Kjønnsfiksert språk = møkkaspråk

Eg skal no skriva om noko som irriterar meg forferdeleg i språk. Eg ser dette i hytt og dynevêr, og eg har mange etiske og kompliserte og politiske grunnar til å ikkje lika det, men eg har og ein reint språkleg grunn, som er det eg i all hovudsak skal fokusera på. Dette er noko som har vakse seg større i det siste, sidan folk er opptekne av å vera likestillande og rettferdige. Resultatet er fylgjande: Møkkaspråk!

Kva siktar eg til?

Det som har vore vanleg gjennom hundrer av år, er at mannen er mennesket, medan kvinna er ein underkategori. Det er eg sjølvsagt ikkje einig i, og tykkjer mennesket er hovudmennesket medan forskjellege kjønnsidentitetar kan vera underkategoriar. Difor vil eg og føretrekkja å leggja meir vekt på mennesket og mindre vekt på kjønnet. Det skapar og eit meir heilt bilete av situasjonen. Det verste eg høyrer er fylgjande:

«Viss ein går på bussen, og bussjåføren er sur, så må ein heller smila til han. Eller hun! Og viss han… eller hun, då!! ikkje smiler tilbake, så må du ikkje gjeva opp!»

Problemet er at eg ikkje førestellar meg ein tydeleg situasjon medan du snakkar. Når du fyrst seier «han», får eg eit bilete av ein mannleg bussjåfør. Du har laga ein situasjon. Deretter blokkerar du biletet med å putta på ein alternativ bussjåfør som er kvinne. Plutseleg er fokuset på sjåføren som sjåfør borte, og erstatta med to parallelle dømer der det i det eine dømet er snakk om ein mann, og i det andre snakk om ei kvinne – utan at situasjonane er forskjellege! Skal du skilja kjønn frå kvarandre, så må det vera av di det er noko som gjer situasjonane forskjellege. Å skriva «han/hun», er møkkaspråk. Kvifor? Jo, av di det øydelegg filmen i hovudet mitt. Det finst og folk som skriv «h*n». Dette er hakket betre, men ser og rart ut. Personleg har eg ein regel som er naturleg for meg å fylgje:

Den personen = den
Den kvinnen = hun
Den mannen = han

Viss du absolutt vil vera så innmari likestillande, så må du nemleg ta omsyn til at det ikkje er alle som definerer seg som mann eller kvinne. Det finst og folk som kallar seg for «hin». Dette er eit pronomen. Når du snakkar om bussjåføren som «han eller hun», leggjer du vekt på at det finst to former for bussjåførar, ein kvinnleg variant, og ein mannleg variant. Desse to er svært forskjellege frå kvarandre og må snakkest om kvar for seg. I tillegg eksisterer det ikkje bussjåfører med andre kjønnsidentitetar. Skal du fyrst vera likestillande, så er du nøydd til å ha litt takhøgde. Viss ikkje er du meir ekskluderande enn inkluderande. Svaret på dette, er konstant å skriva «han, hun eller hin». Vil du forandre verda, byttar du rekkjarfylgje. «Hin, hun eller han». Eventuelt «hun, hin eller han». Han kjem som regel fyrst. Det kan ein fort snu.

Når du etter kvart har byrja å seia «han, hun eller hin», ser du kor kronglete det er. Det er nett det same som når me snakkar om kjæledyra våre. Ein kjem med eit døme, og i det dømet må ein velja kjæledyr. «Folk som ikkje matar katta si», kan ein sei. Men folk skjønar at dette gjeld hunden og marsvinet og kaninen og. Skal du skilja kjønn frå kvarandre, må du gjera det med kjæledyr og. «Folk som ikkje matar katta, hunden, marsvinet, kaninen, slangen, fisken – »

DET TEK LANG TID

Det tek sjølvsagt ikkje like lang tid å skriva «han/hun», men i teorien er det det same. Det er dårleg språk. Det øydeleggjer biletet. Det er dårleg feminisme. Det er dritt. I skulebøker er det vanleg å nytta eitt pronomen i kvart kapittel. Det vil sei at eit kapittel konstant skriv «ho» medan eit anna kapittel konstant skriv «han». Då slepp me rotet. Ei anna løysning er å konstant nytta hokjønnspronomen eller hin. I og med at det er så vanleg med han. Då er du ikkje diskriminerande, i og med at vekta går meir mot midten reint samfunnsmessig.

Like dårleg språk er det viss du snakkar om hunden din Reidar, og nyttar namnet Reidar og pronomet Den om einannan. Viss eg snakkar om katta mi, så nyttar eg ordet «den» (med mindre eg skriv, for då er ikkje «den» populært på nynorsk). Snakkar eg om Sara (katta mi), så er det «ho». Namnet Sara tek stilling til kjønn, det gjer ikkje «katta». «Sara ramla, og då brakk den beinet», er frustrerande og provoserande.

Ein bussjåfør treng ikkje ha eit kjønn. Grunnen er at det ikkje er ein bestemt bussjåfør. Difor er «den» fullstendig lov. Skriv du nynorsk, heitte det «han». Sidan bussjåfør er eit hankjønnsord. Ikkje ver redd for å verka diskriminerande. Det er mange hakk meir diskriminerande å lage to-tre parallelle filmer for kvart enkelt kjønn. Dette vitnar om at det er ein forferdeleg stor forskjell på dei.

Ei anna spanande løysning, kan vera å revolusjonera dømene. Ta ting som normalt er hankjønnsting og bytt det. La bussjåføren bestandig vera ei kvinne, og jordmora alltid vera ein mann. Då får ein eit interessant og forvirrande språk.

Det er ikkje kynisk å nytta ordet «den» viss dømet ikkje tek stilling til kjønn. Vil du ikkje verka kynisk, er det heilt greitt å nytta eit pronomen. Gjerne «hin». Hin er korkje mann eller kvinne. Det er heilt i orda. Og uansett kva du gjer, er det betre å konstant nytta «han» enn å nytta «han eller hun». Eg vil heller førestella meg ein mann enn å ha to separate bilete i hovudet på ein gong.

Reklame

5 thoughts on “Kjønnsfiksert språk = møkkaspråk

  1. Takk for at du setter lys på alle de uendelige valgmulighetene for kjønnsdiskriminerende språk. Selv velger jeg å være forvirrende nok til å bruke hun om alle typiske «manneyrker» og han om alle «kvinneyrker», slik du skrev til slutt. Dermed blir folk forvirrede (hæ, kan en kvinne være drosjesjåfør???) og må møte sine egne fordommer. Hvis jeg er i tvil om hva som er mest atypisk bruker jeg hunkjønnspronomen, for å veie opp for alle idiotene som tror at majoriteten av befolkningen er menn.

  2. Hm. Nå innså jeg at jeg har det mest kjønnsfikserte språket det er praktisk mulig å ha uten å konstant si hanellerhunellerhin, fordi jeg alltid må tenke på hvilke fordommer som er knyttet til et yrke, og så motarbeide dem. Og det gjør jeg i likestillingens navn. Så ironisk.

  3. Det er ein ganske ålreit måte å snakka på, trur eg. Eg vil uansett meina at det aller meste er betre enn den lange/korte oppramsinga av pronomen, som mange kjem med opptil fleire gongar i ei einaste setning.

  4. Her har du tatt noe på kornet. Det er i grunnen fryktelig irriterende med svært politisk korrekte mennesker som absolutt må si «han eller hun» i helt vanlige samtaler. Det er som regel ikke hvilket kjønn personene i eksemplene har jeg henger meg opp i, men selve eksemplene.

    Når jeg skriver en oppgave, fagtekst eller eksamen definerer jeg konsekvent læreren som «hun» og eleven som «han» (går grunnskolelærer). Ikke fordi alle lærere er kvinner og alle elever er gutter, men fordi det da er lett å skille mellom de i en tekst hvor jeg vil bruke mest mulig tid på relevant stoff og unngå de språklige misforståelsene som gjerne oppstår når du snakker om to forskjellige personer ved bruk av samme personlige pronomen.

    Å kalle en person for «den» synes jeg blir helt feil. Det er som regel bare noe jeg sier spøkefullt når jeg blir forvirret over hva jeg egentlig skal omtale Esben Esther Pirelli Benestad som…. (Er oppvokst i Grimstad – Benestad er OVERALT der.)

  5. Eg tykkjer «den» er ein heilt relevant omtale av ein yrkestittel, medan «hen» er ein flott måte å referera til Benestad. Viss «hen» slo gjennom, ville språket vårt vore redda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s