Ting som er inspirerande

Det er som regel ikkje med augo inn i Word-dokumentet eller skriveboka at all inspirasjonen kjem. Viss du allereie har skrive noko, slik at du kan lesa det på nytt og kalla fram bileta frå historia, kan det vera heldigare – men ikkje viss arket er blankt. Dimed er inspirasjonen nøydd til å vera andre plassar. Desse plassana er ikkje på Facebook, og dei er heller ikkje på Instagram, uansett kor mange interessante personar du måtte fylgja. Inspirasjonen er inne i ditt eige hovude. Det du treng, er noko som triggar han fram. I mitt tilfelle er ikkje det so frykteleg mange ting, men her er eit par.
Image

Turane til og frå jobb. Eg er so heldig at eg bur (akkurat no) førti minutt unna plassen eg skal gå til for å koma meg til jobben. Med andre ord har eg førti minutt spasertur kvar einaste morgon (og kvar einaste formiddag etter jobben), og denne spaserturen nyttar eg ikkje til å gå framover med blikket ned i smart-telefonen min medan eg ventar på spanande innslag frå snapchat. Istaden nyttar eg tida til å høyra på musikk, medan eg held blikket rett fram eller oppover, og syg til meg alle inntrykk som kjem gjennom og rett inn i hjernen min, ikkje gjennom øyra, men gjennom usynlege porer i huda. Forandrar det som allereie er inne i hovudet og får det til å bytta plass eller treia fram, laga spanande innslag i hjernen min. Det er ikkje so dumt, for det er nesten alltid slik eg får nye idear til ting å skriva om. Det hadde til dømes ikkje vorte noko julekalender viss det aldri hadde vore noko slike turar. So eg elskar dei kjempehøgt. Kvar morgon, når eg står i døra og skal til å gå ut, gler eg meg til desse turane. Eg gløymer til og med at dei er kalde, ettersom eg berre hugsar det som har skjedd på innsida av meg og ikkje det som har skjedd på huda.

Forflytning er generelt ei kjelde til inspirasjon. Det er under forflytning at spanande ting skjer, og at eg får lyst til å gjera nye interessante ting. Noko av det beste eg veit er natt-toget. Då får eg ikkje sova, ettersom det er på eit tog som røyrer på seg og eg ofte sit ved sida av ein annan person som hindrar meg i å leggja meg ned (å sova sitjande er noko eg berre får til viss eg har teke minst tre reisesjuketablettar). Med andre ord vert eg nøydd til å gjera andre ting. Å stira ut or vindauget er ofte ikkje mogleg ettersom eg nesten alltid havnar ytst, og å vera på internettet er heller ikkje aktuelt, ettersom nsb ikkje akkurat har verdas mest fantastisk nett sjølv om dei skryt av det. Faktisk har eg aldri nokon gong opplevd å koma meg på nett der inne. Dimed ender eg opp i Word, og eg endar alltid opp på same plass; Pannerynker. For Pannerynker er prosjektet eg skulle ynskja eg skreiv på kvar einaste dag, og det er det prosjektet som gjev meg lyst til å reisa til fjells og isolera meg slik at eg berre kan vera der. Eg kan ikkje gå dit kvar dag, for viss eg har vore på jobben, eller andre ting, er det som om hjernen vert for forstyrra til å kunne gjeva Pannerynker den merksemda som han fortener. Men, på natt-toget kjem det alltid attende til meg. Alle Didrik sine tankar. Det er interessant korleis eg trudde at eg kjende han so godt at det ikkje var mykje meir å henta, for so å finna ut kor mykje det eigentleg var eg hadde gått glipp av og ikkje tenkt på før, gjennom å la han modna som karakter ved berre å ikkje røyra han på nokre år.
Det er sjølvsagt idioti å tru at ein kan gjera seg ferdig med å læra ein karakter å kjenna, ettersom me ikkje ein gong lærer å kjenna oss sjølv fullstendig. Eg har levd med meg i 19 år, og framleis er eg ikkje i nærleiken av å skjøna korleis ting fungerer. Nesten kvar einaste dag oppdagar eg nye samanhengar som eg ikkje har tenkt på før, somme gongar ting eg ikkje likar å tenkja på. Sannsynet for at du skal forstå ein annan person – som til dømes ein karakter – betre enn du forstår deg sjølv, som du ikkje forstår, er dimed ikkje særleg stor med mindre karakteren er av dei personane i heile verda som er aller enklast. Og slik er det jo sjeldan.

Når det gjeld desse turane fram og attende til jobb, so er det forresten ikkje særleg mange att av dei. So snart me flyttar, er det straks mykje kortare veg til jobb, og eg må finna meg andre turar. Det er ikkje mykje i kalde januar som kan få ein person til å spasera ein åtti minutt ute heilt frivillig, so med andre ord vert det nøydd til å koma nye ting til som kan skapa det same.

Den feilen eg er heilt sikker på at eg ikkje er åleine om å gjera, er iallfall å tenkja «no skal eg skriva», for deretter å setja meg framfor det som eg har tenkt til å skriva med. Du er nøydd til å bestemma deg for å skriva før reiskapa kjem fram, og dette betyr ikkje at du skal utsetja det. Istaden for å venta med å tenkja «eg skal skriva» til du har kome heim frå jobben eller skulen, so må du tenkja det i det du set deg på bussen, eller i det du byrjar å spasera. Då kan turen nyttast til å taka fram alle dei bileta og kjenslene som du treng før du dreg fram skrivereiskapa. I fjor hadde eg ei vane med å ta meg ein jobbetur før eg skreiv. Då tenkte eg «no skal eg skriva, og då må eg på med joggetøy», og dimed kunne hjernen verta tømt for andre ting før han skulle nyttast til skriving. Det er nemleg vanskeleg å skriva når hjernen er full av andre ting, og dette betyr ikkje at ein skal droppa å skriva, slik som mange bestemmer seg for å tru slik at dei skal sleppa unna. Ein må finna ut kva tid på døgnet hjernen er fullast, og skriva når han er tommast. Stå opp tidlegare, viss det er det det går i, eller ver oppe seinare, viss det er det det går i. Det finst ikkje noko orsaking for å ikkje skriva viss det er det du har tenkt til å halda på med. Kanskje du skal kobla ut nettet, viss du nyttar Word til skriving.

Ein annan ide, viss det er distraksjonar under skrivinga som er problemet, kan vera å lasta ned ein interval-app på mobiltelefonen. Få han til å ringja etter tretti minutt, og so etter tre minutt, og so etter tretti minutt og so etter tre minutt. Ein regel om at i tretti minutt skal du skriva, og når telefonen ringjer, skal du laga deg te, gå på toalettet, eller sjekka facebook, eller kva no enn det er du har lyst til. Når han ringjer igjen er du deretter nøydd til å setja deg attende til å skriva, og kva no enn det er som fell deg inn at du skal gjera i laupet av denne tida, må du venta med til neste gong telefonen ringjer. Dette er ein av dei beste ideane eg har hatt hittil, sjølv om eg ikkje har testa det ut enno. Eg skal seia ifrå når eg har testa det ut.

Lykke til med inspirasjonen.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s