Ikkje dra kort-kortet, a!

Det er mange grunnar til at eg ikkje debatterar like mykje som før. Det vil sei, eg debatterar mykje, men ikkje like mykje som eg gjorde før i tida. Somme trur kanskje at eg har vorte dummare, eller at eg har fått meg eit liv. Det stemmer ikkje. Ein av hovudgrunnane til at eg er lei av å debattera med folk som har annleis ideologisk ståstad enn meg sjølv, er alle korta deira. Det mest kjende kortet er rasisme-kortet. No skal eg fortelja litt om rasismekortet.
Image
«Rasismekort»-kortet, er noko ein kan trekka fram viss nokon bruker ordet «rasist». I utgangspunktet var det iallfall det det var. Folket må jo ikkje tru at du er rasist. Viss folket trur at du er rasist, så vil dei ikkje ta deg seriøst meir. Diverre er det ingenting som tyder på at du ikkje er rasist, så du kan ikkje forsvara deg mot ein sånn påstand gjennom argumentasjon. Det er berre ein ting å gjera: sjå oppgitt ut og seia «no må folk slutta å bruka rasistkortet». Då tenkjer befolkninga: «Åh, takk og lov. Han var ikkje rasist. Det var visst berre nokon som brukte rasistkortet.»

Det er viktig å kjenna at motstandarane sine. Motstandarargumenta. Sånn at du lettare kan møta dei forberedt. Difor lærer nesten alle som driv med politikk seg nokre debatteringsteknikkar. Ein ting ein kan gjera på møta, er til dømes at alle saman samlast i ein sal. Ordstyraren sit ved ordstyrerbordet og held ein mikrofon, og så vert det delt ut forskjellege kort. Alle som sit i salen får kvar si bunke kort. I denne bunka er båe rasistkortet, «de liknar FrP»-korta (viss det er Høgre), og alle andre kort du kan førestella deg. Så skal ordstyraren byrja å snakka. Hen sit og seier argument ut i salen. Argument som ideologiske og partipolitiske motstandarar ofte nyttar. Når folket i salen gjenkjennar eit argument, lyftar dei eitt av korta. Til dømes, viss ordstyraren seier dette:
«Dette vil gå hardt utover bestemte etniske gruppar!»
Så må alle i salen kjappa seg å lyfta rasistkortet. Den som har klart å lyfta rett kort kvar gong, vinn leiken.
Image
Ein lærer seg også nokre standardargument, noko ein kan svara kvar gong dei kjennar att eirt kort. Det beste svaret, er det fullstendig blokkerande. «Du brukte rasisme-kortet!» eller «no bruker du frp-kortet!» (viss du er Høgre-politikar). Det er mange kort. Det er mange argument. Det er mange spørsmål og mange svar ein fint kan unngå ved å ropa «rasismekort!» Til dømes slepp ein å forklara kvifor det ein meiner ikkje er rasistisk motivert. Det er jo ikkje særleg enkelt bestandig.

No trekk dei gjerne korta før nokon i det heile teke har nytta ordet «rasisme». Med ein gong eit kritisk spørsmål kjem opp i lufta, skrik dei ut. «RASISMEKORT!»
Og eg vil så gjerne berre svara: «RASISME-KORT-KORT!»
Og då kan dei seia: «RASISME-KORT-KORT-KORT!»

Kort, kort, kort, kort.
Nei.
Så lettlurt er ikkje eg.
Ikkje dra kort-kortet, til meg!

 

Reklame

3 thoughts on “Ikkje dra kort-kortet, a!

  1. Og hvis noen informerer om at de har omgangssyke så trekker de omgangssykekortet, og hvis de snakker om de hjemløse så trekker de hjemløskortet og hvis de er redde for forurensing så trekker de forurensingskortet – hvorfor kan ikke folk bare snakke sammen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s