Seint, tidleg.

Klokka nærma seg halv fire om morgonen, og augo var knusktørre. Dei hadde glodd og glodd inn i skjermen i so mange timar i strekk at dei skreik etter kvile, likevel sperra eg dei berre endå meir opp. Eg skvatt i det blyantkvessaren trefte golvet – ein brå ljod, den høgaste i heile verda i øyro som ikkje hadde høyrd i heile natt. Hjartet spratt i brystet, eg sette knea til brystet. Greip kring leggane.

Knusktørre augo. Visaren på klokka, raskare og raskare for kvar time, plutseleg var det morgon, rommet var iallfall ljosare enn før utan at eg hadde slått på noko lampe. Plutseleg ga ikkje innhaldet på skjermen noko meining, eg visste at eg nettopp hadde vore oppslukt av noko, men eg kunne ikkje hugse kva. Kunne hugse fingrane som hadde lagd utropsteikn på tastaturet. Nokon var sinte på meg. Alle var sinte på meg, alle var krenka, alle var støytt. Alle menneska eg aldri hadde sett og aldri brydd meg om, var sinte på meg, difor var eg sint, nei, fortvilt, nær dauden.

Eg klappa saman maskina so skjermen ikkje lenger kunne stire attende. Eit nytt stille. Det var vifta som hadde stoppa. Autentiske ljodar i rommet, klokka på nattborde. Mobiltelefonen på bordet, rett ved handa mi. Den grøne blinkinga. «Noko har skjedd», «nokon har sagt noko», «nokon vil noko», «skjedd det ut». Kjærasten min, eg hadde skrive noko til han. Hadde han svart på det, kva hadde han svart, brydde han seg, var han sint, var han snill og forstod, var han lei av dette? I det eg lyfta telefonen for å undersøkje, var det at eg reiv ut sim-kortet og knuste det mellom fingrane, det var som sand og smuldra saman på bordet.

Kjøkenet. Hadde ikkje sett kjøkenet på ei æve, hadde berre sett skjermen på telefonen medan eg sto på kjøkenet, utan å leggje merke til flisene på veggen, nett som på badet var det fliser på veggen på kjøkenet. Vasskokaren, han var grå og stor. Eit blått ljos når eg slo han på. Den fascinerande ljoden han lagde. Eg reiv hekleteppet av senga og la det kring skuldrane, putta te i termos i sekk. Greip mobilen. Hadde han svart? No fekk eg aldri vete.

joggesko
Utanfor, fire om morgonen, ein flom av vår mot meg. Ljos forsiktig mellom trea, blomstrar, somme tittande opp frå bakken, andre strålande, strålande mot meg overalt på alle kantar. Bakken so mjuk under skoa, ga litt etter for kvart steg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s