No er det lengjesida eg har skrive noko om politikk. I det siste har eg oppdaga at eg veit veldig lite, faktisk nesten ingenting. Det er ikkje noko vits i at ein som nesten ikkje veit nokon ting skal snakka om ting hen ikkje veit noko om heile tida – kor irriterande er ikkje det? Viss ein vil høyre ytringer frå personar som ikkje har undersøkt emnet dei snakkar om, er det nok av dei. Me treng ikkje endå ein.
Men, det er ein ting eg veit, og det er at dei fleste parti har ein ideologi. For somme parti er det viktigaste at ideologien deira, akkurat som han er, skal styra heile samfunnet, koste kva det koste vil. Litt som i seierstalen til Erna Solberg. No kjem kapitalismen. Me skal gjennomføre alt, uansett kva som skjer. Det eg høyrer, er ei kvinne som ikkje vil sjå seg om, som ikkje er interessert i konsekvenser, som vil peisa på med politikken sin uansett kor mange som vert skadde og uansett korleis folk reagerer. Eg ser ein ideologi som skal skylle over samfunnet uansett til kva pris. Somme parti er ikkje so interesserte i forskning, erfaringer frå tidlegare og korleis det ein prøver på har gått i andre land som har prøvd på det same. Eg finn dei som regel heilt til høgre og heilt til venstre fløy.
Før eg tek eit val om kva eg skal stemme, vil eg undersøkje kva partiet meiner. Ikkje berre kva dei seier på TV, men òg kva som står i partiprogrammet. Eg er interessert i konsekvensene av det dei gjer, og kvifor dei vil gjere det. Faktisk er eg meir interessert i kvifor enn kva. Viss dei vil gje meir pengar til psykiatrien, kvifor vil dei det? Nøyaktig kva vil dei bruke det til? Kva vil dei at psykiatrien skal vere? For kva dei vil at psykiatrien skal vere, er meir interessant enn kor mange pengar dei vil gje dit. Det hjelper jo ikkje å gje nokon mange pengar viss pengane skal brukes til å gå i feil retning. Det hjelper ikkje å seie at ein vil ha ein «betre skule», viss «betre skule» er noko du sjølv meiner er «verre skule». Det er nemleg ikkje slik at alle er einig i kva «betre skule» er. Finn heller ut kva de vil at skulen skal vere – det er det som seier noko om kva partiet plutseleg kan finne på.
Viss det er keisamt å setje seg inn i ting, bør ein heller stemme blankt eller ikkje stemme noko. Eg ville iallfall ha sette meir pris på om menneske stemte blankt enn om dei stemte blindt – at dei stemte på nokon av di dei hadde høyrd ei enkelt sak dei likte, utan ein gong å vete om det var andre som hadde dei same sakene, og kva andre og viktigare saker dei òg ville gjere. Viss ein lakrispipe kostar deg livet, so lev du ikkje lengje nok til å ete ho.
Grunnen til at eg plutseleg tenkjer på dette no, er av di Høgre og FrP plutseleg ramlar nedover på meiningsmålingene, og folk stadig er i avisa og snakkar om kvifor dei ikkje skal stemme blått neste gong det er val. Grunnane deira er ikkje «dei hell ikkje kva dei lover», tvert om. Grunnen er at dei gjer akkurat som dei har sagt – berre ikkje i same rekkjefylgje. FrP kjem til å kaste ut born som har levd heile livet i Noreg lengje før dei kastar ut kriminelle innvandrarar. Dei kjem til å ta frå veljaren som stemte på dei trygda som gjer at dei har råd til ein liten skitten bolig lengje før lakrispipa kjem attende. Mange av dei kjem til å miste alt før dei får dei små tinga dei ville ha, og då lurer eg på kvifor dei ikkje undersøkte saka nærare. Kvifor vert dei forskrekka?
Eigentleg handlar ikkje dette innlegget om at det er teit å stemme blått, for det er det ikkje – viss ein ynskjer dei største forandringene som skal skje. Viss ein veit kva ideologien handlar om og skulle ynskje samfunnet i Noreg var meir som i USA. Eg håper at alle dei som angrar neste gong stemmer blankt, eller set seg inn i det nye partiet dei skal stemme på. At dei ikkje berre kastar seg over Arbeidarpartiet av di dei ikkje er Høgre.