Bryr du deg ikkje om menneske?

Mange menneske trur at det finst to arter i verda. Den eine arta heitte «menneske», den andre arta heitte «dyr». Nokre av desse veit at «menneske» går under «dyr», men lager allikevel eit skilje her for å visa at det er forskjell på menneske og på andre dyr. Denne forskjellen, mellom menneske og andre dyr, er større enn forskjellen på sjimpanser og andre dyr. Den er større en forskjellen på sjimpanser og kreps. Difor, i praksis, er det kun to arter. Og desse er fundamentalt forskjellege – av di menneske gjer ting som passar seg for menneske, medan andre dyr ikkje gjer ting som passar seg for menneske. Og viss dei gjer det, så er det «menneskeleg». Hunder som deppar gjer det på «ein menneskeleg» måte, og delfinar som redder livet til folk er veldig «menneskelege». Aper liknar på menneske, sjølv om dei kom før oss.

I tillegg til dette, har me ei bittelita og svært begrensa sirkel/boble som heitte Medkjensle. Medkjensle er alle født med, og me har det for alle innanfor same art. Det er naturleg og bra. Dei fleste barn har medkjensle for fleire dyr, men dette lærer dei seg for vekk med, av di det ikkje er naturleg. Det er viktig at me lærer og utdannar oss i kva som er naturleg for oss. Og så lærer me oss kor stor Medkjensla er. Når me har lært dette, stoppar ho ved M-en og sluttar ved «E»-en. Menneske.

Image
Sånn ser medkjensla til normale folk ut. Og dette er bra, for det finst mange menneske som har det fælt i verda, og for at me skal hjelpa kvarandre, må me bry oss om kvarandre. Så kan andre dyr taka ansvar for si eiga art. Viss menneske let dei, då.

I tillegg til desse flotte menneska som bryr seg om andre menneske – finst det nokre galningar som bryr seg om andre dyr. Det er forferdeleg. Som sagt har me berre ei boble med Medkjensle, og denne må me putta kring menneske. Veganarar, dyrerettigheitsforkjemparar og folk som jobbar som veterinær, og så vidare, har gjort fylgjande:

Image
Dei har rett og slett teke den lille Medkjenslebobla, og flytta ho frå «menneske» til «dyr». Det er ikkje mogleg å ha medkjensle for fleire enn ei art, og det finst kun to artar.

Nokre folk innser at det finst fleire enn to artar. Då lagar dei fleire Medkjensle-boblar. Til dømes kan dei ha medkjensle for katter. Det er vanleg i Noreg. Nyhende om urett mot menneske og katter, er hjarteskjerande. Alle andre kan dra til Helvete. Nokre har hundar i tillegg eller framfor katter. Det er ikkje av di dei er søte, for kjuklingar er og søte, men dei fleste vil gladeleg støtta eit system som sørgar for at dei vert behandla verre enn dei nokon gong har sett nokon behandla ei katt eller eit menneske utan at dei må skrika opp og boikotta det. Og sjølv om ein har medkjensle for katta, skal ein sjølvsagt ikkje har like mykje medkjensle for ho som det ein har for menneske. Menneske er nemleg svært fantastisk. Sjølv om mesteparta av lidinga menneske opplever er menneskeskapt. Og sjølv om mesteparta av lidinga til mange andre arter óg er menneskeskapt. Og mykje meir omfattande.

Ikkje alle si medkjensle ser heilt sånn ut. Og noko så enkelt som at «smerte» er det same som «smerte», tek det ofte lang tid å forstå når ein fyrst har lært seg opptil å ikkje forstå det. Og at det er det same uansett kven det er mot. Å ikkje få lov å elska nokon er like vondt uansett om du elskar ein gut eller ei jente. Og dette vert ikkje påverka av kva kjønn ein er. Det vert ikkje påverka av om du er cis eller ikkje. Det er vondt viss du ikkje får lov å elska av di barna dine alltid vert teke ifrå deg med ein gong dei kjem til verda. Å elska er eit instinkt – og det er ikkje eit argument for at det ikkje er verd noko. Det er tvert om eit argument for at det er vondt å verta hindra i det. Allikevel lærer folk å tru at kjensla av å «elska» er heilt fundamentalt forskjelleg etter kva gruppe folk høyrer til.

Dessutan er det ikkje sånn at menneske som seier «kva? Bryr du deg om andre dyr? Tenk på menneske!» eigentleg bryr seg om menneske. Ikkje faen om dei gjer. Dei fleste gjer ikkje det. Dei fleste menneske som berre bryr seg om menneske, bryr seg berre om nokre få menneske. Viss dei er homofile, bryr dei seg berre om homofile (som er norske og som er cis). Og kanskje litt om heterofile. Dei bryr seg om LHB(ikkje T)-rettar. Og berre viss alle L-ane, H-ane og B-ane ikkje har ein T, ikkje kjem frå eit anna land og ikkje er av ei anna art enn menneske. Dei som vert kategorisert som T derimot (og her er det så mange forskjellege type kjønnsminoritetar at det ikkje er vits å skriva om alle i denne parentesen), kan berre ha det så godt. Faen ta dei. Og dei igjen, har ofte ein grunnleggjande respekt for homofile, men dei har ikkje alltid respekt for folk som kjem frå eit anna land. Viss landet er Sverige eller Danmark går det ofte greitt, og viss det er USA, men viss det er frå eit land der folk har annleis pigment, er det ofte ikkje like enkelt å føla medkjensle for dei. Og dei som kjem frå eit land (og har budd der mesteparta av livet sitt) der ein har annleis pigment, har slett ikkje alltid særleg mykje medkjensle for dei menneska eg allereie har skrive om.

Og dei få menneska det er som finst – dei som har medkjensle for alle type menneske – er det verkeleg sånn at ingen av desse kan ha medkjensle for andre artar? Her er ein vanleg modell:

Image

Men «alle andre» bur ikkje i ein firkant. Dei står rett utanfor medkjensle-bobla di og ventar på å verta inkludert. På sine eigne premissar. Dei fleste har medkjensle for deg i det du slår tåa, men ikkje i det du opplever smerte grunna noko som berre menneske i same situasjon som deg sjølv opplever. Ikkje før dei skjønar at smerte er smerte, og at folk opplever smerte av forskjellege grunnar  – og at av og til er dei forskjellege grunnane eigentleg dei same, men i forskjelleg drakt. Homofile vert oftare og oftare inkludert i medkjensla. Men berre viss dei er cis. Mange inkluderer folk frå andre land. Men berre viss dei er mentalt stabile – sjølv om mange av dei har mindre forutsetningar til å vera det enn ein sjølv. Nokre folk inkluderer dei som bur på gata. Men berre viss dei ikkje kjem frå Romania. Nokre folk inkluderer til og med dei som kjem frå Romania. Men det er ikkje forskjelleg Medkjensle-boble. Du lagar ikkje fleire medkjensler. Du flyttar ikkje medkjensla. Du tek ikkje litt medkjensle frå ein type folk og flyttar ho til ein annan folk. Det vert ikkje mindre på kvar viss du sprer dei utover. Du tøyar medkjensla som ein muskel. Du gjer ho større og større. Då du var liten hadde du det for alt levande, men så vart det kutta vekk. No må du trena ho opp att. Fyrst til folk som liknar deg sjølv. Så til andre som ikkje liknar, og så skjønar du at dei liknar allikevel. For forskjellege folk er det forskjelleg kven som står nært og langt unna. Nokon får medkjensle for elefantar før dei får medkjensle for folk som kjem frå Romania. Andre får medkjensle for folk frå Romania før dei får det for dyr som har fjør . For mange er dyr med fjør lengst unna. Og dei som pustar inn oksygen gjennom vatnet, er endå lengre. Faktisk så langt unna at sjølv ikkje dei som har dei med i Medkjensle-bobla si tør å snakka høgt om dei.

Og når alle er inkludert, så er dei plutseleg ganske like, og  ein kan respektera alle på deira eigne premissar. Og sidan du har trent opp medkjensla, er ho ikkje berre større, ho er sterkare og. For det er ingenting som kan forandra ho. Det er ikkje lenger like lett å flytta ut av medkjensla di, for alt er plutseleg så mykje meir komplekst, og plutseleg så mykje enklare.

Image
No kan sola ljosa på alle saman.
(Bortsett frå dei som ikkje tåler sol, eller som har for mykje sol der dei bur. For dei kan få noko tilsvarande, til dømes regn. Det er sånn dei inkluderes på sine eigne premissar.)

Reklame

2 thoughts on “Bryr du deg ikkje om menneske?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s