Betre enn alle andre

Eg trur eg er betre enn alle andre av di eg ikkje spiser daude dyr eller betaler for at andre skal påføre dei lidelse. Andre menneske, som støttar lidelsene deira, ser eg ned på. Eg er overlegen og ein besservissar.

Andre ting eg ikkje gjer, er å gå ut i gata, finne ei kattunge og flå han. Det finst det derimot andre som gjer, og ved å ikkje vere som dei, trur eg at eg er betre enn alle andre. Eg er overlegen og ein besservissar, som ikkje flår kattunger. Eg er slem som ikkje respekterer andre vel å flå kattunger. Det er jo det dei liker å gjere, og berre av di eg har valt å la vere, gjer ikkje det meg til ein betre person.
DSC_0724

Eg bruker ikkje å banke opp medelevane mine, snakka stygt om dei til andre elevar eller spre rykte om dei. Eg er ikkje ein mobbar. Det finst derimot andre som liker å mobbe, og dette må eg respektere. Viss ikkje er eg ein besservissar som trur eg er betre enn alle andre.

Aldri har eg meldt meg inn i ein gjeng og rana ein bank. Det finst det derimot andre menneske som liker, og sjølv om politiet ikkje liker å rane bank, må dei respektere at andre har den interessa. Politiet er arrogante og sjølvgode som prøver å nekte nokon interessene sine.

Har aldri drepe nokon. Må respektere drap. Drap = interesse. Respektere forskjellege interesser. Eg overlegen som ikkje drep. Slem.

Det snillaste er å gjere alle vonde ting ein kan kome på, og å omtala dei som vonde er òg vondt, for alt er berre interessar. Aldri unngå å skade andre. Å skade er å vere audmjuk og å ikkje tru ein er betre enn andre. Hatar folk som ikkje mobbar når dei står der og ser på mobbing. Trur dei er so snille og greier.

Ver ond.
Ikkje ver god.
Mohahahahahaha.

Frå spøk til alvor, eg deltek stadig i vonde ting eg òg. Desse vonde tinga er ikkje gode ting, sjølv om det er eg som gjer dei. Eg er klår over at det er vonde ting, og at eg heller burde gjere noko betre. Eg meiner til og med at andre menneske, som vel det gode og ikkje det vonde i dei same situasjonane, er betre enn meg på dei områda. Dette gjer ikkje dei til overlegne personar, men personar som på eit bestemt område av livet sitt gjer mindre skade enn det eg gjer. I mine auge er mindre skade alltid ein bra ting.

I det siste har eg mellom anna vore med å støtte slavearbeid og masseproduksjon og motepress og klimautslepp, og eg liker det ikkje. Og eg har ikkje tenkt til å forsvare det, for uansett kva for argument eg har, vil dei vere dårlege. Dei som berre kjøper kleda sine på bruktbutikkar, slik som eg gjorde før eg starta på skulen, tek betre val enn kva eg gjer når det kjem til klede, av di dei gjer mindre skade enn kva eg gjer. På andre område er det motsett, og å erkjenne det er å vere realistisk (dersom ein ser på «skade» som negativt), ikkje overlegen. Eg måler folk etter kva dei gjer for verda, ikkje etter kor vidt dei er meg eller ikkje.

Å verkeleg vere audmjuk, skulle vere å setje so mykje pris på Jorda me lev på at ein ikkje vil skade nokon eller noko på ho med mindre ein er heilt nøydd. («Bacon er digg nam nam» er ikkje å vere nøydd, og heller ikkje «pels er pent» eller «må fylgja moten og kjøpe klede lagd i Bangladesh [slik som eg gjer])

Viss du er audmjuk, tykkjer du ikkje at ditt eige overfladiske velbehag er viktigaste enn dei større tinga, som ordentleg, ekte lidelse, kamp om liv og daud og rett til fridom. Du tykkjer ikkje din eigen fridom til å øydeleggje andre sitt liv er viktigare enn andre sin rett til å leve det einaste livet dei med sikkerheit har. Difor er ikkje valet om ikkje å skade det same som å ikkje vere audmjuk, slik som nokon tror. Viss du sit med to alternativ framfor deg, der det eine er til skade for andre og det andre alternativet ikkje, er det ikkje då meir audmjukt å velje det som ikkje er til skade, heller enn det som er til skade? Kanskje eg tek heilt feil, kanskje skading og dreping og øydeleggjing er det beste og mest audmjuke du kan gjere.  I so fall har me jo alle gjort ein god jobb og bør vere nøgd med oss sjølv, uavhengig av om me på eit eller to områder er arrogante besservissarar eller ikkje.

Reklame

Medkjensle og respekt

Image
 Biletet over viser nestekjærleik og medkjensle. Det er når ein legg seg i den senga ein veit at katta likar å sova i, av di ein veit at ho vert glad for selskap. Når ein ikkje kan gå inn på rommet med den sjuke katta i utan å leggja seg ned å halda rundt henne i minst ein time, sjølv om ein eigentleg skulle ha gjort andre ting.
Medkjensle kan resultera i at ein er grei mot skapningane kring seg. Det kan føra til at ein ikkje meistrar å utsetja nokon for smerte, av di medkjensla gjer smerta vond for ein sjølv òg.

Ei anna ting medkjensle kan føra til, er at ein nektar å setja seg inn i den faktisk innverknaden handlingene ein gjer i kvardagen har på dei som er kring ein. Det er ofte menneske fulle av medynk som held seg for øyra og skrik «ikkje fortell om kva dei gjer med kaninane sminka mi vert testa på, for eg synest so synd på dei!», og det er folk fulle av medkjensle som grev råtteungane levande ned under jorda istaden for å drepa dei kort og brutalt – «dei er so søte, eg vil ikkje sjå dei døy». Det er folk fulle av medynk som hiv hundeburet sitt med bikkje si ut i havet og spring heim, av di dei ikkje har råd til avliving og heller ikkje har hjarte til å sjå bikkja inn i augo medan dei plantar eit skot i hovudet på henne. Medynk gjer at folk ikkje set seg ned og les gjennom forskningsrapportane til dei som utfører dyreforsøk – og medynket gjer at ein difor ikkje oppdagar nøyaktig for meiningslaust det heile er, ved å sjå kva dei som driv praksisen, i sannheit berre driv praksisen for praksisen si eiga skuld. Medynk gjer at ein ikkje undersøker forholda i matindustrien, men berre konkluderer med at det «sikkert ikkje er SO ille, det er jo trass alt i Noreg». Medynk får deg til å lukka augo av di det du ser er ubehageleg.

Kort sagt er ikkje medynk naudsynt for å støtta dyrerettigheitar og å til stadigheit boikotta produkt som fører til det motsette.
Image
Menneske med mykje medynk, er ofte imot pels. Det er vanskeleg å koma utanom, ettersom bilete av søte pelsdekte dyr som minnar om katta di eller bikkja di ofte er på fjernsyn, og ofte manglar eit lem eller to. Eg personleg ville heller valt å mangla eit lem eller to, heller enn å sitja i eit lite nettingbur. Det ekstremt kjemiske, og ekstremt primitive medynket, gjer at ein ikkje opnar augo for det faktiske problemet – bura i seg sjølv, og endå viktigare, kva det er som fører til bura. Å snakka om pels, og kunn det, er like effektivt som å øsa vatn ut av båten men ikkje tetta igjen holet. Det er absolutt ikkje negativt å øsa ut vatn, men det vil ikkje hindra nytt vatn i å strauma inn. Det er ei god gjerning, men det svever på overflata av problemet.

Eg har sett so mykje at medynket no er lågare enn det var dei fyrste gongane. Medynk hindra meg i å undersøka kva det var eg bidro til kvar einaste dag, av di det gjorte vondt å sjå det. Medynk gjorde at eg støtta ein industri eg ville ha hata viss eg såg han. Eg er ikkje meir sensetiv enn folk som gjev mange, mange tusen kroner til kjøttindustrien og teste-gift-i-augo-på-kaniner-industrien kvart einaste år. Som regel er eg den i rommet som reagerer minst, når tematikken kjem opp. Kjøttindustristøttarar og kosmetikk-i-augo-på-dyr-industri-støttarar, skjer grimase og held seg for øyra, får tårer i augo og byrjar å jamra, når dei får høyra om ting som eg sjølv knapt røyrer på augelokket av, av di eg allereie veit so godt kva som skjer, og for lengjesidan har akseptert det faktum at det skjer i form av å ikkje fortrengja det. Ein skulle tru det ville vera eg som sat og peip og skreik «hald kjeft!» når andre snakka om overgrep mot andre dyr, men i røynda er eg ofte personen som fortel om det i ein bisetning uten ein gong å tenkja over at dei andre vil verta emosjonelt berørt. Ofte sjokkerer det meg. Eg hadde ikkje trudd at dei skulle reagera, dei som støttar og elskar industrien kvar einaste dag. So kva er det dei manglar? Det er openbert ikkje medynk. Medynk er ikkje noko eg mangla men plutseleg har fått.

Målet mitt, er å gro den grunnleggjande respekta for mine medjordbuarar so djupt inn i bevisstheita at eg ikkje treng medynk for å fortsetja å respektera. At eg ikkje treng medynk eller empati for å vera i stand til å sjå at noko er gale og dimed so godt eg kan ikkje vera med på det. At viss nokon går inn i hjernen min og operer vekk den biten som er skuld i medynket, gjer meg til ein psykopat, so vil eg framleis stå for det eg står for i dag.

Eg slit med å finna informasjon om dyrerettigheitar på ein måte som ikkje er skildra med dryppande medynk. Den heilt kalde, nøkterne skildringa av kva som faktisk skjer, gjerne med sitat frå dei som held på med det sjølv. Eg kan ikkje vidareformidla setningar som «dyra vert lei seg» og «buhu trist», for det appellerer ikkje til dei som ikkje allereie bryr seg. Dei kalde vil tenkja «dette er berre sensetivt tullpreik», medan dei fulle av medynk, vil få vondt i medynket sitt og styra unna.

Image
Dessutan vil eg tilrå Peter Singers Animal Liberation (Dyrenes frigjøring), og måten han gjer rede for ting. Eg er sikker på at dei menneska med aller sterkast medynk aldri ville ha vore i stand til å samla so mykje informasjon som det han har gjort, av di dei ville ha brote saman. Boka er fin båe for dei som treng meir informasjon av di dei nett no har eit alt for naivt syn på menneskes sjølvbilete, men òg for dyrerettigheitsforkjemparar som har lyst til å informera kameratane sine utan å verta stempla som den sensetive vegetarianaren.

Lukke til på ferda!

Eit innlegg om søppel

No har eg tenkt meg om i cirka ein halvtime, medan eg opplevde intens skrivarkløe. Så var det plutseleg eit menneske som sa:
«Hei, Daniel!

Du
Dumpstrer du?»

Eg bestemte meg for å skriva om søppel, om dynga, om kasting, og om jakt. Sjølv om eg er vegetarianar, betyr ikkje det at eg ikkje går på jakt. Det finst nemleg ei form for jakt som er mykje meir konstruktiv enn å fjerna dyr frå skogen. Det er nemleg mange dyr som allereie er fjerna frå eksistensen, men som er flytta til ein kontainer, der dei ligg og vert møre heilt til dei råtnar. Så lengje folk har lyst på den slags, burde dei absolutt jakta på denne måten. Det er riktig nok ikkje dette eg går på jakt etter, sjølv om eg ville ha gjort det om eg hadde fleire kjøtt-vener. Det kastast nemleg mange andre ting óg.

Image
Fyrste gong eg vart introdusert for friganisme, var via Putsj. Då lærte eg mykje spanande. For det fyrste lærte eg at det var kontainarar bak butikkar. Det visste eg ikkje. For det andre lærte eg at butikkane kasta masse mat. Det hadde eg ikkje tenkt på før. Og så lærte eg at det går an å få tak i maten utan å jobba i butikk. Det var óg nytt.

I heile verda kastast to milliardar tonn mat kvart år – dette er halvparten av all mat. (Ifylgje rapporten «Global Food; Waste Not, Want Not» frå Institution of Mechanical Engineers) Dette er ikkje spesielt hyggjeleg å tenkja på. Det er med andre ord ikkje eit problem at mengda mat er for låg i verda. Mange som har jobba på butikk veit at sjølv om dei kunne ha teke mjølka med seg heim for å drikka ho, må dei hella ho ut i vasken i staden og kjøpa sin eigen mjølk. Sånn er reglane. Reglane er til for å tena pengar. Det er viktig med økonomisk vekst. Samfunnet er så basert på økonomisk vekst at alt anna er uviktig. Hurra for økonomien, og ned med båe planeten og alle dei stygge vesna som bur på han.
Image
Eg klødde etter å hiva meg på denne spanande bølga med kontainardykkarar.

Om sumaren fekk eg besøk av ein ven, og me bestemte oss for å sjekka ut dette fenomenet. Difor sto me opp klokka halv fem neste morgon, så me kunne rekkja innom alle butikkane i nærområdet før dei opna. Me kasta oss på kvar vår sykkel. Den fyrste butikken me nådde fram til, hadde berre tomme kontainarar med ingenting i. Mykje kunne tyda på at maten vart kasta på innsida. Me fann allikevel gårsdagen avis, så han tok me med oss. Så sykla me heile den lange bakken opp til neste butikk. Her fann me mykje stas, hovudsakeleg i form av bananar og jordbær. Desse var det ikkje noko gale med, så me putta dei i korga. Då me gjekk ut av huset den morgonen hadde me aldri førestelt oss kor mykje me kom til å finna. Hadde me visst det, ville me ha teke med oss kvar vår sekk. Me trudde korga på sykkelen og den lille sekken ein av oss hadde på ryggen ville halda.
Image
Her er fleire ting. Dette er frå ein einaste tur, i den lille byen Horten. Utanfor ein av butikkane sto alle brøa ute, noko som var ganske imponerande. Det såg faktisk ut som om det var meininga at me skulle ta dei. Det var mange måker som hadde finne dei óg, og desse forsynte seg ivrig. Eg elskar måker. I kontaineren bak denne butikken har eg i ettertid aldri finne noko som helst, men denne fyrste dagen, der universet kanskje håpte å gjeva meg meirsmak, fann me båe plastposar (som var heilt fine, men som kanskje hadde endra design eller eitt-eller-anna – eg har framleis desse plastposane i skuffa, så når eg pakkar ting inn i plast kan eg trøysta meg med at eg ikkje kjøpte plasten), smoothie, cider og 30 flaskar Corona. Heftig. Me fekk naturlegvis ikkje plass til alle flaskane i sekken, så me sykla opp og henta nye flaskar dei neste dagane.
IMG_0733 - Kopi

Eg ville aldri ha kjøpt øl på eige initiativ. Eg fekk forøvrig smaken på det den sumaren.

Å besøkja søpla var spesielt spanande før eg vart vegetarianar. Er det noko ein ikkje treng å kjøpa i butikken, så er det kjøtt. Kjøttdeig, pølser, vingene til kjuklinger, indrefilé – og så vidare og så vidare. Å kjøpa kjøtt er idioti. Det er dyrt, det er ikkje mørt og dessutan støttar ein kjøttindisutrien (som er eit kapittel for seg sjølv). Viss kjøttet er dårleg så kan ein fint merka dette med menneskeaugene, menneskehenda og menneskenasen. Folk undervurderer sine eigne sansar. Dei trur dei må sjå på datostempelet. Og sjølvsagt er det ikkje sånn at datostempelet seier noko om den nøyaktige datoen der kjøttet plutseleg vert forderva. Å opna lokket på ei søppelkasse er deprimerande. Det kan vera gøy med kjensla av å lura systemet når ein ikkje bidrar til veksten deira, og når ein snikjer seg unna planen deira, og når ein kan eta noko som ikkje har ein ekkel bismak av overproduksjon og pengar. Alt kjøtet derimot, er eit ekkelt minne om kor mange dyr som vert drepne ikkje berre utan grunn (utan grunn nr 1: nam nam nam kjøtt), men i tillegg utan grunn. (utan grunn nr 2: går rett i søpla)
Image
Denne morgonen kunne me forøvrig laga frukosten vår av 100% søppelmat. (Kaffien var eit uttak, men kaffi er ikkje mat) Smoothien, brødet, pålegget, juicen. Me orka ikkje ein gong å eta opp alt, men framfor å kasta maten i søpla, delte me med det biologiske mangfaldet som eksisterte på Møringa den dagen.
Image
Ein flott sport. Stå opp tidleg, henta brød bak butikken, mata måker. Det finst mange festlege aktivitetar som folk flest ikkje veit om. Aktivitetar som, blant få, ikkje skader nokon. Den einaste eksisterande måten å få utlaup for båe jerrigheit og miljøentusiasme på ein gong. Eg berre seier det.

Men me veit jo ikkje korleis andre sirkus behandlar elefantar!

No er det den tida der alle som veit korleis dyr i sirkus har det, løper rundt og ber folk om å ikkje gå på sirkus. Eg har lese i debattar på nettet no, og finne ut kva det er som går igjen oftast blant dei som ikkje likar tanken på eit sirkus som berre inneheld menneske:

Me har sett stereotypisk åtferd hos elefantane til Merano og Arnardo – men det betyr ikkje at ikkje alle andre elefantar på alle andre sirkus har det topp!

Sånne utsagn plagar meg litt av di dei som kjem med dei fullstendig overser kva som er det grunnleggjande problemet med å ha andre i fangenskap og flytta dei rundt etter behov. For det er svært vanleg å denga laus på sirkusdyra for å halda dei underdandige, men det er ikkje dette som er kjerna til problemet. No skal eg visa eit bilete av kjerna til problemet:

Image

Fangenskap, er problemet. Mangelen på frivillig utfolding. Mangelen på spelerom, og fridommen til å leva ut sin eigen natur. Menneske er glad i fridom, men dei har ikkje noko imot å kapsla seg inn på kontor og bu der heile livet, sjølv om det gjer dei deprimerte. Elefantar derimot, vil du sjeldan finna i sjølvlaga bur. Kva er det då som får folk til å tru at elefantar likar bur betre enn kva menneske gjer? Når alt tydar på det motsette?

Ein utviklar som regel ikkje stereotypisk åtferd av di ein vert slått. Det skjer av di ein vert haldt i fangenskap og av di ein ikkje får utlaup for sin eigen natur. Nett det same ser ein med pelsdyr i bur. Det er ikkje sånn at det er dei som manglar eit øyre som har stereotypisk åtferd – for ein treng faktisk ikkje mangla eit øyre for å ikkje lika fangenskap.

Det eg gjerne skulle sett dokumentert, er korleis er det i det heile mogleg å gjeva eit sirkusdyr eit verdig liv? Uansett kor mykje eg vrir hjernen min så kan eg ikkje skjøna korleis dette skal gå til. Eg kan sjå korleis ein kan gjeva nokon eit verdig liv på dyrepark, viss dei har så stor plass at dei knapt skjønar at dei er i ein park, og området er ein etterlikning av deira vanlege natur og dei i tillegg lever i familiar – men eit omreisande sirkus, med totalt fråvere av eigen natur, og i timesvis under transport? Viss nokon av ein eller annan merkeleg grunn klarer å dyrka fram ein elefant som har det topp i sirkus, er ikkje denne eine elefanten ein elefant som gjer at det er greitt at alle dei andre lider.

Til slutt vil eg sitera det dummaste eg har sett på fleire dagar:

«Dernest kommer også alle klagene på dyreholdet. Det beste er fra hundeeierne som har hundene sine i bånd, eller låser de inne i små bur hjemme når de selv er på jobb – eller hva med de hundeeierne som har dyra innestengt i glovarme biler på sommeren. Hester som fraktes og står i små hengere på stevner? Mye å ta tak i for dyrevernerne. Synes det er fint med sirkus jeg 🙂 Stå på.»

Dette mennesket meiner faktisk at mishandling er greitt så lengje det finst mykje mishandling. Kvar skal eg starta?

Bryr du deg ikkje om menneske?

Mange menneske trur at det finst to arter i verda. Den eine arta heitte «menneske», den andre arta heitte «dyr». Nokre av desse veit at «menneske» går under «dyr», men lager allikevel eit skilje her for å visa at det er forskjell på menneske og på andre dyr. Denne forskjellen, mellom menneske og andre dyr, er større enn forskjellen på sjimpanser og andre dyr. Den er større en forskjellen på sjimpanser og kreps. Difor, i praksis, er det kun to arter. Og desse er fundamentalt forskjellege – av di menneske gjer ting som passar seg for menneske, medan andre dyr ikkje gjer ting som passar seg for menneske. Og viss dei gjer det, så er det «menneskeleg». Hunder som deppar gjer det på «ein menneskeleg» måte, og delfinar som redder livet til folk er veldig «menneskelege». Aper liknar på menneske, sjølv om dei kom før oss.

I tillegg til dette, har me ei bittelita og svært begrensa sirkel/boble som heitte Medkjensle. Medkjensle er alle født med, og me har det for alle innanfor same art. Det er naturleg og bra. Dei fleste barn har medkjensle for fleire dyr, men dette lærer dei seg for vekk med, av di det ikkje er naturleg. Det er viktig at me lærer og utdannar oss i kva som er naturleg for oss. Og så lærer me oss kor stor Medkjensla er. Når me har lært dette, stoppar ho ved M-en og sluttar ved «E»-en. Menneske.

Image
Sånn ser medkjensla til normale folk ut. Og dette er bra, for det finst mange menneske som har det fælt i verda, og for at me skal hjelpa kvarandre, må me bry oss om kvarandre. Så kan andre dyr taka ansvar for si eiga art. Viss menneske let dei, då.

I tillegg til desse flotte menneska som bryr seg om andre menneske – finst det nokre galningar som bryr seg om andre dyr. Det er forferdeleg. Som sagt har me berre ei boble med Medkjensle, og denne må me putta kring menneske. Veganarar, dyrerettigheitsforkjemparar og folk som jobbar som veterinær, og så vidare, har gjort fylgjande:

Image
Dei har rett og slett teke den lille Medkjenslebobla, og flytta ho frå «menneske» til «dyr». Det er ikkje mogleg å ha medkjensle for fleire enn ei art, og det finst kun to artar.

Nokre folk innser at det finst fleire enn to artar. Då lagar dei fleire Medkjensle-boblar. Til dømes kan dei ha medkjensle for katter. Det er vanleg i Noreg. Nyhende om urett mot menneske og katter, er hjarteskjerande. Alle andre kan dra til Helvete. Nokre har hundar i tillegg eller framfor katter. Det er ikkje av di dei er søte, for kjuklingar er og søte, men dei fleste vil gladeleg støtta eit system som sørgar for at dei vert behandla verre enn dei nokon gong har sett nokon behandla ei katt eller eit menneske utan at dei må skrika opp og boikotta det. Og sjølv om ein har medkjensle for katta, skal ein sjølvsagt ikkje har like mykje medkjensle for ho som det ein har for menneske. Menneske er nemleg svært fantastisk. Sjølv om mesteparta av lidinga menneske opplever er menneskeskapt. Og sjølv om mesteparta av lidinga til mange andre arter óg er menneskeskapt. Og mykje meir omfattande.

Ikkje alle si medkjensle ser heilt sånn ut. Og noko så enkelt som at «smerte» er det same som «smerte», tek det ofte lang tid å forstå når ein fyrst har lært seg opptil å ikkje forstå det. Og at det er det same uansett kven det er mot. Å ikkje få lov å elska nokon er like vondt uansett om du elskar ein gut eller ei jente. Og dette vert ikkje påverka av kva kjønn ein er. Det vert ikkje påverka av om du er cis eller ikkje. Det er vondt viss du ikkje får lov å elska av di barna dine alltid vert teke ifrå deg med ein gong dei kjem til verda. Å elska er eit instinkt – og det er ikkje eit argument for at det ikkje er verd noko. Det er tvert om eit argument for at det er vondt å verta hindra i det. Allikevel lærer folk å tru at kjensla av å «elska» er heilt fundamentalt forskjelleg etter kva gruppe folk høyrer til.

Dessutan er det ikkje sånn at menneske som seier «kva? Bryr du deg om andre dyr? Tenk på menneske!» eigentleg bryr seg om menneske. Ikkje faen om dei gjer. Dei fleste gjer ikkje det. Dei fleste menneske som berre bryr seg om menneske, bryr seg berre om nokre få menneske. Viss dei er homofile, bryr dei seg berre om homofile (som er norske og som er cis). Og kanskje litt om heterofile. Dei bryr seg om LHB(ikkje T)-rettar. Og berre viss alle L-ane, H-ane og B-ane ikkje har ein T, ikkje kjem frå eit anna land og ikkje er av ei anna art enn menneske. Dei som vert kategorisert som T derimot (og her er det så mange forskjellege type kjønnsminoritetar at det ikkje er vits å skriva om alle i denne parentesen), kan berre ha det så godt. Faen ta dei. Og dei igjen, har ofte ein grunnleggjande respekt for homofile, men dei har ikkje alltid respekt for folk som kjem frå eit anna land. Viss landet er Sverige eller Danmark går det ofte greitt, og viss det er USA, men viss det er frå eit land der folk har annleis pigment, er det ofte ikkje like enkelt å føla medkjensle for dei. Og dei som kjem frå eit land (og har budd der mesteparta av livet sitt) der ein har annleis pigment, har slett ikkje alltid særleg mykje medkjensle for dei menneska eg allereie har skrive om.

Og dei få menneska det er som finst – dei som har medkjensle for alle type menneske – er det verkeleg sånn at ingen av desse kan ha medkjensle for andre artar? Her er ein vanleg modell:

Image

Men «alle andre» bur ikkje i ein firkant. Dei står rett utanfor medkjensle-bobla di og ventar på å verta inkludert. På sine eigne premissar. Dei fleste har medkjensle for deg i det du slår tåa, men ikkje i det du opplever smerte grunna noko som berre menneske i same situasjon som deg sjølv opplever. Ikkje før dei skjønar at smerte er smerte, og at folk opplever smerte av forskjellege grunnar  – og at av og til er dei forskjellege grunnane eigentleg dei same, men i forskjelleg drakt. Homofile vert oftare og oftare inkludert i medkjensla. Men berre viss dei er cis. Mange inkluderer folk frå andre land. Men berre viss dei er mentalt stabile – sjølv om mange av dei har mindre forutsetningar til å vera det enn ein sjølv. Nokre folk inkluderer dei som bur på gata. Men berre viss dei ikkje kjem frå Romania. Nokre folk inkluderer til og med dei som kjem frå Romania. Men det er ikkje forskjelleg Medkjensle-boble. Du lagar ikkje fleire medkjensler. Du flyttar ikkje medkjensla. Du tek ikkje litt medkjensle frå ein type folk og flyttar ho til ein annan folk. Det vert ikkje mindre på kvar viss du sprer dei utover. Du tøyar medkjensla som ein muskel. Du gjer ho større og større. Då du var liten hadde du det for alt levande, men så vart det kutta vekk. No må du trena ho opp att. Fyrst til folk som liknar deg sjølv. Så til andre som ikkje liknar, og så skjønar du at dei liknar allikevel. For forskjellege folk er det forskjelleg kven som står nært og langt unna. Nokon får medkjensle for elefantar før dei får medkjensle for folk som kjem frå Romania. Andre får medkjensle for folk frå Romania før dei får det for dyr som har fjør . For mange er dyr med fjør lengst unna. Og dei som pustar inn oksygen gjennom vatnet, er endå lengre. Faktisk så langt unna at sjølv ikkje dei som har dei med i Medkjensle-bobla si tør å snakka høgt om dei.

Og når alle er inkludert, så er dei plutseleg ganske like, og  ein kan respektera alle på deira eigne premissar. Og sidan du har trent opp medkjensla, er ho ikkje berre større, ho er sterkare og. For det er ingenting som kan forandra ho. Det er ikkje lenger like lett å flytta ut av medkjensla di, for alt er plutseleg så mykje meir komplekst, og plutseleg så mykje enklare.

Image
No kan sola ljosa på alle saman.
(Bortsett frå dei som ikkje tåler sol, eller som har for mykje sol der dei bur. For dei kan få noko tilsvarande, til dømes regn. Det er sånn dei inkluderes på sine eigne premissar.)

Kan nyting vega opp for smerte?

Eit argument eg ofte høyrer for at det er greitt å påføra andre smerte, er fylgjande: «Kva? Er du imot at me har det deilig?» Vanlegvis forsvarer ikkje folk seriemordarar på denne måten, eller generelt slakting av menneske, men slakting av andre dyr får ofte denne responsen. Uansett kor uverdig dei måtte leva livet sitt, og uansett kor uverdig dei måtte enda det. Det er heilt greitt, for «du er vel ikkje imot at eg skal ha nokre minutt med orgasme på tunga mi? Hatar du menneske ell?» For det fyrste har eg fått nyting på tunga mange gongar i det siste sjølv om eg har kutta ut akkurat den nytinga som kjem av at nokon har levd eit uverdig liv – av di eg meiner at dei minutta med nyting ikkje gjer opp for smerta som «måtte» til for å skapa det.

Det som plagar meg er imidlertid ikkje at dei argumenterer for å torturera andre dyr. Det aller mest irriterande er at grunnane dei diktar opp ikkje hengjer på grep med korleis dei vanlegvis tenkjer. Viss eg torturerer ei katt på gata, vil det til dømes ikkje vera unnskuldning nok at eg gjorde det av di eg tykkjer det er deilig å torturera. Plutseleg veg ikkje nyting opp for smerte lenger. Det veg berre opp viss det er ein sjølv som gjer det. Ein kan difor seia «nei, at du torturerer katter er ikkje greitt, for det gjev ikkje meg nyting.»
Image

Viss ein har ein livsfilosofi basert på at nyting kan vega opp for smerte, bør det vera konsekvent. Det bør ikkje berre handla om i akkurat dei tilfella ein sjølv ikkje er villig til å boikotta tortur når dei kan få nyting på andre måtar. For gjeld dette berre i eitt tilfelle, held det ikkje. Viss nyting skal vega opp for smerte – på ordentleg – bør det og vera snakk om situasjonar som dette:

Ein mann vert torturert ute i hagen min. Eg kan velja å gå ut å redda han, noko som vil føra til litt stress og slit for meg. Eller eg kan venta til det går over og mannen er fri til å gå. Viss torturen av mannen fører til nyting for dei som torturerer han, er det faktisk snakk om to stykk nyting mot eit stykk liding. Såleis burde valet vera enkelt. Viss det derimot ikkje er snakk om nyting frå torturistane si side, kan eg lett vega opp for torturen ute i hagen ved å setja meg ned og byrja å onanera eller drikka ein deilig drink. Eg treng ikkje redda han – eg veg opp for smerta ved å påføra meg sjølv tilsvarande nyting.

Viss ein ikkje kan vera einig i dette dømet, er det heller ingen grunn til at nyting skal vega opp for smerte i andre situasjonar. Kvifor skal dette berre gjelda av og til? Anten så veg nyting opp for smerte – eller så veg det ikkje opp for smerte.

Er mobbing greitt så lengje mobbarane er sadistar og difor nyt det dei driv med? Og i så fall: er det framleis greitt viss du vert mobba? Eller er det eit unntak?
Image

Det finst endå meir moral med hol i. Dette biletet er til dømes veldig provoserande av di ein samanliknar folk som går på jakt og skyt elgekuer sånn at kalven døyr åleine i skogen – med menneske som går på jakt og skyt menneskemødrar sånn at babien kjem i fosterheim. Elg har nemleg ikkje moral (kva veit me om det), difor er det greitt å gjera kva ein vil med elg, medan det ikkje er greitt å gjera kva ein vil med menneske uavhengig av kva moral dette mennesket har. Dessutan fører jo skyting til nyting for jegaren, som likar skyting. (At det fører til nyting for seriemordaren, er ikkje så viktig- sjølv om konsekvensane for menneskebarnet er mindre enn konsekvensane for kalven) Nyting over smerte gjeld med andre ord berre i den eine situasjonen og ikkje i den andre. Og kven i all verda seier at mennesket som vert drepen har ein bestemt moral? Skal ein spørja folk kva moral dei har før ein drep dei?

Det verkar og som om nyting tellst medan smerte ikkje tellst. Sjølv om dei som tek omsyn til nyting, i tillegg burde taka omsyn til smerte. Ein burde måla det opp mot kvarandre. Er nytinga større enn smerta? Eller er smerta større enn nytinga? Eg prøver å ta dei fleste val utifrå dette. Skal eg eta noko som gjev meg vondt i magen? I så fall: Kor godt er det, og kor vondt får eg i magen? Det same spør eg meg før eg skal kjøpa noko som det er stor sannsynlegheit for at har opplevd smerte. I eit kapitalistisk samfunn er det nemleg svært, svært sannsynleg, ettersom profitt er viktigare enn livskvalitet, at smerte er inkludert. Støtter eg ein industri som bryt med absolutt all moral eg har, viss eg kjøper dette produktet? Og viss eg er klår over dette; kvifor skal eg då støtta industrien? Ville eg putta pengar i «GÅR TIL Å PRODUSERA NYE TORTURMETODAR I GUANTANAMO»-boksen viss nokon hadde stand på torget? Kva viss eg fekk eit fat med vegankake på kjøpet? Og er ei kake som støtter torturering av andre dyr (som i dette tilfellet er menneske) eigentleg vegan?

Nyting kan vega opp for smerte viss det er snakk om minimal smerte mot ekstrem nyting. Overleving handlar derimot ikkje om nyting. Å eta for å overleva og å eta for å få nyting på tunga samtidig som ein aukar sjansen for å få kreft og hjartesjukdommar og i tillegg støttar ein industri som baserer seg på å ikkje ta omsyn til andre levande individ, er to forskjellege ting. Difor ville eg ha ete dei daude menneska viss eg var fanga oppi Andesfjellene med eit styrta fly og nokre lik. Eller kjøttet i søppelkassa viss eg var uteliggar. Eg ville derimot ikkje ha putta ein kalv inn i eit lite trebur der han ikkje kan snu seg, i mange månader med fullstendig isolasjon og deretter ete ho til middag berre av di eg tykkjer kalvekjøt smaker godt og i tillegg ser fancy ut. Nytinga veg ikkje opp ein brøkdel av smerta eg skapte for å oppnå det. Viss smerta derimot var nede på nivået med nytinga på tunga mi, medan nytinga var på nivå med smerta kalven opplevde, hadde det derimot kanskje vore heilt i orda.

E-post til Vestfold Høyre

http://www.dyrebeskyttelsen.no/pels/krev-forbud-mot-pelsdyroppdrett

Eg kom borti denne lenka der ein kunne skriva til sitt lokale fylkesparti kvifor ein vil forby pelsdyroppdrett. Eg er ein sånn som alltid skriv sånne E-postar når eg kjem over dei, og eg prøvde å formulera meg så høfleg som mogleg – utan at eg trur det var eksemplarisk av den grunn. Gjer gjerne det same, og ver gjerne meir høfleg enn det eg var, for det trur eg ein er tent med. Eg skreiv til Høgre av di eg veit at dei er svært populære i Vestfold, og samstundes elskar pelsdyroppdrett, på same måte som dei elskar alt anna som er økonomisk lønnsomt, uavhengig av kor etisk forkasteleg det er. Og så vidare.

Image

Her er forøvrig e-posten min, til inspirasjon. Eg kom etterpå til å tenkje over at det ofte er høfleg å skriva «hilsen Daniel» under, men det gløymde eg rett og slett. Så viss du skal skriva ein E-post, avslutt gjerne med noko personleg. Kos deg:

«For meg virker det underlig at dyremishandling er lov så lenge en får betalt for å holde på med det, som jo i all hovedsak er hva pelsdyroppdrett handler om. Jeg vet at Høyre synes det er en flott næring med tanke på at det er lønnsomt (?), men jeg kan komme på mange andre ting som er lønnsomt uten at det er lovlig for den saks skyld. Tidligere trodde jeg at det som avgjorde om noe var lovlig eller ulovlig, var om det forårsaket unødig smerte. Og nei, jeg vil ikke kalle en pelshatt for nødvendig smerte.

Hvis jeg hadde gjort det samme med katten min, så håper jeg inderlig noen hadde reagert. Hva mennesker er i stand til å gjøre mot dyr og hva mennesker er i stand til å gjøre mot andre mennesker, har ofte en tett sammenkobling. Vi ser for eksempel ofte at mobbere og seriemordere startet som dyreplagere, og da kan vi jo spørre oss selv hva et samfunn som tillater tortur (som isolasjon jo er) mot dyr, kan komme til å tillatte videre. Ettersom påstanden om at mennesker er det eneste dyret på planeten med evnen til å oppfatte smerte (for å si det på en annen måte; det eneste dyret med nervetråder) er en oppfatning som nå til dags er svært enkel å motbevise, øker også motstanden mot denne torturen, og nå i november, som er den måneden der folk er kjempeengasjerte i tematikken, tror jeg faktisk Høyre hadde gjort seg tjent (!) med at alle medlemmene gikk inn i seg selv og spurte seg om hva slags samfunn en egentlig har lyst på. Hva er regelen? Tortur er greit så lenge det er lønnsomt? Eller «isolasjon er ikke tortur»? Gjelder dette mennesker og? Eller er mennesker et unntak fordi de kan stemme? Er det intelligensen som er avgjørende for hvor vidt en kan torturere noen? I så fall, gjelder dette mennesker med alvorlig nedsatt intelligens? Kan jeg gjøre dette med hunden til naboen min? Eller er det ulovlig fordi det er «tyveri»? Kan naboen gjøre det med hunden sin?

Jeg vil gjerne høre en uttalelse som tydelig trekker linjene mellom hva som er lov og hva som ikke er lov, hvor grensen går for hvem en har lov å torturere for penger. For når jeg hører et parti si ja til denne oppførselen, så skremmer det meg å tenke på hva de i fremtiden kan komme til å si ja til.»

Eit innlegg om akseptert tortur

Eg er glad i Sara. Ho er eit familiemedlem, som bur i same hus som meg og går kring som ho vil. Som alle andre familiemedlem, er ho femti prosent glede og femti prosent irritasjon. Av og til går ho kringom med den arrogante haldninga si og gidd knapt å svara meg når eg snakkar til ho. Når eg kunne tenkja meg litt selskap og støtte, gidd ho ikkje bry seg og går i staden ein annan plass. Det er absolutt eit meir ærleg svar enn det vanlege «mhm» og «jaha» som er den tilsvarande responsen ein kan få frå eit menneskje.

Eg og Sara er ikkje spesielt gode vener lenger. Ho bryr seg sjeldan om meg anna enn når ho vil ha mat. Når ho vil ha selskap er det mora mi ho går til. Sånn var det ikkje før. Før var eg favoritten. Eg trur det var av di eg var flinkare til å snakka med tullete katte-stemme, og i tillegg ga ho mat kvar einaste gong ho ville ha det. Dessutan var eg den fyrste ho fekk kontakt med då ho kom hit fyrste gong. Ho låg og gøymde seg i kledeskuffa mi, og gjekk fram og tilbake på golvet i gongen og mjaue høgt heile natta. Til slutt låg ho i vindaugskarmen på rommet mitt, og me fann tona.

Ei spesiell natt var då eg låg med favoritt-apa mi kring halsen. Apa har to hender med borrelås som eg låste fast kring halsen, medan apa kvilte på brystet mitt. Det var som regel naudsynt for å få sova. Då kom Sara inn på rommet mitt, dytta forsiktig vekk apa med hovudet og potane, la seg sjølv på brystet mitt og plasserte potane kring halsen der apa hadde hatt dei. Det er den opplevinga eg fortel andre når eg skal fortelja om Sara.

Å sjå usikkerheit og frykt sakte gli over til tillit og tryggleik (eventuelt «behov for nærleik» eller ein demonstrasjon av «eg eig deg», viss eg skal tilfredsstille alle sine meiningar), er ein av dei vakraste prosessane eg veit om. Aggresjon og temperament gli over i tryggleik og harmoni. Prosessen er så og sei den same overalt i dyreriket, menneske er ikkje noko avvik. Viss du isolerer og øydelegg nokon lengje nok, vert dei kanskje aldri normale att. La oss til Harry Harlow sine aper som eit døme. Isolasjonseksperiment. Skilje ei apeunge frå mora si og deretter isolera hin fullstendig. «The well of despair» var ein slags mørk brønn der ein skulle vera mutters åleine i opptil eit år. Sjølvsagt var apa øydelagt etter å ha kome ut. Livredd for andre aper, sprang vekk frå dei når dei kom i nærleiken, vart mobba og fungerte korkje sosialt eller seksuelt eller åleine. Klassisk åtferd som våging fram og tilbake med hovudet i henda. Nokre av dei nekta å eta og svelta ihel. Eit ganske enkelt prov på at behov for tryggleik og nærleik kjem over behov for mat. Hadde maten kome fyrst, ville ein ikkje svelta seg ihel. Det er ikkje tvil om at isolasjon er skadeleg. Viss Harlow hadde vore like lur som meg, ville han berre spurd nokon som har opplevd isolasjonstortur. Han ville teke ein allereie deprimert person og stilt spørsmål. Han kunne intervjua torturerte menneske. Viss han ville forska ordentleg på emnet, kunne han jo prøvd å fiksa allereie øydelagde individ. Eg trur dette er tilfellet i det meste av forsking. Ein vel eit dumt alternativ som inneheld tortur framfor eit klokt alternativ som ikkje inneheld tortur.

Nokon sa til meg ein gong at eg måtte vera forsiktig med å gjera dyr til menneske. Eg føler ikkje at eg treng å vera spesielt forsiktig. Eg veit at det einaste dyret som er menneske, er mennesket. På same måte som det einaste dyret som er høne, er høna. Eg veit at menneske og gris er forskjellege frå kvarandre, og eg veit at gris og kalv er forskjellege for kvarandre. Forskjellen er berre at behovet for tryggleik ikkje er noko mennesket er åleine om. Når eg seier at ei ape treng tryggleik, er det ikkje basert på at eg trur ape er menneske, sjølv om eg kanskje er nærare den tru enn mange andre er, med tanke på at me ser svært like ut. Eg veit at viss to forskjellege skapningar ikkje kan laga forplantningsdyktige avkom i lag, så er dei av forskjelleg art. Det gjeld alle plassar i dyreriket. Katt er ikkje menneske, for katt og menneske kan ikkje laga born som kan få born saman. Katt og ku kan heller ikkje det.

Det eg kan seia med sikkerheit, er at viss eit menneske med kvit frakk hadde kome inn i huset mitt, henta Sara og kjørt ho til Løken Gard for å selja ho til sminkeindustrien, så hadde eg gjort alt i mi makt for å stoppa det. Eg hadde oppsøkt garden, finne Sara og henta ho. Eg kunne sikkert slått ned den kvitkledde med klubbe viss det var det om å gjera. Eg hadde ikkje gjort det same viss han henta bokhylla mi eller bordet mitt. Eg hadde sjølvsagt meldt han for tjuveri.

Eg hadde ikkje likt det viss nokon sperra Sara inne i eit nettingbur, eller viss nokon drypte kjemikaliar i auge hennar. Dei som gjorde det ville fått gjennomgå. Allikevel sit det folk med katt på fanget og tykkjer det er viktig med framsteg i sminkeindustrien, og at det er bra med arbeidsplassar. Nett dei same menneska ville med sikkerheit forsvart arbeidsplassane til SS-soldatar. Ikkje i dag, for i dag er båe jødar, funksjonshemma, sigøynarar, rom-folk (…?) og homofile rekna for menneske å vera. Mennesket er intelligent, difor fortener dei å ikkje oppleva tortur.

Ein gris har intelligens målt på storleik med intelligensen til ein treåring. Ville nokon sendt treåringane sine til tortur som straff for at dei var tre år og deretter spist treåringen sin til middag utan å kjenna seg litt kvalm etterpå? Delfinar har eit komplisert språk. Språk er ofte eit argument for å ikkje torturera. Kan eg torturera eit menneske viss eg ikkje skjønar språket? Til dømes ein spanjol, som fylgje av at eg ikkje kan spansk? Eg kan kattespråk betre enn spansk. Eg skjønar alltid kva Sara seier. Eg skjønar sjeldan kva ein spanjol seier. For eg har ingen spanjol i huset.

Me har universelle språk, språk som gjeld for alle artar og for alle raser. Skriking tydar nesten alltid at ein er misnøgd. Jo meir desperat skrik, jo meir misnøgd. Alle burde skjøna kva eit skrik er. Det skremmer meg at dei same som kan høyra på skrik i eit slakteri utan at det minner dei på ting me ikkje har lyst til å samanlikna oss med, skal vera kring andre menneske. Viss dei ikkje skjønar openbare uttrykk for smerte, korleis skal dei då kunne oppfatta signal frå borna sine? Sjølvskading. Dei fleste driv med det viss dei vert utsett for nok press eller stress. Viss eg bit meg sjølv i armen til eg blør, vil nokon meine at det er eit symptom på at eg ikkje er så innmari lukkeleg.

Eg har sett kattar og kjærastar opna seg og nærma seg på mykje av den same måten. Det er ein universell ting. Det er ikkje noko «menneskeleg» over det. Ofte vert ein overraska over kor «menneskeleg» ein hund kan oppføra seg. At ein deprimert hund gjer nesten alle dei same tinga som eit deprimert menneske. Men, det er ikkje menneskeleg. Det er noko menneske gjer, men ikkje noko menneske står åleine om.

Eg lurer på om det er medkjensle, sosial intelligens eller IQ som manglar når ein ikkje kan sjå sånne enkle samanhengar. Når ein ikkje skjønar at eit skrik er eit skrik. «Ein bil kan og skrika», kan ein seia. Men ein bil har ikkje eit nervesystem. Viss ein absolutt må ha prov på at nokon kan kjenna smerte, er det berre å ta ein kikk på hjernen. Smerte er der inne. Smerte er ikkje noko abstrakt og sjeleleg. Låg intelligens er ikkje eit hinder for å kjenna smerte. Ein baby kan kjenna smerte. Ofte tåler ein baby mindre smerte enn ein vaksen. Difor er me ekstra forsiktige med babyar.

Viss ein mann i kvite klede kom inn i huset mitt og byrja å dryppa kjemikaliar inn i augo på katten min sånn at ho vart blind, så ville eg ikkje meint at det var greitt uansett kor bra maskara han kunne laga. Uansett om han ville mista arbeidsplassen sin viss han slutta. Nokre arbeidsplassar er ikkje verd å kjempa for. Viss eg tente pengar på å torturera forbipasserande, så er det ingen som ville forsvart det med økonomien min. Det er heller ingen som ville lagt pengar i hatten min viss eg torturerte nokon offentleg. Iallfall svært få. Dei same menneska kjøper dyretesta sminke og tykkjer det er greitt. Dei legg pengar i hatten til torturisten. Det er igrunn ganske ekkelt å tenkja på.