Betre enn alle andre

Eg trur eg er betre enn alle andre av di eg ikkje spiser daude dyr eller betaler for at andre skal påføre dei lidelse. Andre menneske, som støttar lidelsene deira, ser eg ned på. Eg er overlegen og ein besservissar.

Andre ting eg ikkje gjer, er å gå ut i gata, finne ei kattunge og flå han. Det finst det derimot andre som gjer, og ved å ikkje vere som dei, trur eg at eg er betre enn alle andre. Eg er overlegen og ein besservissar, som ikkje flår kattunger. Eg er slem som ikkje respekterer andre vel å flå kattunger. Det er jo det dei liker å gjere, og berre av di eg har valt å la vere, gjer ikkje det meg til ein betre person.
DSC_0724

Eg bruker ikkje å banke opp medelevane mine, snakka stygt om dei til andre elevar eller spre rykte om dei. Eg er ikkje ein mobbar. Det finst derimot andre som liker å mobbe, og dette må eg respektere. Viss ikkje er eg ein besservissar som trur eg er betre enn alle andre.

Aldri har eg meldt meg inn i ein gjeng og rana ein bank. Det finst det derimot andre menneske som liker, og sjølv om politiet ikkje liker å rane bank, må dei respektere at andre har den interessa. Politiet er arrogante og sjølvgode som prøver å nekte nokon interessene sine.

Har aldri drepe nokon. Må respektere drap. Drap = interesse. Respektere forskjellege interesser. Eg overlegen som ikkje drep. Slem.

Det snillaste er å gjere alle vonde ting ein kan kome på, og å omtala dei som vonde er òg vondt, for alt er berre interessar. Aldri unngå å skade andre. Å skade er å vere audmjuk og å ikkje tru ein er betre enn andre. Hatar folk som ikkje mobbar når dei står der og ser på mobbing. Trur dei er so snille og greier.

Ver ond.
Ikkje ver god.
Mohahahahahaha.

Frå spøk til alvor, eg deltek stadig i vonde ting eg òg. Desse vonde tinga er ikkje gode ting, sjølv om det er eg som gjer dei. Eg er klår over at det er vonde ting, og at eg heller burde gjere noko betre. Eg meiner til og med at andre menneske, som vel det gode og ikkje det vonde i dei same situasjonane, er betre enn meg på dei områda. Dette gjer ikkje dei til overlegne personar, men personar som på eit bestemt område av livet sitt gjer mindre skade enn det eg gjer. I mine auge er mindre skade alltid ein bra ting.

I det siste har eg mellom anna vore med å støtte slavearbeid og masseproduksjon og motepress og klimautslepp, og eg liker det ikkje. Og eg har ikkje tenkt til å forsvare det, for uansett kva for argument eg har, vil dei vere dårlege. Dei som berre kjøper kleda sine på bruktbutikkar, slik som eg gjorde før eg starta på skulen, tek betre val enn kva eg gjer når det kjem til klede, av di dei gjer mindre skade enn kva eg gjer. På andre område er det motsett, og å erkjenne det er å vere realistisk (dersom ein ser på «skade» som negativt), ikkje overlegen. Eg måler folk etter kva dei gjer for verda, ikkje etter kor vidt dei er meg eller ikkje.

Å verkeleg vere audmjuk, skulle vere å setje so mykje pris på Jorda me lev på at ein ikkje vil skade nokon eller noko på ho med mindre ein er heilt nøydd. («Bacon er digg nam nam» er ikkje å vere nøydd, og heller ikkje «pels er pent» eller «må fylgja moten og kjøpe klede lagd i Bangladesh [slik som eg gjer])

Viss du er audmjuk, tykkjer du ikkje at ditt eige overfladiske velbehag er viktigaste enn dei større tinga, som ordentleg, ekte lidelse, kamp om liv og daud og rett til fridom. Du tykkjer ikkje din eigen fridom til å øydeleggje andre sitt liv er viktigare enn andre sin rett til å leve det einaste livet dei med sikkerheit har. Difor er ikkje valet om ikkje å skade det same som å ikkje vere audmjuk, slik som nokon tror. Viss du sit med to alternativ framfor deg, der det eine er til skade for andre og det andre alternativet ikkje, er det ikkje då meir audmjukt å velje det som ikkje er til skade, heller enn det som er til skade? Kanskje eg tek heilt feil, kanskje skading og dreping og øydeleggjing er det beste og mest audmjuke du kan gjere.  I so fall har me jo alle gjort ein god jobb og bør vere nøgd med oss sjølv, uavhengig av om me på eit eller to områder er arrogante besservissarar eller ikkje.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s