Tre skogtroll

Stundom ser eg gjennom bilete og prøver å finne ut om det er noko eg vil skrive om, men som regel ender eg opp med ingenting. Det er vanskeleg å balansere kva som høyrer heime i ein dagbok og kva som kan vere interessant å dytte opp i fjeset på andre. Det som ikkje høyrer heime i ein dagbok men som kan vere interessant å vise til andre, er som regel skrive hundre gongar før. Eg er ikke lenger so glad i å skrive ting som mange andre allereie skriv – det finst nemleg nok blogginnlegg, nok artiklar og nok synspunkt som det er. Det finst ingenting eg meiner som ingen andre meiner, og som eg kan formulere på ein måte ingen andre har formulert. Av og til kunne eg tenkje meg at folk ikkje sat og skreiv kva dei meinte heile dagen, men heller drog ein tur i skogen utan dataen sin. Slik som eg gjorde for nokre veker sidan. 
tur

For nokre veker sidan var snøen vekke. Du skulle nesten tru det var haust og ikke vinster, sjølv om det var januar. Eg og Benedicte sat på loftet og spiste taco i salatblad og snakka om livet, og so konkluderte me med at ein telttur i skogen ville ha vore fint. Mykje av di det eigentleg høyrer sumaren til, og at det er so lengje til sumaren – eg sluttar alltid å leve når det er vinter, det er vanskeleg å ikkje ta kulda, glatta eller sluddet som slår meg i fjeset personlig. Me valte oss ut to personar me kunne tenkje oss å ta med på teltturen, og tidspunktet var «neste helg».

«Neste helg» har ein tendens til å vere veldig lengje til. Stundom er det so lengje til at me ikke rekk å kome dit før me døyr. Det er alltid noko anna som kjem i vegen eller nokon som plutseleg skal noko anna, og å utsetje ting er alltid meir komfortabelt enn å gjere ein innsats for noko (som helst). Det er difor huset ofte er rotete og det ofte er støv i lufta og det ofte er veldig mange lekser eg lurer på om det framleis er noko vits i å gjere eller om det er so lengjesidan eg skulle ha gjort det at eg like gjerne kan gløyme det. Dagen før turen var det ein som ikkje kunne, for sånn er det alltid. Eigentleg snakka me om å vente til «neste veke» ein gong til, men heldigvis såg me kva som var i ferd med å skje og drog ut i skogen allikevel.
turiskogen

Det var mørkt allereie då me kom. Å finne ein teltplass tok sikkert ein time, ettersom det var so mørkt. Kring bålet var det mykje lettare å reflektere over ting enn kva det er når ein sit i ein sofa heime, for kulda var litt ubehageleg, og det vart aldri heilt ljost sjølv om me brukte båe lommelykt og ljos frå bålet. Bålet som eg ikkje hadde lyst til å gå vekk frå grunna kulda.

Tida går mykje fortare når det er veldig komfortabelt og ein har dupedittar kring seg. I skogen om natta gjekk tida kjempesakte, og i teltet var det so kaldt at det nesten var umogleg å sove. Stundom vakna eg opp av at nokon andre var kald – og då eg til sist vakna om morgonen, med ei kjensle av at eg ikkje hadde fått so mykje søvn og at eg på mange måter ikkje hadde lyst til å gå ut av teltet, var det ikkje mørkt lenger.

Eg liker å dra på turar ut for å ta med meg noko når eg kjem tilbake, eller kjenne på noko eg nesten har gløymd. Denne gongen kjende eg kor fantastisk morgonen plutseleg var. Vanlegvis er det å vakne det verste som skjer i døgnet, kvar gong skulle eg ynskje eg ikkje vakna, og kvar kveld når eg skal søve er det ein bit av meg som håper at det vert for alltid. Berre for å sleppe å opne augo og vite at det kjem endå ein dag. Natta er alltid so kort, eg føler aldri at eg faktisk har sove og at eg faktisk har kvilt, sjølv ikke når eg har sove lengje nok. Denne morgonen derimot, var ikkje slik. Det hadde vore mørkt so lengje, og batteriet i fleire av lommelyktene hadde gått, og det hadde eigentleg vore natt heilt frå klokka 16:00. No kunne eg plutseleg sjå korleis skogen såg ut. Dei andre var takksamme då eg kom attende med te og kaffi, og dei hadde fyrt opp bålet igjen. Stundom er kaffi noko eg traktar og puttar i ein termoskopp og drikk kald på skulen utan eigentleg å nyte det so mykje. No var det den beste drikken som nokon gong hadde eksistert.
skål

Når eg står opp om morgonen no, føler eg akkurat det same som før. Kvar gong ei lita overrasking over at det er mykje verre å vakne enn eg hadde trudd då eg la meg, at alt eg hadde gleda meg til før eg sovna no verkar verdilaust og ikkje noko vits i, at korkje kaffikoppen eller smudien er noko som får meg til å ynskje å stå opp – uansett kor mykje eg gleda meg til det dagen før. Når eg går ut døra er det som vêret har noko imot meg personlig. Alle slags i andletet frø harde snøflak, og kvar gong eg sklir litt. Det får meg til å ville setje meg ned og skrike at eg ikkje vil meir, ikkje ein meter meir. So eg gler meg ikkje til i morgon tidleg eller dagen etter der. Eg ser fram til neste grusamme, kalde natt i teltet, og neste lækjande morgon.

One thought on “Tre skogtroll

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s