Skrivebua – ein viktig del av mi historie

Ikkje meir av dette?
526739_10151310029392279_369089378_n

Eg vart medlem av skrivenettstaden Skrivebua.no i 2007. Etter det har eg lagt ut nesten alt eg har skrive. At nokon les og seier kva dei meiner, gjer det endå meir motiverande å skriva. Det aukar inspirasjonen med eit sånt fellesskap. Eg er sikker på at eg hadde fortsette å skriva utan Skrivebua, men eg kan ikkje førestella meg at det ville ha vore fullstendig det same. Den responsen eg ofte fekk på det eg skreiv, var særdeles motiverande. Eg kan førestella meg at Skrivebua vil hjelpa mange unge skrivande individ gjennom den vanskelege tida som ungdomsskulen kan vera for dei med ei rik indre verd.

At dette skulle vera eit økonomisk problem, har eg vanskeleg med å forstå. Spesielt etter at me som har nytte av fellesskapet har vist så tydeleg engasjement.
Image
For ei tid tilbake sida var det svært populært å skriva direkte om tema som sjølvmord og sjølvskading. Mange kanaliserte dei vanskelege kjenslene sine direkte inn på skildnadar av blod og kniv og opne sår. Det var ein vanleg måte å forstå kjensler på, sjølv om det etter kvart, i sum, vart meir destruktivt enn konstruktivt. Eg hugsar då redaksjonen sette inn regelen om at det ikkje var lov å skildra sjølvmord og sjølvskading direkte. Dette gjorde meg, og mange andre av dei som skreiv om den slags, svært provoserte. For oss var dette ein måte å få uttrykt kjensler som det var vanskeleg å uttrykkja på andre måtar. Sjølv om det ikkje var livsviktig å publisera det, så var det allikevel eit spark i vår retning som ikkje var noko hyggjeleg.

Men, ved å sensurera meg sjølv på den måten, lærte eg å skildra begge desse tinga på ein mykje djupare og kanskje endå meir smertefull måte enn tidlegare. Eg lærte meg antydning. Dette er ein kunst eg er særdeles glad i. Ved å kunne skildra sjølvskading utan å skildra det direkte, vart eg betre til å laga ordentleg gode tekstar. Dette smitta sjølvsagt over til alle andre ting og. Ikkje berre sjølvskading, men alt frå eit drap til å eta middag.

Å ha sånne redaktørar som les gjennom alt ein skriv, gjer sjølvsagt Skrivebua til ein mykje tryggare plass for unge menneske, enn det det ville ha vore elles. Det er ei atmosfære der som det skal mykje til for å kunne skapa andre plassar. Eg har ein vegg på rommet mitt som er full av små papirlappar der det står «månedens tekst» og «månedens tommel».

Image
Me fekk beskjed om at Skrivebua ville verta sikra drift framtil 2014 i fryste omgang, men i etterkant viste det seg at det ikkje var særleg seriøst. Den økonomiske stønaden frå Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet saman med Nordland Fylkeskommune, kunne ikkje strekkja til, og no vil i tillegg Nordland Fylkeskommune trekkja tilbake stønaden. Dette skal dei avgjera 6. desember. Eg gruar meg. Det er så mykje personleg historikk der inne. For meg, der skriving er 90% av meg, er det naturlegvis jævleg sårt. Eg held på å kopiera og lagra tekstar derifrå no, sidan DropBox sletta alle tekstane mine for ikkje så lengjesidan og alt anna er borte. Eg har lagt ut over 900 tekstar. Så det kan sjølvsagt ta litt tid. Det går greitt, men eg kjennar ei sterk melankoli i heile prosessen. Det faktum at nokon ynskjer å sletta alt dette frå historia. Eller for å seia det meir korrekt; at ingen ynskjer å taka vare på det.
Image
I desember kvart år dei fem siste åra, har eg putta det sterkaste frå mi indre verden inn i eit kapittel kvar dag i desember fram til julaften. Tidlegare har eg gjort dette ganske ubekymra, og delt det med andre menneske inne på Skrivebua. No gjer eg det medan eg i tillegg skriv brev til politikarar og stadig tenkjer på at dette kanskje er siste år eg kan dela det på denne måten. Ein vert ikkje sett nokre andre plassar. Eg førestellar meg at eg lagar ein eigen blogg til kalenderen for 2013. Det er ikkje på langt nær det same, og eg kan ikkje førestella meg at eg vil ha eit synleg publikum som eg kan kommunisera med og som eg vil registrera. Det er jo mykje av moroa!
Image
Eg er ein av dei der skriving ikkje er ein hobby, men meir ei livskraft. Eg har ein heil haug med andre interessar, eg er oppteken av miljø, eg er oppteken av dyr, er er oppteken av å teikna og å drikka kaffi og å laga mat og sikkert mykje anna og – men skrivinga er framleis sjølve personlegheita mi. Det er grunnmuren. Dette har eg drive med lengje før eg registrerte meg på Skrivebua, og eg vil fortsetja med det lengje etter sida vert øydelagt eller etter eg har vokse ifrå det. Men der inne ligg mange år av livet mitt, år som eg sjølvsagt kan printa ut og leggja i ei mappe, men som ikkje vert like tydeleg. Ein kan sjå ei utvikling båe som talent og som person. Kva eg var oppteken av, kva som føregjekk på innsida av dette hovudet.

http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=4369

Skriv under for at Skrivebua skal få leva vidare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s