Kan nyting vega opp for smerte?

Eg har allereie skrive eit innlegg med same tittel, men dette handlar allikevel om noko ganske anna. Det førre innlegget handla om kor vidt nytinga til ein enkeltperson kan vega opp for lidinga til nokon andre. Om til dømes den deilige smaken av kjukling kan vega opp for at kjuklingen har levd heile livet sitt i inste sirkel av helvete. Om eg kan skada ein annan person så lenge eg er tilstrekkjeleg sadist. Det eg skal skriva om no, er ei anna tilnærming til noko av det same problemet. Eg har lyst på innspel, men hovudsakeleg har eg berre lyst til å dela det forferdelege som eg har tenkt på heilt sidan oktober, då det byrja å gå opp for meg kva slags heftige ekstreme smerter som føregår i verda kvar einaste dag – utan at det ein gong er ulovleg.

Eg såg nemleg dokumentaren Earthlings. (Eg gidd ikkje gå nærmare innpå det, men viss du er nyfiken ligg filmen på Youtube) Det var på eit tidspunkt, eg trur det var i delen om matproduksjon, at eg plutseleg tenkte ein tanke som eg trur mange andre òg har tenkt:

Viss eg hadde ein knapp som kunne utsletta heile verda – poff – ville eg trykt no?

Image

For det kan umogleg eksistera nokon i heile verda som opplever så mykje lukke at det på nokon måte kan vega opp for lidinga til eitt einaste eitt av dei individa som lider til det mest ekstreme. Eg er klår over at det finst mykje nyting som kan vega opp for smerta som eg har. Til dømes mi eiga nyting. Det er ikkje det som er problemstillinga. Eg kan lida ein dag og vega opp lidinga med nytinga som eg opplever neste dag. Vonet om ei betre framtid, kan vega opp for lidinga di. Av di det finst noko sånt som von. Men for nokon så finst det ikkje von, av di framtida deira allereie er bestemt – og det finst ikkje noko ein kan gjera for å unngå det.

Det klippet som eg hugsar best i ettertid, og som ga meg den største kjensla av manglande von, var elefanten som stakk frå sirkuset. At ho hadde det kjipt på sirkus, er openbert, ikkje berre av di det er umogleg å gjeva ein elefant eit verdig frakte-frå-plass-til-plass-i-bur-for-å-gjera-bevegelser-som-er-direkte-livsfarleg-for-dei-liv, men òg av di ho – som sagt – rømte. Det hadde ho jo ikkje gjort viss ho likte å vera i fangenskap. Me hadde allereie fått eit godt innblikk i korleis dei trente elefantar, då me fekk sjå elefanten som midt under showet plutseleg kasta frå seg bagasjen på ryggen og byrja å angripa publikum og rasera benkar. Deretter sprang ho ut. Ut skulle jo vera ut i det fri, altså inn i hennar eigentlege natur, og så skulle ho gjenforenast med elefantfamilien sin og springa inn i solnedgangen. Men det er jo ikkje sånn det ser ut utanfor sirkus. I staden kom ho rett ut i bilvegen, der det braut ut full panikk, menneske som skreik i raseri og politi som tok fram våpen. Så vart ho skoten. Kanskje like greitt – men eg skulle ynskja ho i staden vart frakta dit ho høyrde heime. Etter eit sånt tappert fluktforsøk ville det vore det minste ho fortente.

Nokon tykkjer kanskje det er eit dårleg døme ettersom det var ein elefant, men eg trur faen ikkje det berre er elefantar som er plassert i sånne situasjonar – der det ikkje finst noko von for ei betre framtid. Der eit forsøk på å berga livet ditt slett ikkje fører til noko som helst – kanskje det til og med vert verre enn før.

Eit anna døme var afghanarane som tenkte «me vil prøva lukka i eit anna land, ikkje her i Afghanistan». Dei brukte alle slags merkelege metodar for å koma seg fram – mellom anna var dei innesperra med nokre sauar i fleire døgn under overfarta frå ein plass til ein annan. Der inne døydde dei fleste. Då dei kom fram, trur eg så godt som alle var døydd, men ein som levde var den lille guten som var 6 år då dei drog. No var han framme. Heile familien var daud. (Og dei hadde det ikkje så grusamt i Afghanistan at dauden var betre) Så vart han 18. Ettersom han ikkje var i fare i Afghanistan, vart han sendt tilbake dit. Sannsynlegvis med eit fly. Heile denne forferdelege ferda – som han ikkje hadde valgt sjølv ein gong – for å oppnå ingenting anna enn at dei som var kean på å dra i utgangspunktet døydde. Viss ikkje det gjev ei kjensle av makteslausheit, så veit ikkje eg.

Men eg vil tru det dei opplevde var reine luksusen samanlikna med alle dei som døyr under tortur. Så; finst det noko i verda som er så bra at verda må fortsetja å eksistera?

Dette er ikkje eit argument for å ikkje taka vare på planeten. Mykje av lidinga i verda, som gjer at nyting ikkje kan vega opp, vert forårsaka av nettopp øydeleggjing av planeten. Men, viss du hadde ein knapp du kunne utsletta alt liv på Jorda med – eventuelt berre menneskeheita – finst det noko som gjer at du ikkje bør trykka? Eller er du ein egoistisk uansvarleg drittsekk viss du ikkje trykkar? Kva kan vera så fantastisk at det kan gjera opp for noko som helst av det grusamme som skjer? I dei verste tilfella slit eg med å tru på at all nyting, all venleik og noko som helst kjærleik – samanlagt – kan vega opp for det eine individet si liding. Det er verd å trykka på knappen berre for å stansa denne eine situasjonen. Og så er det ikkje berre ein situasjon. Det er mange av dei, og dei skjer døgnet rundt, kvar einaste sekund. Eigentleg er heile tida full av liding. Visarane på klokka drypper av blod. For kvar bokstav eg skriver er det ein eller annan som vert drepen, langsamt, med smertar som er så ekstreme at sikkert ingen av oss har opplevd det.

Eg håper dette var deprimerande. Eg er iallfall ganske deprimert. På det tidspunktet i oktober då eg tenkte på dette for fyrste gong, knuste all den smerta eg opplevde på den tida i bakken. Eg forstod at det eg opplevde av vanskar berre var ein del av den store kollektive smerta, og at det ikkje er noko større grunn til at eg skal gå rundt å tenkja på det enn til at eg skal gå rundt å tenkja på nokon andre si liding. Sånn sett har eg det igrunn ganske mykje betre no. Uansett kor mykje liding eg tenkjer på, er det mindre deprimerande enn når eg tenkjer på meg sjølv. Tvert om kan det til tider vera engasjerande. Når det fører til sinne, kan det vera ganske konstruktivt òg. Eg set definitivt pris på alle dei augneblinka som er gode. Eg tykkjer til dømes kaffikoppen på bordet mitt kan vega opp for det verste augneblikket i mitt liv. Ikkje viss den augneblinken kom tilbake og aldri gjekk, naturlegvis, men så lenge det går over, kan nyting vega opp for smerte. Men nytinga mi kan ikkje vega opp for nokon andre si smerte. Det er usakeleg. Eg har ikkje lyst til å trykka på knappen, av di eg tenkjer på den neste kaffikoppen eg skal drikka, men eg lurer på om ikkje det er ganske egosentrisk av meg å tenkja sånn. Kva med dei som ikkje klarer å flukta frå verda av di dei er i fangenskap? Dei kunne trenga litt hjelp. Eg har ikkje denne knappen, så medan eg ventar, vil eg gjera det eg kan for å minimera smerte – men viss eg fekk knappen, så er det ikkje gitt at ikkje eg hadde brukt han.

Viss du kom deg heilt ned hit – utan å ta livet av deg mens du las – kva ville du gjort? Og kvifor? Ikkje noko «tenk positivt»-kødd her, det er sadistisk.