Insomnia

Då det var aller verst, var det ikkje noko problem å sovne. Det vanskelege var å halde seg sovande, utan å vakne operasjonssalheile tida av sjokket som aldri gjekk over. Det var ikkje vanskeleg å kome seg på skulen, for det var betre enn å vere i eit rom fylt med hovudet mitt utan noko som kunne stoppe meg.

Den siste veka har eg ikkje tenkt på togskinnene. Det er bra for de som liker at eg lever, men ikkje fullt so bra for karakterane mine. Eg har gjort det dårlegare på skulen no enn eg gjorde då eg ikkje ein gong trong han av di eg uansett skulle forsvinne. Det finst ein pause frå den verste delen av hjernen min – om dagen. Då er eg eit sansevesen, noko som ser ting og høyrer ting. Kan enno ikkje lukte, men det gjer ikkje noko, for eg synst eg hugsar at dei fleste tinga eg lukta uansett ikkje var verd å lukte på. Eg søv alltid med ljoset på, for då ser eg rommet og kan vere eit sansevesen igjen, men alt på rommet står stille og det er ingen inntrykk der. Musikk er støy og minne, filmar er triggarar og det er ingen der og eg vert eit tankevesen og ikkje eit sansevesen. Det er betre å tenkje på ting eg liker å tenkje på enn ting eg ikkje liker å tenkje på, men når det gjelder å få sove er ingen av delane eit betre alternativ enn det andre. Grubling er like ineffektivt som å glede seg til noko.

Hjernen vil gjerne ha søvn likevel, å ikkje sove er å skade seg sjølv. No når eg ikkje er sjølvdestruktiv lenger vaknar eg ikkje før hjernen er ferdig å bearbeide dagen, har gjort jobben sin og er klår til å vakne. Det heng saman med å vere i stand til å putte noko i munnen eller å fukte lippene når dei er tørre eller å puste med magen eller andre normale aktivitetar som ikkje gjer ting verre. Kvar er balansen mellom å vere so lite glad i deg sjølv at du ikkje vil gjere noko for å overleve, men ikkje so glad i deg sjølv at du fyller alle behovene dine og dimed får varsel i fag av di du ikkje møtte opp tidsnok?

Uansett kor trøytt eg er, er augo som tinntalerknar og hjernen gjer alt han kan for å halde meg vaken. Det er skummelt når det ikkje er gøy meir og det ikkje er noko som skjer. Då er det berre ein gigantisk hjerne som grev fram minne og prøver å gjere natta so lang han kan.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s