Eg hatar Facebook

Misforstå meg rett. Eg tykkjer Facebook kan vera praktisk på mange forskjellege måter. Det er til dømes mange kjekke opplevinger eg aldri ville ha fått viss det ikkje ville ha vore for Facebook. Menneske eg kjende ein gong som eg ikkje ville ha funne att, eller menneske eg aldri tidlegare har kjend som eg har vorte kjende med av di me skreiv til einannan. Det er topp. Det var det same med Nettby ein gong i tida – mange flotte menneske kom plutseleg inn i livet mitt, rett og slett av di det er ein av plassane nordmenn av og til tør å snakka med kvarandre. Og tenk på alle arrangementa ein får veta om. Og so lett det er å informera andre om ting og tang!

So det eg hatar med Facebook, er ikkje Facebook i seg sjølv. Eg hatar derimot verknaden det har på andre menneske. Eg innser at viss det ikkje hadde vore for Facebook, so hadde menneske oppsøkt andre sider på internett istaden, men sjå no på Facebook som eit symbol på absolutt alle sosiale medium, so vil dette innlegget gjeva mykje meir meining.

Dømevis hadde eg tenkt til å skriva i natt. No er klokka 03:26, i skrivande stund, og eg har framleis ikkje skriva so veldig mange linjer. Faktisk berre eit lite avsnitt i Word. Samt dette innlegget. 

Eg tenkjer attende i tid, på den tida eg var so lita at eg ikkje fekk lov til å vera på dataen heile dagen. Då hadde eg foreldrar som sette grensar og slikt. Eg fekk ikkje vera på internett heile tida, og ei periode måtte eg sitja med dataskjerma ut i stova slik at dei konstant skulle sjå at eg ikkje var på internett. Akkurat det i seg sjølv var ein god ide, ettersom det førte til at eg skreiv massevis av sider i Word, heilt ukritisk. Eg masseproduserte og fekk so mykje skrivetrening at eg difor skriv brukbert i dag, og ikkje som ein vanleg ungdom på nitten som trur at bilar døyr og at poenga med lammelår er at dei er lamme og at dei er lår, eller at det går ann å vera merk semds sjuk. Før i tida eksisterte Skrivebua.no. Då kunne eg vera der istadenfor Facebook, når eg følte at eg ikkje kunne stoppa å vera på dataen. Då kunne eg lesa tekstar og kommentera dei, slik at eg vart smartare. (Det finst ikkje andre slike nettplassar som faktisk fungerer i praksis eller er det minste inspirerande) Dimed vart eg konstant i skrivetrening. På skulen sat eg på biblioteket og skreiv heile tida, av di eg nekta å gå til timane. So sjølv om eg ikkje lærte meg fag, vart eg flinkare og flinkare til å skriva for kvar einaste dag. Eg har med andre ord vorte stadig betre til noko som eg har lyst til å vera god i.

Image

Det er det neimen ikkje mange som gjer i dag. Ikkje eg heller lenger. Uansett kva det er du vil verta flink til, er det endå viktigare å vera på Facebook heile tida. Det finst ikkje ein einaste ting i heile verda, som er verd å droppa Facebook til fordel for. Ikkje kom og server ei løgn om at du sosial eller at du gjer andre ting – for medan du gjer desse tinga, sit du med den dumme telefonen din og sjekkar Facebook. I sanninga er ikkje den sosiale opplevinga verd noko som helst. Du kunne like gjerne ha sitte i ein stol heime. 

Difor hatar eg Facebook – båe grunna det Facebook gjer med meg, og det Facebook gjer med andre. For kor mykje ville eg ha skrive i natt viss det ikkje hadde vore for Facebook? Definitivt meir enn no. Og meir enn alle andre netter eg er vaken og ikkje har lyst til å sova. Eg ville ha vore hundre gongar betre enn eg er no, for so mykje ville eg ha skrive, at orda kom heilt naturleg for meg. Alt ville ha sett betre ut enn det gjer akkurat no – eg ville ha vore mange år betre enn no. Tenk det; fleire år skrivetrening har eg snytt meg sjølv for.

Det er som menneske ikkje vil vera ven med kvarandre lenger. Framfor å snakka saman når ei er i same rom, opnar dei telefonane sine og snakkar med dei som ikkje er er istaden. Somme gongar er den einaste måten å få kontakt med folk på å opna Facebook. Sjølv om du har personen rett framfor deg. 

For like mange opplevinger eg får av å nytta Facebook til å få veta at dei eksisterer, går eg glepp av ved å ikkje vera ute og få dei same opplevingene. For det ville ha vore born ute i gatene, og me ville oppsøkt plassar av oss sjølv for å få vener. Me ville kanskje gått på dans. Og, kor mange brevvener har eg ikkje mista av di det er «so lett» å halda kontakta på Facebook at et i grunnen ikkje er noko poeng i å snakka saman? Ja, eg veit godt at ved å leggja kvarandre til på Facebook er kontakta borte for godt. Iallfall viss ein ikkje er svært gode vener frå før av. 

Difor ringjer eg istaden, viss eg lurer på noko. Det er som om folk sit i djup hypnose der inne, at ei ikkje vil gå vekk. At viss eg spør nokon om noko so får eg ikkje noko ordentleg svar, berre unnvikande åtferd i chatfeltet. Stemma derimot, er so sjarmerande at du ikkje kan stå imot, samt modigheita av å berre ringja sånn utan vidare, heilt utan å senda ei melding fyrst. Ein wake up call. Eg er glad i telefonar. Det er lettare å skjøna kva folk eigentleg tenkjer og føler enn når dei vrir seg unna med bokstavar. Du vert avslørt. Du tør ikkje å vera frekk i kjeften eller å ignorera eller gløyma at eg skreiv. Eg er lik sjølv. Ei stemme overbeviser meg.

Korleis vert me so ufatteleg fanga? 

Me råter berre vekk etter kvart som det går år på år utan mykje av det me faktisk vil driva med. For eg skriv ikkje so mykje som eg bør, og du har sikkert òg noko du ikkje gjer so mykje av som du bør. Alt går istaden til Helvete. Sjølv krangling, er kjekkare i røynda. So kvar er røynda? For når eg går ut i henne, ser eg berre andre augo som stirer inn i skjermer. Eg hatar det. Og no skal eg leggja ut dette innlegget på Facebook. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s