Pass dykk! Ei tiggar-sverm er på veg!

Eg var på veg ut av ein butikk, då eg såg dette skumle oppslaget i VG. Eg må sei eg nesten mista pusten. Ikkje nok med at me skal drukna i flått kvart einaste år, men no kjem det tiggarar i tillegg!

Fyrst ein definisjon av ordet tiggar.
Tiggar: Eit vesen som er mykje større enn ein flått – nesten like stort som eit menneske – som svermer i gatane og driver med organisert kriminalitet, samt plagar folk med å halda fram kopp.

Dei har vore her lenge. Eg ser dei stadig når eg går gjennom Tønsberg. Ofte går eg forbi heile ein eller to stykker kvar gong eg skal gå frå rutebilstasjonen til Biblioteket. Kvar gong vert eg like fortvila: Kva skal me gjera med dette problemet? Eg får dårleg samvett for at eg ikkje kan gjera noko for å hjelpa. Det hjelper jo ikkje å tigga heller. Det vert ikkje noko betre av det. Og når det ikkje vert betre; kva skal me då gjera? Eg har ein idè. La oss laga skremselspropaganda:

Image
Eg vert så provosert av alle desse kommunistane og snillistane som trur at det vert noko betre om me gjev dei fasilitetar dei ikkje fortener – sånt som dass og dusj og sånt. Ikkje nok med at dei vil slutta å drita i gatane, men dei vil lukta godt også. Då vert dei jo mindre fråstøytande, og det vert vanskelegare å få folket med seg på det som er det store målet: Reine gater. Eit land med ytre og indre hygiene!

Dei vert jo nærast belønna for å vera fattige viss me gjer dei det dei treng. Då får jo berre endå fleire folk lyst til å vera fattige – og endå verre – dei kjem hit! Sånn at me må sjå det! Det vert fleire og fleire av dei! Nokon snillistar trur at desse menneska eksisterer allereie, og at forskjellen når dei kjem hit er at me ser dei, men det er berre kødd. Desse tiggarane vert produsert av maskinar, og jo fleire me tek imot, jo fleire produserast. Viss me forbyr tigging, sluttar folk å produsera tiggarar, og då får me slutt på all fattigdom i verda. Berre me får det ut av Noreg. Noreg skal vera eit reint land. Problema og pakket får forflytta seg rundt om i verda, sånn som menneske har gjort gjennom alle tider, så lenge dei ikkje kjem inn i dette landet. Og viss dei kjem hit, så skal dei ikkje få lov å tigga. Og vil dei ha jobb, må dei allereie vera i stand til å forsørga seg sjølv (på den måten hindrar me fattiglus i arbeidd). Og har du ikkje noko seng, så er det forbudt å søva.

Når folk er fattige, så tiggar dei.
Me må visa at tigging ikkje lønnar seg.
Då forsvinn fattigdommen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s