Ikkje heilt bortkasta

ImageDet kan vera ganske vanskeleg å få menneske til å godkjenna eit nytt pronomen. At dei skal kalla deg «han» istadenfor «ho» eller «ho» istadenfor «han». Folk liker best å seia det dei har sagt heile tida, og som om ikkje det var nok, vert ein alltid lagra under eit bestemt pronomen i hjernene på folk. Dimed kjem pronomen like automatisk som det for nokon gjer å seia «kommode» istadenfor «koffert» viss desse to orda er lagra same plass.

Eg har med andre ord nytta fire år av livet mitt på å overbevisa andre om at eg er ein gut.
   Samstunes har eg sett bort på andre gutar, som kan gå i stramme T-skjorter utan å få timeglasform, og vore misunneleg, av di eg sjølv aldri kunne gå ut utan skjorte utanpå. Uansett kor varmblodig, og uansett kor høg temperatur ute og tid på året. Eg har vore nervøs kvar gong eg skulle snakka, for at stemma skulle vera for ljos og at dette skulle få folk til å taka feil og plutseleg omtala meg som «ho» istadenfor «han»,  slik at alle andre  igjen òg byrja å taka feil. For ikkje å snakka om å nytta fire år på å prøva å overtala Rikshospitalet til å tru på meg og dimed sena meg inn i en puberteten som alle andre gutar var ferdig med for lengjesida. Samt kvar einaste dag vera superduper-redd for at dei ikkje skulle tru på meg, eller for at eg skulle visa svakheiter som ville få dei til å utsetja prosessen min endå meir. Og kvar dag massevis av lyging om at ting gjekk bra, av di eg visste at dei ville nekta meg liv viss dei fekk kloa i sanninga. Og for ikkje å snakka om alt eg ikkje var med på av di eg var redd for å bli avslørt, uansett kor mykje eg skulle ynskja eg kunne seia «ja». 

Alt berre for å finna ut at kjønnet «kvinne» eigentleg er eit kjønn som båe er kult (dette visste eg dog heile tida), òg mogleg å leva som – sjølv for meg. Av di eg kan gjera ting eg liker – som å sminka meg og gå i høge heler, utan at nokon tykkjer det er det minste rart eller mistenkjeleg. For ikkje å snakka om stilig kroppsfasong og ei kjønnsrolle som eg alltid har asosiert med noko fantastisk positivt, og vore so til dei gradar misunneleg på som gut. Det høyrest kanskje ut som overfladiske grunnar til å vera kvinne. Og, kanskje var det akkurat difor det tok so lang tid – ein skal jo høyra på «djupare» stemmer. Dei stemmene som seier «inst inne er eg eigentleg ikkje ei jente». I mitt tilfelle, so føkk det som er «inst inne». Kva har det nokon gong gjort for å gleda meg? Inst inne er ting som smerte og umoglege fantasier. Inst inne er alt det som eigentleg berre er tull. Eg vil høyra på det som er midst inne.

No skal eg fortelja deg kva eg faktisk har lært. Ikkje at eg vert ferdig med det i dette innlegget, for eg har lært mange fleire ting enn akkurat det eg skal fortelja om no. Eg har ein fordel som nesten ingen andre jenter har:
   eg kan sjå alt frå ein gut sitt perspektiv. Ikkje sei til meg at det ikkje stemmer, for eg var ikkje ein «ordentleg gut» – jo, det kan eg. Eg har forelska meg i jenter medan eg hadde motsett kjønnsrolle. Eg har vorte tiltrekt av feminine kroppar utan å samanlikna med min eigen kropp, og sett jenter i mange år utan å kunne sitja på rommet deira og snakka om løyndommar ilag (eg fann ut at dette er noko jenter tydelegvis føretrekk å gjera med andre jenter, og ikkje med gutar). Eg har sett alt frå utsida utan å vera ein del av det, og utan å tenkja «buhu kvifor er eg ikkje ein del av det?» Eg er ikkje lenger som andre jenter, som ser på ein gut og tenkjer «kjekk!» og deretter på ei jente og tenkjer «ho såg ut som ei bitch», slik som for mange år sida. No er eg ho som seier «æsj, for ein eplekjekkas» og «nam for ein beib» – nei, nei, nei, eg var ikkje slik før. Eg har avslørt dykk alle. Eg kan sjå ho søte bak bitchemaska. Ho som er frekk mot andre jenter og søt mot gutar. Eg ser den sleipe slangen bak den kjekke guten. 

Det er sikkert mange biseksuelle jenter som har den same fordelen, utan at eg kan seia et sikkert, men; eg veit kva eg tykkjer er fint på andre. Desse tinga vert fint i meg sjølv. For eg kjennar nesten ingen som tykkjer dei sjølv er vakre, med uttak av meg sjølv.
   Når nokon seier at eg er stygg, tenkjer eg det same som det eg ville ha tenkt viss nokon sa at ei jente eg tykte var fin eigentleg var stygg. Eg har høyrd nokon snakka slik om meg (ikkje til meg), og til mi forskrekking gjorde det ikkje inntrykk i det heile teke, slik som det ville ha gjort då eg var yngre. Eg ville ha vorte redd og tenkt «ånei! det er sikkert sant!», medan no, no når eg ser ting utanifrå, er det kun ein vits som eg ikkje trur på. For eg veit kva eg sjølv tenkjer kvar gong eg ser i spegelen, kvar gong eg høyrer meg sjølv snakka og kvar gong eg ser korleis eg oppfører meg. Eg veit at viss det var nokon andre som var slik som meg, so ville eg ha likt det. Viss nokon andre ikkje liker det, so har dei simpelthen ei smak som er annleis enn min – ikkje ei smak som er «riktig» eller «sårande». 

Dimed treng det ikkje gjera sjølvtilitta mi dårlegare om nokon ikkje vil ha meg. Synd at dei ikkje vil ha meg, kjem eg til å tenkja, viss eg finn ut at et er slik det heng saman. Ikkje «ånei, kva er gale med meg, som gjer at han ikkje liker meg?» Søren at han ikkje liker meg. At han tilfeldigvis liker andre type jenter. At han har ei heilt anna smak enn kva eg har.Image

Eg veit at eg set kjønnsroller på spissen no, at alt er relativt og at det ikkje er slik at alle jenter er sånn og alle gutar er slik. Sannsynlegvis veit eg det til og med betre enn deg, og dimed kan eg generalisera for å gjera ting tydelegare, utan å byrja tvila på mi eiga emne til å sjå nyanser. 

Eg har sett korleis jenter heile tida hintar når dei burde seia ting rett ut, og konkludert med at eg sjølv aldri nokon gong skal gjera det, slik som eg gjorde sist gong eg levde som jente, og at viss eg gjer det no igjen, skal eg slå meg sjølv hardt i panna etterpå. Og ved å snakka med kameratane mine har eg plutseleg lært at det ikkje er sånn at guten alltid føler at han har kontroll og dimed bør vera den som tek kvart einaste skritt. Eg ser istaden korleis alle konstant går rundt grauten, medan dei ventar på at den andre skal vera tøff – og eg har sitte saman med jenter, som jente, og høyrd dei snakka om gutar, og eg har sitte saman med gutar, som gut, og høyr korleis dei snakkar om jenter, og alle er faen meg kliss like, og alle som trur at gutar og jenter er forskjellege på desse områda, er utsett for vronglære eller ynskjetenking. 

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s