Du er so vanskeleg

Før trudde eg at folk såg på meg med eit ekkelt kirurgisk blikk, at so snart dei fekk veta kva dei ville sjå om dei tok av meg alle kleda og disikerte meg, ville det påverka korleis dei såg meg for alltid – då ville det med ein gong verta vanskeleg å gøyma kva det var dei såg. Det stemte av og til. Det stemte ikkje heile tida, som eg trudde. Det veit eg no.

Det har vore likegyldig for meg ein liten stund. Eg har hatt det gøy og vore forvirrande. No vil eg ikkje vera forvirrande lenger, men det hjelper ikkje. Det er so vanskeleg, eg er so forvirrande, huff og huff, «korleis skal me kunne forstå dette»?

Det finst ikkje nokon enkel veg ut, ein exit-knapp som gjer at du med ein gong sluttar å vera sær. Folk tykte «Daniel» var eit namn det var vanskeleg å seia. Det tykte at «han» var eit forferdeleg vanskeleg pronomen, dei fekk det nesten ikkje til. Somme fekk det ikkje til heller.

«Eg var med Daniel i går»
«Å, med Live? 😀 HO er ei HO skjønar du!!!»

Somme tenkte at ettersom dei ikkje fekk til å akseptera at ting ikkje var som dei hadde trudd, so måtte ingen andre heller akseptera det.
Image
Eg er framleis ein forvirrande person. Det er ikkje bestandig å disikera meg levande som er viktig, men berre den grunnleggjande mangelen folk har for å sjå kvarandre. Dei lagrar det fyrste dei høyrer i hovudet og nektar å erstatta det med noko nytt. Dei set seg ikkje ned og tenkjer over det dei høyrer. Det ville ha vore forferdeleg. Det ville jo ikkje ha vore lett.

Før trudde eg alle ville ta imot det gamle namnet mitt når det vart det nye namnet mitt att, ettersom det trass alt verka meir rett dersom dei tok av meg alle kleda eller disikerte meg. Istaden er det like vanskeleg som alle andre namn. Eg er framleis Daniel. Det er rart å vera Daniel i dette uttrykket, det kjenst ikkje lenger riktig ut eller ut som noko eg kan akseptera. Eg vil ikkje lenger vera på plassar der folk kallar meg Daniel. Eg veit ikkje kvar eg skal gjera av armane og beina. Eg veit ikkje korleis eg skal spela den rolla. Det er ei anna rolle enn den eg er i, og når nokon seier «Daniel» til meg so jagar dei meg ut or rommet, dei vil ikkje ha den personen som eg er der. Og sånn har det alltid vore. Ein må alltid vera det motsette av det ein er. Noko anna ville ha vore komplisert.

Takk og lov for at verda snurrar kring meg!

I hovudet mitt er det mange lange tankerekker og argumentasjonar. Det spenner seg i magen på meg når eg tenkjer på kva nokon vil tenkja når dei les dette innlegget. At eg nytta ein metafor som var nesten kliss lik deira situasjon, men at dei framleis ikkje skjønar at det handlar om dei òg, ettersom dømet ikkje var eksakt det same som livet deira. At dei trur innlegget er retta mot akkurat dei heilt personleg og ikkje mot nokon andre i heile verda, og at små forskjellar i skildringar dimed gjer at heile innlegget fell i grus. Av og til får eg lyst til å leggja rekeskal i gardinstengene til nesten alle i heile Noreg. Eg skal gjera det so enkelt eg kan:

SITUASJON 1:
Image
«Denne vesle kaninmannen, har sitte stille i eit bur i heile ti år! Den stakkars kaninen kan nesten ikkje gå, han er misforma, han har fått brokk av di magemusklene ikkje har vorte nytta, og han har det ikkje greitt! Tenk på dette folkens, og slutt å ha kaniner i bittesmå bur der dei ikkje kan gå!»

«Ehhhh… okeeeeei… Eg har ei bestemor på 90 år, og ho kan heller ikkje gå. Ho levde eit kjempeaktivt liv. Såeh, ti år er faktisk ganske gamalt for ein kanin, og då får dei jo gjerne vondt i beina etter kvart!!!!!»

«Jaha? So du trur verkeleg at å sitja stille heile livet ikkje er negativt i det heile teke?»

«OKEI????? Kva tid har eg sagt det??? Sjå på dette biletet, du!: 
Image

SÅÅÅÅ FÆÆÆÆLT har MINE kaniner det! Dei får hoppa rundt ikring dei, sjølv om dei er i bur! So ikkje døm andre menneske før du sjekkar ut fakta ;)» 

«Ja, det er veldig fint at DINE kaniner har god plass, men no snakka eg vel eigentleg om kaniner med dårleg plass, som ikkje får utfalda seg.»

«DEFINER Å UTFALDA SEG 😉  «
Image

Denne samtalen er faktisk frå verkelegheita. Og det verste av alt, er at det var ikkje berre ein kursivperson. Dei var fleire personar. På lag. Mot. Logikken. Skal ikkje hjernen ha ein eller annan mekanisme der han skiljer ut kva som er relevant og kva som ikkje er relevant frå ei sak? Slik at viss nokon snakkar om små bur der ein ikkje kan røyra seg, so trur dei ikkje at det er snakk om store utebur der ein kan hoppa rundt ikring? Og at nokon som har sitte stille heile livet òg er gamal kanskje har større skader enn nokon som har hoppa heile livet og er gamal? At det at nokon er dårlege i beina av ein grunn, gjer at det ikkje går an å verta dårlege i beina av andre grunnar? Dette handlar ikkje om å respektera at folk er forskjellege og tenkjer annleis. Dette handlar om dumheit som faktisk skader andre levande individ. No går me over til neste situasjon. Forhåpentlegvis har du allereie forstått kva tenkjemåte det er eg foraktar, men for somme tek det lengre tid. Difor køyrer eg på.

SITUASJON TO:
Image
«NAZIST DREPTE EIN MANN AV DI HAN KOM FRÅ AFRIKA. DEN NAZISTEN VAR EIN RASIST.»

«Herregud! Det er so dårleg gjort å seia at alle me i FrP er rasistar! Eg er ikkje rasist, eg har faktisk mange svarte vener! So ikkje kom her og døm andre! Ikkje kom her og dra rasismekortet!!!»

«Ja, eg skjønar at du er lei av det sokalla rasismekortet, men ein mann vart drepen. Er det ikkje rasistisk å drepa nokon for hudfarge?»

«Herregud! Skuldar du meg for å drepa nokon????»

«Nei, eg snakka faktisk ikkje om deg i det heile teke.»

«Nei, men slutt å snakka stygt om FrP!»

«Eg snakka ikkje om FrP…»

«JÆVLA KOMMUNIST!!!!!!!1111″

Image

SITUASJON 3:
Image
«Litle Sofie hadde spisevegringer, ettersom klassen hennar hadde mobba henne for kroppen hennar heilt sida 1. klasse. Ho gjekk berre i 8. klasse, stakkars pike. Ein dag etter gymmen, kom læraren inn. Ho ville at Litle Sofie skulle ta av seg kleda og dusja ilag med dei andre jentene, istadenfor å vaska seg på toalettet, slik ho brukte å gjera. Det var nemleg påbudt å dusja ilag etter gym, hadde læraren lese. Når dei andre jentene var ferdig i dusjen, og sto med kleda på og såg på Litle Sofie, kledde læraren av henne alle kleda. Ho hylte og skreik og prøvde å riva seg laus, men læraren heldt henne fast. Litle Sofie låg på golvet og grein utan klede, medan heile klassen hylte av latter og peikte på henne, samt kommenterte kor stygg ho var. So slepte læraren henne inn i dusjen, og gjekk sin veg. Det er på tide å innføra dusjforheng på skuler, slik at dei elevane som vil kan dusja bak eit forheng.»

«Okei??? Før eller sida er ein nøydd til å visa seg naken. Til dømes viss ein skal til legen.»

«Du, det er ein forskjell på å kle seg naken foran ein lege når ein er nøydd, og å kle seg naken foran 15 personar som hatar deg når eit forheng ikkje ville ha skada nokon.»

«I klassen min har me kjempegodt miljø og alle dusjar ilag. Det har aldri vore noko problem 😉 So det finst fleire sider av ei sak! Difor er eg IMOT DUSJFORHENG!!!!!!!!111111»
Image

Slik kan det gå. 

SITUASJON 4:
Image

SITUASJON 5:
Image

Eg kan avslutta med å seia at jommen so fint at heile verda går kring deg. Men, det er ikkje alle som tenkjer slik. So ikkje svar meg som om eg snakkar på vegne av kun deg og meg, når eg fortel om ting som har å gjera med mange millioner individ.

«Men det er jo namnet ditt»

Namn er eit tema som har fylgd etter meg frå eg var gamal nok til å veta kva eg heitte, og til no. Det vil sannsynlegvis fylgja etter meg heilt til eg døyr. Det er slik det er, når ein heitte noko. Dei fleste heitte noko. Å ha eit namn er naudsynt for at andre skal kunne referera til deg, eller kalla på deg i ei gruppe menneske. I namnet liggjer òg ei stor mengde identitet. Ein får ei spesiel kjensle når ein høyrer namnet sitt – båe dei som liker namnet sitt, og dei som ikkje liker namnet sitt. I det heile teke har ein eit sterkare forhold til namnet sitt enn til namnet til naboen. Med mindre naboen heitte det same som deg.

Dei som har hatt same namnet heile livet, er kanskje ikkje klår over kva eit namn eigentleg er. Dei som har nytta det same namnet, båe som kallenamn og folkeregisternamn, frå dei kjem til verda og til dei går ut av henne. Spesielt viss dei ikkje ein gong har dobbelnamn.

Image

Eg hadde dobbeltnamn då eg blei født. Til vanleg nytta me mellomnamnet. Fornamnet kom fyrst då eg byrja på borneskulen, ettersom folk der fann det naturleg å nytta andre sitt fornamn heller enn mellomnamn. Eg hadde eit namnskilt med begge namna på. Sjølv om det var langt, tykte folk det var betre å seia begge enn å berre seia eitt. Det tok lang tid å seia heile namnet, difor likte folk å slå det saman, slik at namna sklei over i einannan. Ganske stygt. Soleis byrja eg å hata namnet mitt, og ba folk om å ikkje vera so vennlege å halda seg til eitt. Det var då eg fekk høyra det fyrste gongen:
«Ikkje kall meg det!»
«Men det er jo det du heitte…»

Åh, Gud, som eg hatar den replikken. Den replikken folk nyttar til å køyra over andres identitet og sjølvfølelse kvar einaste dag. Å redusera eit namn til eit skjellsord ved å nytta det mot andres vilje. Eg hatar det.

Somme menneske har kallenamn. For alltid eller i ein periode, kan kallenamnet kjennest meir ut som deg sjølv enn det «ekte» namnet ditt. Viss nokon ber andre nytta kallenamnet, kan eg ikkje koma på gode grunnar til å ikkje gjera det. Det er ikkje vanskeleg å nytta eit kallenamnet, med mindre det inneheld frykteleg mange konsonant og er veldig, veldig langt. Men, som regel er kallenamn korte. Eg høyrer stadig menneske presentera seg som eitt namn, og andre kalla dei noko anna. Det er ikkje alltid eg spør dei kvifor dei gjer det. Kvifor dei meiner at dei har større rett til å definera nokon enn dei har til å definera seg sjølv.

Av og til er det ikkje so farleg. Andre gongar er det litt farleg. Viss du verkeleg ikkje liker ljoden av namnet ditt.
Kanskje treng du berre ein ferie. Det er fullt mogleg at namnet høyrest finare ut om ein månad – men ikkje viss folk nyttar det som skjellsord. Ikkje viss dei nyttar namnet ditt imot deg, som eit vapen, og som eit symbol på at dei ikkje respekterer kven du seier at du er. Då høyrest ikkje namnet noko fint ut lenger.

Det gamle namnet mitt er ikkje lenger noko meir enn eit skjellsord. Når eg høyrer det får eg vondt i magen. Å ta det opp att er sårbert, ettersom eg kan risikera å koma i ein krangel. Viss eg kjem i ein krangel når eg nettopp har teke opp det gamle namnet, og nokon nyttar namnet i krangelen, vert namnet plutseleg eit skjellsord igjen, og må bort. Det er eit sårbert namn. Eg lurer på kva som skal stå på boka viss eg gjev ut bok ein gong, kva for eit namn som skal vera der. Eg kan ikkje koma på noko namn som ville ha sett riktig ut på permane. Eg er misunneleg på dei som berre har eitt namn – eit namn som toler absolutt all slags behandling utan å verta øydelagt.

Det er lettare å akseptera nokon sitt namn viss det står i folkeregisteret. Sjølv om du ikkje kan sjå folkeregisteret når du står i gata. Det er ingen som ser folkeregisteret i panna på nokon, og folkeregisteret kjem ikkje inn i handtrykket når ein presenterer seg. Nokon skiftar namn til kallenamnet, berre so folk skal nikka med hovudet og seia «ja, fint, no kan eg kalla deg dette». Frå Sigurd til Sigg, til dømes. Det er jo ikkje naudsynt, det er berre eit stykke papir. Eit stykke papir som absolutt alle bryr seg so ufatteleg mykje om.

Me har namn for å kunne ropa på einannan. Viss du får vondt inni deg kvar einaste gong nokon roper på deg, vil du kanskje helst ikkje at nokon skal ropa på deg.

Det gjer ikkje vondt i munnen din å kalla nokon noko utan å skada dei. Viss du får vondt i munnen din av å ikkje skada nokon, er du ein sadist. Det er ikkje vanskeleg å seia «Sigg». Viss det er FRYKTELEEEEG vanskeleg, er det berre å lukka augo, sjå for seg eit bilete av Sigg, og seia «Sigg, Sigg, Sigg, Sigg» for seg sjølv. So går det so fint so.

Den andre formen for narsissisme

Dei me kallar «narsissistar» er gjerne den type menneske som framstår med eit so godt sjølvbilete som mogleg. Dei er stolte av kor fine dei er, kor mykje dei har fått til, og kor fantastiske talent dei har. Som regel viser biletet seg å vera ein smule overdrive. Det viktige vervet i den viktige organisasjonen, viser seg å eigentleg vera eit ganske uviktig verv i ein ganske uviktig organisasjon, og den viktige posisjonen, viser seg å berre inkludera det å visa fjeset sitt ein gong eller to. Vakre bilete av seg sjølv viser seg å gjerne vera ein god del retusjert, og so viser det seg gjerne òg at alle dei fantastiske studia dei har drive med, er studie dei hoppa av etter ei veke. Dette er narsissistar sånn som dei fleste kjennar dei. Eg vil ikkje gå so djupt inn i akkurat dette, for det eg tenkjer på i dag, er ein litt annan form for narsissist. Me har sjølvsagt møtt dei begge, men eg vil snakka om den andre typen.
Image
Narissisme er ikkje berre eit begrep ein sleng kring seg grunna myta om han som drukna i refleksjonen sin, det er òg ei personlegheitsforstyrring. Eg aner ikkje kor ofte denne diagnosen vert sett. Eg har til dømes aldri høyrd nokon seia at dei er diagnostiserte med det, på same måte som ein ofte kan høyre folk fortelja om andre ting som ADHD, Asberger, Bipolar og Borderline og ein sjeldan gong Schizofreni eller liknande psykoselidinger. Eg veit ikkje om grunnen er at det er so sjeldan diagnosen vert sett, eller om det er det at dei som har han ikkje vil sei det til nokon, ettersom dei naturlegvis meiner at dei, som er perfekte, sjølvsagt er feildiagnostiserte av den onde monsterpsykiatrien som ikkje forstår kor fantastiske dei eigentleg er. Eg har lengje lurt på om eg lider av denne lidinga. Det er den einaste lidinga der eg kjennar meg att i alle symptoma (kanskje med uttak av eitt eller to), til ein so stor grad at eg kan seia at det speler ei stor rolle i å komplisera kvardagen min og å gjera meg ufunksjonell. Det er som eg har klatra frå den eine forma for narsissisme til den andre. Då eg hadde det slik som dei narsissistane eg har lyst til å skriva om har det, ville eg sjølvsagt ha flydd i flint viss nokon sa det. Noko eg òg gjorde av og til.

Me snakkar om ei avhengigheit av negativ bekrefting. Du høyrde riktig. For ikkje alle narsissistar syg til seg alt positivt som vert sagt om dei, bles det opp og nyttar det til å oppretthalda egoet sitt og spy det utover heile nasjonen so alle skal skjøna kor perfekte dei er. Somme narsissistar gjer nett det motsette. Egoet vert styrka av at andre ikkje likar dei. At andre tykkjer dei er stygge, at dei burde gå å hengja seg, og at dei ikkje er verd noko. Egoet vert styrka av å vera eit offer. Eit offer for ulike formar for overgrep, for hat frå omverda, generelt for all verdas elendigheit. Ein slik narsissist, anten personen er narsissist i form av ei personlegheitsforstyrring, eller berre som ei karakterskildring, er til dømes ikkje i stand til å seia «takk». Du ser dei kanskje på internettet av og til, desse som dag ut og dag inn får høyra at dei er so flotte og fine, men som istaden for å vera takksam for komplimenta, verkar som om dei nærast skulle ynksja dei ikkje fekk dei. «Nei, det er eg ikkje,» seier dei, eller «eg hatar utsjånaden min her», eller «eg veit nok at du eigentleg tykkjer eg er stygg». Dette kan sjølvsagt òg, og det er det ofte, vera eit uttrykk for eit ynskje om høgare sjølvtillitt, og ei desperat hand som prøver å grabba til seg alle komplimenta ho kan få i form av å seia imot. Det er ikkje eit ynskje som er ulogisk eller som ein bør spytta på og nekta å forstå, det er fullstendig menneskeleg, og ingen burde fordømma det. Men, det er sjølvsagt ikkje særleg funksjonelt. Denne åtferda er tvert om ganske avhengigheitsskapande.

Ein slik narsissist, tåler ikkje å få høyra positive ting om sitt eige liv. I motsetning til narsissisten som ikkje tåler å høyra negative ting om sitt eige liv, men vil lesta som alt er perfekt og som om hin har det heilt top of the pops, vil denne narsissisten nærast føla seg krenka, dersom nokon skulle koma til å seia «det verkar som du har det betre om dagen», eller «so grei familien din er», eller «so heldig du er som går på musikklinja!»
Personen vil nærast gjeva uttrykk for å føla seg krenka over å ikkje få smerten sin annerkjent. Korleis kan nokon tru at eg har det bra? De veit godt at eg ikkje har det bra i det heile teke, prøver de berre å få meg til å gå inn i skapet att, med smerta mi, av di de ikje vil høyra om det? Er de ikkje glade i meg? Er de lei av meg, kanskje?
Image
(Her er eg som føler meg fornærma over at nokon påstår at eg har fått det betre i det siste)

Andre ting som er vanskeleg, og som ein umogleg kan handtera, er når andre menneske gjer det bra. For sjølv om det verkar som om Personen har lyst til å ha det vondt, og fornektar all framgong, har personen inst inne ganske lyst til å ha det betre. Motstanden mot å forlata mørkret med trøyst og komfort, er derimot so stor at det ikkje er mogleg. Difor vil vedkomne føla eit ekstra stort nag mot menneske som gjer det bra. Menneske som er pene, menneske som skal halda ein konsert, menneske som får positiv omtale av læraren. Dei fleste andre vener vil, sjølv om dei inst inne er sjalu dei òg, seia ting som «gratulerer!» eller «so flink du er!» eller «eg skjønar godt at du vann den prisen, det var velfortejent!» Ein narsissist vil derimot ikkje godta noko slik. Narsissist 1 vil kanskje seia noko slikt som «vel, den sangen var ikkje SO innmari bra», eller «eg kunne ha gjort det betre, berre les artikkelen MIN!» Eller kanskje koma med ein rekke råd som på sett og vis slaktar venen. Narsissist 2, vil derimot prøva å gjeva venen dårleg samvett for lukka, gjennom å seia ting som: «Noko slikt ville aldri skjedd med meg…….» eller «du er so pen du, eg er berre stygg……….» Når nokon legg til «eg er so stygg», er det heilt umogleg å takka for komplimentet, då det ikkje verkar som eit ektefølt kompliment. Fy deg som er so fin, det får meg til å ville skada meg sjølv med kniv. Tja. Takk, takk. Fint sagt. Skad i veg. Eg skjønte sjølvsagt ikkje då eg var slik, kor patetisk noko såg ut, og uansett om eg so forstod det, eller i augneblinken visste godt at det ikkje var lurt, var det òg umogleg å la det vera. Kjensla av krenking og merksemd retta vekk frå ein sjølv, var for sterk.

Eit døme var då ei jente i klassen hadde vorte dumpa av kjærasten sin, og alle jentene i klassen samla seg kring ho. Å sjå ho få so mykje trøyst, når sanninga var at det var eg som eigentleg trong trøyst (ho hadde masse vener, medan eg var heilt åleine, ho hadde ingenting å klaga over!), var so smertefull og so vond at eg vart sitjande å grina i korridoren same dag. Eit sakn etter det eg aldri fekk, og eit hat mot det menneske som fekk all den merksemda som skulle vore mi. Eit minne om at viss eg var i same situasjon som ho, ville eg aldri fått den reaksjonen og dei klemmane. Eg ville vorte glodd stygt på eller knapt ensa. Sånn sett var det kanskje logisk at eg vart lei meg, men tenk deg at eg var ein av gjengen, at eg var ein av dei mest populære i heile klassen, og at eg fekk merksemd dagen lang, og at eg framleis følte den same smerta og sjalusien når nokon i gjengen fekk trøyt. At eg ville byrja å grina, for å få dei til å trøysta meg istaden – kva ville eg ha vore då?

Image

Narsissist nr 2, vil altso båe vri andre sin suksess, og andre sin destruksjon, over til si eiga fortviling. Dei er avhengig av dei som gjer dei vondt, nettopp av di det er med på å oppretthalda deira eiga bilete av at alle hatar dei og at dei ikkje er verd noko. Dei er nøydd til å ha offerstatus. Heile tida. Ein kvar ting som kan truga deira offerstatus, er av det vonde. Til og med eit kvart samtaleemne om noko anna enn denne smerta, kan potensielt vera trugande. Eg hugsar kor truga eg følte meg då bestevenen min starta på handball og attpåtil SNAKKA om det. For det fyrste oppsøkte ho miljø eg ikkje var i, miljø som ikkje hadde noko med meg og mine interesser å gjera, og for det andre snakka ho om andre ting enn det eg var oppteken av, og ikkje minst andre ting enn korleis eg hadde det og kor fælt det var. Kort sagt eit alvorleg svik. Og somme personar, vil fortsetja å ha desse kjenslene livet ut. Dei vil aldri gjeva slipp på det. Når dei serverer mat, vil dei seia «unnskuld at maten sikkert ikkje er noko god», eller «eg veit at de ikkje likar det de smaker». Når hin publiserer eit bilete av seg sjølv på internettet, vil hin skriva under «sjå kor stygg eg er», og når hin får kompliment vil hin fnysa og nærast verka fornærma eller til og med hatefull.

Og korleis i all verda skal du handtera eit slikt menneske? Skal du pøsa på med kompliment, eller skal du vera spydig, etter kvart som du går lei? Skal du ignorera forsøka på merksemd? Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal gjera. Når eg merker at personen har eit alvorleg avhengigheitsproblem av merksemd kring negative ting, vil eg etter beste emne visa same medliding som eg gjer for andre, men inntil eit visst punkt. Når personen byrjar å fiska eller grava, er det på tide å slutta, og det er på tide å vera høfleg, visa respekt, men med hovudet kaldt, og utan den valdsamme medlidinga. Eg trur ikkje det hjelper å vera frekk eller stygg mot nokon og å tenkja at då vil dei skjønna at det ikkje nytter å syga til seg slik type merksemd. Negativ merksemd er sannsynlegvis rota til avhengigheita deira, med andre ord, vil negativ merksemd berre auka problemet. Å auka eit problem, er noko dei færraste burde ha lyst til. Eg har tru på å gjeva so mykje positiv merksemd som mogleg på ting som er positivt. Viss vedkomne skulle koma til å skriva eit tåredryppande blogginnlegg om kor fælt hin har det, og ein har ei kjensle av at dette er ein del av avhengigheita etter merksemd kring negative ting, kan ein simpelthen seia noko slikt som:
«Det er trist at du har det slik, men eg er glad for å sjå at du er so flink til å få det ned i ord og setningar på denne måten. Du må fortsetja å skriva, det kan verkeleg hjelpa av og til! :- ) »
heller enn:
«Uff stakkars deg venen min du har det so fælt huff og huff stakkars deg eg får so vondt av deg ❤ ❤ ❤ Men eg er veldig glad i deg, du må aldri ta livet av deg!! Hugs at du er verd gull «blablablablabla. For mykje medliding er betre enn for lite medliding, men for mykje medliding fører ikkje til forandring. Heller ikkje gjer for lite medliding, det kan i verste fall føra til negativ forandring. Slike ting som:
«herregud a jævla oppmerksom hets syke hore ;ssss»
Viss du skulle ha ei trong til å seia det til nokon, må du òg hugsa på at du er ein del av problemet du sjølv foraktar. Du er med på å skapa problemet, og det er sannsynlegvis personar som deg, som er grunnen til at problemet er der. Hadde ingen vore som deg, ville slike problem som du ser ned på, sannsynlegvis ikkje eksistert. Med andre ord pissar du på ditt eige kunstverk.

Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg skal runda av dette innlegget, men eg tykkjer det er ein situasjon dei aller færraste forstår. Dei fleste ser ned på menneske med slike plagsamme eigenskapar, utan å tenkja over at problemet er der av ein grunn, og at problemet sannsynlegvis er ei større liding for personen med problemet enn for dei som må sjå på. Og so gå inn i seg sjølv og verkeleg tenkja over korleis ein skal møta menneske i forskjellege plagsamme situasjonar, heller enn å gjera alt ein kan for å gjera alt verre.

Takk for meg

Du er ein stor egoist som skadar alle du er glad i

Somme gongar kan tyngda av sitt eige liv vega so mykje over skuldra at ein gjer det som hjelper aller mest akkurat der og då. Somme gongar gjer ein det av di nokon har sagt at det vil hjelpa og ein vonar at det er sant, somme gongar gjer ein det i eit instinktivt ynskje om å undertrykkja smerte med anna type smerte, somme gongar gjer ein det av di ein vonar at nokon skal få auge på det og hjelpa ein, somme gongar gjer ein det av di lukta av jern og synet av blod har ein avleiande effekt på hjernen. Det som er sikkert er at somme personar kuttar i seg sjølv. Kva reiskap ein nyttar, er ikkje det viktige. Det er det same uttrykket for liding, og den lidinga kan ein gjera verre, eller ein kan heilbrigda det. Kanskje berre for nokre minutt.

Image
Det er nesten heilt umogleg å sjå ljos i mørkret. Ein kan føla at nokon har teke ifrå ein augo eller at dei har skrudd av ljoset og rappa alle lommelyktene. Det er ikkje berre å seia «viss det er mørkt so skru på ljoset!» for hadde det vore so enkelt hadde det ikkje vorte mørkt i utgangspunktet. Det er lett å seia til seg sjølv når ljoset fyrst er på. For då gjeld det ikkje deg sjølv; og det gjeld ikkje ein eksisterande situasjon.

Kva dreg ein person opp? Kanskje du vil laga ei liste. Ei typisk universial liste, er ting som:
– Familien min
– Venene mine
– Føla at nokon treng meg
– At det er behov for meg
– At eg er til nytte for andre
– At andre likar meg
– At eg er ein god person

Somme personar bryr seg kanskje ikkje om noko av dette, men det er meget sjeldan. Difor er det ei grei liste. Alle desse tingene er sikringer i sikringsboksen, og desse sikringene kan ein kanskje skru på. Det er derimot ikkje mogleg å skru dei på viss nokon fjernar dei. Ein måte å fjerna dei på, er slik:

«Du øydelegg familien din.»
«Du øydelegg venene dine.»
«Du er ein egoistisk person.»
«Alle har det fælt grunna deg.»
«Du er ei byrde, folk vert belasta av at du eksisterer.»

Desse kommentarane hjelpte aldri meg.

Eg var 12 år og visste ikkje kva eg dreiv med, då nokon skreiv i Si;D at menneske som meg, altso menneske som sleit, og som fylgje av det av og til avreagerte på kroppen sin, ikkje dreiv med «sjølvskading», men med «andre-skading». At eg skada mora mi, faren min, broren min, alle som nokon gong har vore ven med meg. Å høyra dei stemene i hovudet når ein famlar kring etter ljosbrytaren, gjer det ikkje enklare. Viss personen som kjem med rådet når gjennom, kan dei i bestefall oppnå (for dette var dei alternativa eg vurderte kvar gong eg høyrde ein slik kommentar – og ikkje prøv å diskutera dette med meg i dag, for det forandrar ikkje korleis det vart opplevd, og korleis folk framleis kan oppleva det):

– Eg slit med å takla mitt eige liv. No skal eg òg takla byrda av å ha øydelagt livet til alle eg kjennar. Alle desse liva som ramlar nedover skuldra mine, er meir enn eg kan halda oppe. Endå meir å takla, endå meir kutting.
– Eg lever ikkje for mi eiga skuld. Eg lever grunna alle dei som vil verta lei seg viss eg døyr. No innser eg at dei som er glad i meg, berre vert skada av at eg lever. Kvifor skal eg leva no?
– Det er viktig at ingen som er glade i meg oppdagar desse såra, for då kan dei verta skada/verta sinte på meg. Eg må kutta meg plassar der dei ikkje ser det. Til dømes på innsida av låra. Då kan eg kutta meg tre gongar so djupt i tillegg, no som ingen ser det uansett. Kanskje treff eg ei arterie og blør ihel. Det vil forøvrig vera til det beste for dei alle.
– Ingen forstår meg! Når eg gjev uttrykk for at noko er vanskeleg, sparkar dei meg berre hardare. Eg hatar alle saman. Faen ta dei! Eg skal drepa personen som sa denne tingen!

SONY DSC
Uansett du meinte bak det du sa, er dette opplevinga av det. Kva er målet ditt? Vil du få nokon til å kutta seg mindre? Sei noko konstruktivt. Ikkje noko destruktivt. Ikkje noko som gjev nokon sjølvmordstankar, får dei til å kutta seg på innsida av låra, får dei til å føla seg verdilause, eller hata og forakta av menneskeheita. Vil du ha meir sjølvskading og sjølvmord, køyr på med «du skadar alle» og «det er synd på venene dine og familien din som vert skada av deg», eller «du er egoistisk» eller «fy deg so ond du er». Vil du derimot ha mindre av det, so sei noko anna. Eller ikkje sei noko. Av og til held det med ein klem. Det redda som regel dagen.

Medkjensle og respekt

Image
 Biletet over viser nestekjærleik og medkjensle. Det er når ein legg seg i den senga ein veit at katta likar å sova i, av di ein veit at ho vert glad for selskap. Når ein ikkje kan gå inn på rommet med den sjuke katta i utan å leggja seg ned å halda rundt henne i minst ein time, sjølv om ein eigentleg skulle ha gjort andre ting.
Medkjensle kan resultera i at ein er grei mot skapningane kring seg. Det kan føra til at ein ikkje meistrar å utsetja nokon for smerte, av di medkjensla gjer smerta vond for ein sjølv òg.

Ei anna ting medkjensle kan føra til, er at ein nektar å setja seg inn i den faktisk innverknaden handlingene ein gjer i kvardagen har på dei som er kring ein. Det er ofte menneske fulle av medynk som held seg for øyra og skrik «ikkje fortell om kva dei gjer med kaninane sminka mi vert testa på, for eg synest so synd på dei!», og det er folk fulle av medkjensle som grev råtteungane levande ned under jorda istaden for å drepa dei kort og brutalt – «dei er so søte, eg vil ikkje sjå dei døy». Det er folk fulle av medynk som hiv hundeburet sitt med bikkje si ut i havet og spring heim, av di dei ikkje har råd til avliving og heller ikkje har hjarte til å sjå bikkja inn i augo medan dei plantar eit skot i hovudet på henne. Medynk gjer at folk ikkje set seg ned og les gjennom forskningsrapportane til dei som utfører dyreforsøk – og medynket gjer at ein difor ikkje oppdagar nøyaktig for meiningslaust det heile er, ved å sjå kva dei som driv praksisen, i sannheit berre driv praksisen for praksisen si eiga skuld. Medynk gjer at ein ikkje undersøker forholda i matindustrien, men berre konkluderer med at det «sikkert ikkje er SO ille, det er jo trass alt i Noreg». Medynk får deg til å lukka augo av di det du ser er ubehageleg.

Kort sagt er ikkje medynk naudsynt for å støtta dyrerettigheitar og å til stadigheit boikotta produkt som fører til det motsette.
Image
Menneske med mykje medynk, er ofte imot pels. Det er vanskeleg å koma utanom, ettersom bilete av søte pelsdekte dyr som minnar om katta di eller bikkja di ofte er på fjernsyn, og ofte manglar eit lem eller to. Eg personleg ville heller valt å mangla eit lem eller to, heller enn å sitja i eit lite nettingbur. Det ekstremt kjemiske, og ekstremt primitive medynket, gjer at ein ikkje opnar augo for det faktiske problemet – bura i seg sjølv, og endå viktigare, kva det er som fører til bura. Å snakka om pels, og kunn det, er like effektivt som å øsa vatn ut av båten men ikkje tetta igjen holet. Det er absolutt ikkje negativt å øsa ut vatn, men det vil ikkje hindra nytt vatn i å strauma inn. Det er ei god gjerning, men det svever på overflata av problemet.

Eg har sett so mykje at medynket no er lågare enn det var dei fyrste gongane. Medynk hindra meg i å undersøka kva det var eg bidro til kvar einaste dag, av di det gjorte vondt å sjå det. Medynk gjorde at eg støtta ein industri eg ville ha hata viss eg såg han. Eg er ikkje meir sensetiv enn folk som gjev mange, mange tusen kroner til kjøttindustrien og teste-gift-i-augo-på-kaniner-industrien kvart einaste år. Som regel er eg den i rommet som reagerer minst, når tematikken kjem opp. Kjøttindustristøttarar og kosmetikk-i-augo-på-dyr-industri-støttarar, skjer grimase og held seg for øyra, får tårer i augo og byrjar å jamra, når dei får høyra om ting som eg sjølv knapt røyrer på augelokket av, av di eg allereie veit so godt kva som skjer, og for lengjesidan har akseptert det faktum at det skjer i form av å ikkje fortrengja det. Ein skulle tru det ville vera eg som sat og peip og skreik «hald kjeft!» når andre snakka om overgrep mot andre dyr, men i røynda er eg ofte personen som fortel om det i ein bisetning uten ein gong å tenkja over at dei andre vil verta emosjonelt berørt. Ofte sjokkerer det meg. Eg hadde ikkje trudd at dei skulle reagera, dei som støttar og elskar industrien kvar einaste dag. So kva er det dei manglar? Det er openbert ikkje medynk. Medynk er ikkje noko eg mangla men plutseleg har fått.

Målet mitt, er å gro den grunnleggjande respekta for mine medjordbuarar so djupt inn i bevisstheita at eg ikkje treng medynk for å fortsetja å respektera. At eg ikkje treng medynk eller empati for å vera i stand til å sjå at noko er gale og dimed so godt eg kan ikkje vera med på det. At viss nokon går inn i hjernen min og operer vekk den biten som er skuld i medynket, gjer meg til ein psykopat, so vil eg framleis stå for det eg står for i dag.

Eg slit med å finna informasjon om dyrerettigheitar på ein måte som ikkje er skildra med dryppande medynk. Den heilt kalde, nøkterne skildringa av kva som faktisk skjer, gjerne med sitat frå dei som held på med det sjølv. Eg kan ikkje vidareformidla setningar som «dyra vert lei seg» og «buhu trist», for det appellerer ikkje til dei som ikkje allereie bryr seg. Dei kalde vil tenkja «dette er berre sensetivt tullpreik», medan dei fulle av medynk, vil få vondt i medynket sitt og styra unna.

Image
Dessutan vil eg tilrå Peter Singers Animal Liberation (Dyrenes frigjøring), og måten han gjer rede for ting. Eg er sikker på at dei menneska med aller sterkast medynk aldri ville ha vore i stand til å samla so mykje informasjon som det han har gjort, av di dei ville ha brote saman. Boka er fin båe for dei som treng meir informasjon av di dei nett no har eit alt for naivt syn på menneskes sjølvbilete, men òg for dyrerettigheitsforkjemparar som har lyst til å informera kameratane sine utan å verta stempla som den sensetive vegetarianaren.

Lukke til på ferda!

Ei rustning av stygge ord

Alle fyrst må eg gjera ein ting veldig klårt: Planen min er ikkje å vera ein kvalm og krampeaktig positiv person som prøver å gøyma vanskelege ting under ei blennande augeutbrennande spotlight. Eg er ein realist. Eg veit at vanskelege ting er vanskeleg, og at kjipe ting er kjipt. Eg trur ikkje på den populære, drepande bølga der ein skal fortrengja og dekka over og glorifisera livet sitt medan ein i all hemmelegheit sit bak ei dør og grin, berre for å gjeva andre menneske dårleg sjølvbilete for at dei ikkje er like «perfekte». Men, eg har gjort ei oppdaging. Denne oppdaginga har eg levd etter heile livet utan å tenkja over henne. For ikkje so lengjesidan fekk eg det ned i ord. Det var nemleg ei ganske stilig oppdaging, som eg kunne tenkja meg å skryta av eller kanskje til og med inspirera med.  Sjølvsagt skal eg fortelja massevis av bakgrunnshistorie. No skal du høyra her:

Eg vart ganske tidleg bevisst på at eg hadde eit ytre, og det faktum at andre menneske kunne sjå det ytre sjølv når eg ikkje såg det sjølv. At når eg gjekk gjennom eit rom, so kunne dei andre som var i rommet observera meg, og dei kunne tenkja ting om det dei såg på. Og at når eg gjekk ut av rommet, og dei tenkte på meg, so ville dei kanskje sjå for seg det fjeset dei nyleg hadde sett. Ein av dei fyrste gongane som eg hugsar klårt, var ein gong i barnehagen. Eg hadde ei venninne som hadde ein sånn stilig måte å smila på. Når eg ikkje såg meg i spegelen, kunne eg innbilla meg at fjeset mitt såg ut som fjeset hennar, og at når eg smilte på ein bestemt måte, såg smilet ut nett som hennar smil. Difor smilte eg på den nye måten kvar einaste gong nokon fotograferte meg, heilt til eg til slutt fekk sjå eit bilete av meg sjølv som smilte dette smilet. Då skjønte eg at når eg smilte på den måten, såg det slett ikkje like stilig ut. Det såg faktisk heilt idiotisk ut. Biletet vart hengjande på veggen, under namnet mitt, på barnehagen. Eg smilte aldri på den måten igjen, og byrja frå den dagen av å undersøka uttrykka i spegelen før eg tok dei med meg inn i barnehagen eller nokon andre plassar.

Eg likte forresten ikkje det eg såg i spegelen. Det fyrste skikkeleg sjokket, kom ein gong på SFO (dette var sokalla «oppe-SFO», for 1. og 2. klassingar), ein gong eg gjekk forbi spegelen og såg kor avlangt og raudt fjeset mitt var. Denne oppdaginga tok med seg ei ekkel frysning gjennom heile kroppen, og ei kjensle av at eg måtte springa å gøyma meg. Eg ville helst ikkje leika med dei andre barna, som kunne sjå kor stygg eg var. Eg ville ikkje at dei andre skulle veta om eg hadde utovertiss eller innovertiss, difor gjekk eg båe i skjørt og bukse på ein gong – noko som såg ut som den ultimate måten gøyma denne informasjonen på (eg hadde sett andre barn som gjekk i bukser eller strømpebukser [under skjørta], og av og til kunne ein sjå omrisset av kva dei hadde under). Eg blei dessutan rasande viss nokon prøvde å tvinga meg til å kle av meg foran andre barn slik at desse ekstremt private hemmelegheitane kom opp framfor augo på folk. Og sjølvsagt vart eg òg forbanna viss nokon antok det eine eller det andre i ei setning.
Mange av dei som sa ting eller spurde om ting skjønte sannsynlegvis ikkje at det var stygt – sanninga er at det var superstygt, og at det skapte krusedullar inne i hjernen på meg når folk spurde meg kvifor eg hadde båe skjørt og bukse på meg, på ein gong. Kva faen skulle eg svara på det, når grunnen var so sårbar og dessutan ville få personen eg svarte til, til å tenkja på akkurat det eg brukte skjørt og bukse for å hindra personen i å tenkja på?
Nokon spurde om det kvar einaste dag, og då tenkte eg at dei var tjukke i skallane sine. Når eg var heime måtte eg sitja å grubla ut nye svar eg kunne koma med frå dag til dag. Når eg endeleg slutta med denne spanande klesstilen, spurde dei kvifor eg «gjekk i skjørt og buske FØR». Folk har bestandig spurd meg kvifor eg gjer ditt og datt. Men, det er ikkje nyfike som får dei til å spørja. Då ville dei nemleg kun ha spurd ein gong. Dei spør for å visa verda kor teite dei er. Difor ville eg helst vera åleine. Når eg var åleine trong eg ikkje verta lei meg for at folk var so dumme, men samstundes vart det jævleg einsamt . Og dessutan vert ein fort til eit objekt folk kan stå på avstand og dikta opp historier om, leggja problem over på, snakka om og diskutera og observera på avstand. Og når folk gjer slike ting, er det sjeldan, sjeldan, sjeldan på ein positiv måte.
Image
(Eitt av mange fjes.)

Heldigvis har eg aldri trudd at eg er verre enn andre. Eg har alltid følt meg like bra eller betre. Eg har alltid meint at dei som seier stygge ting om menneske som aldri har hatt onde intensjonar,  og snakkar nedsetjande om ting som ikkje skader ein levande sjel, gjer ein uting. Denne utingen var framleis ein uting sjølv om det gjekk utover meg. Mange tenkjer «det er greitt å snakka stygt om meg, for eg er so stygg», men det er ulogisk. Det er stygt å snakka stygt. Også når dei stygge tinga er om meg.

Når du heilt frå du er bitteliten er eit objekt for kritikk og andre menneske sine ville fantasiar, er det lite vits i å imponera folk. Ein kan gjera kva ein vil. Ein kan koma på skulen med eit raudt slør over fjeset, fordi ein syntest det såg stilig ut i spegelen. Når nokon til slutt spør «kvifor har du det sløret over trynet?» kan ein svara «for å sjekka når spørsmålet ville koma opp». Ein kan snakka høgt med seg sjølv i timen, og ein kan syngja teite sangar medan ein spaserer bortover vegen. Og ein kan mista stemma, verta stum, og hata ljoden som kjem ut etter ein har kremta fleire gongar for å vera sikker på at stemma ikkje er grumsete, eller kviskra dei siste orda ein har sagt (ein har sagt) stille for seg sjølv (for seg sjølv), for å forsikra seg om at det ein sa var godt formulert (formulert). («Kvifor kviskrar du alltid det du har sagt etter at du har sagt det?)

Eg visste ikkje om ordet «emo» eller ordet «sjølvskading» då eg begynte å kutta meg på armane. Eg gjorde det berre av di det var spanande å oppdaga at ein kunne få blod til å renna ut av kroppen kva tid ein ville. Det var ikkje i mine tankar at folk ville byrja å seia dette nye ordet «emo!» kvar gong dei gjekk forbi meg og dei oppkutta armane, og det var heller ikkje i mine tankar at folk ville dikta opp grunnar til at såra var der, og at dei ville dra fingrane sine imiterande over handleddet kvar gong eg gjekk forbi. Det var heller ikkje i mine tankar at eg måtte gå i langerma klede heile dagen lang, for å skjula for menneske som hata meg at eg hadde sår som kunne få dei til å skifta grunn til å hata meg. Dei forakta meg allereie. Dei dikta allereie opp historier, glodde på meg heile timen og skreik «KVA ER DET DU GLOR PÅ????» viss eg såg tilbake. Det var ingenting å vinna eller tapa på å skjula eller visa fram. Eg gjekk i langerma når eg var kald, og korterma når eg var varm. Drittet folk lirte ut av seg gjekk i eitt med alt det andre drittet. Det var ingen forskjell frå eller til. Det var ingen grunn til å ikkje ha på seg kattehale når eg kom på skulen – viss eg ein dag hadde lyst til det – for folk grein allereie over kvart einaste plagg eg hadde på meg. For kvar litle rørsle eg gjorde i fjeset, byrja folk å kviskra og tiska og fantasera. Og sjølvsagt vidareformidla. Det gjekk ryktar om at eg hadde knulla nokon, men mange trudde ikkje på dei – eg var for stygg til å brukest til slik. Når eg fekk kjærastar ga eg faen i kva kjønn det var, og når det kom eit nytt kjønn, kunne folk applaudera meg for å ha kome ut av eit skap som eg ikkje visste at var der ein gong – kva faen skal du med eit skap når du ikkje har nokon rang eller eit rykte du kan oppretthalda? Viss eg hata nokon kunne eg planleggja å drepa dei, for eg hadde so lite å tapa at å ha teke livet av ein klassekamerat neppe kunne gjera noko verre enn det allereie var.
So forferdeleg kjipt, og so forferdeleg fritt, var det å vera meg, og difor kan eg seia kva eg vil og skriva kva eg vil utan å tapa noko som helst. Eg har ingen vener som eg må imponera og gøyma ting for, for slike type vener har skugga banen for lengjesidan, og kun dei tøffaste står igjen – og dei tøffaste treng ein ikkje sy puter under arma på eller gøyma detaljar frå, eller vera redd for reaksjonen sin. Eg treng ikkje å tenkja «ånei! Korleis kjem venene mine til å reagera????», for alle vener eg nokon gong har hatt som er laga av eit sopass sløvt materiale, har eg vorte kvitt ved nettopp å ikkje gøyma fjeset.
På kvar skule eg har gått på har eg hatt lange, teitte forhold med ein eller to personar, og dei har alle vorte so traumatisert og skrekkslagne over bekjentskapet at eg i dag berre er eit traume frå fortida som dei kanskje må til psykolog for å bearbeida. Kvifor vera redd for å mista vener, når ein har so god trening i det at ein veit godt at ein overlever? Kvifor ikkje gjeva seg sjølv på nytt og på nytt og på nytt, når ein veit godt at ein sit igjen på slutten og er i stand til å tenkja «faen for ein jævla pingle, tåler jo ingenting!» istadenfor «buhu eg er eit mareritt»?
Image
(Brukte ikkje å sjå sånn ut, men det var spanande å ta ein tur i byen for å verta glodd på)

Når ein ikkje går rundt med den konstante frykta for at noko skal vera «rart», eller at noko skal vera «sjokkerande», so vert andre menneske overraskande sarte. Foreldre hyler og skriker «DESTRUKTIVT!!!!» for kvar minste realitetsorientering, og ungdommar set opp forskrekka og rynka panner og kastar seg over øyra på kvarnadre kvar gong ein set seg ned på ein stol eller reisar seg eller gjespar eller saggar for mykje med buksa eller har fått ny sveis eller et ei skive eller tek av seg genseren. Dei er so sjokkerande svake og ømtålelege at å prøva å tilpassa seg dei, er heilt uaktuelt. Ikkje berre av di det er kjedeleg, men av di eg aldri har visst korleis. Eg har til og med, periodevis, prøvd. Likevel vert dei sjokkerte av kvar ein minste ting, og det er umogleg å sei kva som vil sjokkera dei og ikkje. Når det uansett er umogleg å ikkje sjokkera dei, er det heller ikkje noko vits i å jobba for det. Og igjen sit eg med friheita til å gjera akkurat kva eg vil. Akkurat når eg vil. Og eit sinn som har vorte rive frå kvarandre og sette saman på nytt og på nytt. Eg veit at viss eg prøvde å hengja meg men overlevde, ville folk ha sagt «DU KASTAR SKAM OVER DEI SOM FÅR DET TIL», «JÆVLA EMO HENG DEG IGJEN», «KVA TRUR DU FORELDRA TIL DEI SOM HAR OPPLEVD SJØLVMORD TENKJER NÅR DEI SER SÅNNE SOM DEG SOM BERRE LEST SOM»,  og «NESTE GONG, GJER DET HEIME ISTADEN!!!», difor vil eg heller ikkje døy av sjokk når menneske seier forferdelege ting til meg. Det er forøvrig lengjesidan sist nokon sa noko forferdeleg til meg. Kanskje dei har skjønt at det ikkje fører til noko spesielt.

Image
(Dette er òg ein utsjånad.)

Det eg til slutt kjem fram til, er at når menneske seier at eg er «tøff» (det hender at nokon seier slike ting viss eg gjer eitt eller anna), so veit eg ikkje kva som gjer den tingen tøffare enn alt anna eg gjer, ettersom reaksjonane til andre menneske ikkje er sterkare enn reaksjonane eg tidlegare fekk ved å gjera kvardagslege småting som menneske fann ting å pirka på i. Når alt er gale, vert det ikkje noko forskjell på ting.

So kvifor halda ting tilbake og stenga ting og fortrenga ting når det einaste ein taper er det buret som ein går rundt i heile dagen lang? Når ryktet fyrst er spolert, og alle dei svakaste sveiklingane har slutta å kalla seg «venene» dine, sit du igjen med fridom og etter kvart ein omgangskrets som ikkje ramlar av stolen over ei miste rykning i augnekroken. Du har ingenting (som er verd noko) å tapa, og du har alt (som er verd noko) å vinna. Og alt det som gjer frykteleg vondt, kan enda opp med å vera ekstremt inspirerande.

Image

Eh… Du er 12…

Eg kom nettopp til å tenkja på noko eg må skriva om før eg gløymer å skriva om det. Det handlar om kompliment. Dei fleste eg veit om er nemleg glade i å motta kompliment frå andre menneske. Dei synest det er kjekt å høyra kjekke ting om seg sjølv, som til dømes at dei er interessante, hyggjelege eller at dei har ei god utstråling. Dei er òg glade i å få høyra at dei ser fine ut eller at dei har stilig stil. Når menneske får høyra kompliment om seg sjølv, får dei ofte betre sjølvbilete. Enkelte får for godt sjølvbilete. Då trur dei at dei eig heile verda, og so byrjar dei å ta kompliment for gitt. Då kan dei byrja å svara frekt på komplimenta, viss dei synest personen som ga komplimentet ikkje såg like fine ut sjølv.

Eit godt døme er dei som er so vann med å få kompliment at viss nokon som ikkje høyrer til målgruppa deira seier noko fint til dei, so er dei gjerne stygge tilbake. Viss du til dømes er 19 år – skikkeleg flott, fin jente – og heile livet har fått høyra nettopp dette, at du ser bra ut. Viss du har tilgang på dei kjekkaste gutane på skulen. Kor lett er det vel ikkje å vera frekk i kjeften då? Eg høyrer stadig vekk slike menneske klaga over kompliment frå folk dei ikkje vil knulla. Som om eit kompliment ikkje er verd noko viss ikkje ein knullar etterpå.
«Han mannen på 60 sa at eg var søt! Ææææ! Han er pedofil! Han vil ligga med meg! Stakkars meg! Æsj! Eg må få han sparka frå jobben!»

1. Du er jævleg innbilsk som trur nokon vil knulla deg berre av di dei synest du er fin. Kanskje han berre prøvde å trøysta deg fordi du var so stygg.
2. Sjølv om han hadde hatt lyst på deg, har ikkje du noko rett til å vera so stygg i kjeften. Du burde vera takksam for at nokon har lyst på deg i det heile teke. Eg kan nemleg ikkje forstå kvifor.
3. Sjølv om du er 19 år og burde vera ferdig i puberteten, so kan eg kanskje gå med på at han er pedofil. Å vera tiltrekt av nokon som ligg på eit mentalt nivå med ein 8-11åring, er jo nesten pedofili.
4. Det bør vera lov å ha jobb sjølv om ein seier at ein person er søt.
Image
Det finst mange ting som gjer meg svært, svært sint. Difor er eg sint nesten heile dagen. Ein av dei mange som er skuld i at eg er sint dagen lang, er slike menneske som dette. Ikkje menneske som gjev kompliment – nei – men menneske som prøver å gjera kompliment ulovleg. Dei som er skuld i at folk ikkje seier so mykje fint til kvarandre. For når ein risikerer å få haugevis av dritt tilbake, so er det ikkje rart ein ikkje tør å seia noko fint.

Eg gjev ikkje so ofte kompliment til andre. Sjølv ikkje kjærasten min, ga eg noko særleg kompliment. Eg sa faktisk nesten aldri noko fint til henne. Eg seier ikkje so mykje fint til venene mine heller. Eg seier nesten aldri noko fint til nokon. Det er derimot ofte eg tenkjer fine ting. Eg tenkjer kompliment om andre dagen lang. Eg tenkjer «du har fine augne», «du har ei flott karisma», «du er so hyggjeleg», «eg elskar å snakka med deg» og «du er so digg at eg vil knulla deg dagen lang». Sjeldan seier eg desse tinga høgt. Grunnen til at eg ikkje seier desse tinga høgt, er ikkje av di eg er slem. Det er av di eg har lært at det ikkje er so jævleg lurt.

Eg kan ikkje hugsa heilt presist kva tid det skjedde. Eg veit at det har skjedd mange gongar, men den tydelegaste gongen – ein av dei siste gongane eg ga nokon kompliment – var ein gong eg var 12 år gamal. Då hadde eg nettopp registrert meg på sjølvaste Nettby. Eg fann ei dame med langt, raundt hår, flotte fargerike klede og svært spanande bilete på profilen sin. Eg fann ut at eg måtte skriva det til henne. Kva eg tenkte ho ville svara, er eg ikkje sikker på. Kanskje «takk». Iallfall so skreiv eg noko slikt som:

«Wow! Du såg utruleg interessant ut! :D»

Det tok ikkje so lang tid før eg såg at ho hadde svart. Oj, so spanande, tenkte eg. Ho har svart meg! Det var nemleg ikkje ofte at eg tok kontakt med andre menneske. Faktisk nesten aldri. Det var ikkje ofte at eg snakka  med folk i det heile teke, anna enn dei eg allereie kjende godt. Heile klassen min gråt seg i søvn kvar natt for at eg ikkje var daud. Heile den gamle klassen min – den er slutta i – var òg jævleg lei seg for at eg ikkje var daud. Og alle klassene eg skulle starta i i framtida, gjekk dagen lang rundt og håpte på at eg skulle døy. Dette var stort for meg. Superstort! Eg var knalltøff. So fekk eg svaret. Det laud slik:

«Eh… du er liksom… 12 år ;sssss»

Kva? Tenkte eg. Eg kikka bort på alderen som sto under profilbiletet mitt. 12, ja. Ja, det stemmer, eg er 12, eg. Eg hadde ikkje som vane å tenkja noko særleg på alderen min. Det var jo berre eit tal. So eg stilte alderen til 0, som er den anonyme alderen, innså at å seia fine ting til andre var idioti. For sjølv om den dama såg interessant ut, var ho openbert ikkje særleg interessant. Ho må ha vore møkk. Når eg tenkjer på den dama no, so tenkjer eg på kor møkk ho er. No sit ho ein eller annan plass og er sikkert kring 30 år, og ho er sikkert pyton og møkk og dritt. Eg hatar den dama. Kor dum kan ein vera for å avvisa eit kompliment frå ein 12-åring? Kva faen er det ein vil? Vil ein at den nye generasjonen skal læra at dei ikkje skal seia fine ting til andre? Tenkte ho «ånei! Ein 12-åring som er hyggjeleg! So grusamt!»?
Image
Det er ikkje akkurat særleg ofte at framande menneske seier kjekke ting til meg (bortsett frå på Gaysir, men det er berre av di dei vil at eg skal knulla dei i den «stramme, fine rumpa ;)» deira). Det skjer nesten aldri. Diverre. Eg liker det når andre seier fine ting til meg, for det gjev meg eit betre sjølvbilete. Det er grunna fine ting folk har sagt til meg, at eg ikkje er djupt deprimert og har lyst til å gå å hengja meg. So kvifor prøver folk å øydelegga?

Det er den dama si skuld at folk ikkje oftare seier fine ting til meg. Kanskje eg hadde fortsett på dramalinja, viss folk sa litt fine ting til meg av og til. Kanskje eg ikkje hadde trudd at heile klassen min (alle klassene eg har gått i) skulle ønska eg var daud, viss dei av og til sa fine ting til meg. Litt oftare enn dei gjorde. Oftare enn dei sa stygge ting om kvarandre so eg skjønte at dei garantert sa stygge ting om meg òg.

Eg hatar ho jenta som prøvde å øydeleggja for kollegaen sin på 26 av di han sa ho hadde eit fint smil. Eg hatar Justin Timberlake, som sa «fuck off» til ein eller annan fan som sa eitt eller anna til han. Eg hatar alle som ikkje svarer på kompliment sjølv om dei har tid – av di dei skal lesta som dei får so mange at dei ikkje har moglegheit til å svara. Eg synest de alle saman skal pakka seg ut av denne verda – for det er deira skuld at folk ikkje får fleire kompliment, slik at dei har det betre med seg sjølv. Tenk om folk sa fine ting til kvarandre på bussen, då. Og midt i gata. Tenk om ikkje det fantest sånne idiotar som stirer stygt på dei som er greie mot dei. Tenk om alle dei berre døydde. Då hadde dei som var igjen hatt det jævleg bra.

No, når du har lese dette innlegget, kan du få lov å kommentera det. Du kan til dømes skriva noko hyggjeleg. Til meg. Kanskje eit kompliment.

Kor stor kan du vera i kjeften?

Det kan vera modig å seia kontroversielle ting. Kontroversielle ting, er ting som skaper reaksjonar. Fyrste gong nokon sa at ein måtte vaska seg på henda før ein gjekk frå lik-avdelinga til fødestova, var svært kontroversielt. Fyrste gong nokon sa at homofile ikkje kom til Helvete (etter den lange perioden der dette var inn), vart det òg oppfatta som kontroversielt. Ein heil haug av plassar i verda er det framleis kontroversielt. Å påstå at kvinner skulle ha stemmerett – spesielt viss du var kvinne sjølv – var så kontroversielt at det eksisterte eigne diagnoser for det som kunne få ein innlagt på ubestemt tid. Det meste som i dag er normalt, har ein gong vore forferdeleg kontrovserielt og sjokkerande.

Det kontroversielle ved det, var dog ikkje at det var formulert på ein veldig kontroveriell måte. Det var ofte sjølve innhaldet som var tabubelagt og framand. Me har framleis slike tema. Viss nokon publiserer eit bilete av ein oppkutta arm på internettet, vil det raskt koma eit ras med kommentarar som oppfattar til sjølvmord og det som verre er, anten direkte eller indirekte. Å snakka høgt om (sine eigne) psykiske problem, er framleis tabubelagt uansett kor ofte det skjer. Heilt framtil folk sluttar å skrika «dette gjer du berre for merksemd!» vil det vera eit tabu som hindrar folk i å oppsøkja hjelp. Nokre ting er så kontroversielt at eg ikkje ein gong tør å snakka om det, av di eg er redd for å verta så lei meg på menneskeheitas vegne at eg går frå fornuften.
Image
Me treng desse menneska som seier kontroversielle ting. Dette har alltid ført til framgang.

Det eg lurer på, er kvifor «kontroversiell» ikkje lenger handlar om å bryta berrierer, men om å bryta andre ned. Kvifor ein kan få ros eine og åleine for å ha vore stygg i kjeften sin. Det er korkje uvanleg, originalt eller kontroversielt å vera homofobisk eller rasistisk, slikt ser me overalt. Slikt har me hatt i alle tider, og mange er lei seg for at livet skal vera mogleg å leva òg for menneske som dei sjølv ikkje får orgasme av å tenkja på. Ein føler seg modig og tøff som gjer noko som allereie har vorte gjort i alle, alle år, og som andre har måtte vera supertøffe og risikera livet sitt for å stå oppmot. Ein føler seg tøff når ein gjer andre sine liv farlegare å leva – ikkje sitt eige. Kanskje det er ein del av kulturen der me ikkje lenger gjer narr av oss sjølv, men av menneske med heilt andre historier. Tøffer seg og er svære i kjeften på andre si bekostning og ikkje si eiga. Men, det er viktig at gruppa ein hakkar laus på er liten nok til å ikkje kunne ta igjen.

Du skulle ikkje overlevd

Du skulle ikkje sagt ifrå til nokon at du sleit. Du skulle ikkje ha strekt ut handa, eller gitt ut signal om at noko var gale. Du skulle heldt kjeften lokka. Du gjorde oss bekymra. Me gjekk rundt og var redde. Så fann me ut at du levde, og det gjorde oss sinte. No er me rasande. Av dette kan du læra at du må gjera det ordentleg neste gong. Ikkje overlev. Ikkje sei det til nokon. Lid i stillheit. Viss det finst nokon som kan hjelpa deg, ikkje finn dei. Ikkje kontakt psykologen din viss du får slike tankar igjen. Gøym merka dine. Brett ned erma. Korleis kunne du finna på å skjæra i deg? Korleis kunne du finna på å gjera noko som synest utanpå, sånn at eg oppdaga at det var noko gale? Gjer ting som ikkje synest, så eg ikkje finn det ut. Eg vil ikkje ha noko mellomting her. Eg vil ikkje veta noko.
Image
Dei seier alltid at du skal «snakka med nokon». Det er viktig å «snakka med nokon» om det som er gale. Snakk med ein ven, eller snakk med foreldra dine. Snakk og snakk. Viss du har nokre problem. Viss du driv med sjølvskading, eller viss du har sjølvmordstankar. Då er det viktig å prata.
Som regel finst det ikkje ord for slikt. Viss det hadde vore ord for slikt, hadde det ikkje eksistert sjølvskading. Så dei orda som kjem ut er ikkje alltid så konkrete og presise som ein vil ha dei. Det er heller ikkje alltid sånn at ein veit kven ein kan snakka med og kven som berre vert sinte viss ein snakkar til dei. I staden for å setja seg ned med eit menneske som kan hjelpa og seia «eg byrjar å verta redd for at eg skal gjera noko drastisk – som til dømes å ta mitt eige liv – viss desse tilstandane vert verre enn dei er no. Og det ville vore forferdeleg, for eg vil jo gjerne leva» – så seier ein heller «no går eg og hengjer meg!» og spring ut i skogen og vert borte lengje. Sånn at andre vert bekymra. Så dei får kjenna på den frykta som du kjennar på kvar einaste dag, og kanskje kan hjelpa deg.
Det verkar som regel ikkje. Det er vanskeleg å snakka med nokon, spesielt viss ein er 14 år og har liten innverknad på sitt eige liv. Folk vert sinte viss ting vert uttrykt på ein skummel måte, sjølv om det er skumle ting som skal uttrykkjest. Sjølv vaksne fornuftige menneske som burde veta betre, gjer dei mest forferdelege ting når dei oppdagar at ein ungdom har det vanskeleg. Spesielt viss ungdommen som har det vanskeleg har det vanskeleg på ein uanstendig måte.
«Snakk med nokon!» seier dei. Og etterpå ber dei deg seia unnskuld til den du snakka med, for at du plaga vedkomne. «Nøl ikkje med å seia ifrå!» seier dei, men når du seier ifrå tek dei ifrå deg verktøyet du sa ifrå med. Det viktigaste er plutseleg at du ikkje seier ifrå.

Eg er nitten år no, ikkje fjorten, og alt er forferdeleg annleis enn det var. Eg har ikkje lyst til å gjeva det rådet som eg plutseleg gjev, for det høyrest grusamt ut. Men, ein må vera varsam med å seia ifrå. Før ein seier ifrå, så kan ein gå rundt å tenkja at viss ein berre finn ein eller annan måte å skrika på, sånn at andre høyrer det, så vil det med ein gong skje eitt eller anna. Nokon vil taka hand om deg med ein gong og beskytta deg frå det som er farleg.
Dei vil ikkje be deg halda munn, skjella deg ut for at du opna kjeften, stilla seg kring deg på alle kantar og skjella og smella og skrika «aldri sei dette høgt igjen!»

Kan dette tolkast på noko anna måte enn «du skulle ikkje overlevd»? Når ein står utanfor er det klårt ein kan finna mange forskjellege måter å tolka slik åtferd på, men ikkje når ein er midt i det. Ikkje når ein er fjorten.

«Ikkje sei det til psykologen din viss du får slike tankar, sånn at eg får veta det og vert bekymra».
«Ikkje ring legevakta viss du har teke piller, for det er flaut for meg.»
«Desse såra må du gøyma.»
«Du må ALDRI seia slikt!»

Eg veddar på sjansen for sjølvmord aukar med 900% når ein går frå å tru at det finst hjelp, til å skjøna at å skrika berre vil føra til meir elendigheit. Sjølv så mange gongar ein lærer at ein skal snakka med nokon og seia ifrå, så er det berre kødd og løgn, for alle eg kjennar som har vore i liknande situasjonar. Kanskje sjølvmordstankane ville gått over viss ein heldt kjeft. Å få bekrefta at alle kring ein er sinte for at ein overlever, er ikkje slikt som får tankane til å bli borte. Mine mest destruktive tankar forsvann då eg hadde heldt stilt om det så lengje at alle hadde gløymd det.

Viss eg prøver å koma fram til noko i dette innlegget, så er det at den åtferda vaksne menneske viser ovafor ungdom som slit, er så hårreisande og jævleg at med mindre dei elskar sjølvskading og sjølvmordstankar og vil ha dobbelt så mykje av det, burde dei – de – med ein gong gjera ein alvorleg vurdering av måten å handtera ting på. Eg skjønar at det er vanskeleg å gøyma sine eigne inste reaksjonar, men desse inste reaksjonane er livsfarlege. Og eg veit at somme av dei mest sårbare ungdommane som eksisterer får dei slengt i trynet når dei prøver å skrika. Når dei opnar kjeften heller dei vaksna flytande bly ned i han, og når dei strekkjer ut handa vert handa maltraktert.
Image
Det er slett ikkje alltid dei mest ekstreme kjenslene varer så lengje, ein gong. Men, dei varer neppe kortare av dei reaksjonane dei vaksne overalt viser. Og det treng ikkje vera så  uhyre vanskeleg. Det går an å møta dramatiske handlingar og tankar med ein kopp te eller noko. Det går an å seia unnskuld, viss den fyrste reaksjonen ein har kome med har vore fullstendig urimleg. Ein kan sei «eg meinte ikkje at du skulle halda det hemmeleg og lida i stillheit sånn at me ikkje kan gjera noko for å hindra deg i å gjera drastiske ting». Eller ein kan sei «eg berre kødda då eg sa at det er verre at eg er bekymra enn at du døyr». Ein kan sei «unnskuld, eg som lærar, blei berre så fortvilt då eg tenkte på at eg kunne få skulda for at du tok ditt eige liv – men så kom eg på at livet ditt er viktigare enn ryktet mitt». Eller «den oppførselen eg viste inne på kontoret, var inhuman og ond. Unnskuld.» Du kan senda eit unnskuld-brev sju år seinare. Ti år. Tjeu. For det er ikkje sånn at det vert gløymd.