Namn er eit tema som har fylgd etter meg frå eg var gamal nok til å veta kva eg heitte, og til no. Det vil sannsynlegvis fylgja etter meg heilt til eg døyr. Det er slik det er, når ein heitte noko. Dei fleste heitte noko. Å ha eit namn er naudsynt for at andre skal kunne referera til deg, eller kalla på deg i ei gruppe menneske. I namnet liggjer òg ei stor mengde identitet. Ein får ei spesiel kjensle når ein høyrer namnet sitt – båe dei som liker namnet sitt, og dei som ikkje liker namnet sitt. I det heile teke har ein eit sterkare forhold til namnet sitt enn til namnet til naboen. Med mindre naboen heitte det same som deg.
Dei som har hatt same namnet heile livet, er kanskje ikkje klår over kva eit namn eigentleg er. Dei som har nytta det same namnet, båe som kallenamn og folkeregisternamn, frå dei kjem til verda og til dei går ut av henne. Spesielt viss dei ikkje ein gong har dobbelnamn.
Eg hadde dobbeltnamn då eg blei født. Til vanleg nytta me mellomnamnet. Fornamnet kom fyrst då eg byrja på borneskulen, ettersom folk der fann det naturleg å nytta andre sitt fornamn heller enn mellomnamn. Eg hadde eit namnskilt med begge namna på. Sjølv om det var langt, tykte folk det var betre å seia begge enn å berre seia eitt. Det tok lang tid å seia heile namnet, difor likte folk å slå det saman, slik at namna sklei over i einannan. Ganske stygt. Soleis byrja eg å hata namnet mitt, og ba folk om å ikkje vera so vennlege å halda seg til eitt. Det var då eg fekk høyra det fyrste gongen:
«Ikkje kall meg det!»
«Men det er jo det du heitte…»
Åh, Gud, som eg hatar den replikken. Den replikken folk nyttar til å køyra over andres identitet og sjølvfølelse kvar einaste dag. Å redusera eit namn til eit skjellsord ved å nytta det mot andres vilje. Eg hatar det.
Somme menneske har kallenamn. For alltid eller i ein periode, kan kallenamnet kjennest meir ut som deg sjølv enn det «ekte» namnet ditt. Viss nokon ber andre nytta kallenamnet, kan eg ikkje koma på gode grunnar til å ikkje gjera det. Det er ikkje vanskeleg å nytta eit kallenamnet, med mindre det inneheld frykteleg mange konsonant og er veldig, veldig langt. Men, som regel er kallenamn korte. Eg høyrer stadig menneske presentera seg som eitt namn, og andre kalla dei noko anna. Det er ikkje alltid eg spør dei kvifor dei gjer det. Kvifor dei meiner at dei har større rett til å definera nokon enn dei har til å definera seg sjølv.
Av og til er det ikkje so farleg. Andre gongar er det litt farleg. Viss du verkeleg ikkje liker ljoden av namnet ditt.
Kanskje treng du berre ein ferie. Det er fullt mogleg at namnet høyrest finare ut om ein månad – men ikkje viss folk nyttar det som skjellsord. Ikkje viss dei nyttar namnet ditt imot deg, som eit vapen, og som eit symbol på at dei ikkje respekterer kven du seier at du er. Då høyrest ikkje namnet noko fint ut lenger.
Det gamle namnet mitt er ikkje lenger noko meir enn eit skjellsord. Når eg høyrer det får eg vondt i magen. Å ta det opp att er sårbert, ettersom eg kan risikera å koma i ein krangel. Viss eg kjem i ein krangel når eg nettopp har teke opp det gamle namnet, og nokon nyttar namnet i krangelen, vert namnet plutseleg eit skjellsord igjen, og må bort. Det er eit sårbert namn. Eg lurer på kva som skal stå på boka viss eg gjev ut bok ein gong, kva for eit namn som skal vera der. Eg kan ikkje koma på noko namn som ville ha sett riktig ut på permane. Eg er misunneleg på dei som berre har eitt namn – eit namn som toler absolutt all slags behandling utan å verta øydelagt.
Det er lettare å akseptera nokon sitt namn viss det står i folkeregisteret. Sjølv om du ikkje kan sjå folkeregisteret når du står i gata. Det er ingen som ser folkeregisteret i panna på nokon, og folkeregisteret kjem ikkje inn i handtrykket når ein presenterer seg. Nokon skiftar namn til kallenamnet, berre so folk skal nikka med hovudet og seia «ja, fint, no kan eg kalla deg dette». Frå Sigurd til Sigg, til dømes. Det er jo ikkje naudsynt, det er berre eit stykke papir. Eit stykke papir som absolutt alle bryr seg so ufatteleg mykje om.
Me har namn for å kunne ropa på einannan. Viss du får vondt inni deg kvar einaste gong nokon roper på deg, vil du kanskje helst ikkje at nokon skal ropa på deg.
Det gjer ikkje vondt i munnen din å kalla nokon noko utan å skada dei. Viss du får vondt i munnen din av å ikkje skada nokon, er du ein sadist. Det er ikkje vanskeleg å seia «Sigg». Viss det er FRYKTELEEEEG vanskeleg, er det berre å lukka augo, sjå for seg eit bilete av Sigg, og seia «Sigg, Sigg, Sigg, Sigg» for seg sjølv. So går det so fint so.
Jeg har et ganske kjedelig, dog vanlig og helt OK navn som jeg er fullstendig likegyldig til. Kanskje like greit. Ikke noe gøy å lese at du har hatt (og har?) det sånn. Jeg skal kalle deg hva enn du vil at jeg skal kalle deg, om det så er Satan eller Gud. Kanskje du bare kan ha etternavnet ditt på boka?
Etternamn på boka vert litt vel upersonleg, eg har jo familiemedlem med dei same etternamna! 😦
Men, dette handla vel so mykje om det gerenelle som om meg. Eg har ingen som kallar meg noko mot mi vilje akkurat no, ettersom eg ikkje har noko namn eg føretrekk.
Er så jævleg einig. Nett no avskyr eg (det offisielle) namnet mitt so mykje at eg automatisk misliker folk som bruker det, og eg kjenner folk for godt til å ha tru på at dei ville gjort ein innsats for å endra på det berre fordi eg ynskjer det. Gjer jo ikkje noko korleis folk eigentleg har det, så lenge dei heldt kjeft og let andre kjenne seg komfortable.
Nei, eg skifter nok når eg har moglegheit. Ikkje fordi namnet i seg sjølv er så fælt, det er heilt greitt det; men på grunn av mine personlege kjensler og assosiasjoner kring det. Flytter vel ut snart, så det er vel ein grei anledning. Gruer meg alt til alle innvendingane, alle «men kvifor det?» og «men namnet ditt er jo fint!»
Det tek ikkje soooo lang tid å tilvenne seg bruk av eit nytt namn, men det kan auke nokons livskvalitet mykje. Det er all grunn eg treng for å omtala folk som det dei sjølv ynskjer.
Som regel er det ikkje av di det er «vanskeleg å venna seg til» eit nytt namn som er grunnen til at folk ikkje nyttar det nye namnet. Det er det dei seier, men den eigentlege grunnen er at dei ikkje vil. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Det er mykje vondare å høyra eit namn som er «ditt» men som du ikkje liker, enn det er å uttala eit namn som er litt uvann.
Når det er sagt so er den perfekte moglegheita til å endra namn det å koma til ein ny plass. Å starta på ny skule eller kva som helst. Når ei fase går over i ei ny fase, og når ein treff mange nye menneske som aldri har høyrd det gamle namnet før.
Eg kjennar att kjensla av å mislika folk av di dei seier Namnet. Framleis er det menneske som er slik at når eg går forbi dei på gata, eller når dei snakkar til meg, tenkjer eg berre «grrr det var du som kalla meg *namn* for tre år sida…»