Kor stor kan du vera i kjeften?

Det kan vera modig å seia kontroversielle ting. Kontroversielle ting, er ting som skaper reaksjonar. Fyrste gong nokon sa at ein måtte vaska seg på henda før ein gjekk frå lik-avdelinga til fødestova, var svært kontroversielt. Fyrste gong nokon sa at homofile ikkje kom til Helvete (etter den lange perioden der dette var inn), vart det òg oppfatta som kontroversielt. Ein heil haug av plassar i verda er det framleis kontroversielt. Å påstå at kvinner skulle ha stemmerett – spesielt viss du var kvinne sjølv – var så kontroversielt at det eksisterte eigne diagnoser for det som kunne få ein innlagt på ubestemt tid. Det meste som i dag er normalt, har ein gong vore forferdeleg kontrovserielt og sjokkerande.

Det kontroversielle ved det, var dog ikkje at det var formulert på ein veldig kontroveriell måte. Det var ofte sjølve innhaldet som var tabubelagt og framand. Me har framleis slike tema. Viss nokon publiserer eit bilete av ein oppkutta arm på internettet, vil det raskt koma eit ras med kommentarar som oppfattar til sjølvmord og det som verre er, anten direkte eller indirekte. Å snakka høgt om (sine eigne) psykiske problem, er framleis tabubelagt uansett kor ofte det skjer. Heilt framtil folk sluttar å skrika «dette gjer du berre for merksemd!» vil det vera eit tabu som hindrar folk i å oppsøkja hjelp. Nokre ting er så kontroversielt at eg ikkje ein gong tør å snakka om det, av di eg er redd for å verta så lei meg på menneskeheitas vegne at eg går frå fornuften.
Image
Me treng desse menneska som seier kontroversielle ting. Dette har alltid ført til framgang.

Det eg lurer på, er kvifor «kontroversiell» ikkje lenger handlar om å bryta berrierer, men om å bryta andre ned. Kvifor ein kan få ros eine og åleine for å ha vore stygg i kjeften sin. Det er korkje uvanleg, originalt eller kontroversielt å vera homofobisk eller rasistisk, slikt ser me overalt. Slikt har me hatt i alle tider, og mange er lei seg for at livet skal vera mogleg å leva òg for menneske som dei sjølv ikkje får orgasme av å tenkja på. Ein føler seg modig og tøff som gjer noko som allereie har vorte gjort i alle, alle år, og som andre har måtte vera supertøffe og risikera livet sitt for å stå oppmot. Ein føler seg tøff når ein gjer andre sine liv farlegare å leva – ikkje sitt eige. Kanskje det er ein del av kulturen der me ikkje lenger gjer narr av oss sjølv, men av menneske med heilt andre historier. Tøffer seg og er svære i kjeften på andre si bekostning og ikkje si eiga. Men, det er viktig at gruppa ein hakkar laus på er liten nok til å ikkje kunne ta igjen.

Reklame