E-post til KS

Hei!

For ei veke sida skulle eg starta i 2. klasse, som forsøk nr 2 på å fulleføra videregåande etter at eg droppa ut sist. Eg hadde manna meg opp heile ferien, og var ganske so nervøs. Då eg til slutt kom, fekk eg berre beskjed om å dra heim att. Rådgjevaren var teken ut i streik, so dei visste ikkje kva dei skulle gjera med meg som skulle starta i ny klasse.

Sist eg gjekk på skulen hugsar eg at eg kunne ringja læraren når som helst etter skulen viss eg lurte på noko, og mange av dei kunne eg senda fyrsteutkast til oppgåva mi til so dei kunne sjå på det og fortelja meg kva eg kunne gjera betre. Mange av dei gjorde ein so god jobb dei kunne for at elevane kunne få toppkarakter, viss me berre hadde lyst. Somme hadde so mange vikartimar at dei knapt fekk tid til å undervise sine eigne klasser, og likevel tok dei seg ekstra tid på fritida til å bli igjen på skulen og hjelpa oss med oppgåver viss me hadde lyst. Det er ingen tvil om at dei som vel læraryrke er blant dei mest idealistiske yrkesutdøvarar, og blant dei som brenn for yrket sitt. Korleis skal då nokon andre enn lærarane (og elevane!) veta kva som skal til for å utføra jobben på best vis?

Eg vil ikkje at det skal ta tre månadar å få svar på ei prøve av di lærarane sit i møter som dei ikkje eigenleg har noko å gjere i, eller tek vikartimar av di dei har vorte endå færre enn dei allereie er av di dei meiningslause krava som no kjem opp kan få sjølv den mest idealistiske lærar til å forså a det faktisk er umogleg å utføra jobben sin på forsvarleg måte og til det beste for elevane og dimed ikkje ha fleire grunnar att til å fortsetja jobben.

Lærarane jobbar nesten heile dagen, når dei kjem heim er det massevis av prøver å rette. Det har openbert fungert fint, for eg har alltid fått raske svar på prøvene. Desse svara er med på å hjelpa meg å utvikla meg vidare sånn at eg lærer noko. Er ikkje skulen til for at me skal lære, eller er det berre meininga at me skal vurderes for det me allereie kan? I so fall, kvifor kan me ikkje berre kutte ut heile skulen og heller lese på eigahand, for deretter å gå opp til eksamen? Kva skal me med lærarar viss ikkje dei skal bruke tida si på å tilfredsstilla elevane, heller enn å tilfredsstilla dykk? Det er ikkje de lærarane er på skulen for, men oss.

Eg kan ikkje sjå ein einaste fordel med at lærarane skal sitja på kontor heile dagen og vera i dumme møter og ikkje få retta stilen min. Dei kjem sikkert til å verta surare òg, som einkvar vert om hen må sitja på kontor dagen lang.

Vennligst slutt og øydelegg skulen og la ting få vere som det er.

Helsing frå ein sint elev

4 thoughts on “E-post til KS

  1. kan eg få låna denne teksten? eg skal ikkje lata som om eg har skrive han sjølv. då får eg også eit høve til å sjekka ut korleis «reblog»-knappen øvst mun verka…

    helsing sint lærar (i streik).

  2. Reblogged this on ida nerdar seg på nett and commented:
    sist veke var media vortne leie av å referera til (og til dels setja seg inn i) kva KS og lærarane var usamde om. no fekk lærarane gjera seg ferdige med streiken, før han råka Den Uskuldige Tredjepart, elevane, for hardt. i nettavisene finn ein fleire oppslag om dei negative følgjene streiken vil kunna ha for elevane, men det er skjeldan at Dei Uskuldige sjølv får føra ordet i desse sakene – det er helst andre som talar om dei, slik det gjerne òg er andre som talar om lærarane sin arbeidssituasjon. nettnerdinga har sett seg lei av dette, og slepp her til ein elev:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s