Ikke i bruk

SONY DSC
Eg vil heller gå til grava di og sørge der
gråte med familien din
og dele saknet med venene dine

hengje bilete på veggen åt oss, verta religiøs, tenkje «eg ser deg att»

eller at me sto på ei klippe og snubla og falt ned og vart knust, før du rakk å seie det du sa
eller at bussen ramla utfor ei kant morgonen før kvelden so du aldri fekk tenkt eller sagt det du sa

eg vil heller vere Den Daude Kjærasten enn Den Levande Eksen, Eksen er eit ekkelt namn på ei pike der du framleis er det kjæraste. Eg er ikke noko eks, eg er ein kjærast ikkje lenger i bruk

Det verste av alt var at du let meg gå igjen
etter drapet
heller enn å kvile i fred

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s