Det Frida sa

Eg har aldri posta ein tekst her før, men det er so lengjesida eg har skrive ei kort forteljing at eg nesten ikkje hugsar kjensla av korleis det er å ikkje ha Skrivebua lenger. 

Noko av det som fungerer aller best for meg viss eg skal skriva noko kort, er å be nokon gjeva meg ei oppgåve. Spesielt viss dei får ei oppgåve i retur. Då kan me nemleg vise tekstene til kvarandre etterpå. Her er oppgåva eg fekk: 

«hunden Frida har den gaven at hun forstår utmerket godt hva folk sier, ulempen er at hun ikke kan svare. For øyeblikket har hun noe hun veldig gjerne vil si matmor. Rettere sagt, noe hun må få sagt, hvis ikke kan ting gå riktig galt.»

Det er ein god stund sida eg fekk denne oppgåva, og for å vera ærleg skreiv eg berre ei halv side før eg vart rastlaus og byrja å gjera noko anna istaden. Men, i dag gjorde eg det. Eg sette på stoppeklokke, og bestemte meg for at eg måtte skriva i 30 minutt, før eg kunne taka pause. Skrivinga tok til saman ein time. Her er resultatet:

***

Image

Tidlegare brukte eg å få vera inne når matmor var på jobb. Eg brukte å liggja i korga i stova, eller å gå rundt i ring på kjøkenet. Ofte låg eg berre i gangen og stira på døra heilt til ho kom heim, slik at eg kunne sleikja henne i andletet.
Det var heilt til sist torsdag. Sist torsdag flytta det inn ein ny nabo – ein ny nabo som heitte Frans. Matmor tykkjer Frans verkar som ein kjernekar. Når me går tur ilag, stoppar ho og snakkar med han over rosebuskane. Eg forstår ikkje kvifor ho ikkje kjennar lukta frå kleda hans, eller korleis adrenalinet aukar i blodet hans når han kastar blikk ned på meg. Eg prøver å fortelja henne om det kvar gong. Eg har båe knurra og bjeffai retning Frans. Kvar gong ber ho meg vera stille.
«Hysj!» seier ho, «hysj på deg Frida! Ver snill bisk!» Fortset eg, repeterer ho seg sjølv, som om det er
eg som ikkje høyrer etter. Då klynkar eg nokre siste fortvilte klynk før eg gjev opp.

Heller ikkje eg forstod kva det var med Frans i byrjinga, sjølv om eg i det minste forstod at det var noko.
«Kjekk nabo,» kunne matmor seia til matfar. «Hyggjeleg fyr med fine roser. Frida liker han ikkje so godt då, hehehe,» og so lo dei saman. Den latteren tok vel og merke til å minka etter kvart som dagane gjekk og eg ropte høgare. Det hadde vorte noko uhyggjeleg over korga i stova etter kvart som mørkret kom og nokon stadig tok til å lista seg gjennom graset i mørkret, klistra seg til ruta og glo inn gjennom henne med svoltne, spygrøne augo. Då pressa eg klørne inn i hundeteppet, lente hovudet bakover og ulte. Etter kvart kunne matmor stå opp og springa gjennom stova, men då var det allereie for seint. Eg ville pressa labbane mot vindauget og bjeffa so høgt eg berre kunne – so det ikkje skulle vera det minste tvil om at ho måtte kasta eit blikk ut – men då hadde fjeset allereie dykka. Sjølvsagt var det ikkje snakk om at matmor ville gå ut og undersøkja hagen – det let eg henne ikkje heller. Nærma ho seg døra, slik som ho gjorde fyrste gong, beit eg tak i nattkjolen hennar og heldt henne att.
«FRIDA!» skreik ho den gongen, «kva går det av deg?»
Image
Etter kvart byrja eg å høyra rare ljodar frå kjellaren hans.
«Det er verkelege nokre flotte roser du har!» sa matmor til Frans, over rosebusken. Eg glodde gjennom krattet. Der borte, eit stykke unna, var kjellarvindauget. Gardina han hadde hengt opp på ruta hindra ikkje ljodane og luktene i å siva ut. Det var motbydeleg, den stanken som kom derifrå. Eg torde ikkje ein gong tenkja på korleis det ville vera om eg var nære nok. Frans var nøydd til å vera klår over det. Difor knurra eg. «Du, eg er verkeleg lei for det altso!» sa matmor til Frans. «Ho plar ikkje oppføra seg på denne måten!» So lyfta ho peikefingeren strengt. «Nei, Frida!» sa ho, med den mørke stemma ho alltid nyttar når ho skal visa autoritet. Det er ei tryggleik i den stemma eg ofte vil lystra, men ikkje denne gongen. Denne gongen kjende eg meg knebla i det eg sette meg lydig på asfalten og stira opp på henne med dei mest bedande augo eg kunne få til. Matmor forstår ikkje språk, men det hender ho forstår slike uttrykk. «Flink bisk,» roste ho, men det var ikkje det eg ville høyra. «Du må ikkje knurra sånn til Frans.»

So eg knurra ikkje meir til Frans. Iallfall ikkje like høgt. Etter kvart som dagane gjekk let ikkje meir enn eit lågt, men bestemt knurr koma ut av munne ved rosebuskane. Om eg hadde Frans for meg sjølv, ville det jommen ha vore noko anna.

Eg hadde gitt opp å ropa på matmor når dei spygrøne augo stira inn gjennom ruta på panoramavindauget. Eg hadde byrja å kjenna dei att, sjølv om dei såg annleis ut i mørkret. Augo til Frans var kulerunde og bulte nærast ut av hovudet. Faktisk hadde han overraskande mykje til felles med ei floge. Kanskje dei var i same familie. Eg hadde sett flogane i augo av og til når eg fanga dei.
Denne natta plasserte Frans dei sveitte handflatene mot glaset. Eit lite klynk trengde seg ut or halsen, men eg skulle ikkje vekkja matmor denne gongen.
Ikkje vekk matmor!, ropte eg stilt til meg sjølv. Då vert ho berre sinna!
Eg reiste meg frå korga og pressa snuta mot plassen mellom Frans sine hender. Sjølv om eg flekka tenner, trekte han seg ikkje tilbake. Det var som om ingenting kunne skremma han. Det var som han flekka tenner attende. So sa han, ikkje ropande, men høgt nok til at eg kunne høyra han gjennom glaset:
«
Er du ei flott tispe? Hmmm? Er du det?» Ei fantastisk lukt trefte nasebora, og plutseleg sto han der med eit stort, saftig kjøttstykke. Eg logra. «Dette kan du få av meg,» sa han, «viss du er ei flink jente.»
Eg plasserte labbane på ruta og glodde å han.
«Vooovvv…» sa eg lågt, i den mørkaste tona eg nådde. Dette kunne ikkje vekkja matmor.
«
Sjå her!» sa Frans, og viste fram tanga han hadde i andre handa. «No opnar eg døra, og so kjem du ut.» Han vart ståande å vifta fram og attende med den ekle jernsaka. Dette stemte ikkje.
«OOOOOOOOOOOOOUUUUUUUUU,» ropte eg det høgaste eg kunne. Visste ikkje om eg skulle ha labbane på golvet eller mot ruta, vart ståande der å veksla, framleis med den forvirrande lukta av kjøtstykke i nasen. «OOOOUUUUUOOOOOO!», gjentok eg, og so small det i ei dør.
«Frida!» Det var matmor som sto i stova i morgonkåpa si og med hårrullar under eit skaut.
«Ouuu…»
«Frida, du vekkjer meg og matfar når du held på slik!» Likevel kasta ho eit blikk ut or vindauget. «Kva er det du uler so fælt på?»
«Ouu…» Eg peikte desperat med labben mot ruta, men det einaste eg såg no, var skugga til Frans som pilte gjennom hagen og inn gjennom rosebuskane.
«Det er jo ingenting der!» kjefta matmor. No var fjeset hennar raudt, og eg kunne sjå blodet pumpa gjennom årene på den måten det alltid gjorde når ho ikkje var i det blide hjørnet. Når ho var som dette, eksisterte det berre ein einaste ting å gjera. Leggja seg flat. So det gjorde eg. Eg la meg ned på magen med snuta ned i golvet, halen inn mellom beina og ga henne eit underdanig klynk. «Eg går ikkje på den der,» kjefta ho vidare, «du gjer det der no, men i morgon skal eg vedda for at du vekkjer oss igjen! Eg skal på jobb i morgon, Frida! Eg er avhengig av søvn!» So strekte ho seg ned og greip halsbandet mitt. «Kom her, Frida!» sa ho og slepte meg ut i gangen.
«Ooooo,» klagde eg, men ho festa hundebandet, sette føtene i skoa og opna døra so nattekulda seiv inn. «Ooo,» fortsette eg og prøvde å grava klørne ned i dørmatta, men bandet stramma so hardt kring halsen at eg var nøydd til å fylgja etter. Sjølv om eg såg på henne med store augo og klynka det høgaste eg kunne, drog ho berre hardare.
Ved det litle raude huset mitt i hagen, sette ho seg på kne og grov henda ned i pelsen på kvar side av halsen. Ho nytta den rolege snille stemma som ho alltid nytta når ho gjorde gode ting. Kvifor skjønte ho ikkje at dette ikkje var ein god ting?
«Eg veit at du so gjerne vil vera inne i korga di, Fridamor,» sa matmor med stemma full av medynk. «Det veit eg so godt veit du. Men, du kan ikkje det når du vekkjer meg og matfar om natta, det går ikkje det, veit du.» Ho pressa lippene mot panna mi. «Du veit jo so godt at du må sova ute viss du vekkjer oss. Viss du vil sova inne, so må du vera stille, ikkje sant? Du skal få komma inn att i morgon, veit du.» So gjorde ho den deilige kløinga bak øyret. «Det er tepper og vatn i hundethuset ditt, eit bein du kan gnaga på og ting du kan leika med. Det går so bra so.» So kyssa ho meg ein gong til. «Eg er so glad i deg Fridamor, det veit du.» Eg drog tunga over fjeset hennar. «God natt, litle ven!»
Image
God natt, ja, tenkte eg irritert og la meg ned på teppe i huset mitt. God natt. Ja, det kunne
ho sei, som hadde varme og ein mann å liggja inntil. Ho som ikkje skulle liggja i eit lite kaldt hus rett ved rosebusken til Frans. Ja, for det var ikkje noko gale med huset mitt. Viss det var varmt i vêret og Frans ikkje luska rundt i kring i hagen, ville det kanskje ha vore hyggjeleg å liggja her. Då kunne eg springa rundt i hagen viss eg hadde lyst, og jaga dei artige musa som av og til pilte over graset, forbi døra mi for å erta meg. No derimot, måtte eg halda meg på innsida. Eg låg klemd inn mot bakveggen, med labbane so nært opptil meg som mogleg, og med snuta snusande ut i lufta i tilfelle han skulle koma skremmande nære. Eg konsentrerte meg om ljodane der ute, knekka i kvistane når små skapningar tråkka over dei, vislinga i lauvet når vinden drog i trea. Lukta av kjøttstykket ein eller annan plass, sannsynlegvis ikkje so langt unna no. Sannsynlegvis rett i nærleiken. Eg kunne spretta fram, ta kjøttstykket og gøyma meg i huset? Eller var det for dumt? Om Frans fylgde etter meg var eg ille ute. Eg kunne bita han, men han hadde tang. Kven veit kva han kunne gjera med ei tang. Eg har aldri sett nokon nytta tang før. Veit ikkje kva ein gjer med tank, og endå mindre kva Frans ville ha gjort med tang.

«… Friiiiidaaa…» Stemma til Frans var låg og lokkande, frå andre sida av rosebusken. Eg skjønte no at Frans berre var nokre få meter unna, og at alt han trong gjera var å lista seg gjennom krattet som han hadde gjort då han gøymde seg for matmor. Han var nært nok til å høyra dei små ljodane eg lagde, nært nok til å lukta meg. Eg visste ikkje kor god snuta til Frans var, om snuta hans var like dårleg som matmor si eller om han var meir som meg. «… Kooom fraaaam… Eg har nomnomnommat til deg…» Tasling gjennom graset, gjennom rosebusken. Eg la labbane over augo. Visste ikkje om det ville hjelpa, men det var verd eit forsøk. No kunne iallfall ikkje eg sjå noko. Ikkje meg sjølv ein gong. «… Eg veit du er der… Kom fram…» So vart det endå sterkare, lukta av kjøtstykke. Det var Frans som sto i døropninga og vifta med den duftande biten. Døropninga, ja. Om eg berre hadde ei dør. Ei dør med so lita opning at berre eg kunne koma inn og ut, ja, og kanskje den søte katta til nabo Ingebjørg på andre sida av huset.
«Ouu…» klagde eg lågt, for eg visste at han visste. Eg visste at han såg. Det frykteleg ljoset frå lommelykta hans trengde seg inn gjennom augnelokka, og snart stira eg inn i augo hans att, dei svære, spygrøne augo som sto ut or skallen. Kjøttstykket hang og dingla føre fjeset mitt, og Frans la lommelykta i lomma. Han rynka bryna på den måten menneske gjer når dei skal visa bekymring eller tristheit.
«Kom då,» klaga han seg. «Eg skal ikkje gjera deg noko. Eg lover.»
No var augo hans so snille, og kjøtstykket so duftande, at eg sneik meg ut opninga. Han visste allereie at eg var der. Om han ville ha tak i meg, kunne han berre strekkja inn handa og gripa halsbandet mitt. Viss eg beit han, kunne han kanskje slå meg med tanga. Eller nytta tanga til å gripa meg. Tanga fekk jo ikkje vondt om eg beit henne. Frans tenkte på alt. So spente han på meg eit heilt ukjend band som eg aldri hadde sett før, klipte meg laus frå bandet som haldt meg fast til huset mitt. Eg svelgde. Frans reiv av ein kjøtbit med tenna, spytta han ned på bakken framfor meg. Den rosa biten låg der og glinsa i måneskinet.
«Forsyn deg,» sa Frans. «Du får meir etterpå, viss du er flink jente.»
Eg gjorde som han sa. Eg hadde uansett ikkje noko val – biten låg der, stor, duftande og i flotte fargar. Slevet rann ut or munnen medan eg tygde lukkeleg. Kunne ikkje hugsa sist gong eg hadde smakt anna mat enn den i skåla!
«Sånn ja,» roste Frans. Han klødde meg bak øyret nett som matmor so ofte gjorde, berre endå hardare. Eg byrja å trippa. Klynka ulukkeleg i det han stoppa. «Kom no,» befalte Frans. Eg kunne sjå at dei hårete beina skalv under slåbroken som han alltid hadde på seg når han sneik seg inn i hagen vår om natta. «Kom, Frida! Det er for kaldt for ein skrøpeleg kropp som min her ute.»
Det stramma til i bandet, og sjølv om eg prøvde å grava labbane ned i graset, ramla eg etter han. Inn gjennom rosebusken. Kjende tornane stikka meg i kroppen. «Det er for at ikkje naboane skal sjå noko viss dei tittar ut,» sa han. «Når du strittar imot på den måten der, ser det ut som eg dognappar deg.»
«Voff,» svarte eg, men han skjønte ikkje kva eg meinte. At han var jo i ferd med å ta meg heim til seg, sjølv om eg ikkje ville. At viss naboane trudde det, so trudde dei rett.

Gjennom det våte graset i hagen til Frans. Forbi bjerka, rasling med nøkkelknippet, og inn ei dør. Ei rar lukt slo mot meg.
«VOFF!» kjefta eg, men han lukka døra bak oss.
«Ikkje ver redd,» sa han, «du skal snart få møta dei andre hundane. Dei er veldig snille.»
«Voff!»
Lukta av betente sår, sjukdom, blod. Bikkjeblod. Eg skalv over heile kroppen, prøvde å gå so nært golvet som mogleg. Prøvde å halda blikket på kjøttstykket som hang mellom fingrane hans, men lukta frå kjellaren dytta sauelukta til sides. Sjølv om det var natt, var det ljost inne hos Frans. Slik var det ikkje heime hos matmor og matfar. Når det var mørkt ute, var det alltid mørkt inne. Dette stemte ikkje.
«Kom,» fortsette Frans, drog i det rare bandet. I det eg fekk bandet i fjeset kunne eg lukta dei andre hundane.
«VOFF, VOFF, VOFF, VOFF!» sa eg, men Frans let seg ikkje skremma. Sjølvsagt let han seg ikkje skremma, han hadde nok høyrd slik bjeffing før. Kanskje kvar einaste natt, medan han sneik seg gjennom stova og ned i kjellaren med eit nytt bytte.
«Det er meir sau i kjellaren,» sa Frans. «Eg har ei heil skuff full av sauekjøt. Ikkje ver so pingle! Kom her! Fridamor, kom!»
Slik vart det til at eg dilta etter nabo Frans heile vegen ned den stinkande kjellartrappa. Ekkelt, ei blanding av klorin og avføring, som om han prøvde å skjula det som hadde skjedd utan å få det heilt til. Gjennom kjellargangen med spindelvev. Eg hadde lyst til å fanga ein morosam liten edderkopp som tusla over golvet, men Frans hadde det tydelegvis travelt. Han ville inn i kjellarrommet med ein einaste gong, rommet der all den gruelege stanken kom frå. Stanken som slo mot meg i det han opna døra og viste meg det husmor aldri nokon gong hadde tenkt tanken på å oppdaga.
«Oooouuuu!» ulte eg, men so dekte ei tunge vidare ljodar. Ei tunge dekte heile fjeset mitt, ei våt, slevande hundetunge. Tunga til mor mi.
«Mamma!» bjeffa eg lukkeleg og hoppa opp og ned.
«Frida!» bjeffa mamma. Eg var like stor som henne no. Sist eg såg henne hadde ho vore so gigantisk, so ufatteleg diger. No var me berre to vanlege tisper med gulaktig pels og små trekanta øyrer. Eg sleikja mamma i fjeset, gøymde heilt Frans som sto bak meg med lammesteika i handa.

Nett som eg hadde trudd. Rommet fullt av bikkjer. Somme som sat i korga si og leikte med ei leike. Somme kvilte seg ilag med ei søt katt. Nokon med sinte fjes gøymd bak eit bur, og somme klynkande med bandasje over eit betent, stinkande sår. Eg fylgde etter mor mi til den store korga hennar, der brørne mine allereie låg og kvilte seg. Kjende fingrane til Frans klø meg bak øyret på den harde måten som var so digg. Eg let tunga hengja ut or kjeften, logra med halen.
«Sånn ja Frida,» sa Frans. «Der kan du sjå, det var ikkje so farleg likevel.» Han smilte på den måten menneske gjer når dei er glade. «Eg skal aldri la den slemme dama stela deg igjen. Stakkars jente. Eg har leita etter deg i so mange år.» No sette han seg ned på kne og såg meg inn i augo. Plutseleg kjende eg han att! Frans! Det var Frans! Ja! Det var han det var! Eg hadde ikkje kjend han att med alle dei nye luktene. Han måtte ha flytta.
«Bjeff!» ropte og dytta han ned i bakken. Eg sto oppå han dekte heile fjeset hans med gladslev.
«Hehe, ja, det er jenta mi, det!» lo Frans. Han la begge henda på ryggen min og klappa i veg. «Det er jenta mi, det,» sa han igjen, «åh, du kan tru eg vart glad då eg fann deg! Du kan tru eg var glad då eg skjønte at den slemme dama ikkje hadde gitt deg til kinesarane enno!» Eg såg på dei andre hundane, dei som det kom so rar lukt frå. Hundane som nesten hadde vorte kinesar-fôr.
«Voff,» sa eg med takksamheit i stemma. «Voff.»
Image

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s