Det er lov med undring

Eg har ikkje peiling på alt mogleg. Faktisk kan eg vera so banal og seia at eg ikkje veit noko som helst. Det einaste som finst, er ting eg trur, ting eg lurer på, og ting som er det sikraste å gå utifrå so lengje forskning ikkje seier noko anna. (Som til dømes når ein byggjer eit hus på  ein bestemt måte av di denne bestemte måten sjeldan har ført til at huset raser saman)

Likevel er det mange som tykkjer at eg «trur eg veit alt». Ein ting eg trur eg veit, er grunnen til at dei trur dette. Grunnen er:

Dei er ikkje klår over at det er lov til å undra seg. Dei veit kanskje ikkje ein gong at undring eksisterer. For alt eg veit, har dei aldri nokon gong undra i heile sitt liv. For verda er full av menneske som ikkje undrar seg, men som i staden er bombesikre på alt mogleg rart. Sjølv utan å ha tenkt særleg godt gjennom det på førehand. Det er ikkje sjeldan eg diskuterer med nokon som er heilt sikre i si sak, sjølv om dei knapt har høyrd om saka før. Dei vel å fylgja den fyrste umiddelbere kjensla – heilt til dei døyr. Aldri sleppe tak. Kanskje av di dei er redde for å undra seg.
24b_joint_rullings_spenning_hemmelighet_hemmeligheter - Kopi

Eg liker å undra, ettersom eg ikkje veit ting. Eg er ikkje eit orakel som forstår korleis ting heng ihop før eg i det heile teke får veta at det eksisterer. Det einaste eg kan gjera er å gjera so godt eg kan, og dimed må eg undra. Av og til må eg undra høgt òg. Viss eg berre undrar inne i hovudet mitt, får eg jo berre mine eigne tanker. Då hadde det nesten ikkje vore vits i å undra seg ein gong. Nei, eg må fylla på med nye tanker som kjem frå andre hovude.

«Men, vert det ikkje litt merkeleg viss (…)», kan eg undra. Eller: «Men, kva om…?»
Og, det merkelege er, at mange ikkje forstår undringa. Istaden vert dei opphissa.
«Kva slags kjelder har du på dette?» spør dei, eller, «korleis kan du påstå at(…)»

Av og til vert kva eg meiner forma av responsen eg får på ting. Dei som vert sintast er kanskje dei som har færrast argument. Sjølvsagt finst det menneske som ikkje har gode argument for ei sak som likevel er god, men dersom det ikkje eksisterer menneske som er istand til å svara på problemstillinger kring eit bestemt synspunkt, eller får til å forsvara det på andre måter enn å angripa, er det jo nesten ikkje naudsynt å tenkja ein gong, men heller berre sjå på dei som oppfører seg ordentleg og gå utifrå at det er desse som har rett.

Eg trur at å undra seg gjer meg smart. Før i tida var eg smartare enn andre tolvåringer, no er eg derimot ikkje like sikker på om eg er smartare enn andre nittenåringer. Men, eg er iallfall ikkje ein av dei dummaste nittenåringene som finst. Det tør eg vedda på. Eg kan iallfall håpa. Eg håper at å vera audmjuk fører til at tanker veks seg større og større og får meir og meir perspektiv heller enn å stoppa i utvikling allereie på spedbornsstadium.

Det ser ikkje ut til at det er so mange som tykkjer at eg er dum som undrar meg. Faktisk går det som regel ganske bra. Når eg er open om at eg ikkje veit, og difor held meg til å koma med spørsmål, får eg ofte ganske so god respons. Det verkar nesten som om folk liker å tenkja ut svar på desse spørsmåla som er stilt på ein open måte heller enn ein sint ein, og at det båe får dei sjølv til å undra, og av og til berre visa seg fram eller til og med «hjelpa til litt». Då føler dei seg gode og flinke. Den største gleda du kan ha, er å gjera andre glad. Med andre ord er det ikkje noko å vera redd for, dette med undring. Folk vil ikkje sjå ned på deg berre av di du undrar litt. Kanskje vil dei til og med tenkja at du er smartare enn viss du hadde påstått ting heilt utan å ha tenkt over det fyrst.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s