No er det den tida der alle som veit korleis dyr i sirkus har det, løper rundt og ber folk om å ikkje gå på sirkus. Eg har lese i debattar på nettet no, og finne ut kva det er som går igjen oftast blant dei som ikkje likar tanken på eit sirkus som berre inneheld menneske:
Me har sett stereotypisk åtferd hos elefantane til Merano og Arnardo – men det betyr ikkje at ikkje alle andre elefantar på alle andre sirkus har det topp!
Sånne utsagn plagar meg litt av di dei som kjem med dei fullstendig overser kva som er det grunnleggjande problemet med å ha andre i fangenskap og flytta dei rundt etter behov. For det er svært vanleg å denga laus på sirkusdyra for å halda dei underdandige, men det er ikkje dette som er kjerna til problemet. No skal eg visa eit bilete av kjerna til problemet:
Fangenskap, er problemet. Mangelen på frivillig utfolding. Mangelen på spelerom, og fridommen til å leva ut sin eigen natur. Menneske er glad i fridom, men dei har ikkje noko imot å kapsla seg inn på kontor og bu der heile livet, sjølv om det gjer dei deprimerte. Elefantar derimot, vil du sjeldan finna i sjølvlaga bur. Kva er det då som får folk til å tru at elefantar likar bur betre enn kva menneske gjer? Når alt tydar på det motsette?
Ein utviklar som regel ikkje stereotypisk åtferd av di ein vert slått. Det skjer av di ein vert haldt i fangenskap og av di ein ikkje får utlaup for sin eigen natur. Nett det same ser ein med pelsdyr i bur. Det er ikkje sånn at det er dei som manglar eit øyre som har stereotypisk åtferd – for ein treng faktisk ikkje mangla eit øyre for å ikkje lika fangenskap.
Det eg gjerne skulle sett dokumentert, er korleis er det i det heile mogleg å gjeva eit sirkusdyr eit verdig liv? Uansett kor mykje eg vrir hjernen min så kan eg ikkje skjøna korleis dette skal gå til. Eg kan sjå korleis ein kan gjeva nokon eit verdig liv på dyrepark, viss dei har så stor plass at dei knapt skjønar at dei er i ein park, og området er ein etterlikning av deira vanlege natur og dei i tillegg lever i familiar – men eit omreisande sirkus, med totalt fråvere av eigen natur, og i timesvis under transport? Viss nokon av ein eller annan merkeleg grunn klarer å dyrka fram ein elefant som har det topp i sirkus, er ikkje denne eine elefanten ein elefant som gjer at det er greitt at alle dei andre lider.
Til slutt vil eg sitera det dummaste eg har sett på fleire dagar:
«Dernest kommer også alle klagene på dyreholdet. Det beste er fra hundeeierne som har hundene sine i bånd, eller låser de inne i små bur hjemme når de selv er på jobb – eller hva med de hundeeierne som har dyra innestengt i glovarme biler på sommeren. Hester som fraktes og står i små hengere på stevner? Mye å ta tak i for dyrevernerne. Synes det er fint med sirkus jeg 🙂 Stå på.»
Dette mennesket meiner faktisk at mishandling er greitt så lengje det finst mykje mishandling. Kvar skal eg starta?