Eit lite mysterium

Det er ikkje berre tiggardebatten som får meg til å tenkja på dette. Faktisk ser eg det stadig vekk, uansett kva for slags sak det handlar om. Menneske som tykkjer synd i tiggarar, men vil ha dei vekk frå gata gjennom forbud, menneske som elskar katter, men set kuld på kattene sine – gjentekne gongar – , menneske fulle av medynk som vert rasande for at nokon kan trykka bilete av lidelse, eller på nokon som helst måte dela informasjon som kan føra til begrensing av lidinga.

Kva er dette medynket? Kva er «ikkje fortell meg kven som lager kleda mine, for då vert eg lei meg og sluttar å kjøpa kleda», kva er «få dei ut or gata, dei fyller meg med ubehag», og kva er «eg vil ikkje sjå Earthlings, for då sluttar eg kanskje å støtta kjøttindustrien»? Viss denne sterke vilja mot å sjå det er der, kvifor denne trongen til å forsterka akkurat det ein ikkje vil sjå? Viss ein liker noko so godt at ein tykkjer det er greitt at det skjer, kvifor er det so grusamt å høyra om eller sjå det ein liker so godt? Kvifor ser ikkje kjøttetarar på filmar frå dyrefabrikkane med eit smil om munnen, medan slevet renn nedover munnvika, og kvifor smiler du ikkje når du går forbi tiggarar på gata, dersom du ikkje ynskjer betre liv for dei? Kvifor besøkjer du ikkje fabrikkene som lager kleda dine, og nyter det du ser, viss du nyter å vera med på å halda det igang? 
Image
Eg kan tenkja på at universet er uendeleg og kva som skjer etter dauden og prøve å putta ei stor form inn i ei lita form, men det er likevel ingenting som skaper meir rot i hovudet mitt enn dette dilemmaet: Kvifor gjer det vondt å veta noko ein ikkje ynskjer ein slutt på?

Eg kan akseptera menneske som leiter etter informasjon dei ikkje liker for å unngå å vera med på faenskapet, uansett kva faenskapet er, eller for å kunne hjelpa å stoppa det, og eg kan, sjølv om det fyller meg med sinne, akseptera menneske som ikkje bryr seg, som ler av all slags ondskap og som er med på det so ofte dei kan. Men, du som gret av det vonde, men gladeleg er med på det so lengje du slepp å sjå konsekvensane, du er den eigentlege faren. Det er deg det er flest av.

Skrivenatt

Det er lengjesidan eg har hatt ein slik ein «skriveperiode» no. Då eg skreiv julekalenderen måtte eg skriva kvar einaste dag, men etter det har det stått nesten heilt stilt. Sperra handlar ikkje om å ikkje vera inspirert eller om å vera tom for idear, for hovudet er fullt av idear og i teorien kunne eg ha skrive heile tida. Det er heller ikkje slik at eg ikkje har tid, for eg har stadig tid, men viss eg finn noko anna, kva som helst, å fylla han opp med, so gjer eg det med ein gong. Eg lager meg prosjekt men klarer ikkje å fylgja dei opp, iallfall ikkje i den grad eg bør.

Eg ligg mange år bak meg sjølv. Eg bure ha skrive kvar einaste dag, minst to timar. Eg var flink fram til eg starta i 10. klasse. Fram til då skreiv eg heile tida. Då skulka eg timane for å sitja på biblioteket å skriva. Det er slik eg burde vera no òg – ingenting burde vera viktigare. Å laga mat burde ikkje vera viktigare. Å tenkja tullete tanker om framtida burde ikkje vera viktigare, for skrivinga burde vera framtida. Ikkje andre ting. Eg skulle ikkje sitja og tenkja ut korleis eg skal byggja ei framtid som ikkje har med skriving å gjera. Det er eit svik. 
Image

Og av di eg ligg mange år bak meg sjølv, er eg redd for å gjera det. Setja meg ned og laga noko seriøst noko. Eg kan iallfall ikkje senda det nokon plass, for kva i all verda er det eg har å stilla opp med, eg, som ligg mange år bak meg sjølv? Eg er tjue, eg burde hatt meir struktur enn dette. 

I natt skulle eg ha nattevakt. Vera oppe heile natta, kanskje snika til meg ei søvetime mellom to og tre. So vart det avlyst. Jippi, no kan eg sova! Nei. I natt skal eg ikkje sova. I natt skal eg skriva.