Eg er eit menneske. Menneske har ikkje spesielt god luktesans, men det finst ein ting me er meistarar på; blod. Eg kan lukta det på mange mils avstand, og ser eg ei aldri so lita drope, so høgg eg til, eg stappar tenna djupt inn gjennom kjøtet på deg og riv opp so hud og vener hoppar kvar sin veg. Ser eg eit sår som held på å gro, so grafsar eg det til meg og sprutar det utover heile rommet, heile plassen, fyllar lufta med tjukke lag blodlukt. Eg riv og slit deg i fillebitar til det ikkje er meir att av deg enn eit bittelite minimenneske, og det er dette bittelille minimennesket som må rydda opp alt sølet. Lunsj, middag og kvelds kan du berre gløyma. Pell deg tilbake til hiet ditt, der slike som deg høyrer heime.