Kan nyting vega opp for smerte?

Eit argument eg ofte høyrer for at det er greitt å påføra andre smerte, er fylgjande: «Kva? Er du imot at me har det deilig?» Vanlegvis forsvarer ikkje folk seriemordarar på denne måten, eller generelt slakting av menneske, men slakting av andre dyr får ofte denne responsen. Uansett kor uverdig dei måtte leva livet sitt, og uansett kor uverdig dei måtte enda det. Det er heilt greitt, for «du er vel ikkje imot at eg skal ha nokre minutt med orgasme på tunga mi? Hatar du menneske ell?» For det fyrste har eg fått nyting på tunga mange gongar i det siste sjølv om eg har kutta ut akkurat den nytinga som kjem av at nokon har levd eit uverdig liv – av di eg meiner at dei minutta med nyting ikkje gjer opp for smerta som «måtte» til for å skapa det.

Det som plagar meg er imidlertid ikkje at dei argumenterer for å torturera andre dyr. Det aller mest irriterande er at grunnane dei diktar opp ikkje hengjer på grep med korleis dei vanlegvis tenkjer. Viss eg torturerer ei katt på gata, vil det til dømes ikkje vera unnskuldning nok at eg gjorde det av di eg tykkjer det er deilig å torturera. Plutseleg veg ikkje nyting opp for smerte lenger. Det veg berre opp viss det er ein sjølv som gjer det. Ein kan difor seia «nei, at du torturerer katter er ikkje greitt, for det gjev ikkje meg nyting.»
Image

Viss ein har ein livsfilosofi basert på at nyting kan vega opp for smerte, bør det vera konsekvent. Det bør ikkje berre handla om i akkurat dei tilfella ein sjølv ikkje er villig til å boikotta tortur når dei kan få nyting på andre måtar. For gjeld dette berre i eitt tilfelle, held det ikkje. Viss nyting skal vega opp for smerte – på ordentleg – bør det og vera snakk om situasjonar som dette:

Ein mann vert torturert ute i hagen min. Eg kan velja å gå ut å redda han, noko som vil føra til litt stress og slit for meg. Eller eg kan venta til det går over og mannen er fri til å gå. Viss torturen av mannen fører til nyting for dei som torturerer han, er det faktisk snakk om to stykk nyting mot eit stykk liding. Såleis burde valet vera enkelt. Viss det derimot ikkje er snakk om nyting frå torturistane si side, kan eg lett vega opp for torturen ute i hagen ved å setja meg ned og byrja å onanera eller drikka ein deilig drink. Eg treng ikkje redda han – eg veg opp for smerta ved å påføra meg sjølv tilsvarande nyting.

Viss ein ikkje kan vera einig i dette dømet, er det heller ingen grunn til at nyting skal vega opp for smerte i andre situasjonar. Kvifor skal dette berre gjelda av og til? Anten så veg nyting opp for smerte – eller så veg det ikkje opp for smerte.

Er mobbing greitt så lengje mobbarane er sadistar og difor nyt det dei driv med? Og i så fall: er det framleis greitt viss du vert mobba? Eller er det eit unntak?
Image

Det finst endå meir moral med hol i. Dette biletet er til dømes veldig provoserande av di ein samanliknar folk som går på jakt og skyt elgekuer sånn at kalven døyr åleine i skogen – med menneske som går på jakt og skyt menneskemødrar sånn at babien kjem i fosterheim. Elg har nemleg ikkje moral (kva veit me om det), difor er det greitt å gjera kva ein vil med elg, medan det ikkje er greitt å gjera kva ein vil med menneske uavhengig av kva moral dette mennesket har. Dessutan fører jo skyting til nyting for jegaren, som likar skyting. (At det fører til nyting for seriemordaren, er ikkje så viktig- sjølv om konsekvensane for menneskebarnet er mindre enn konsekvensane for kalven) Nyting over smerte gjeld med andre ord berre i den eine situasjonen og ikkje i den andre. Og kven i all verda seier at mennesket som vert drepen har ein bestemt moral? Skal ein spørja folk kva moral dei har før ein drep dei?

Det verkar og som om nyting tellst medan smerte ikkje tellst. Sjølv om dei som tek omsyn til nyting, i tillegg burde taka omsyn til smerte. Ein burde måla det opp mot kvarandre. Er nytinga større enn smerta? Eller er smerta større enn nytinga? Eg prøver å ta dei fleste val utifrå dette. Skal eg eta noko som gjev meg vondt i magen? I så fall: Kor godt er det, og kor vondt får eg i magen? Det same spør eg meg før eg skal kjøpa noko som det er stor sannsynlegheit for at har opplevd smerte. I eit kapitalistisk samfunn er det nemleg svært, svært sannsynleg, ettersom profitt er viktigare enn livskvalitet, at smerte er inkludert. Støtter eg ein industri som bryt med absolutt all moral eg har, viss eg kjøper dette produktet? Og viss eg er klår over dette; kvifor skal eg då støtta industrien? Ville eg putta pengar i «GÅR TIL Å PRODUSERA NYE TORTURMETODAR I GUANTANAMO»-boksen viss nokon hadde stand på torget? Kva viss eg fekk eit fat med vegankake på kjøpet? Og er ei kake som støtter torturering av andre dyr (som i dette tilfellet er menneske) eigentleg vegan?

Nyting kan vega opp for smerte viss det er snakk om minimal smerte mot ekstrem nyting. Overleving handlar derimot ikkje om nyting. Å eta for å overleva og å eta for å få nyting på tunga samtidig som ein aukar sjansen for å få kreft og hjartesjukdommar og i tillegg støttar ein industri som baserer seg på å ikkje ta omsyn til andre levande individ, er to forskjellege ting. Difor ville eg ha ete dei daude menneska viss eg var fanga oppi Andesfjellene med eit styrta fly og nokre lik. Eller kjøttet i søppelkassa viss eg var uteliggar. Eg ville derimot ikkje ha putta ein kalv inn i eit lite trebur der han ikkje kan snu seg, i mange månader med fullstendig isolasjon og deretter ete ho til middag berre av di eg tykkjer kalvekjøt smaker godt og i tillegg ser fancy ut. Nytinga veg ikkje opp ein brøkdel av smerta eg skapte for å oppnå det. Viss smerta derimot var nede på nivået med nytinga på tunga mi, medan nytinga var på nivå med smerta kalven opplevde, hadde det derimot kanskje vore heilt i orda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s