Å skriva nynorsk alikkavæl

Eg har tenkt på det lengje, men no kjem det altså:

Innlegget om korleis det var å skifta målføre. Og kvifor.For det fyrste er eg fødd og vokse opp på austlandet, noko som gjer at folk ofte spør meg kvifor eg skriv nynorsk. Faktisk spør dei meg om det heile tida, nesten kvar gong dei ser meg skriva noko. Viss ikkje dei veit at eg kjem frå austlandet, spør dei meg kvar eg kjem frå, og ventar i spaning på at eg skal seia namnet på ein eller annan fascinerande plass på vestlandet. Eg har riktig nok mykje slekt på vestlandet. Viss eg har rekna riktig, så er det snakk om 75%. Viss me altså peiker på kvar besteforeldra mine kjem frå. Når det er sagt, trur eg ikkje planen til Ivar Aasen var at berre menneske på vestlandet skulle skriva nynorsk. Då hadde han jo kalla det vestlandetnorsk. Ikkje nynorsk. Eller landsmål, som han kalla det. Landsmål. Land. Landet. Ikkje berre vestlandet. Ikkje vestlandsmål. Likevel er det berre vestlandet som har skjønt det – at det er nynorsk som er tingen. Og sjølv ikkje der, har dei skjønt det. Somme kommunar insisterer på å skriva bokmål, trass alle odds. Berre av di dei har sett på fjernsyn at det er kult.

Image
Dette er Ivar Aasen. Det var han som samla dialekter. Tenk at han fekk gjera det? Fekk masse pengar for å reisa rundt i Noreg å laga nynorsken! Kanskje dei berre ville ha han vekk litt. Den gong ei.

No vel. Fyrst litt forhistorie. 
Då eg var litan, var eg ikkje så glad i nynorsk. Eg tykte nynorsk var litt stygt. Dessutan trudde eg absolutt alt som ikkje var Oslo-aktig var nynorsk. Alle dialekter (sjølv dei som folk på austlandet snakka, med uttak av dei som snakka fint riksmål – sa «sten» og sånt) – alle varianter av dialekter. Viss eg skulle lesa noko på nynorsk, gjekk det berre treigt og trått føre seg. Men, så – ein gong i 7. klasse – skjønte eg plutseleg at nynorsk var kult. Det skjedde av di eg las eit dikt på nynorsk. Eit veldig kult dikt. Det slo meg at det ikkje ville vera mogleg å skriva noko så kult på bokmål. Stadig las eg tekstar på nynorsk, og skjønte i laupet av nokre få dagar at viss desse tekstane hadde vore skrive på bokmål, ville dei ikkje ha vore like stilige. Eg skjønte at nynorsk var best.
Plutseleg fekk eg òg lyst til å skriva på nynorsk. Eg ville iallfall ha moglegheita. Eg ville ha moglegheita til å kunne skriva dikt på nynorsk, utan at det berre vart komisk av di det var så mange rare nynorskfeil. Eg er eigentleg relativt språkanarkist, men somme ting ser berre komisk ut uansett korleis ein vrir og vendar på det.

Eg hadde høyrd at me skulle starta med nynorsk på ungdomsskulen. Det byrja eg plutseleg å gleda meg til. Eg hadde i grunn alltid sett fram til det, sjølv på den tida eg ikkje likte nynorsk. Eg kunne gjerne tenkja meg å læra det uansett, sånn at det ville verta enklare å lesa tekstar som uheldigvis var skrive på nynorsk.
Diverre var eg eit sånt problemborn som hata klassen min og tykte alle var teite og stygge i hovudet, så eg vart flytta inn i ein klasse der det gjekk andre menneske som heller ikkje kunne gå i normale klassar. Dei fleste av dei av di dei var så dårlege i fag. Så dårlege i fag at me måtte læra om dobbelkonsonantar og enkle ordklassar i norsktimane. Nynorsk fekk eg sjølvsagt fritak frå, men eg kunne gå til den gamle klassen min for å delta i nynorsktimane viss eg hadde lyst. Det hadde eg lyst til, men diverre hadde eg meir lyst til å ikkje gå på skulen i det heile teke. Så eg lærte ikkje nynorsk.

Ettersom eg hadde hatt fritak frå nynorsk på ungdomsskulen – sånn at eg ikkje kunne nynorsk i det heile teke – bestemte lærarane seg for at dei måtte prøva å gjeva meg fritak på vidaregåande òg. Dei hadde tenkt til å ringja vidaregåande for å sikra at eg slapp å få vurdering. Då sa eg nei! Den eine læraren sa
«Skjønner ikke hva man skal med nynorsk uansett, er kjempeteit!!11»
Eg sa at det kunne dei berre gløyma. Eg skulle ha nynorsk. Det var like før lærarane måtte køyrest til sjukehuset med hjarteattakk. Den einaste eleven i klassen som var så heldig å få fritak frå å læra nynorsk, var òg den einaste eleven i klassen som insisterte på å læra det – – nynorsk – og ikkje orka den forferdelege tanken på tre nye nynorsklause år.
Image

Eg starta på vidaregåande som ein elev som ikkje var spesielt sterk i nynorsk. Den fyrste nynorskstilen var full av feil. Læraren hadde sette raude strekar under nesten alle ord, for eg hadde fyrst skrive teksta på bokmål og deretter omsette til nynorsk. Det vert ikkje særleg fantastiske formuleringer av det. Eg såg gjennom rettinga og nikka med hovudet.
«Aha, så det er sånn ein gjer det,» tenkte eg (på nynorsk). Eg forstod at eg var håplaus, og at eg måtte finna på noko drastisk viss eg skulle få god sidemålskarakter. Noko verkeleg drastisk. Eg låg langt bak dei andre, og dei andre var ikkje så gode dei heller. Med andre ord bestemte eg meg for å skriva nynorsk heile tida, heilt til eg vart ordentleg god i det. Heilt til eg fekk ein seksar på strak arm. Alle plassar. Facebook. Matteoppgåver. SMS’ar. Små notat. På neste nynorskstil hadde eg ingen feil, og læraren mistenkte meg for å ha plagiert. At ein elev gjekk frå å vera så håplaus til å vera den beste i klassen, verka ikkje særleg sannsynleg. Eg forklarte ho at eg hadde skrive nynorsk heile tida sidan sist, og at eg gjerne ville endra hovudmål ettersom nynorsk var den tøffaste, kulaste og råaste målforma.

Etter nokre månader, med mykje bruk av I-finger, hadde eg vorte ganske god. Framleis var det nokon som meinte eg gjorde nokre feil her og der, men dette var i mange tilfelle feil som mange nynorskforfattarar gjer òg. Feil som berre er feil av di språkrådet seier det. Når det kjem til nynorsk er eg ikkje særeg stor tilhengar av språkrådet. Eg har valt mi eiga form, byttar ut bokmålifiserte ord med ordentlege nynorskord kvar gong eg får moglegheita.

DET SOM ER SÅ FANTASTISK MED NYNORSK, er at alle skriv sin eigen personlege nynorsk. Nynorsk er identitet – i mykje større grad enn bokmål. Eg har aldri lese to bøker av forskjellege forfattarar, som er skrive på same type nynorsk. Folk skriv den nynorsken som passar dei best. Var ikkje det mykje av poenget med nynorsken?
Det er ein grunn til nynorskbrukarar ofte får dårlegare karakter på eksamen med nynorsk som målform, enn det bokmålsbrukarar får når dei har eksamen med nynorsk som målform. Dei som skriv nynorsk heile tida er vann med å skriva den nynorsken som passar dei. Det er ikkje alltid korrekt.

No skal eg skriva opp nokre argument. Gode grunnar for at menneske som lenge har hatt bokmål som hovudmål, liksåvel kan skriva nynorsk:

1. Nynorsk samfattar alle dialekter. Bokmål derimot, er basert på tidlegare riksmål, som er basert på dansk. Viss du er ein av dei som vil «taka vare på norsk kultur» og har eit nasjonalromantisk hjarte, bør du skriva nynorsk. Viss du er nasjonalist og skriv på bokmål, er du dobbeltmoralsk. Eg klarer ikkje ta ein person seriøst viss han snakkar om norsk kultur og samstundes om kor teit nynorsk er. Det går berre ikkje.

2.  At nynorsk held på å døy ut, er tøys og tull. «Riks»dekkjande aviser prøver å få deg til å tru det ved å bevisst ha eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. Det vil sei at journalistar, sjølv om dei har nynorsk som hovudmål, må skriva bokmål i dei store avisane. Dette er forøvrig i ferd med å gå over. Stadig meir nynorsk kjem fram sjølv i dei riksdekkjande avisene. Ja, i Tønsbergs Blad var det for ikkje så lengjesidan ein artikkel om nynorsk på nynorsk. Der kan du sjå. Stadig fleire bøker kjem ut på nynorsk. Og det vert ikkje færre nynorskbrukarar. Ikkje noko av dette kjenneteiknar eit språk som er i ferd med å døy ut. Du kan like gjerne hiva deg på.

3.  Mange menneske med nynorsk som hovudmål, skriv bokmål likevel. Eg har til og med ei venninne som kjem frå Verdas Største Nynorskby – nemleg Stord. Stord. Nynorskbyen. Likevel skriv ho på bokmål. Det er ikkje av di ho ikkje er språkbevisst. Ho er flink til å skriva. Men, ho tykkjer rett og slett det er enklare å skriva på bokmål. Kva i all verda? Ho kunne jo berre ha skrive litt som ho snakkar. Ein kul versjon av nynorsk, gjerne med o-endinger her og der. Eg kan knapt førestella meg ein tøffare nynorsk, sjølv om språkrådet ville ha reagert. Tenk så tøft? Likevel skriv ho bokmål. Folk får prenta inn bokmål frå alle kanter, dei vert valdtekne av bokmål i hjernen. Bokmål dyttast inn gjennom auge, nase og munn. Inn i ræva på deg. Bokmål for alle pengane. Poenget mitt er: Når folk frå dei plassane der dei faktisk veks opp med nynorsk, byrjar å skriva bokmål – kvifor i all verda skal ikkje nokon som veks opp med bokmål byrja å skriva nynorsk? Viss dei kan leggja om, kan me òg leggja om. Eg kjennar fleire som har gått over frå å skriva bokmål til å skriva nynorsk. Eg kjennar folk som skriv 50% bokmål og 50% nynorsk. Eg kjennar menneske som nettopp har lagt om, som snublar seg gjennom setningar på nynorsk av di dei har skjønt at det er den tøffaste målforma. Som snart vil læra målforma å kjenna, som vil forma sin eigen personlege nynorsk akkurat som eg har gjort.

4. Are Kalvø skriv ikkje same type nynorsk som Frode Grytten. Nynorsk er din eigen personlege leikegrind. Kvar gong eg opnar ei nynorskbok, er det spanande å sjå kva forfattaren har gjort. Nynorsk inspirert frå forskjellege plassar i landet. Av og til kjem det heilt nye ord som eg aldri har høyrd før. Med nynorsk kan du forma ditt eige språk. Du kan utforska. Du kan leika med språket. Du kan ikkje gjera det same på bokmål, ikkje like mykje. Har du vokse opp med bokmål, er å leggja om til nynorsk ei fantastisk ferd. Alle dei nye orda ein oppdagar, og alle dei gongane ein byttar ut eit bokmålsord med eit nynorskord. Når du byttar ut «fordi» med «av di», og «blandt anna» med «mellom anna» og «verken» med «korkje» og «eignedelar» med «eignelutar».

5. Nynorsk er mindre formelt enn bokmål. Ein av dei verste tinga med bokmål, er at ting – særleg offentlege dokument – skrive på bokmål er så tørt og keisamt. Det verkar som om dei som har skrive det gjer det så vanskeleg som mogleg. Dei elskar å skriva «i forhold til» i kvar einaste jævla setning, og språket er daudssjuk av substantiv-sjuka. Dei skriv «riktigheten i dette er mangelfull» framfor «det er feil» eller «det er ikkje rett». Det er forferdeleg. På nynorsk later du ikkje som du kjem frå Tyskland. Du innrømmer at du er norsk og liker å det norske språket. Det er greitt å ikkje skriva norsk, men då skal du faen meg skriva eit anna språk. Då skal du skriva engelsk, spansk, tysk, dansk. Du kan skriva riksmål. Du kan skriva «efterpå» og «sprog». På nynorsk derimot, er du direkte. Du skriv ting rett fram. Du skriv «skal me snakka om ferieturen» og ikkje «i forhold til utenlandsreisen vi hadde en samtale om tidligere». Du skriv «du», «eg» og «me» og ikkje «man». Du er direkte. Du prøver ikkje å gøyma noko. Har du merka at nynorskfolk alltid er meir rett-på-sak enn bokmålsfolk? Legg merke til det.

6. Nynorsk prøver ikkje å gjera teite ting til formelle ting. På nynorsk treng du ikkje skriva Akseselskap, du kan skriva Lutlag. Ein lut i eit lutlag. Vidare kan du leika litt med orda. Driv nokon med aksespekulering? Då driv dei med lutleik. Tenk det, du. Du føler deg ikkje så høg i hatten der du sit og held på med lutleik. Me dreg slipsa av alle dei gamle mennene. Me riv papira ut av henda på dei. Opprøyr. Dei trur dei er så seriøse og viktige. Eigentleg er det heile komisk. Der dei boltrar seg i papir i utrengsmål. (Utrengsmål – når du gjer noko utan grunn, eller når du ikkje treng å gjera det – titt og ofte. Har me noko sånt ord på bokmål, kanskje?)

7.  Folk legg meir merke til det du skriv, når du skriv på nynorsk. For mellom alle menneska som skriv på bokmål, poppar du opp. Med nynorsken din. Viss du er på internett, høyrer folk litt ekstra på deg.

8.  Du trur kanskje ikkje det finst noko målrørsle på austlandet? Du tek feil. Det finst eit mållag i Østfold, og i Vestfold var eg nettopp med på å starta Alikkavæl (som i at me kjem frå austlandet, men kjempar for nynorsk alikkavæl [som er eit typisk Vestfold-ord]) dialekt- og målungdom. Me skal gjera revolusjon.

9. Det er gøy å vera med på ein revolusjon. Viss du tykkjer dei andre revolusjonane er litt for kompliserte å setja seg inn i, så er ikkje dette ein av dei. Eg snakkar om ein nynorskrevolusjon.

HIV DEG PÅ!

19 thoughts on “Å skriva nynorsk alikkavæl

  1. Dette var verkeleg flott Danielpus! Eg er frykteleg stolt av deg og vonar du aldri gjev opp nynorsken. Det skal ikkje eg gjere heller, sjølv om eg skriv bokmål som berre det. Eg er heilt einig med deg i at det meste vert betre på nynorsk. Dette var underhaldande lesing. No vart eg glad. 😀

    Koz och klemz frå venninna frå veras største nynorskby (som ikkje kjenner seg treft av noko i dette innlegget)

    • Det var i stor grad du som fekk meg i gang med nynorsken, så at du ikkje skriv nynorsk – det er merkeleg! Eg kan førestella meg diverse dikt med o-endinger, noko som hadde vore særs stilig.

  2. Må bare kommentere noen småting:

    1. Sjekk opp de opprinnelige endringene Knud Knudsen ville ha i riksmål. De er ganske radikale, og hvis alle var blitt gjennomførte ville det ikke være mye som skilte bokmål fra dagens nynorsk.

    2. Sjekk opp offentlige dokumenter på nynorsk (for eksempel læreplaner i norsk i grunnskolen). Tungt og kjedelig språk er fellestrekk for offentlige dokumenter i Norge uansett målføre.

    3. Sjekk ut rettskrivingsreglene for bokmål og oppdag alle de radikale og fullstendig tillatte formene. Nynorsk – ditto.

  3. Du har nok rett i at nynorsken egner seg bedre til å skape en personlig klang i fremstillingen. Fantastisk godt skrevet og med masse gode poeng. Burde kanskje vurdere å begynne å skrive nynorsk jeg også!

  4. Eg ser au at mykje er tillati (denne forma er ikkje det lenger på nynorsk) i bokmål. Men det er au skilnad på fridom og bruk. Sjeldan ser eg nokon skrive mjølk på bokmål, sjølv om mange seier det.

    • Det har du heilt rett i. Eg skriv til dømes ei heilt anna form for bokmål enn det mange eg kjennar gjer. Eg skriv til dømes «solen» og «boken» og «stuen», medan mange andre skriv «sola», «boka» og «stua». Likevel, føler eg at det er endå større forskjell frå skrivar til skrivar, i nynorsken. Variasjonane er rett go slett større – og det er jo mykje av poenget! :- D

  5. Shit, jeg skulle egentlig gjerne ha skrevet nynorsk, men det føles bare ikke riktig. Jeg er bor vest for elven og snakker den smaleste østlandsdialekten du kan forestille deg. Man kan godt si at jeg snakker bokmål, og da føles det bare naturlig å skrive det òg..

    • Definitivt. Det er jo ikkje noko gale med bokmål som seg, hovudproblemet, er korleis bokmålsmenneska bevisst prøver å drepa nynorsken. Folk snakkar om at det døyr naturleg ut, medan sanninga (i tillegg til at det ikkje døyr ut) er at dei _prøver_ å få det til å døy ut, ved bevisst gjera val som er dårlege for nynorsken.

  6. Ingenting som er bedre en et godt, realt innlegg som roser nynorsken for det det er. Ikke bare er nynorsk spennende å lese, men jeg elsker å høre det på teater også. Det gir mer farge, karakter og særpreg, syns jeg, men merkelig nok har jeg ikke hatt interessen av å lære det ordentlig selv. Men at jeg kan lese, forstå og nyte det er hva det i hovedsak går i.

    Jeg henger nok i tanken om at det spiller vel ingen rolle hva man skriver så lenge man liker å bruke det språket man bruker. Så får språkrådet bare gremmes,

    Elsker historien din om hvordan du bestemte deg for å lære nynorsk, forresten! Jeg har en venninne som i enkelte tilfeller blir ertet for dialekten sin. Hun taler som Alf Prøysen, og allikevel står folk ansikt til ansikt med henne og sier «snakk norsk, a!»

    Hun tar det med godt humør og bryr seg fint lite, heldigvis. Ingen kan lese opp en real julefortelling bedre enn henne, for å si det slik!

    • Takk for stilig kommentar!

      Når det er sagt; det er få ting eg elskar meir enn å herma etter dialekter. Somme tolkar dette som at eg ikkje liker dialekter, men sanninga er at eg alltid får ei trong til å læra meg dialekta eg høyrer. Høyrer eg ei ny dialekt, eller ein ny måte å snakka på, vert eg rett og slett nøydd til å sjekka det ut. Snakkar eg med eit menneske med anna dialekt enn meg, går eg gjerne derifrå med tankestemme på den dialekta. Eg trur det er difor eg nesten alltid skjønar kva folk seier.

      Eg føler at mange (ofte litt umodne) skribentar er fanatisk opptekne av å skriva «rett», i form av at ein ikkje skal leika seg med språket. Desse klagar ofte på meg når eg leiker med ord, bøyer verb på nye måtar og liknande. Dette av di dei sjølv er i ferd med å læra seg rettskriving, og det er jo logisk. Eg lurer på om det kanskje forsvinn med tida, når ein byrjar å få meir tak på språket – for då er jo neste skritt å leika seg, viss ikkje er det jo ikkje noko gøy. :- )

      Å høyra nynorsk på teater er fabelaktig. Har du sett Bibelen? :- )

      • Det har du nok rett i. Selv var jeg grusomt opptatt av å skrive rett grammatikk og hele pakka før, men så har jeg heldigvis begynt å eksperimentere litt mer i det siste, slik som du sier!

        Etter to år på vestlandet, både på folkehøgskole og som student i Stavanger har jeg fått høre utrolig mange ulike dialekter. Jeg var nylig med i et stykke regissert av en skuespiller fra Rogaland Teater der folk med alle slags dialekter jobbet, samt innvandrere som snakket enkelte ting på sitt eget språk, så det var en stor, herlig språklig bredde på forestillingen, noe som var litt av ideen også.

        Har ikke sett «Bibelen», men det virker som noe jeg hadde likt godt! Jeg håper at jeg får anledning til å se flere forestillinger på Det Norske Teatret når jeg flytter tilbake til Lier igjen.

    • Takk så mykje! Eg veit ikkje om det er sant eller ei, men eg har ei kjensle av at det vert stadig fleire av oss. Nynorsk er i vinden om dagen, og med Alikkavæl Dialekt- og målungdom, skal me sjå til at det vert ein storm! :- )

Legg att svar til Ingvild Utvik Avbryt svar