Då eg nettopp hadde starta opp denne bloggen, skreiv eg mykje om skriving. No er det lengjesidan sist, og eg har valt å koma tilbake med 5 tips. Desse tipsa handlar ikkje om korleis formulera setningar betre, men om korleis koma i gang. Ettersom eg hovudsakeleg skriv skjønnlitterere tekster, rettar eg meg den vegen. (Noko anna ville, frå meg, ha vore tåpeleg)
01. Ikkje vent til du er inspirert
Ofte når eg ber om råd for å koma i gang, er rådet eg får at eg skal «venta til eg er inspirert», «la det koma av seg sjølv» og «ikkje stressa noko særleg med det». Flotte råd for menneske som ikkje har lyst til å utvikla seg, men som berre liker å skriva no og då. Hadde eg vore ein sånn ein, hadde eg ikkje hatt behov for tips i retning «korleis inspirerast». Eg hadde heller ikkje hatt behov for tips til utvikling, ettersom eg ikkje hadde hatt noko plan om å utvikla meg. Dette er kort sagt det mest elendige rådet som nokon gong har vorte gitt til nokon. Her er rådet mitt:
Bestem deg fyrst kor god du vil verta. Er du ein sånn som skriv litt på fritida no og då for å få uttrykk for kjenslene dine, eller har du lyst til å få noko utgitt? Viss det fyrste, er det eit godt råd å berre skriva når du får den ekstreme skrivetrongen som du ikkje kan halda deg unna. Er det derimot det andre, held ikkje det. Det vert som å venta med å jogga til du plutseleg får ein ekstrem uimotståelig joggatrong. Det skjer ikkje med mindre du allereie har koma inn i joggerytma.
Trongen til å skriva, er ikkje noko som meldar seg viss du let skrivinga råta vekk. Kanskje, kanskje, vil du av og til kjenna ei kjensle av at «no er det på tide å skriva gitt», men det er ikkje noko du vert god av. Vil du verta god, må du skriva uansett. Etter ein lang periode med meir eller mindre tørke, bestemte eg meg for å starta på ein roman. Det var lengjesidan sist eg hadde skrive noko viktig for meg, ettersom eg i lang tid berre hadde skrive kortare sakar. Med andre, ord; ute av trening.
Det fyrste eg måtte gjera, var å skriva kvar einaste dag. Uansett alt. Det førte til ei heil rekke dårlege kapittel, noko som er verd det – medan ein skriv alt det drittet som vert forårsaka at ein skriv sjølv når ein ikkje vil, får ein kolossalt med trening. Og ikkje minst; etter kvart kjem rytma. Etter ei veke med skriving kvar dag utan å taka omsyn til kjenslene mine, byrja trongen å melda seg av seg sjølv. Viss eg ikkje hadde noko å skriva på eller med, kom abstinensane. Eg hadde rett og slett ikkje noko val. Med andre ord, den kjensla folk rådar deg til å venta med å skriva til du automatisk får – den kjensla dyrkar ein fram sjølv. Spørsmålet er kor ofte du vil ha kjensla. Vil du verta god, må du ha ho så ofte som mogleg. Difor: Skriv kvar einaste dag uansett. Det er betre skrivetrening å stira inn i eit tomt Word-dokument ein time, enn å gjera andre ting.
02. Viss ein tekst syg
Dette er eit flunkande nytt tips, av di eg opplevde det nettopp. I mitt tilfelle var det ein heil haug av kapittel i romanen min. Det som skjedde, var at eg fekk høyra at det siste kapittelet mitt mangla skildringar. Etter kvart balla det på seg. Kapitla var tomme for stemning, dei berre ramsa opp kva som skjedde, det var ikkje noko liv i dei, og dessutan vart ein ikkje noko glad i menneska som var med i historia. Det var kjipt. Eg tenkte at viss eg faktisk mangla absolutt alle heilt grunnleggjande skriveferdigheitar (bortsett frå dei ein kan trena seg opp til på kort tid, som til dømes grammatikk og slikt), så hadde eg ikkje sjans. Me gjekk gjennom avsnitt for avsnitt, sånn at eg kunne få veta konkret kva som var gale, kva som gjorde setningane dumme og kvar det burde fleire skildringar inn. Eg valte meg eit kapittel (i ei novelle kunne ein til dømes lese gjennom heile novella) og prøvde å setja fingrane på konkret kva som var i vegen, og korleis eg kunne fiksa det. Så la eg meg.
Det er her rådet kjem inn i biletet: Medan eg sov, jobba hjernen min på spreng. Hjernen min ville jo ikkje at eg skulle slutta å skriva (sånn som eg nesten vurderte, ettersom eg sog så fælt), eller at eg skulle fortsetja å vera dårleg til å skriva utan å fiksa opp i det som var gale. Eg la meg i eitt-to-tre-tida om natta, sov hardt og konsentrert, og vakna klokka halv ni om morgonen av ei slags panikk-kjensle. ÅNEI! gjekk kjensla utpå. EG ER I FERD MED Å SVIKTA MEG SJØLV! Eg skjønte at problemet mitt hadde vore at eg ikkje hadde teke skrivinga mi seriøst nok, at eg hadde slurva, at eg ikkje skreiv lengje nok når eg fyrst skreiv, at eg surra for mykje med andre ting og alt anna kødd. Eg bestemte meg samstundes for at dette var den viktigaste tingen i heile livet mitt. Og at å rota vekk dette, var som å drepa seg sjølv. Med andre ord var eg lys-vaken. Auga mine var vidopne, og eg sprang ned i stova, drog fram denne dataen her og opna dokumentet. Eg fann fram kapittelet eg hadde lese gjennom dagen før, sette musikk i øyra, og så tok eg føre meg alt saman. Eg skreiv den nye teksten nokre linjer over det eg allereie hadde skrive, og valte å sjå på det eg skreiv i går som kladd. Så skreiv eg det på nytt. La inn skildringar, snudde setningar på hovudet og pakka informasjonen inn i bilete. Etter kvart som eg jobba meg gjenonm informasjonen, sletta eg linje for linje, og jobba meg vidare. Det nye kapittelet var sikkert 100 gongar betre. Eg vil òg leggja til at eg sov mykje kortare enn til vanleg, og at eg ikkje har vore så opplagt på år og dag. Hjernen min jobba hardt og konsentrert den natta.
Tipset handlar ikkje om at du må «skriva det dårlege på nytt». Skal du skriva det dårlege på nytt, bør du iallfall ikkje sletta alt saman på ein gong og deretter skriva det ein gong til, sånn som mange andre mennseke gjer. Det fører som regel berre til at ein slettar og slettar i all æve og aldri kjem nokon veg. Hovudgreia, sånn som eg lærte det den gongen, er at du til ein viss grad kan bestemma kva hjernen din skal jobba med om natta. Vil du at hjernen din skal jobba med ein tekst, så må du tenka på teksten. Då må du gå gjennom teksten rett før du skal søva, vri og venda på han, rota fram alt som er feil, og fortvila deg. Sørg for at du vaknar tidleg neste morgon (eg vakna av ein eller annan merkeleg grunn av meg sjølv [har ikkje vakna tidleg av meg sjølv på mange år, iallfall ikkje med så få timar søvn]), og la fiksing av tekst vera det fyrste du gjer. Kanskje vaknar du opp som ein ti år eldre skribent. Fantastisk.
03. Viss du skriv på data; opna dokumentet tidleg.
Det har fungert for meg. Ofte har eg prøvd å samla mot til å skriva medan eg gjer heilt andre ting, og så opna dokumentet i same sekund som planen om å skriva dukkar opp. Den nye strategien derimot, går utpå at sjølv om eg gjer andre ting, så har eg alltid dokumentet oppe. Viss eg snakkar i telefonen medan eg planleggjer å skriva etterpå, så stirer eg inn i dokumentet. Medan telefonsamtalen føregår, veks trongen til å skriva vidare i dokumentet. Når samtalen er over, er eg klår med ein gong. Hjernen min skjønar ikkje at me skal skriva viss eg stirer inn i bokhylla, inn i veggen eller inn i Facebook.
Når det kjem til å skriva for hand, vil eg vedda på at det same gjeld. Å la blyant og viskelær og spissar og ark eller skrivebok liggja klår, rett framfor deg, og gjerne gå rundt med blyanten i handa (Viss du til dømes skal henta deg ein kopp te før du byrjar å skriva). Når det kjem til te:
04. Kva liker karakteren din?
Er det ein sånn karakter som drikk kaffi? Eller er det te? Kva type te? No kjennar eg eit menneske dette rådet ikkje vil fungera for, av di ho er ein kresen jævel og ikkje ville fått same oppleving av å drikka urte-te som det ein eventuelt karakter ville hatt. Er du og ein kresen dritt som ikkje liker noko som helst, så kan du jo prøva å tenka ein mellomting. I verste fall kan du hella sjokolademjølka eller party-brusen din i ein kopp som du trur karakteren din ville hatt teen eller kaffien sin i.
Det er difor eg alltid lagar meg kaffi når eg skal skriva om Robbie Orderby, og sjølvsagt aldri med sukker eller mjølk i. Eg tek gjerne på meg svarte klede (for å sletta min eigen personlegheit – dette gjer det lettare å gløyma at eg eksisterer, og halda fokuset fullstendig på den som fortel historia), og, viss eg vil ha litt julestemning – knaskar nokre pepperkakar i mens. Drikker smudi, viss eg vil at det skal vera sumar. For å skildra kulde sørga eg for å halda vindauget oppe, gni henda inn med snø til dei var så kalde at eg nesten ikkje greidde å skriva med dei, og deretter fortelja om korleis kulda var. Kort sagt; mykje av det som skal fram i teksten, bør ein kjenna på i røynda òg. Er det ein ordentleg disiplinert, eller ein slakk karater? Utifrå dette kan ein vurdera om ein skal skriva teksten medan ein ligg på senga, eller om ein skal settja seg ved eit høgt bord med beina ned på golvet og henda stivt framfor seg å tastaturet. Alle desse små detaljane; kvar du sit når du skriv, kva du har i koppen ved sidan av deg – alt dette kan verka på teksten på rett måte om du berre vel dei rette tinga.
05. Vurder kva tid på døgnet du er best.
Eg er til dømes mest kreativ om kvelden og natta. Då er eg superduperkreativ, og svært lite kritisk. Det vil sei at viss eg har lyst til å skriva mykje på ein gong, er det lurt å skriva om kvelden og natta. Då kan eg skriva langt og lenge, og stå opp neste dag til ein tekst som er heilt på tryne og berre inneheld oppramsing. Andre menneske derimot, skriv kanskje best når dei er på sitt mest kreative. Det eg kan konkludera med, er at eg er flinkast til å skriva om morgonen – før eg har gjort noko som helst anna – og mest kreativ om kvelden. Difor må eg planleggja om kvelden, og skriva om morgonen. For meg er det perfekt, ettersom hjernen jobbar med det eg har planlagt medan eg søv, sånn at eg er ekstra klår til å skriva om morgonen. Viss du driv med skule og jobb og den slags kødd så tidleg at du ikkje får til å skriva, kan du jo vurdera å stå opp endå tidlegare. Litt av poenget med å skriva om morgonen, er jo at ein gjer det medan alt som har skjedd dagen før er bearbeida, og det ikkje har skjedd noko nytt dagen etter. Når hovudet er på sitt reinaste og klåraste.
Uansett kva du går for, prøv å gjera det på den måten kvar dag. Som eit rituale. Eller rutine. Då vert ikkje skrivinga forstyrra av at det er forskjelleg tid på døgnet kvar gong.
Dette er ting eg nyleg har innsett, og eg trur det burde fungera for andre menneske òg. Neste gong skal eg skriva ned nokre tips for å jobba fram idear. For somme er ikkje det naudsynt, ettersom ideen allereie er heilt klår. Difor passa dette fint for menneske som kanskje har ein ide men som slit med å gjeva ideen den verdigheita som han treng.
Utrulig flotte tips Daniel 🙂
Veldig bra, Daniel 🙂
Herlig! Jeg er veldig med deg på å ikke vente på inspirasjon. Det handler ikke alltid om at det er en trang til å skrive der og da. Av og til handler det faktisk om trangen til å skrive i det lange løpet, for eksempel trangen til å skrive en roman. Og da må en rett og slett tvinge seg selv til å skrive innimellom. Som så mye annet i livet kommer ikke gode bøker av seg selv.
Absolutt, absolutt!
Eg samanliknar det ofte med trongen til å koma i form. Ein har kanskje ikkje ein plutseleg trong til å jogga akkurat der og då, men gjerne lyst til å koma i betre form i det lange laupet. Og etter kvart, kjem den plutselege trongen òg. Trongen til å skriva dukkar automatisk opp viss ein held det gåande ein stund. :- )
Skulle nesten trodd du hadde vært borti noen av de samme skrivelærerne som meg! 😛
Diverre har eg ikkje vore borti ein einaste skrivelærar 😦
Kanskje noe å vurdere? Du kan definitivt skrive!
Jaa, eg har veldig lyst! :- )
Takk skal du ha ;- )