Tåke

tåke
Stundom, på veg gjennom vêret, kjem eg ut på andre sida som ein kopi. Då er det ikke so rart at det er best om våren, eller sumaren. Om vinteren går alle rett fram med stive augo og ser ikkje på nokon. Når eg går gjennom regnet, er det som nokon står ved vegen og siktar på meg med urinrøyret.

Verst er likevel tåka. Sjølv om ho er mystisk og estetisk korrekt. Sjølv om ho fjernar alt rot frå synsvidde. Når eg går gjennom tåka vert er forvandla til tåke, og sjølv ute av tåka, uansett kor hardt eg prøver å nå andre sine auge for å smile til dei, uansett kor mange gongar eg går etter andre hovude, er eg framleis lagd av tåke. Alle pupillar streifer panna mi so vidt, ser rett gjennom kleda og på det som står bak meg. Når dei går forbi dyttar skuldra meg vekk og inn i veggen. Viss nokon sit ved same bord som meg, seier dei andre: «Å, sit du der heilt åleine? Kom og sett deg med oss.» So må eg gå til næraste toalett, til næraste spegel og sjå etter, klype meg hardt i armen, sjekke om eg framleis reflekteres og om eg ser ut som eit menneske eller berre tåke.

Eg har sett ut som tåke veldig lengje. Det er nesten umogeleg å hugse noko anna enn det, andre menneske sine auge har alltid gått rett gjennom meg og sett på det som er bak, har alltid streifa panna og gått rett inn i meg med skuldra utan å kjenne det. Når nokon snakkar til meg er det som dei gjer meg levande igjen, kvar gong gong nokon møter blikket mitt får dei meg til å eksistere, for eg finst berre når andre menneske vil. Om andre vil, kan dei gløyme at eg er der, og då forsvinn eg. Eg sluttar å snakke når ingen svarer, eg går ikkje bort til dei som ikkje møter blikket mitt.

Kanskje eg døydde ein gong, og lev vidare heilt for meg sjølv, utan at nokon andre kan sjå det. Kanskje eg berre har vore eit spøkjelse so lengje eg kan hugse og at det vesle andre kan høyre berre er eit ekko som får dei til å  vende eit rart blikk i den retninga ljoden kom frå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s