Det er lengjesidan eg har hatt ein slik ein «skriveperiode» no. Då eg skreiv julekalenderen måtte eg skriva kvar einaste dag, men etter det har det stått nesten heilt stilt. Sperra handlar ikkje om å ikkje vera inspirert eller om å vera tom for idear, for hovudet er fullt av idear og i teorien kunne eg ha skrive heile tida. Det er heller ikkje slik at eg ikkje har tid, for eg har stadig tid, men viss eg finn noko anna, kva som helst, å fylla han opp med, so gjer eg det med ein gong. Eg lager meg prosjekt men klarer ikkje å fylgja dei opp, iallfall ikkje i den grad eg bør.
Eg ligg mange år bak meg sjølv. Eg bure ha skrive kvar einaste dag, minst to timar. Eg var flink fram til eg starta i 10. klasse. Fram til då skreiv eg heile tida. Då skulka eg timane for å sitja på biblioteket å skriva. Det er slik eg burde vera no òg – ingenting burde vera viktigare. Å laga mat burde ikkje vera viktigare. Å tenkja tullete tanker om framtida burde ikkje vera viktigare, for skrivinga burde vera framtida. Ikkje andre ting. Eg skulle ikkje sitja og tenkja ut korleis eg skal byggja ei framtid som ikkje har med skriving å gjera. Det er eit svik.
Og av di eg ligg mange år bak meg sjølv, er eg redd for å gjera det. Setja meg ned og laga noko seriøst noko. Eg kan iallfall ikkje senda det nokon plass, for kva i all verda er det eg har å stilla opp med, eg, som ligg mange år bak meg sjølv? Eg er tjue, eg burde hatt meir struktur enn dette.
I natt skulle eg ha nattevakt. Vera oppe heile natta, kanskje snika til meg ei søvetime mellom to og tre. So vart det avlyst. Jippi, no kan eg sova! Nei. I natt skal eg ikkje sova. I natt skal eg skriva.