Skrivesperre

Etter kvart som den fysiske verda har vorte sterkare og tydelegare, har orda forsvunne. Eg høyrer andre snakke og ser ting som skjer kring meg, og plutseleg lager ikkje hovudet sitt eiga univers, som då det kompanserte for alt som mangla. Før ville eg trekkja meg inn i hovudet mitt når det kom inntrykk frå alle sider, men no går eg inn i det og må kvile hovudet etter å ha tenkt so mykje på alt som andre vil at eg skal tenkja på.

Dette er den mest alvorlege skrivesperra eg har hatt av di hovudproblemet ikkje berre er manglande ord, men manglande fantasi. Fantasien har aldri mangla før. Før hadde eg like mykje fantasi heile tida, det var berre orda som varierte. Ideane sto i kø. Eg hadde aldri noko problem med kva eg skulle skriva, berre kva eg skulle velja.

Kvar startar ein? Eg vil ikkje skriva noko som ikkje betyr noko som helst. Det finst nok tekst i verda. Det er vel ikkje mangel på historier? Eller er det det? Kven er det som nesten ingen forstår seg på, og som alle misforstår?

Det er so mykje overflødig i ei tekst, eg får lyst å skrella henne heilt ned til det minimale, og deretter ned til ingenting. Det er vanskeleg å skriva noko som ikkje er tomt og tamt og uinteressant. Eg trur ikkje eg kan skriva noko som nokon andre kunne tenkja seg å lesa lenger. Viss eg startar på noko veit eg ikkje kvar eg vil. Og, det ser ikkje bra ut åleine.

Kanskje det er for lengjesidan sist eg hadde kontakt med andre menneske som skreiv. Kanskje eg toler det dårlegare no enn før, å stå nesten heilt åleine med noko. Å gjera noko som nesten ingen synest er interessant, som ingen vil høyra om og som får folk til å bytta tema eller himla med augo viss dei høyrer om. Det er veldig usosialt å skriva. Likevel er det den einaste måten nokon kan forstå kven eg er. Det er lett å forsvinne, viss ingen veit kven og kva du er. Det er ikkje ein gong noko poeng i å snakka, når det ikkje er ein sjølv som snakkar. Før var eg åleine nesten heile tida – då hadde eg aldri skrivesperre. Kanskje det var det som gjorde det so lett, at eg viste avstand til alle som ikkje brydde seg.

Det er dette som er forskjellen på «interesse» og «lidskap». Eg har «interesse» for å trena. Det gjer eg nesten kvar einaste dag, og kvar gong eg tenkjer på det liker eg å tenkja på det. Skriving gjer eg nesten aldri. Det gjer vondt å tenkja på, ofte prøver eg å gløyme heile verbet. Tanken på å døy utan å ha skrive dei viktigaste ideane, er som eit heilt liv ned i vasken. Sjølv viss det var eit bra liv. Lidskap inkluderer  liding – i tonn.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s