Vintermeg

I år blei eg i Horten sjølv om eg eigentleg skulle dra til Stord. Eg tenkte at på Stord ville eg sitja for mykje i ein sofa, og dessutan ville eg vakna etter mørkret hadde kome og at mørkret ville eta meg opp etter mange dagar utan eksponering for sola. Viss eg drog dit kom eg ikkje til å gå turar, og eg kom til å eta berre usunne ting og føla meg dass. Difor valte eg å ikkje dra til ein plass eg var ønska og heller bli i ein sofa i Horten og ei seng i Horten, å ikkje gå ut i dei ljose timane og å ikkje skriva og å ikkje veta kva eg skal ha på av di alt er plagsamt mot huda som er altfor varm eller altfor kald. Ikkje vaken nok til å gjera seg interessant nok til å kunne vera noko for nokon, berre hovudbry dei gongane eg tvingar nokon til å snakka med meg.

Vintermeg er litt og litt mørkare for kvart år, tidlegare var byen full av snø og eg akte og drakk kakao og såg på teiknefilmar saman med nokon som òg likte å aka, drikka kakao og sjå på teiknefilmar. I fjor var eg langt frå sentrum og budde på eit rom som stinka kloakk på tilfeldige tidspunkt utan telefondekning, og eg drog til Stord i juleferien og sat i ein sofa og gjekk ikkje turar og rotna vekk og tenkte at det ville verta lengje til neste gong. Skulle ynskja eg gjorde det i år òg.
sumarmeg
Sumarmeg har mykje å by på og er difor ikkje einsam. Stundom åleine men ikkje einsam, for eg veit at eg kan viss eg vil, viss eg vil kan eg ta med meg kven som helst og gjera kva som helst utan at det er tungt. Sumarmeg går an å sjå på utan å verta trist av synet, og sumarmeg kan smila utan smerte i augo. Om kveldane, åleine, kan eg vera i mitt eige selskap utan å vera einsam.

I fjor var eg noko nytt som eg nettopp hadde oppdaga, det var underhaldning i berre å vera den personen som eg var, og som eg ikkje er i år av di eg allereie er lei av selskapet mitt. Det som er einsamt er ikkje berre fråvere av andre, men å vera åleine med dette mennesket og ikkje ein person som gjev meg nokon andre å fokusera på.

Her er meg i fjor:
Snapshot_20131214
Eg var ofte åleine om natta og sat i stova og skreiv ting eller sminka meg eller gjekk rundt og såg meg i spegelen og lagde historier i hovudet og sang songar og drakk kaffi og elska å vera åleine og hoppa i sofaen. Eg kunne vera spanande og interessant og aldri aldri syga kreftane ut or kvar person eg møtte.

Reklame

One thought on “Vintermeg

  1. viss du vil finna på noe så gjør eg nesten aldri noe, det er bare til å si ifra ^^
    eg synest vinter-deg er interessang eg ^^ det eg har fått sjå av ho ihvertfall, eg veit det ikkje er lett å være sprudlande om vinteren, men du gjør ein god jobb med det så vidt eg har fått sjå

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s