Klokka er fem om morgonen. Dette er eit flott tidspunkt for å stå opp. Denne gongen har eg diverre ikkje sove før eg sto opp, og dermed er det ikkje like imponerande. Eg lurer på kva sånne ting som dette kjem av. Det å ikkje få sova sjølv om ein er trøytt og sjølv om ein har lagt seg. Det aller verste ved det heile, er kanskje mangelen på produktivitet. Når ein ikkje søv ei heil natt, bør ein gjera noko nyttig og vettugt. Ein bør til dømes, viss ein er meg, skriva kapittel på julekalendaren sin. Kapittel 18, bør eg skriva. Eg har nemleg teke att meg sjølv, som vanleg, og skriv eitt og eitt kapittel kvar dag. Eg likar å vera litt foran meg sjølv. Og ei natt der eg ikkje søv, bør vera det perfekte for å skriva. Då er det mørkt og stille og konsentrasjonen burde vera på topp. Dessutan kjem ein ofte inn i ein spanande tilstand der draum og verkelegheit blandar seg i hop og gjer fantasien meir levande. Men. Det fungerer ikkje.
I staden har eg skrive eit dikt. Det er flott. Det er eit dikt eg har hatt lyst til å skriva ein stund. Eg starta med mange, mange vers, men endte opp med berre to. Dei to versa fungerte godt åleine. Det har vore på netthinna mi altfor lengje – eg tenkjer på religiøs slakting, typ. kosher. Grunnen til at det har festa seg sånn til hovudet mitt er ikkje berre av di eg har sett sjuke, sjuke klipp av kva dei faktisk driv med, men av di prinsippet kjenst provoserande. Eg skjønar ikkje kvifor noko vert meir heilag av at det er meir liding inne i biletet. Det ser ut til at dei har ein meir smertefull måte å drepa på, og på same tid har dei eit krav om å ikkje nytta bedøvelse. Den einaste måten eg kan tolka dette på, er at smerte er heilag og nåde er synd.
Her er noko eg ikkje har sett, men eg går utifrå at det er noko i same gate som det eg såg. Det verkar ikkje som om dette er lov i Noreg enno, men somme prøver stadig å slå gjennom med det. Det er nemleg meir i orda å torturera nokon viss ein er religiøs enn viss ein ikkje er religiøs. Å ikkje få lov å torturera utan bedøvelse er religionsdiskriminerande. Eg tenkjer at ein må ha eit merkeleg syn på sin eigen religion viss han er synonym med å begå tortur.
*
Eg går ofte inn og ut av verda når det er natt. Det er gjerne difor eg skriv så mykje. Før kunne eg skriva ting heile natta, kapittel etter kapittel. Denne eigneskapa med å kunne gå frå ei verd til ei anna medan fingra heile tida er på tastaturet, har teke ferie. No skjer det berre i hovudet mitt. Det er hyggjeleg det og, men det er ikkje like konstruktivt. Eg vert ikkje betre til å skriva av å tenkja på ting inne i hovudet mitt. Det er kanskje kritikardelen som har vokse seg for stor, sånn at ting ikkje kjem ned sånn som det skal. Tidlegare var ikkje dette så viktig, då ramla berre bokstavane ut av seg sjølv. Det hadde vore nyttig å få det tilbake.
*
Eg har gjort noko bra. Eg har laga tre dokker. Eg har ikkje laga dei ferdig, men eg har laga kroppene deira. Fylt dei og sånt. Det som er att no, er sjela. Sist gong eg var vaken heile natta, bakte eg to brød og rydda kjøkkenet og lekte med katta. Kanskje eg bør vera vaken om natta oftare. Eg gjer visst fleire lure ting då enn om dagen.
*
Forøvrig fann eg ein interessant blogg. Der var det mange lure ting, mellom anna:
denne give away-en. Det såg hyggjeleg ut! Det er framleis ikkje for seint. (Biletet fungerer som ei lenke)
Me snakkest seinare. Då kjem eg til å skriva eit meir fornuftig og samanhengjande innlegg om noko intellektuelt.