktiv hos det mannlege kjønn. Som det var no, ville andre jenter tenkja at ingen ville ha Emma. Emma var ikkje noko menn hadde lyst på. Singel. Verdilaus. Åleine. Sjølvstendig! Spanande! Iallfall no. Men, no hadde ho vore sjølvstendig so lengje. Ho hadde lært so mykje den siste uka, om korleis det var å klara seg på eigahand. Bussen svingde inn på dei smalare vegane, og ho skjønte at dei snart var framme. Rumpa hadde nesten sovna etter all sitjinga i bussen, fingrane verka etter all haldinga kring pennen. Ho klussa vekk eit par linjer frå det siste diktet, klussa aggressivt. No ville dei nærleiken skjøna kor sterk lidskap ho følte kring det ho skreiv, so sterk at ho klussa so hardt at det nesten gjekk hull i papiret.