Somme gongar kan tyngda av sitt eige liv vega so mykje over skuldra at ein gjer det som hjelper aller mest akkurat der og då. Somme gongar gjer ein det av di nokon har sagt at det vil hjelpa og ein vonar at det er sant, somme gongar gjer ein det i eit instinktivt ynskje om å undertrykkja smerte med anna type smerte, somme gongar gjer ein det av di ein vonar at nokon skal få auge på det og hjelpa ein, somme gongar gjer ein det av di lukta av jern og synet av blod har ein avleiande effekt på hjernen. Det som er sikkert er at somme personar kuttar i seg sjølv. Kva reiskap ein nyttar, er ikkje det viktige. Det er det same uttrykket for liding, og den lidinga kan ein gjera verre, eller ein kan heilbrigda det. Kanskje berre for nokre minutt.
Det er nesten heilt umogleg å sjå ljos i mørkret. Ein kan føla at nokon har teke ifrå ein augo eller at dei har skrudd av ljoset og rappa alle lommelyktene. Det er ikkje berre å seia «viss det er mørkt so skru på ljoset!» for hadde det vore so enkelt hadde det ikkje vorte mørkt i utgangspunktet. Det er lett å seia til seg sjølv når ljoset fyrst er på. For då gjeld det ikkje deg sjølv; og det gjeld ikkje ein eksisterande situasjon.
Kva dreg ein person opp? Kanskje du vil laga ei liste. Ei typisk universial liste, er ting som:
– Familien min
– Venene mine
– Føla at nokon treng meg
– At det er behov for meg
– At eg er til nytte for andre
– At andre likar meg
– At eg er ein god person
Somme personar bryr seg kanskje ikkje om noko av dette, men det er meget sjeldan. Difor er det ei grei liste. Alle desse tingene er sikringer i sikringsboksen, og desse sikringene kan ein kanskje skru på. Det er derimot ikkje mogleg å skru dei på viss nokon fjernar dei. Ein måte å fjerna dei på, er slik:
«Du øydelegg familien din.»
«Du øydelegg venene dine.»
«Du er ein egoistisk person.»
«Alle har det fælt grunna deg.»
«Du er ei byrde, folk vert belasta av at du eksisterer.»
Desse kommentarane hjelpte aldri meg.
Eg var 12 år og visste ikkje kva eg dreiv med, då nokon skreiv i Si;D at menneske som meg, altso menneske som sleit, og som fylgje av det av og til avreagerte på kroppen sin, ikkje dreiv med «sjølvskading», men med «andre-skading». At eg skada mora mi, faren min, broren min, alle som nokon gong har vore ven med meg. Å høyra dei stemene i hovudet når ein famlar kring etter ljosbrytaren, gjer det ikkje enklare. Viss personen som kjem med rådet når gjennom, kan dei i bestefall oppnå (for dette var dei alternativa eg vurderte kvar gong eg høyrde ein slik kommentar – og ikkje prøv å diskutera dette med meg i dag, for det forandrar ikkje korleis det vart opplevd, og korleis folk framleis kan oppleva det):
– Eg slit med å takla mitt eige liv. No skal eg òg takla byrda av å ha øydelagt livet til alle eg kjennar. Alle desse liva som ramlar nedover skuldra mine, er meir enn eg kan halda oppe. Endå meir å takla, endå meir kutting.
– Eg lever ikkje for mi eiga skuld. Eg lever grunna alle dei som vil verta lei seg viss eg døyr. No innser eg at dei som er glad i meg, berre vert skada av at eg lever. Kvifor skal eg leva no?
– Det er viktig at ingen som er glade i meg oppdagar desse såra, for då kan dei verta skada/verta sinte på meg. Eg må kutta meg plassar der dei ikkje ser det. Til dømes på innsida av låra. Då kan eg kutta meg tre gongar so djupt i tillegg, no som ingen ser det uansett. Kanskje treff eg ei arterie og blør ihel. Det vil forøvrig vera til det beste for dei alle.
– Ingen forstår meg! Når eg gjev uttrykk for at noko er vanskeleg, sparkar dei meg berre hardare. Eg hatar alle saman. Faen ta dei! Eg skal drepa personen som sa denne tingen!
Uansett du meinte bak det du sa, er dette opplevinga av det. Kva er målet ditt? Vil du få nokon til å kutta seg mindre? Sei noko konstruktivt. Ikkje noko destruktivt. Ikkje noko som gjev nokon sjølvmordstankar, får dei til å kutta seg på innsida av låra, får dei til å føla seg verdilause, eller hata og forakta av menneskeheita. Vil du ha meir sjølvskading og sjølvmord, køyr på med «du skadar alle» og «det er synd på venene dine og familien din som vert skada av deg», eller «du er egoistisk» eller «fy deg so ond du er». Vil du derimot ha mindre av det, so sei noko anna. Eller ikkje sei noko. Av og til held det med ein klem. Det redda som regel dagen.
Du forklarer det glimrende! Jeg tror ikke skyldfølelse har hindra et eneste selvmord, tvert imot! Selv har jeg aldri blitt hekta på selvskading, men selvmordstanker har jeg hatt i flere omganger.
Se gjerne det jeg har skrevet om det: http://framandkar.wordpress.com/2011/03/22/nar-nakken-er-b%C3%B8yd-er-navlen-veldig-naer/ og
http://framandkar.wordpress.com/2011/06/10/nar-noen-onsker-a-avslutte-livet/
Sjøvmord og sjølvskading, og generelt ting som har med å utsletta seg sjølv å gjera, er ein ting andre ofte kastar seg med på, som om alle vil vera med å øydeleggja. Sjølv dei som er glad i ein. Takk for kommentaren, eg skal sjekka ut innlegga!
Eg elskar bloggen din. Du har så mange sterke meininger, du tar opp så mange viktige tema, og du seier ting på ein ordentleg måte.
Syv
Det er fabelaktig å høyra frå deg! :- )