I hovudet mitt er det mange lange tankerekker og argumentasjonar. Det spenner seg i magen på meg når eg tenkjer på kva nokon vil tenkja når dei les dette innlegget. At eg nytta ein metafor som var nesten kliss lik deira situasjon, men at dei framleis ikkje skjønar at det handlar om dei òg, ettersom dømet ikkje var eksakt det same som livet deira. At dei trur innlegget er retta mot akkurat dei heilt personleg og ikkje mot nokon andre i heile verda, og at små forskjellar i skildringar dimed gjer at heile innlegget fell i grus. Av og til får eg lyst til å leggja rekeskal i gardinstengene til nesten alle i heile Noreg. Eg skal gjera det so enkelt eg kan:
SITUASJON 1:
«Denne vesle kaninmannen, har sitte stille i eit bur i heile ti år! Den stakkars kaninen kan nesten ikkje gå, han er misforma, han har fått brokk av di magemusklene ikkje har vorte nytta, og han har det ikkje greitt! Tenk på dette folkens, og slutt å ha kaniner i bittesmå bur der dei ikkje kan gå!»
«Ehhhh… okeeeeei… Eg har ei bestemor på 90 år, og ho kan heller ikkje gå. Ho levde eit kjempeaktivt liv. Såeh, ti år er faktisk ganske gamalt for ein kanin, og då får dei jo gjerne vondt i beina etter kvart!!!!!»
«Jaha? So du trur verkeleg at å sitja stille heile livet ikkje er negativt i det heile teke?»
«OKEI????? Kva tid har eg sagt det??? Sjå på dette biletet, du!:
SÅÅÅÅ FÆÆÆÆLT har MINE kaniner det! Dei får hoppa rundt ikring dei, sjølv om dei er i bur! So ikkje døm andre menneske før du sjekkar ut fakta ;)»
«Ja, det er veldig fint at DINE kaniner har god plass, men no snakka eg vel eigentleg om kaniner med dårleg plass, som ikkje får utfalda seg.»
«DEFINER Å UTFALDA SEG 😉 «
Denne samtalen er faktisk frå verkelegheita. Og det verste av alt, er at det var ikkje berre ein kursivperson. Dei var fleire personar. På lag. Mot. Logikken. Skal ikkje hjernen ha ein eller annan mekanisme der han skiljer ut kva som er relevant og kva som ikkje er relevant frå ei sak? Slik at viss nokon snakkar om små bur der ein ikkje kan røyra seg, so trur dei ikkje at det er snakk om store utebur der ein kan hoppa rundt ikring? Og at nokon som har sitte stille heile livet òg er gamal kanskje har større skader enn nokon som har hoppa heile livet og er gamal? At det at nokon er dårlege i beina av ein grunn, gjer at det ikkje går an å verta dårlege i beina av andre grunnar? Dette handlar ikkje om å respektera at folk er forskjellege og tenkjer annleis. Dette handlar om dumheit som faktisk skader andre levande individ. No går me over til neste situasjon. Forhåpentlegvis har du allereie forstått kva tenkjemåte det er eg foraktar, men for somme tek det lengre tid. Difor køyrer eg på.
SITUASJON TO:
«NAZIST DREPTE EIN MANN AV DI HAN KOM FRÅ AFRIKA. DEN NAZISTEN VAR EIN RASIST.»
«Herregud! Det er so dårleg gjort å seia at alle me i FrP er rasistar! Eg er ikkje rasist, eg har faktisk mange svarte vener! So ikkje kom her og døm andre! Ikkje kom her og dra rasismekortet!!!»
«Ja, eg skjønar at du er lei av det sokalla rasismekortet, men ein mann vart drepen. Er det ikkje rasistisk å drepa nokon for hudfarge?»
«Herregud! Skuldar du meg for å drepa nokon????»
«Nei, eg snakka faktisk ikkje om deg i det heile teke.»
«Nei, men slutt å snakka stygt om FrP!»
«Eg snakka ikkje om FrP…»
«JÆVLA KOMMUNIST!!!!!!!1111″
SITUASJON 3:
«Litle Sofie hadde spisevegringer, ettersom klassen hennar hadde mobba henne for kroppen hennar heilt sida 1. klasse. Ho gjekk berre i 8. klasse, stakkars pike. Ein dag etter gymmen, kom læraren inn. Ho ville at Litle Sofie skulle ta av seg kleda og dusja ilag med dei andre jentene, istadenfor å vaska seg på toalettet, slik ho brukte å gjera. Det var nemleg påbudt å dusja ilag etter gym, hadde læraren lese. Når dei andre jentene var ferdig i dusjen, og sto med kleda på og såg på Litle Sofie, kledde læraren av henne alle kleda. Ho hylte og skreik og prøvde å riva seg laus, men læraren heldt henne fast. Litle Sofie låg på golvet og grein utan klede, medan heile klassen hylte av latter og peikte på henne, samt kommenterte kor stygg ho var. So slepte læraren henne inn i dusjen, og gjekk sin veg. Det er på tide å innføra dusjforheng på skuler, slik at dei elevane som vil kan dusja bak eit forheng.»
«Okei??? Før eller sida er ein nøydd til å visa seg naken. Til dømes viss ein skal til legen.»
«Du, det er ein forskjell på å kle seg naken foran ein lege når ein er nøydd, og å kle seg naken foran 15 personar som hatar deg når eit forheng ikkje ville ha skada nokon.»
«I klassen min har me kjempegodt miljø og alle dusjar ilag. Det har aldri vore noko problem 😉 So det finst fleire sider av ei sak! Difor er eg IMOT DUSJFORHENG!!!!!!!!111111»
Slik kan det gå.
Eg kan avslutta med å seia at jommen so fint at heile verda går kring deg. Men, det er ikkje alle som tenkjer slik. So ikkje svar meg som om eg snakkar på vegne av kun deg og meg, når eg fortel om ting som har å gjera med mange millioner individ.
Det er bare én ting å si om dette:
Jeg har en katt som er veldig kjælen, så kom ikke her å si at alle blir mobba!!!! 😉 :O 🙂 😦 😀
Åååå er det SLIK det heng ihop!!