Kontor og samtalerom

skrutrekkerAbsolutt alle tinga, dei som låg gøymd i skåpet, ligg strødd kring på bordet i hjørnet. Istadenfor vask heng Sterisol. Ekkoa frå praten i stova er vridd om til ein hol ljod frå vindauget, vindauget som er kvitt og som viss eg kiker ordentlig godt etter kan sjå atriumet gjennom. Kan ikkje opne det. Lufta er so trykt av pusting, kroppsvarme og ikkje ventilasjon at etter nokre minutt kjem same trykket i hovudet, det gjer vondt, varma stikk i kroppen og eg må ut å puste men eg kan ikkje, for då må eg ta på meir klede og det går ikkje å ta på meir klede i varma. So eg dyttar alle tinga på bordet ned under senga der dei ikkje synst.

Det er ei ramme på veggen, ein spegel, og kvar gong eg kjem inn i rommet må eg sjå i spegelen for å sjå om eg framleis er der, men det er kvitt, nett som vindauget. Ingen ser attende. Det har ikkje alltid gitt meining, det som ser attende, men no er det ingen der, augo ser inn i ei flate utan å møte eit par augne til.

«No er eg ferdig å vere her,» seier han som pusta luft ned i lungene på meg, «no kan du vere her istaden. Eg skal ut å feste». So låser han døra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s