Kvart over fem om morgonen hadde sola enno ikkje stått opp ved turstihytta på Haifjell. Grunnen til at Kaja vakna var korkje sol eller at ho var ein morgonfugl, men av di det var so forferdeleg kaldt. Dei som hadde bygd tursthytta hadde nemleg ikkje tenkt på å isolera henne, sjølv om hytta elles var moderne med båe dusj og lampe med lyspære. No pakka ho seg inn i alle pledda ho hadde, utan å finna varme nokon plass. Det var som om teppe og dyne berre var ein illusjon, og det var ingen kroppsdelar som var varm nok til å varma seg på. Ho kunne kjenna nasen, ekstra kald. Det var ikkje dette Kaja hadde tenkt på då ho gleda seg til mai. At ho skulle frysa so mykje at sjølv de minste snorka frå fettaren skulle vekkja henne. Fettaren låg i øvste køye i den andre køysesenga, køyesenga attmed den andre veggen. Sjølv låg ho trygt nært golvet – det kalde golvet, riktig nok. Kanskje det hadde vore smartare å flytta seg opp. Nei. Då måtte ho strekkja seg ut frå ballen ho låg forma som. For kaldt. For kaldt.
Nede på pakken derimot, eit godt stykke unna der ein byrjar vandra oppover fjellet, sneik sola seg fram attmed vindauget til ein kristen gut med brunt hår og pysjamas. Gut, vert kanskje litt merkeleg å sei. Han var jo ein ung mann no, Hans-Magnus, som opna augo før datanerdane hadde lagt seg, før morgonfuglane si vekkjarklokka hadde byrja ringja. Som du kanskje skjønar, var Hans-Magnus Orderbye eit A-menneskje. Han likte morgonstund med gull i munn, berre utan gull i munn, av di gullet fyrst skulle verta samla i Himmelen. Her på Jorda samla han berre englepoeng, so innarbeidd at han ikkje lenger tenkte på det. Med ein gong augo var ope, spratt han opp frå sengja, begge beina planta i treplankane på golvet og blikket ut or vindauget på den gryande morgonen.
«Ahhh,» sukka han i eit godt morgonstrekk, før han hoppa i kleda. Hans-Magnus dusja aldri om morgonen, for om morgonen ville han ikkje vera våt i håret, då ville han ut so fort som mogleg! Dusjing var eit avslappande kveldsrituale, ikkje noko som skulle utsetja morgonturen. No var det berre å kverna kaffibønnene i kverna han hadde fått frå storebor Robbie, putta han i traktaren og vandra kring kvartalet med termoskoppen som ven. At han snart skulle gå mange timar på fjellet, var ikkje noko grunn til ikkje å gå morgontur. Morgontur for å gjera hovudet klårt for dagen, klårt for å pakka dei to siste tinga som skulle pakkast, for snart å vera ekstra sosial – i fleira dagar!
Ein discolåt frå åttitalet vekte Freddie denne morgonen.
«Slå av den jævla vekkjarklokka,» mumla han frå søvnen, snudde seg aggresivt over på andre sida, la puta over hovudet for å blokkera vekk bråket. Men, det var ikkje vekkjarklokke som ringde so tidleg om morgonen. Robbie, som var vann med å sprette opp på kort varsel, alltid på vakt, var for kvar minste rørsle eller ljod, som eit rovdyr!, skjønte med ein gong at det ikkje var vekkjarklokka som ringde.
«God morgon, Hans-Magnus,» sa Robbie då han hadde teke telefonen, heilt utan å sjå på nummeret som ringde. Det var nemleg ikkje naudsynt. Han reiste seg – litt for sakte etter kva Freddie ville meine – frå sengja og spankulerte roleg inn på badet, grei som han var. Han stelte seg ved spegelen, som han alltid gjorde om morgonen, litt for å minna seg sjølv på kven han var. Han var endeleg ferdig med tjueåra, åra der verda er full i moglegheiter men ingen tek deg seriøst. Det var som om andletet plutseleg såg meir ordentleg ut, sjølv om ingenting eigentleg hadde forandra seg på to år.
«(…) Det var det eg tenkte, då,» avslutta litlebroren. Robbie vakna frå tankane.
«Kan du repetera det du sa? Eg trur det var noko skurring på linja.» Han observerte andletet medan han sa det, såg etter teikn til løgn på seg sjølv. Neste gong måtte han justera den eine rynka ved munnen litt, han hadde merkt seg at somme lagde sånn når dei laug. Sjølv om det ikkje var noko fasit på korleis folk såg ut i andletet når dei snakka sant, kunne menneske alltid bita seg merke i teikn dei hadde sett på vener og familie.
«No hugsar eg ikkje kva eg sa lenger,» humra Hans-Magnus, «men uansett, eg sit på bussen no og er på veg til hotellet, so eg møter dykk der. Skal eg berre sitja å venta på dykk i kafeen, eller restauranten, eller kva det no heitte? Eller på biblioteket kanskje? Eg tenkte jo litt på å låna eit par bøker, men bøkene er jo litt skumle, dei som er på biblioteket der altso, og Boka veg jo allereie ganske mykje viss eg skal bæra med meg fleire bøker i tillegg… Hahaha, tenk om eg let henne liggja att heima då Robbie!»
«Hehe, ja, det ville ha vore absurd.» Robbie kobla i headsettet på telefonen og byrja vaska hendene med båe såpe og negleskrubb frå toalettmappa. Det var kome eit rusk under den venstre peikefingerneglen, og dessutan var det viktig å vaska henda kvar morgon. Ein kunne aldri veta kor dei hadde vore i laupet av natta, kanskje var dei fulle av daude hudceller frå kløing. (Du tenkte vel ikkje på noko verre enn det?)
«Eg kan òg koma direkte til rommet dykkar, viss det er betre, men det er heilt greitt for meg å venta til de har pakka sakane dykkar… Korleis er det utanfor no? Kanskje eg kan kosa meg utanfor, på dei borda som er der veit du. Det er jo skikkeleg fint ute no, då eg gjekk tur i sta såg eg heile to forskjellege blomer, det byrjar verkeleg å likna vår no ja! Snart kjem nok sumaren òg, og då vert det varmare i vêret.»
«Ja,» samtykte Robbie med neglfilen mellom tenna, «om sumaren vert det varmare i vêret ja.»
«Skal eg ta med noko spesielt som de har gløymd? Har me nok sitjeunderlag?»
«Ja, det skulle vel vera nok sitjeunderlag ja.»
«So bra, eg er jo på bussen, so eg kan jo ikkje ta med noko meir.»
«Nei, du kan jo ikkje ta med noko meir når du sit på bussen nei.»
«Har du sove godt då, storebror?»
«Hehe.» Robbie pakka sakene ned i toalettmappa att og sette seg på badgolvet. Han kunne ha sette seg på dolokket, men viss Freddie plutseleg kom busande inn, kunne han jo finna på å koma med ein teit kommentar om at «sit du der og bæsjar du då», og det hadde vore irriterande. «Eg har sove frå eg sovna til du vekte meg iallfall.»
«Vekte eg deg?! Det var ikkje meininga altso! Men, det er so keisamt på bussen, og viss eg les vert eg bussjuk med ein gong. Det er ein sånn dag i dag, det merker eg!»
«Uff då. Tok du ikkje reisesjuketablettar?» Robbie, som hadde teke med seg toalettmappa på golvet, drog fram handkremen og byrja smøra inn henda etter handvasken.
«Nei, det gløymde eg heilt, for vanlegvis er jo ikkje buss noko problem og dessuten er det lengjesida sist eg tok buss no! Det er jo so deilig å kunne gå og sykla no som det er betre i vêret… Det er kjekt med vår, med blomer og sol, med alle herlegheitane som har vore gøymd for oss gjennom vintaren for at me skal læra oss å setja pris på det Herren har sette saman. Stundom får ein berre lyst å ropa halleluja, prisa skaparverket! Eller kva tenker du Robbie, du er jo ateist, du! Det må vera rart…»
«Ja, det kjenst litt tomt ja,» jatta han med. «Men, eg klarer meg so vidt.»
Hans-Magnus lo i andre enda. «Du er morosam, Robbie! Det er du. Du er ein flott bror, eg er veldig glad i deg.»
«Tusen takk, Hans-Magnus, det er hyggjeleg med nokre fine ord so tidleg om morgonen. Eg set pris på deg òg.»
Hugsar du den unge kvinna med langt, raudt hår og eit bra kamera? No sat ho på bussen. I handa hadde ho skriveboka si, der ho skreiv ned alt ho kunne koma på, på engelsk sjølvsagt. Ho var ikkje like god i engelsk som ho var i norsk, men for det fyrste fekk ein engelsk instagramprofil henne til å sjå meir berømt ut, og for det andre var det enklare å få det til å sjå bra ut på engelsk sidan dei fleste nordmenn ikkje såg feilane på engelsk like lett som dei såg feilane når det var skrive på norsk. Det såg rett og slett ut som ho var betre til å skriva. Ein ting som ville vera veldig imponerande, var viss ho var ein sånn sympatisk person som observerte menneske på bussen og tenkte ting kring dei, som om ho hadde masse empati. Til dømes kunne ho observera ein gut nokre sete unna, eller, ein ung mann var vel meir riktig å seia, med brun strikkejakke og ein telefon i handa. På setet attmed han var ein svær tursekk, det var tydeleg at han òg skulle gå tur, kanskje i fjellet. Viss han skulle gå i same fjell som henne, kunne dei jo kanskje slå fylgje. Emma hadde enno ikkje møtt ein mann som ikkje hadde lyst til å ha sex med henne, og viss ho klarte å forføra han, ville han seinare tenkja på henne som den mystiske, vakre, kvite, raudhåra kvinna han møtte i fjellet, den magiske elskerinne som plutseleg forsvann… Det ville ha vore spanande!
«(…) soft female body, made of the finest milk
he drank this wonderful creature, he drank the image of her
her memory…
in the woods he would find her
in the woods he would go find her
she’s in the woods, she’s in the trees,
she’s the whisper from the trees
from the green, golden leafs (…)»
Viss han snakka med kona si ville det vera ei utfordring, men viss kona ikkje skulle vera med på tur, gjorde det jo ikkje noko. Var det noko ho hadde lært seg om menn, var det at dei ikkje var særleg trufaste, at monogami ikkje låg naturleg for dei. Åh, som ho sakna å ha ein kjærast. Nokon å ta klinebilete med til instagram, slik at andre såg at ho var attraktiv hos det mannlege kjønn. Som det var no, ville andre jenter tenkja at ingen ville ha Emma. Emma var ikkje noko menn hadde lyst på. Singel. Verdilaus. Åleine. Sjølvstendig! Spanande! Iallfall no. Men, no hadde ho vore sjølvstendig so lengje. Ho hadde lært so mykje den siste uka, om korleis det var å klara seg på eigahand. Bussen svingde inn på dei smalare vegane, og ho skjønte at dei snart var framme. Rumpa hadde nesten sovna etter all sitjinga i bussen, fingrane verka etter all haldinga kring pennen. Ho klussa vekk eit par linjer frå det siste diktet, klussa aggressivt. No ville dei nærleiken skjøna kor sterk lidskap ho følte kring det ho skreiv, so sterk at ho klussa so hardt at det nesten gjekk hull i papiret.