Undervurdert musikk

De fleste veit ikkje kva musikk er. Det forstod ikkje eg heller før i haust, då ting byrja gå gjennom skalet og rett inn. Dei trur musikk er som luft, som alltid skal vere der og som du aldri tenkjer over. Dei ber meg høyre eit stykke musikk utan tanke for kva musikken gjer, som om de berre er å høyre han kjapt og gløyme han etterpå. Dei trur ikkje musikken går inn og forandrar noko. Dei trur ikkje musikken er farleg og kludrar til hovudet eg har jobba med heile dagen, heilt til noko musikk kom og øydela alt eg bygde opp.

Dei trur dei kan setje på all slags musikk på caféen eller på kjøpesenteret, at musikken berre er i bakgrunnen og ikkje penetrerer hovudet mitt og forstyrrar meg i alt eg gjer og tenkjer. Dei trur ikkje musikken er full i minne, fargar, krussedullar – dei trur musikken berre står der i hjørnet for seg sjølve og at eg går vidare som om ingenting har skjedd.

IMG_0751
Dei trur det er heilt greitt å spele Adele når eg skal setje meg ned og konsentrere meg om noko eller berre vente på toget. Som om det korkje er lyrikk eller melodiar med. Dei speler dei mest melankolske songane i universet i ein heilt nøytral setting, og det hjelper ikkje kor hardt eg har jobba med å halde tankane vekke frå det eg ikkje vil tenkje på, for musikken pressar seg inn og dyttar meg attende i mørkret. Dei trur at glade songar er lystige, at ikkje dei er eit minne om noko fint me hadde som aldri kjem attende, som berre flyg vidare utan meg.

For deg er ikkje musikk noko problem. Det finst ikkje noko vondt i deg som kjem busande med ein gong nokon speler musikk i moll, eller syng ei linje som treff for godt eller for lite godt. Du vert glad når du høyrer glade songar, for det du har mista vil du ikkje ha, og viss du vil ha det kan du få det med ein gong du ber om det. For deg er gode minne gode, du har kontroll over alt du hugsar. Du kan høyre på dei same songane du høyrde på før, for deg har dei ikkje forandra seg, for du er berre like glad.

Dei elskar triste songar, dei fyller opp byen med dei so eg ikkje lenger kan gå ut.

Reklame

2 thoughts on “Undervurdert musikk

  1. Jeg tror ingen kan sette ord på hva musikk er. For meg er musikk generelt bare lyd. Det er bråk, det er uforståelige sammensetninger av toner, av frekvenser og av rom. Åpent rom. Musikk rommer mange viktige ting. Musikk i moll eller dur gir ingenting annet enn miljøpåvirkede følelser. Det er ikke din egen feil, det er kulturens feil at du føler det du føler når du hører disse tingene. Samtidig er musikk også kroppslig. Rytme, frekvenser, og lyder er naturlig for kroppen å reagere på. Det ligger i fysikken å «merke» musikk.

    Jeg liker måten du fremstiller musikk som «et angrep». Det appellerer til meg (på en god måte), som har drevet med musikk hele livet, og som føler musikk ligger i beinmargen på meg. Jeg hører toner. Jeg hører, og jeg ser hvilke toner som spilles. Jeg hører lyder, og jeg vet akkurat hvordan jeg skal kunne kopiere dette ned på et papir, og gjenskape det slik at noen vet hva jeg har hørt. For meg finnes det en formel på «bråk». Jeg blir angrepet hver dag. Av formler og av bråk og av tanker jeg ikke kan velge vekk. Litt som deg. Bare på en litt finere måte. … men jeg kan fortsatt ikke si jeg blir trist av moll og glad av dur, eller at jeg tolker musikk personlig. Det er lyd. Det er bråk. Det er kjempeflott!

    • Synes du skriver mye kult, men må korrigere deg på én ting som jeg lærte nylig: grunnen til at mange mennesker blir triste av moll, er at hjernen ikke klarer å tolke lyden ordentlig, og derfor føler man ubehag. Moll er med andre ord ikke trist av miljøpåvirkede, men vitenskapelige årsaker. Det synes jeg nesten er en trøst å tenke på. Prøver å huske det hver gang jeg hører trist musikk.

      Jeg føler at musikken ikke bare er presset på folk, men at den i tillegg er misbrukt og undervurdert. Man bruker den som støy istedenfor å bruke den i de settingene der den passer inn, tar fra sangene den respekten de fortjener nettopp gjennom å overbruke dem så de mister sin kraft (dog ikke på meg, uheldigvis) – derfor skifter folk også gjennom sanger hele tiden og klarer ikke høre på samme låt i mer enn ett minutt. Det synes jeg er teit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s