Eg meiner i teorien at alle dyr er like mykje verd, men som art er det få ting som er meir vanskeleg å lika enn menneske. Kva det er som får menneske til å tru at dei er så mykje meir fantastiske enn andre type vesen, forstår eg ikkje. Menneske er kanskje eitt av dei få dyra som er i stand til å kjenna att eit speilbilete,
(«men de klarer ikkje å kjenna att lukta av deira eiga urin! Taparar!
– Klem Passopp»)
men det er så mykje meir i speilet enn berre ein enkelt person. Eg elskar dei fleste enkeltindivid. Når eg sit åleine med eit enkeltindivid, er det vanskeleg å gløyma kor lite eg eigentleg likar folk. Når dei kjem saman derimot, i store flokkar, som jaktar etter nokon dei kan øydeleggja dagen til, så er eg ikkje like begeistra.
Dei heitte «folk». Folk snakkar ofte om kor mykje dei likar Folk.
«I dag var eg med Folk!»- Folk
Individ, som eg ofte likar, finst ikkje når dei kjem inn i Folk. Individ kjem saman, vert Folk, og forsvinn. Det er ikkje lenger menneske og menneske, det er ein sverm av Folk som berre er ute etter å eta ein opp levande. Det er ikkje det at eg er redd dei, direkte, for det vil eg ikkje lenger sei at eg er. Problemet med Folk er vel heller at eg aldri har skjønt korleis det er dei vert Folk. Det verkar som det er ei usynleg kode eller noko sånt, som gjer at menneske vert Folk når dei kjem inn i Folk. Dei spring rundt og snakkar med einannan utan opphald. Dei er eit heilt levande organisme. Eit jævleg usympatisk organisme. Fysj.
Når det gjeld individ, så er det ikkje sånn at det er mange individ som er individ. Dei som kjem inn i ein flokk, sluttar som regel å vera individ. Dei går i eitt med flokken. Utanfor flokken kan ein oppdaga interessante ting; til dømes at fleire individ frå ein bestemt flokk, kan vera svært hyggjelege på tomannshand. Men, kva tid som helst, er det som om alle saman har bestemt seg for at «deg likar me ikkje!», og så gjer kvart enkelt individ kva som helst for å halda seg langt unna deg. Utan at du veit kva som har skjedd i det heile teke, har alle desse enkeltmenneska, som du trudde var individ, på eit eller anna vis vorte eins om at du er ein skikkeleg tosk. Dette er skummelt med flokk. Hatar ein deg, hatar alle deg. Dei fortel deg aldri kvifor. Difor er det viktig å kjenna menneske frå forskjellege flokkar, og ikkje same flokk. Det aller beste er sjølvsagt menneske som ikkje har noko flokk i det heile teke. Utfordringa her, er sjølvsagt at dei plutseleg ein dag kan finna på å leggja skulda på deg for at dei ikkje har noko flokk. Som om dei hadde flokk før dei møtte deg. Idiotar.
Det er i grunn rart at eg skriv i 2. person, ettersom du, som les dette, heilt sikkert er medlem av ein flokk, og den flokken har heilt sikkert ein spesialavtale om å reagera forferdeleg negativt på absolutt alt som måtte koma ut av munnen til akkurat MEG! Det har sine negative sider å vera så innmari unik og spesiell, og det har sine negative sider å vera det største geniet som nokon gong har eksistert. Med ein gong folk oppdagar at eg er mykje tøffare enn heile flokken deira til saman, fortar dei seg vekk.
Alt hadde vore så mykje enklare viss folk berre forstod at andre ikkje kan noko for at dei er fantastiske. Det er ikkje berre-berre å skjula det. Faktisk veit eg ikkje korleis.