Bølger – Til deg som er flat

 Nokon er redde for å gå opp av di dei veit det går beint ned etterpå. Høgdeskrekk. Det er ingen som verkeleg er redd for høgda. Hadde dei verkeleg vore redde for høgda, ville dei ha hoppa ned, men folk flest med høgdeskrekk held seg langt unna kanten. Det er ikkje so lett å halda seg unna kanten viss ein heile tida går framover, og det er akkurat det som skjer når me pustar. Det som gjer at me lev og ikkje er daude, rørsle, røsle er tid som heile tida dyttar oss fram gjennom seg. Oppover bakkar og nedover, eller berre beint fram heile tida. Somme medisin er lagd for å fjerne bakkene, for utan bakkane vert det heller ikkje noko nedoverbakke, du berre lev i dalen heile tida utan variasjon. Det er ikkje like dramatisk som å nå botnen etter ein topp. Eg har alltid hatt bakker. Toppene var å nå 0 etter å ha vore på minus, og å koma heilt opp på 1 ville senda meg so langt ned på nedoverskalaen etterpå at det ville taka veker å koma seg opp til 0 att.

ivatnet
Foto: Geir Fløde

No veit eg korleis oppoverskalaen kjenst ut. 0 er fri frå smerta, men heller ikkje noko meir, tidlegare ville 0 vera den perfekte kjensla ettersom det var stille utan vonde ting. Går me oppover får ein lyst til å finna på noko, finna fram nokre menneske og utføra aktivitetar, trena, tenkja på hyggjelege ting og «leva». Eg er glad i oppoverskalaen no, so glad at når tala byrjar å gå nedover, gjer eg alt eg kan for å klamra meg fast i dei. Når ein fin aktivitet er slutt må eg starta ei ny ei so fort eg berre kan, viss ikkje so kan den fryktelege nedoverskalaen koma att. Som å ha det fint i mange dagar og so plutseleg vera åleine, sjølve frykta for bølgjedalen gjer vegen båe brattare og raskare, får det til å stupa i eit slikt dramatisk tempo at all kontroll forsvinn. I slike tilfelle skulle ein helst vera åleine allereie før sjølve bakken starta, utan korkje internett eller telefon. Eg kan ikkje hugsa ein einaste god relasjon som har vorte øydelagt av andre grunnar enn at eg ikkje har vore åleine (og utan internett og telefon) medan nedoverbakken kom. 

Difor er det tryggast å vera heilt flat heile tida. Er du heilt flat heile tida, er det ingen bølgjedaler som andre kan vera vitne til og dimed forlata deg. Ingen vil knytta seg til nokon som kan føla smerte i nærleiken av dei. Smerte skal du berre føla etter at alle andre har gått – ikkje i det dei skal til å gå, men når dei er langt unna. Og sørg for at dei aldri får veta om det, viss dei er verkeleg nære personar. Bekjente kan kanskje takla det, men ikkje dei du elskar. Og einsemda er det aller mest skrekkelege som finst på botnen. Det er det som et deg opp og får deg til å gjera forferdelege ting. So viss du ser eit fjell, gå heller gjennom tunnelen. Der er det ganske mørkt, men det er i det minste konstant. Ingen vil riktig nok vera ven med ein person som er so keisam som ein som er flat. Iallflall ingen som er meir interessante enn det du er når du sit stille på ein stol med augo beint fram og mottar underhaldning utanifrå utan å ha det minste lyst til å delta sjølv. Ingen er so stygge som dei som er passive, ingen har so daude blikk og so tydelege dobbelthaker som dei som sit med haka nedover og stirer rett fram. Ingen har so monotone, fråstøytande stemmer. Av og til, når eg er sliten og passiv og stirer inn i mobilskjermen, og so går skjermen i svart, får eg auge på uttrykket eg har i augo. Det ser ut som klistremerker nokon har klistra på, dei er mørke og maskinaktige, fjeset har fått ein stygg farge og huda tyt plutseleg ut. Nokon ser slik ut heile tida, strekmunn og strekbryn og strekaugo. Når dei tenkjer på «livet», er det noko som ligg i framtida deira, ikkje noko dei lev i no, eller so er det noko andre har, eller, i verste fall, gjev ordet dei ei ekkel kjensle av noko dei vil ut av.
SONY DSC
Det som verkeleg er skummelt, er viss du flyt på vatnet og nettopp har passert ei bølge, sklir ned i bølgedalen og so er bølgedalen plutseleg alt som finst ettersom det ikkje kjem noko ny bølge. Viss det då går fleire år og du konstant er på botnen og har vendt deg til det, er ikkje neste bølge særleg freistande ettersom det vil gjera det som kjem etterpå endå verre. Eg har skrive i «du»-form lengje no, og det er ikkje av di eg ikkje tør å skriva «eg», men av di eg ikkje skriv om meg. Eg har aldri opplevd dette. Eg har alltid røyrd meg frå 0 til -10, eller frå 0 til 10, eller frå 10 til -10, og eg har skifta fort, heile tida, flash flash flash. Men eg har aldri «levd» ordentleg før eg nådde plussdelen av skalaen, alt frå før dette skjedde, kjenst ikkje ut som minner som tilhøyrer meg, men minner eg berre har lese ein plass og som tilhøyrer nokon heilt andre. Viss eg held kontakt med akkurat mange nok menneske, kan eg kjapt oppsøkja ein annan person dersom ein viktig person har sett meg på mitt verste og difor forlatt meg, og eg treng ikkje ein gong sørga lengje. Ikkje viss eg raskt nok klatrar over til neste aktivitet og samstundes skriv triste dikt med store bokstavar. 

Viss det skjer mange nok nederlag i laupet av kort nok tid, og samstundes skjer mange nok fine ting i laupet av det same tidsrommet, vil nederlaga vera so mange og so trivielle at dei ikkje festar seg lenger men byrjar å prelle av. Det er mykje mindre smertefullt enn å heile tida liggje heilt stille og unngå alt som er fint av di det òg bringjer med seg ting som er dumt, og alt som er dumt verkar hundre gongar meir skummelt ettersom det ikkje skjer so ofte. Eg er livredd for bølgedalane, dei som kjem etter at noko fint har skjedd, men ikkje so redd som eg er for å vera flat. Å vera flat er som er å vera daud, bortsett frå at du i tillegg til å vera daud bruker straum og forurenser og sannsynlegvis støttar absolutt all urettferd i verda økonomisk, i somme tilfelle endå meir enn dei som er levande. 

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s